Historisk arkiv

Fylkesmennene får 12 veker på å handsame byggjeklager

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Det er viktig å korte ned tida det tar å handsame byggjeklager. Frå 1. juli 2012 får fylkesmennene 12 veker på seg, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Det er viktig å korte ned tida det tar å handsame byggjeklager. Frå 1. juli 2012 får fylkesmennene 12 veker på seg, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

I dag brukar nokre av fylkesmennene meir enn tre månader på å handsame ei byggjeklage. Kommunane har hatt frist på tre månader sidan 2003, medan fylkesmennene ikkje har hatt nokon lovpålagt frist. Byggjenæringa peikar på at det kostar mykje å vente når sakshandsaminga hos fylkesmannen blir for lang.

- Rask handsaming av klager er viktig, særleg no når det er behov for fleire bustader. Det er ofte krevjande å handsame byggjeklager, men det faglege nivået hjå fylkesmennene er høgt. Difor meiner eg dei kan klare det på 12 veker, seier Navarsete

Klagehandsaming hjå fylkesmannen er viktig for rettstryggleiken. Både innbyggjarane og næringa tener på at klagetida er føreseieleg.

- Ein maksimal tidsfrist vil gje eit betre utgangspunkt for realistisk planlegging. Når ventekostnader og uvisse minkar, kan fleire prosjekt bli lønsame, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00