Historisk arkiv

Fulle lagre av frø til skogplanting som klimatiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det norske Skogfrøverk på Hamar er tilfreds med konglesankinga i 2015. Lagera av foredla granfrø har i løpet av vinteren auka med over 2,6 tonn eller frø til 300 - 400 millionar granplanter. Frøa er sanka i skogfrøplantasjer rundt om i landet. Skogfrøverket har med lokal hjelp også sanka 5,2 tonn med kongler i vanleg skog. Frøa frå desse vil bli klare for sal seinare i år.

Produksjon av frø er prisgitt vær og vind og årlege klimavariasjonar. For å forynge granskog gjennom planting, er vi heilt avhengige av å skaffe oss frø. Vårt viktigste treslag gran har typiske frøår, og i fjor hadde vi eit slikt. Det er 9 år sidan siste frøår (2006), og lagera av det beste frøet begynte å minke. Det er heilt spesielle temperaturforhold over fleire år som utløyser eit frøår. Værforholda i frøåret er også viktig for modninga av frøet og for å unngå sopp og insektskadar. Gode frøår på gran kjem derfor sjeldan, og det er ikkje alle frøår som gir haustbart frø i heile landet. 

Kontrollert pollinering av granblomst.
Kontrollert pollinering av granblomst. Foto: Ragnar Johnskås

– Det er ikkje ei sjølvfølgje å ha nok frø til skogbruket, og i alle fall ikkje foredla frø som skogbruket bør bruke, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Det norske Skogfrøverk på Hamar er tilfreds med konglesankinga i 2015.
Det norske Skogfrøverk på Hamar er tilfreds med konglesankinga i 2015. Foto: Ragnar Johnskås

Det norske Skogfrøverk har ei viktig rolle i gjennomføringa av norsk skogpolitikk ved å produsere frø til skogbruket. Skogfrøverket er ein stiftelse og mange av oppgåvene blir gjort på oppdrag for Landbruks- og matdepartementet. Ei av oppgåvene er å forbetre frømaterialet gjennom skogplanteforedling og dernest å etablere frøplantasjar for å masseprodusere frøet for sal til skogplanteskolene. Stiftelsen har som formål å sikre landsdekkjande frøforsyning av høg kvalitet basert på berekraftig forvaltning av genressursane.