EU-erklæring om dødsstraff i Papua Ny-Guinea

Den 7. juni sluttet Norge seg til EU-erklæringen om dødsstraff i Papua Ny-Guinea.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om at dødsstraffa er innført på nytt i Papua Ny-Guinea 

EU beklagar at det 28. mai vart vedteke endringar i straffelova (lovendring av 2013) som opnar for at dødsstraffa på nytt kan takast i bruk på Papua Ny-Guinea, utvidar dødsstraffa til å gjelde nye brotsverk, som valdeleg ran, og innfører nye avrettingsmetodar som kveling og avretting ved elektrisk støyt. 

Papua Ny-Guinea har hatt eit moratorium på dødsstraff sidan 1954. Det ville vere svært beklageleg om eit så langvarig moratorium skulle brytast, i tillegg til at det ville gå imot den veksande internasjonale tendensen mot avskaffing av dødsstraff. Dette kjem mellom anna til syne gjennom gjentekne resolusjonar frå FNs generalforsamling som oppmodar alle statar om å innføre eit moratorium. 

EU er klar over at regjeringa på Papua Ny-Guinea kjempar mot aukande kriminalitet, og i denne samanhengen seier Unionen seg glad for at parlamentet har oppheva hekseri som eit forsvar for mord. Mange undersøkingar har likevel vist at dødsstraff ikkje verkar avskrekkande. I tillegg kan justismord, som er uunngåelege i alle rettssystem, ikkje gjerast om ved dødsstraff.

 EU er motstandar av dødsstraff i alle tilfelle og under alle omstende og oppmodar dei papuanske styresmaktene om å oppretthalde moratoriet. 

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Tyrkia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro*, Island+ og Serbia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Bosnia-Hercegovina, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av Efta og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.