EU-erklæring om felles holdning mot Syria

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Den 21. juni sluttet Norge seg til en EU-erklæring om felles holdning mot Syria.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2013/255/FUSP om restriktive tiltak mot Syria 

Den 31. mai 2013 vedtok Rådet avgjerd 2013/255/FUSP1 om restriktive tiltak mot Syria. Avgjerda gjeld fram til 1. juni 2014. 

Avgjerda omhandlar restriktive tiltak mot Syria på følgjande område: 

  • eksport- og importrestriksjonar med unntak av våpen og tilhøyrande materialar og utstyr som kan brukast til intern undertrykking, 
  • restriksjonar på finansiering av visse føretak, 
  • restriksjonar på infrastrukturprosjekt,
  • restriksjonar på økonomisk støtte til handel, 
  • finanssektoren, 
  • transportsektoren,
  • restriksjonar på innreise,
  • frysing av pengar og formuesgode. 

Når det gjeld eventuell våpeneksport til Syria, forplikta medlemsstatane seg til å vidareføre den nasjonale politikken i samsvar med rådsfråsegna som vart vedteken 27. mai 2013. 

Søkjarlanda Montenegro*, Island+ og Serbia*, det potensielle søkjarlandet Albania, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne avgjerda. 

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda. 

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det. 

1 Kunngjord 1.6. 2013 i Tidend for Den europeiske unionen L 147, s. 14.

* Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.