Fylkeskommunane får 383,6 millionar kroner til vedlikehald av fylkesvegar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

–Fylkesvegane er viktige for folk og næringsliv i heile landet. Vi må ta betre vare på dei vi har. No følger vi opp Nasjonal transportplan, og fordeler 383,6 millionar kroner til nettopp dette formålet, gjennom ei tilskotsordning. Det er om lag 100 millionar kroner meir til denne ordninga for 2023 enn i 2022, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I Nasjonal transportplan 2022-2033 er det lagt opp til ei auka satsing på fylkesvegar. Eit av tiltaka er ei tilskotsordning øyremerka vedlikehald, fornying og utbetring av fylkesvegar. I 2022 vart om lag 290 millionar kroner fordelt mellom fylka. I år fordeler ein 383,6 kr til formålet.

– Fylkesvegane er viktige for denne regjeringa. Derfor held vi fram med denne støtta til fylkeskommunane, som har ansvaret for fylkesvegane og må betale for utbygging og vedlikehald, seier samferdselsministeren.

Det er Statens vegvesen som har ansvar for ordninga, både når det gjeld fordelinga av midlane og oppfølging av prosjekta. Det er fylkeskommunane som vel kva for prosjekt dei brukar midlane på, innanfor rammene som er sett for ordninga i Nasjonal transportplan.

Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport

I tillegg vidareførerast tilskotsordninga for Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport. Tilskotsordninga er retta mot flaskehalsar for tømmervogntog på fylkesvegnettet. Det er løyvd 21 millionar kroner til dette i 2023. Midlane skal bidra til å forsterke fylkesvegsbruer som ikkje toler 60 tonn totalvekt.