Fylkesnytt frå Hordaland 2/2015

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om utviklingsmidlar som nær er oppbrukt første halvår.

Utviklingsmidlar nær oppbrukt første halvår 

Investerings- og utviklingsmidlar til landbruket i Hordaland har hatt rekordetterspurnad i år, og Innovasjon Noreg Hordaland (IN) melde alt i juni at dei ikkje kunne motta fleire søknadar for 2015. 

IN forvaltar Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU), som landbruksføretak kan søka til tradisjonelle bruksutbyggingar og utvikling av anna, landbruksbasert næring, medan Fylkesmannens landbruksavdeling (FMLA) forvaltar Fylkesvise midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak (UTM) til næringsutviklingstiltak og fellestiltak knytt til landbruket i fylket. 

Første halvår var svært positivt når det gjeld utvikling og investering i landbruket i fylket. IN hadde kr. 29,3 mill. til bedriftsretta tilskot til landbruk til disposisjon, og etter første halvår var 23,1 mill. løyvd og det låg føre gode søknadar for langt over disponibel rest. Langt det meste, 19,3 mill. har gått som investeringstilskot innan tradisjonelt landbruk, der tronga og etterspurnaden er stor. Der er og gitt landbrukslån for drygt 20 mill. og rentestøtte til lånegrunnlag på over 40 mill. Etterspurnaden er størst innan mjølkeproduksjon og sauehald, medan investeringstoppen innan fruktdyrking ser ut til å vere nådd i fjor. 

Til nye næringar (tilleggsnæringar) var det fyrste halvår «berre» løyvd 3,9 mill. i tilskot, ein tredel av det i form av 16 etablerarstipend til nye prosjekt og to tredelar investeringstilskot til 11 bruk med etablert tilleggsnæring. Etterspurnaden er aukande. 

Hordaland har lenge hatt gunstige føresetnader for bedriftsretta tilskot i landbruket, og ligg framleis ganske høgt, med maks tilskotsprosent og –beløp på høvesvis 30 og 1,3 mill. kroner, men allereie no blir dei fleste løyvingane gjort innanfor 20-25 prosent. 

Truleg har både klårgjering av politikk og utfordringar i alternative arbeidsmarknader i 2015 gjort det meir attraktivt å investere i landbruket. Men dette medfører då  at tilskotsrammene set avgrensingar for vidare investeringar, og mange gode prosjekt vil måtte vente til neste år dersom dei treng tilskot. Partnarskapen må i haust vurdere om tilskotsprosent eller maksimalbeløp for ein del saker bør reduserast.

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar (UTM)

I tillegg til dei bedriftsretta midlane har fylket 4,2 mill. kroner disponibelt i UTM i år, til oppfølging av Regionalt næringsprogram for landbruket i Hordaland, fellestiltak i regi av landbruket sine organisasjonar og samarbeidsprosjekt på fylkesnivå for å sikre landbruket og bygdene sine interesser i regionalt og lokalt utviklingsarbeid. 

FMLA Hordaland innførte i 2015 for fyrste gong faste søknadsfrister for UTM-prosjekt, med to søknadsrundar, vår og haust. Responsen har vore god, og etterspurnaden i første halvår auka såleis monaleg, slik at om lag 3 mill. kroner, over 70 prosent av årsløyvinga, vart løyvd fyrste halvår, mot normalt under 50 prosent. Dette gjer at lite står att til haustrunden, når ein del dessutan vil vere bunde opp som tilleggsløyvingar til fleirårige prosjekt.  

Årets kulturlandskapspris til "Postvegen gjennom Kvinnherad" 

Fylkesmann Lars Sponheim delte ut årets kulturlandskapspris til «Postvegen gjennom Kvinnherad» ved ei tilskiping i Kvinnherad 19. september. Det er fyrste gongen den 20 år gamle prisen har gått til Kvinnherad.

