Frode Danielsen ny direktør i Digitaliseringsdirektoratet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Frode Danielsen (44) er utnemt til ny direktør i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir). Han har vore fungerande direktør i Digdir sidan oktober 2022.

-Eg gleder meg stort til å halde fram i rolla som direktør i Digdir. Vi skal spele ei avgjerande rolle for å sikre ei effektiv og samordna digitalisering av offentleg sektor, seier Danielsen.

Danielsen har tidlegare vore avdelingsdirektør for fellestenester i Digdir i Leikanger. Han har vore tilsett i forløparen til Digitaliseringsdirektoratet (Difi) sidan 2008, og har hatt ulike stillingar knytt til mellom anna forvaltning og vidareutvikling av fellesløysingar som blir nytta av heile offentleg sektor i Noreg.

-Eg er veldig motivert til å leie arbeidet i Digdir vidare. Saman med dei flinke folka i Digdir og viktige samarbeidspartnarar, skal vi setje strategisk retning, sikre samanhengande tenester og levere sikre og gode fellesløysningar. Vi har eit viktig arbeid foran oss. Eg ser fram til å gjere ein forskjell, seier Danielsen.

Danielsen er utdanna jurist med master i rettsvitenskap frå Universitetet i Bergen.

-Eg er glad for at Danielsen har takka ja til å leie Digdir. Direktoratet er eit viktig verktøy i arbeidet med å gjennomføre og vidareutvikle regjeringas digitaliseringspolitikk. Eg ser fram til eit godt samarbeid, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).