Framleis stor auke i avverkinga i Møre og Romsdal

I 2015 blei det avverka om lag 282 000 m3 tømmer for sal i Møre og Romsdal. Dette er over 20 prosent auke i frå året før, og over ei dobling av hogsten på fem år. Auken kjem som følgje av hausting av skogen som blei planta under skogreisingstida på 1950 og -60talet.

Det er hogst av gran som har auka, medan avverkinga av furu har vore rundt 20 000m3 dei siste åra. Tidlegare år har aktiviteten vore størst på Nordmøre, og hogsten har vore prega av kampanjar. Dette biletet er no endra, og aktiviteten er meir geografisk fordelt over heile Møre og Romsdal. Surnadal, Halsa, Vestnes, Ørsta og Stranda kommunar har hatt størst avverking i 2015.

Det er stor aktivitet i skogane i fylket.
Det er stor aktivitet i skogane i fylket. Foto: Arnold Hoddevik