Framleis råvareprisfall i april

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) fall med 0,8 prosent i april. Prisane fortsett å falle særleg for kornvarer.

Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 22,8 prosent ifølgje IMF. Med unntak av bananar, har alle råvaregrupper opplevd prisfall.

Kornvarer

Prisindeksen for kornvarer fall med 2,3 prosent på verdsmarknaden i april. Det var prisen på kveite som fall mest med 3,2 prosent. Vidare fall prisen på ris med 2,1 prosent, medan prisen på bygg og mais fall med 2,1 prosent og 1,2 prosent.

Animalske råvarer

I april auka prisindeksen på kjøt med 1,5 prosent. Sterkast prisauke blei registrert for storfekjøt, der prisen auka med 3,2 prosent. Vidare fall prisen på svinekjøt og lammekjøt med 1,2 prosent og 0,6 prosent, medan prisen på kyllingkjøt auka med 0,5 prosent.

Korn.
Prisindeksen for kornvarer fall med 2,3 prosent på verdsmarknaden i april. Foto: Colourbox