Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 1/2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om lite tap av sau og lam på utmarksbeite.

Lite tap av sau og lam på utmarksbeite 

Det er låge tapstal for sau og lam som vart sleppt på utmarksbeite i Hordaland i 2017. Grunnen er lite rovdyr og organisert beitebruk.

Relativt trygt å vere sau i Hordaland.
Relativt trygt å vere sau i Hordaland. Foto: Åse Vaag/Fylkesmannen i Hordaland

Totalt sett er tapstala for Hordaland ikkje høge samanlikna med andre delar i Noreg. Sjølv om det i visse områder langs kysten spesielt er problem med tap av lam til ørn. I desse kommunane (Fitjar, Austevoll, Fjell og Masfjorden) vert dei prosentvise tapa fort store. Ein må merke seg at talet dyr likevel ikkje er så høge. Nasjonalt er det eit bestandsmål på 850-1200 hekkande kongeørn-par. 

I Odda kommune har det vore problem med tap til jerv. Sau og lam teke av jerv, dokumentert av Statens Naturoppsyn, var 47 individ i 2016 og 8 i 2017. Det er betalt ut erstatning for tap til rovvilt til 33 dyr i 2017. Det er gjeve erstatning for fleire dyr enn dette, men dei er registrerte i Rogaland, sidan det er mange føretak frå Rogaland som beiter i desse områda. 

Som eit ledd i førebygging av tap av sau og lam på utmarksbeite er det mange som har organisert seg i beitelag. Det er nær 100 organiserte beitelag i Hordaland.

Føregangskommunen Kvinnherad 

Kvinnherad kommune i Hordaland opplever for tida stor pågang frå unge som vil overta gard. Entusiasme og satsing pregar landbruket i kommunen.

Tidleg rekruttering.
Tidleg rekruttering. Foto: Benedichte Indergård, Sandvik Mjølk og kjøt DA/FMHO

Utbygging og bruk av ny teknologi 

Tek ein utgangspunkt i byggjeprosjekt som er starta opp, men endå ikkje skrive ferdigmelding på er det for tida 7 robotfjøs, eit stort ammekufjøs, eit stort sauehus og to utleigehytter + kafé på Guddalstunet under bygging i Kvinnherad. I tillegg har kommunen så langt i år sendt vidare tre prosjekt til Innovasjon Norge: eit prosjekt på frukt, eit stort robotfjøs og ein vidare utbygging av høytørke. Det siste med ein teknologi som så langt berre er teken i bruk ein annan stad i Norge. Kommunen ventar inn søknad om eit stort robotfjøs til, og minst 5 til 10 andre søknader innan kjøtproduksjon på storfe, mjølk, sau og geit. Kvinnherad reknar med å passere 15 mjølkerobotar i drift i løpet av året. 

Dyrking

Det er stor interesse for dyrking i Kvinnherad. Det vart godkjent 11 prosjekt med til saman 230 da nytt land i 2017. Til no i år har kommunen godkjent 2 prosjekt der det er planen å dyrke om lag 40 da. Store utbyggingsprosjekt i kommunen gjer og at det finst mykje overskotsmassar som skal brukast til å byggje ut nytt land. Det vert arbeidd mykje med drenering og kommunen har fått mykje SMIL-midlar til store og gode prosjekt. 

Utviklingsprosjekt 

Saman med NLR – Vest, og med støtte frå Fylkesmannen, har Kvinnherad kommune starta opp eit stort prosjekt innan klimasmart landbruk. Så langt er opp mot 30 bønder med på dette.

Det er også i gang eit stort utviklingsprosjekt innan sauehaldet. Saman med Fatland slakterier, NMBU, Baroniet og fleire andre verksemder er det starta opp eit prosjekt der ein skal vurdere nye driftsformer innan sauehaldet. Regionalt forskningsråd Vestlandet har gjeve 3 millionar i støtte til prosjektet, 

Kvinnherad kommune har ei eiga Facebookside for landbruk. Denne brukar kommunen aktivt til informasjons- og motivasjonsarbeid.

Jordvern i utmark

Nye anslag syner at kring 80 prosent av utmarka i Hordaland vert nytta til beitedyr. Det er difor viktig å kartlegge og synleggjere verdien av utmarka seier Yngve Rekdal frå Nibio.

Utmark er av stor verdi.
Utmark er av stor verdi. Foto: Kari Elsa des Bouvrie/Fylkesmannen i Hordaland

Under samlinga for leiarane i organiserte beitelag i januar hadde Nibio eit interessant innlegg om kartlegging av beiteressursar. Dette er eit arbeid som Nibio kan ta på seg og har gjort i andre delar av landet. Området vert synfart og kartlagt etter kring 45 ulike vegetasjonstypar. Så vert det lagt inn data om berggrunn og klimahøve. Denne informasjonen vert kvalifisert ned til 3 ulike kvalitetar: mindre godt, godt og svært godt eigna til beite for husdyr. Ei grov kartlegging frå 2015 syner at 13 prosent av utmarksbeite i Hordaland er av svært god kvalitet, nær halvparten av utmarksbeita er av god kvalitet, medan 40 prosent er mindre godt. Ein femtedel av landarealet i Hordaland er ikkje eigna til beite (13 prosent for landet), det vil seia stein og berg. Samanlikna med landet har Hordaland generelt mykje godt og svært godt beiteland. 