Fylkesmann Lars Sponheim delte ut prisen til leiar for Interesselaget Postvegen Ølfarnes–Herøysund, Ove Tvedt.
Fylkesmann Lars Sponheim delte ut prisen til leiar for Interesselaget Postvegen Ølfarnes–Herøysund, Ove Tvedt. Foto: Kari Mostad, Fylkesmannen i Hordaland

Teamet for årets kulturlandskapspris var stiar og ferdselsvegar gjennom jordbrukets kulturlandskap, spesielt høvelig no i Friluftslivets år.  ‘Postvegen gjennom Kvinnherad’ oppfylte alle krav, og prisen på kr. 50 000,- og tilhøyrande diplom vart tildelt Interesselaget Postvegen Ølfarnes–Herøysund ved leiar Ove Tvedt på ei tilskiping i «Raualøo» etter at utdelarar og prisvinnarar hadde fått ein tur langs deler av postvegen. 

Den gamle Postvegen gjennom Kvinnherad er 23 km, går gjennom 5 krinsar og representerer eit mangfald av landskap og gardar som på ulike vis og med ulikt omfang er involvert i prosjektet. Interesselaget for Postvegen har klart å involvere bønder og grunneigarar på ein slik måte at Postvegen opnar opp jordbrukslandskapet og gjev ålmenta tilgjenge. «Vegen er eit fellesprosjekt som bringer oss saman», sa ei av dei frivillige på utdelinga. 

Postvegen fungerer som avlingsveg for gardane den passerar og turgåarar får høve til å komme tett inn på mange av bruka i traseen. Ei slik opning er ikkje sjølvsagt, då mange som driv gardsdrift vil kunne oppfatte turgåarar som ei driftsulempe. Eit nærare forhold mellom samfunn og landbruk er eit gode for båe partar og aukar storsamfunnet si forståing for og kjennskap til landbruket. 

Med tilrettelegginga rundt vegen vert desse ulike landskapsområda ”opna” for alle, inkludert t.d. rullestolbrukarar, slik at ein ikkje avhengig av hjelp for å ta seg fram langs vegen. Det er berekna at det årleg vert gått mellom 10 og 15 000 turar på vegen. 

Om lag 25 personar deltok på arrangementet, her under friviljuge på Postvegen, ordførar, lokale representantar frå  næring og kultur, Turlag og representantane for kulturlandskapsgruppa for Hordaland, som er jury for prisen og ansvarlig for tildelinga.

Kulturlandskapsgruppa er eit samarbeid mellom Fylkesmannen (Landbruk og Miljø), fylkeskommunen, Bonde- og Bonde- og småbrukarlaget, representantar for landbruksrådgivinga, landbrukskontora i kommunane og Universitetet i Bergen. 

Mat i Reiseliv - å skapa lønsemd gjennom samarbeid

29-30. oktober vert lønsamt forretningsmessig samarbeid sett på dagsorden på samlinga Mat i Reiseliv i Bergen. Fylkesmannen i Hordaland, i samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, Innovasjon Noreg, NCE Tourism og Hanen trommar reiselivsaktørar, lokalmatprodusentar, grossistar og distributørar på Vestlandet saman. Konferansen er starten på NCE Tourism sitt treårige prosjekt "Lønsom opplevelsesmat".

Lønsemd - kunnskap - nettverk

Etterspurnaden etter opplevingar er aukande, og tilbod om lokal kvalitetsmat er ein viktig del av opplevinga. Kvalitet, marknadskunnskap og nettverksbygging står sentralt i vellukka verksemder. Korleis kan me skapa gode og framtidsretta verksemder, nøgde kundar og auka lønsemd i dette biletet?  Dette er tema for samlinga "Mat i Reiseliv". 

Målgruppe for samlinga er lokalmatprodusentar og reiselivsaktørar som har, eller ynskjer å få, ei betre kobling mellom lokalmat og reiseliv. Me ynskjer også distributørar og grossistar velkomne. 

Stattsekretær i Landbruks- og matdepartementet Hanne Maren Blåfjelldal opnar samlinga med foredraget "Mat i Reiseliv". Me får vidare besøk av Fia Gulliksson, svensk matentreprenør, tv-programleiar, forfattar og matambassadør. Ho skal snakka om kreativitet, mat og kultur som kjelde til gode forretningsidear. Resten av første dag gjev oss praktiske innspel og døme. 

