Historisk arkiv

Framleggelse av vindkraftmelding

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn holdt dette innlegget under framleggelsen av stortingsmeldingen for vindkraft på land 19. juni 2020. (Sammenholdes med framføring)

Eg er glad for at vi no tar mange grep som både endrar, og strammar inn, konsesjonssystemet for vindkraft på land.

I Venstre er vi opptatt av å flytte makt nedover. Dei som står saka nærast, skal høyrast. Og regjeringa har lytta. Både til lokalt engasjement, og til miljørørsla.

Vi skal leggje sterkare vekt på omsynet til miljøet og lokalbefolkninga enn tidligare. Vi skal setje strengare krav til miljøutgreiingar enn tidlegare, vi skal setje tydelegare vilkår og det skal vere færre endringar i prosjekta.

Vi får i sum eit betre konsesjonssystem, som gjer at vi kan ta betre omsyn til viktige miljøverdiar. Det er ein heilskap i meldinga som til saman vil vere ei stor forbetring, og ei kraftig innstramming. Det er meininga frå vår side, og eg håpar også det blir oppfatta slik.

Fordi verdifull natur og viktige kulturmiljø skal ikkje gå tapt. Det er ingen tvil om at vi må bygge ned mindre norsk natur framover, og det er ut i frå dette omsynet at ei rekke område i Noreg ikkje vil vere eigna for utbygging av vindkraft.

Dette er naturen som folk og dyr ferdast og trivest i. Vindkraftanlegg betyr arealinngrep i slik natur. Som klima- og miljøminister er eg oppteken av at vi byggjer ned mindre natur framover, og denne stortingsmeldinga er eit stort steg i riktig retning i så måte.

Når alt dette er sagt, vil eg likevel understreke eit viktig poeng: Med dei utbyggingane som har vore, og er planlagt, vil områda brukt til vindkraft i Noreg dekke anslagsvis 4-500 km2. Det er likevel berre 3-5 prosent av desse områda som blir direkte berørt av inngrep. Altså ca. 25 km2. Ser ein på den samla utbygginga som norske kommunar planlegg for dei næraste åra, er det snakk om å beslaglegge 2777 km2 med natur. Bustadbygging og hyttefelt utgjer 64 prosent av dette.

Eg seier ikkje dette for å underslå at vindkraftutbygging går utover natur. Det gjer det. Difor strammar vi inn. Men eg håpar at dei mange som no har engasjert seg sterkt fort naturen, mot vindkraft, også vil vidareføre engasjementet sitt lokalt i mange andre saker. Ikkje fordi vi aldri skal bygge ut noko i dette landet, men fordi summen av hyttefelt, kjøpesenter, vegar og næringsparkar i sum blir svært stor. Og vindkraft utgjer berre ein brøkdel av dette.

Ein annan ting eg ønsker å nemne, er den påståtte konflikten mellom natur og klima. Som klima- og miljøminister, er eg alltid – også her – oppteken av å understreke at dette faktisk ikkje er motsetnadar. Tvert imot, kampen mot klimakrisa og kampen mot naturkrisa heng svært tett saman. Vi kan ikkje redde det eine, utan å redde det andre. Å ta vare på naturen og dei naturlege karbonlagra er ein enormt viktig del av klimaløysinga. Samstundes som klimaendringane er eit av dei aller største trugsmåla mot nettopp naturen. Vi har rapportar frå mellom anna FNs Klimapanel og FNs Naturpanel  som tydeleg viser at vi må ta grep for både klimaet og naturen i heile verda - samstundes. Elles når vi ikkje berekraftsmåla, som óg Noreg er forplikta av. Arbeidet med ei ny, globarl naturavtale er difor høgt prioritert i regjeringa.

Med regjeringa sin nye politikk for vindkraft på land, trur eg det blir færre utbyggingar framover enn det vi har sett dei siste åra. Det er ei fornuftig justering av kursen.

Samstundes treng vi framleis meir fornybar energi for å ta Noreg gjennom det grøne skiftet. Vi skal ikkje berre halde fram med å elektrifisere bilparken, men vi skal halde fram satsinga på grøn skipsfart, og vi skal kutte utslepp frå petroleumsindustrien for å kunne nå dei ambisiøse måla vi har sett oss.

Klimagassutsleppa i Noreg har gått nedover i fire år på rad, og ser omsider ut til å kunne vere under 1990-nivå. Fordi vi kan gjere meir, og bør gjere meir, har også Noreg som første vestlege land meldt inn eit forsterka klimamål til FN. Vi skal minste halvere utsleppa våre innan 2030. Det forpliktar.

Men det som også forpliktar er omsynet til naturen og lokalbefolkning. Vi må ta vare på økosystema våre og forvalte dei på ein god og berekraftig måte. Da må vi starte med oss sjølv. Vi jobbar breitt og med ulike tiltak og planar for å ta vare på naturen. Til dømes områdevern, restaurere og skjøtte natur og jobbe for at forvaltninga skal bli økosystembasert. Og no sett vi enda strengare krav til bygging av vindkraft.

Derfor vil eg óg takke for innspela i har fått i samband med arbeidet for å få på plass eit betre konsesjonssystem. Regjeringa har lytta, og eg håper mange føler at dei har vorte høyrde.

Også med tanke på naboar og nærliggande verksemd skal vi skjerpe krava. Støy og visuell eksponering er viktig for folks trivsel.

Vi foreslår no ein minsteavstand til busetnad på 4 gonger turbinhøgda, eller minimum 800 meter. Dette skal gjelde for både hus og hytter.

Dei strenge krava til støy knytt til vindturbinar ligg fast, og verknadene må dokumenterast betre. 

I 40 prosent av Noregs areal blir det drivne reindrift. Dette er ei næring som krev store areal, og som er avgjerande for samisk kultur.

Det skal vere ein aktiv involvering frå reindrifta allereie i ein tidleg fase. Medverknad skal støttast, til dømes ved bistand til rådgiving.

Dei som skal greidde ut konsekvensane, må ha reindriftsfaglig kompetanse.

Prosjekt som kan dokumentere medverknad og avtale om mildnande og kompenserande tiltak, skal givast prioritet i konsesjonsbehandlinga.

Praksisen med konsultasjon med Sametinget skal halde fram i ulike fasar av behandlinga. Det vil òg vere til beste for reindrifta å få samordna eventuelle innvendingar betre med konsultasjonen