Utmark som ressurs 

Ein vegetasjonstype som spesielt vert trekt fram er såkalla snøleievegetasjon. Ein kvart av fjellarealet i Hordaland har denne kvaliteten der plantene som veks rett etter snøen smeltar er svært næringsrike. Viss ein reknar med 65 saueeiningar per km2 kan ein rekna seg fram til eit totalt beitetrykk (inkl. hjortevilt) på 80 prosent i Hordaland. Dette er kanskje høgare enn ein tidlegare har vore klar over. Difor er det òg viktig å få kartlagt kvar dei beste beiteområda er når det vert snakk om t.d. hyttebygging. Også utmarka er ein avgrensa ressurs der ein må tenkje seg om korleis ein nyttar. Likevel er det i utmarka ein har størst potensiale om å auke matproduksjonen når ein reknar i tal km2.

Økologisk frukt i vinden  

Over 50 frammøtte med bakgrunn som konvensjonelle og økologiske fruktdyrkarar, studentar og nysgjerrige fagfolk, kom på fagdag for økologisk fruktproduksjon.

Eple
Det er rom for meir økologisk frukt i den norske marknaden. Foto: Frøydis Linden, Føregangsfylke økologisk frukt og bær/FMHO

Fagdagen var i Sogndal i starten av januar i år. Det var eit sjeldant godt oppmøte for eit arrangement med berre økologisk fruktproduksjon som tema. 

Inspirasjon og ny kunnskap 

Fruktprodusenten med mest epleareal som er godkjent for økologisk drift i Noreg, Bjerketvedt frå Dyre Gard i Østfold, inspirerte med dei store ambisjonane og den gode drifta si. Han er motivert av dei positive marknadssignala for både økologisk konsumfrukt og det gode salet av eplejusen, som han har fått fleire kvalitetsprisar for. Eit godt rådgjevarkorps frå Norsk landbruksrådgiving gav informasjon om dyrkingsmanualar for å drive tettplantingar av økologisk epletre, og korleis ein kan lukkast som økologisk epleprodusent. 

Det er rom for meir økologisk frukt i den norske marknaden, då det framleis er import av økologiske eple i norsk sesong.

Tilskot til utsiktsrydding nyttar

Det er gjeve tilskot til utsiktsrydding fleire stader i Hordaland dei siste par åra, til nytte for både landbruk og reiseliv.

Villniss i kystlandskapet.
Villniss i kystlandskapet. Foto: Leif Grindheim, Legria AS/FMHO

Utsiktsrydding skal medverke til å fremje verdiar knytt til landbrukets kulturlandskap. Attgroing kan vere ei ulempe for både landbruket og reiselivet. 

Landbruks- og matdepartementet lanserte våren 2016 ei ny tilskotsordning for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, der grunneigarar og andre kan søkje om tilskot til utsiktsrydding. Forskrift om tilskot til utsiktsrydding i landbrukets kulturlandskap vart fastsett våren 2016, og i 2018 er det sett av 3 millionar til dette føremålet i Hordaland. 

Vakkert landskap kjem til syne i Sveio
Vakkert landskap kjem til syne i Sveio. Foto: Leif Grindheim, Legria AS/FMHO

I Hordaland finn vi mange vegstrekningar og utsiktspunkt med trong for utsiktsrydding. Særleg i Indre Hardanger, med dei karakteristiske frukthagane der vegen går langs fjorden, vil tiltak vere av stor verdi.

God etablerarrettleiing for landbruksbaserte næringar  

Korleis kan rettleiarar bidra til å gjere vegen frå forretningsidé til resultat enklast mogeleg? Dette er hovudtema i Fylkesmannen i Hordaland sine kurs og temasamlingar med utgangspunkt i handboka «Kort veg til gode hjelparar».

Brosjyre - Kort veg til gode hjelparar.
Kort veg til gode hjelparar. Foto: Ragna Flotve/Fylkesmannen i Hordaland

«Fylkesmannen er ein viktig utviklingsaktør som medverkar til mobilisering for rekruttering av nye etablerarbedrifter.» (Meld.St. 31- Garden som ressurs – marknaden som mål) Etter at handboka «Kort veg til gode hjelparar» kom ut i fjor har Fylkesmannen i Hordaland gjennomført ulike kompetanseutviklingstiltak for rettleiingstenesta i kommunar og andre organisasjonar. I sist veke arrangerte Fylkesmannen i Telemark temadag omkring dette temaet for ei gruppe svært engasjerte næringsrådgjevar i Telemark og Vestfold, med Ragna Flotve frå Fylkesmannen i Hordaland som foredragshaldar og prosessleiar. 

Praktisk kompetanse 

Ei god rettleiingsteneste handlar både om kommunikasjon, fagkunnskap og nettverk. Det pågåande kompetanseutviklingsarbeidet i Hordaland rettar seg først og fremst mot tilsette på landbrukskontor, servicekontor og andre som ikkje har etablerarrettleiing som einaste oppgåve, og som ikkje har utdanning eller lang erfaring på området. Det trengst i mange tilfelle grunnleggande kunnskap om korleis du kan planleggje og gjennomføre møte med etableraren og korleis du på ulike måtar kan hjelpe vidare. Gjennom godt kjennskap og nettverk kan du bringe etableraren i kontakt med bransjenettverk og andre gode hjelparar.