Kjøp og sal skjer der folk møtest. I korte møte får deltakarane kontakt på tvers av bransjar, for å knyta unike band mellom lokalmatprodusent og opplevingsbedrift. Det blir høve til å presentera produkt og gjera konkrete avtalar. 

Samlinga er for vestlandsfylka, og arrangørane har sett eit tak på hundre deltakarar. 

Matfest og Ølfest i stort format

Bergen Matfestival og Bergen Ølfestival slo seg saman for å fylle Bergenhus Festning med mat, drikke og folkeliv tre dagar til ende 4-6. september. Endringane gir auka utviklingspotensiale og økonomisk berekraft for framtida.  

Matfestivalen på det store «konsertområdet» på Koengen, rett ved festningen, der Bergen Ølfestival haldt hus.
Matfestivalen på det store «konsertområdet» på Koengen, rett ved festningen, der Bergen Ølfestival haldt hus. Foto: G. Nagell Dahl, Fylkesmannen i Hordaland

Bergen Matfest er den største lokalmatfestivalen i landet, og ein viktig utstillingsarena og marknadsplass for lokalmatprodusentane. 2015 blei året der serveringstilbodet og smaksopplevingane også fann tydeleg større plass ved sida av torgsalet, i tillegg til at opplevingsaspektet for store og spesielt dei små, auka monaleg. 

Barnas Matfestival, som vart lansert i fjor, hadde vakse på seg med opplevingar som inkluderte møte med husdyr, barnetraktorsertifikat og smak, leik og lyd av mat. I barna sitt eige mattelt var det born og unge som var kokkar og servitørar, under profesjonell rettleiing. 

Det Norske Måltid sin landsdelsfinale vart arrangert på festivalen. Vinnarar og landsdelen sine kandidatar til den nasjonale konkurransen var mellom anna Leiren Laks i kategorien Årets Sjømat-foredla med Gravet regnbueørret, Lutro in Vitro i kategorien Årets «Det grøne»-foredla med Plommesylte frå Hardanger og Lysefjorden Mikrobryggeri i kategorien Årets Tradisjonsøl med Slaget på Vågen. 

Storsatsing

15 år etter byrjinga på Torgallmenningen hadde Bergen Matfestival nådd sitt potensiale på Bryggen. Årets Matfestival var såleis eit storsatsing for å vidareutvikle formatet for framtida, då ein saman med Bergen Ølfestival likegodt flytte inn på Bergenhus Festning og Koengen, byen sine store, sentrale utandørsarenaer, mest kjent for store konsertar i sommarhalvåret. 

Nokre meinte det var eit sjansespel, ikkje minst når ein samstundes innførte inngangsbillettar til festivalområda, men skulle vi ta steget vidare og legge grunnlag for meir opplevingar, meir servering og ikkje minst framtidig, sjølvstendig berekraft for denne store matfesten, slik at den ikkje skulle bli mindre avhengig av offentleg tilsette og støtte, så var det naudsynt å satse. 

Dette må seiast å ha vore riktig. Rett nok vart det felles billettsalet monaleg lågare enn  budsjettert, 24.000 mot ei optimistisk von om 40.000, men endringar vil alltid krevje litt tilvenning, og økonomisk landar festivalen likevel innanfor budsjett. Sidan billettane til kr. 60,- gav tilgjenge alle tre dagar, og born hadde gratis tilgjenge til Matfestivalen, reknar me med eit besøk på minst 40.000 publikumarar til saman. Vi trur og aukinga i aktivitetar og underhaldning på festivalområdet ga god verdi for den trass alt avgrensa publikumskostnaden. 

Over hundre lokalmatprodusentar som betalar standleige set også store krav til suksess. Totaloversikta er ikkje klar frå produsentane enno, men så langt ser det ut til at minst halvparten av standane har nådd same eller høgare omsetnad som dei gjorde på Bryggen. 

Arrangementgruppa hjå Fylkesmannen og samarbeidspartnarar takkar utstillarar, publikum og alle gode hjelparar for gode bidrag og stort engasjement.