Historisk arkiv

Fylkeskommunane og Oslo kommune kan stille miljøkrav til drosjene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa har eit mål om mindre utslepp frå samferdselssektoren og legg difor til rette for miljøvennlege løysingar. No kan fylkeskommunane og Oslo kommune påleggje både dei som har og dei som blir tildelt løyve, krav om å nytte låg- eller nullutsleppskøyretøy i drosjeverksemda, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Stortinget har vedteke ei lovendring som gir heimel for at fylkeskommunane og Oslo kommune som løyvestyresmakt for drosje, kan fastsetje at løyvehavarane skal nytte låg- eller nullutsleppskøyretøy. Lovendringa blei sanksjonert i statsråd 24. mars og sett i verk frå same dag.

Det er opp til fylkeskommunane og Oslo kommune gjennom forskrift å fastsetje om dei skal innføre ei øvre grense for miljøskadeleg utslepp, og kva den øvre grensa skal vere. Dersom det blir fastsett slike krav, vil det gjelde for alle som nyttar personbil i drosjekøyring med løyve i vedkommande løyvedistrikt  Det er fastsett ein overgangsperiode på 4 år, rekna frå det tidspunktet slike krav er fastsett til dei skal vere oppfylt.