Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Framleis stabil låg arbeidsløyse i januar

Nye tal fra Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at det blei knapt 300 færre ledige i januar når vi justerer for normale sesongsvingningar.

– Det er godt å sjå at talet på ledige heldt seg lågt, men det er framleis mange som ynskjer å melde seg på i arbeidslivet. Innsatsen for å inkludere fleire må derfor fortsette, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Målt som del av arbeidsstyrken var den sesongjusterte registrerte arbeidsløysa 2,2 prosent i januar. Nivået held seg stabilt lågt, og har vore det same sidan august i fjor.

Til toppen