Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fylkesnytt frå Hordaland 2/2018

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om foregangsfylke for økologisk frukt og bær – felles plattform for formidling av økologisk drift.

Fylkesmannen i Hordaland er snart historie. Når nyttårsrakettane lyser opp himmelen om to vekers tid er det Fylkesmannen i Vestland som gjeld. 

Det er tid for «gravøl» og å ta farvel til det gamle. Frå 2019 er me klare for nytt samarbeid om nye, felles oppgåver. 

Me ynskjer alle GOD JUL, med den aller siste utgåva av Fylkesnytt frå fylkesmannen i Hordaland.

Foregangsfylke økologisk frukt og bær – felles plattform for formidling av økologisk drift

Prosjektet Foregangsfylke økologisk frukt og bær vert avslutta i år. Gjennom åtte år har prosjektet bidrege til auka produksjon og lettare omsetnad av varene. 

Fruktdyrkarar lærer om økologisk epleproduksjon på Dyre gard i Moss.
Fruktdyrkarar lærer om økologisk epleproduksjon på Dyre gard i Moss. Foto: Frøydis Lindén/Fylkesmannen i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har vore prosjekteigarar av dette store og omfattande prosjektet, med mange arbeidsområde innan motivasjonsarbeid, auka fagkompetanse, arbeid mot reglar og system, distribusjon, internasjonalt samarbeid og formidling av gode eksempel. Det har vorte laga manualar og filmar, og ein har lært mykje på tvers av landegrenser.

Alle flaskehalsane er ikkje løyste når Føregangsfylket for økologisk frukt og bær avsluttar sitt arbeid.  Insentivane for å drive økologisk konsumproduksjon av eple har minka med aukande priser til juiceproduksjon. Og sjølv om areala til norsk økologisk frukt- og bærproduksjon har auka, har også mengd skadedyr og klimaskader auka. Økoforbrukarane finst, men dei finn enno ikkje vegen til dei produserte varene, som enno er i små volum. Europeiske målingar seier at forbruket av økologiske varer ligg på 2 prosent i Noreg, noko som er ein stor kontrast til nabolanda våre med 7-9 prosent.

Det blir spennande tider framover for marknadsaktørane og NLR, som no skal ta over stafettpinnen og arbeida vidare med utviklingsarbeidet.

Vestlandsk fjordfe – vår eigen landrase

Kjøtproduksjon og gastronomi med identitet og historie sto i fokus då Urfe SA og Matarena AS heldt parallelle seminar og workshops for om lag 30 interesserte bønder, kokkar og matfagelevar i oktober. 

Vestlandsk fjordfe høver godt i vestlandslandbruket.
Vestlandsk fjordfe høver godt i vestlandslandbruket. Foto: OH Langleite Urfe SA/Fylkesmannen i Hordaland

Eksklusivitet og pris, identitet og historie, og ikkje minst tilpassing til ekstensivt landbruk bygd på eksisterande bygningar, kulturlandskap og utmark er viktige drivkrafter for fjordfe-satsinga.

For å få maksimal effekt av arrangementet fall det naturleg å ha ei felles samling for bønder, kokkar og restaurantar og leggja arrangementet til ein skule med matfag, som eit bidrag til rekruttering.

Fjordfeet er vestlandsidentitet 

Ein grunnleggjande føresetnad for ein matnasjon, er «identitetsmaten». Dette er lokale, regionale og nasjonale råvarer og rettar, med lang historie og tilpassing til lokale tilhøve. Dei passar kanskje ikkje heilt inn i moderne rasjonelt eller industrielt landbruk, men hentar ut meirverdi gjennom tradisjon og nærleik til landskapet og naturen.

Ved sida av dei store og effektive, kjøtproduserande rasane, har alle europeiske matnasjonar sine tradisjonelle kurasar, eller landrasar som dei ofte vert kalla. Vestlandsk fjordfe er ein av 7 nasjonale, bevaringsverdige raser, og saman med Vestlandsk raudkolle den som tradisjonelt har vore dominerande i Hordaland fram til 2. verdskrigen. Per i dag finst det omlag 800 fjordfekyr. Fjordfebestanden er nær dobla dei siste 10 åra. Mest all auke skjer innanfor kjøtproduksjon (ammeku). Over halvparten av fjordfebestanden finst i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei gamle storferasane heng framleis med i mjølkeproduksjonen, og grunnstamma av kunnskap og buskap finst der, men auken i haldet av desse rasane skjer no innan kjøtproduksjon.

Bybonden er på plass i Bergen

Grønare fingrar, grønare by og supporterklubb for landbruket er kjernesakene til Bybonden i Bergen. Ida Kleppe frå Sunnmøre vart tilsett som Bybonde i Bergen i haust, med Bondelaget og Lystgården på Landås som prosjekteigarar.

Bybonden i Bergen.
Bybonden i Bergen. Foto: Marita Skeie/Fylkesmannen i Hordaland

Lystgården på Landås, som vert driven av organisasjonen Bærekraftige liv, er eit ressurssenter for alle som vil driva berekraftige aktivitetar i Bergen. Bybonden er knytt til miljøet på Lystgården, og skal tilrettaleggja og vera ein "koplingsboks" for alle som vil læra eller skapa næring gjennom urbane landbruksaktivitetar.

Ida Kleppe kjem frå eit småbruk på Hærøy på Sunnmøre. Ho har i praksis vore bybonde i eige nabolag i nokre år, og sette seg grundig inn i norsk landbruksproduksjon då ho laga dokumentarfilmen "Utan mat og drikke" i 2017. Der fyljer me ho og familien som prøvde å leva på norsk mat i ein månad.

Bondelaget i Hordaland har vore sentral i tilrettelegginga for ein Bybonde på Vestlandet, i tett samarbeid med Bærekraftige Liv på Landås og  prosjektet Lystgården. Andre støttespelarar har og vore Bergen Kommune, Norges Vel, Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland. Bybonde-prosjektet har finansiering for eitt år, men prosjektet har som mål å bli fullfinansiert i tre hele år etter dette.

Fylkesmannen si landbruksavdeling ynskjer Bybonden lukke til og har stor tru på at prosjektet vil koma landbruket på heile Vestlandet til gode.

Verdas beste ost 

Gardsysteriet Ostegården og Jørn Hafslund slo til med siger, i konkurranse med bortimot 3500 ostar frå heile verda, under oste-VM i Bergen i november. Samarbeid er nøkkelen, seier vinnaren. 

Verdas beste ost er kåra.
Verdas beste ost er kåra. Foto: Åse Vaag/Fylkesmannen i Hordaland

Ostegården er eit lite gardsysteri på Krokeide i Bergen. På garden er det 11 mjølkekyr. Jørn er lidenskapleg opptatt av ost. Han byrja med å lage ost for 12 år sidan og nyttar tradisjonelle oppskrifter og velutvikla metodar frå Frankrike og Nederland. Vinnarosten var Fanaosten – ein vellagra goudatype.

Suksessen for Ostegården, og for heile det norske miljøet av småskala osteprodusentar ein har fått dei siste åra, skuldast samarbeid, seier Jørn. Dette vart og framheva av tidlegare vinnar, Gunnar Vågen frå Tingvollost, som vart tildelt årets Ingrid Espelid Hovig matkulturpris for sin deling av kunnskap.

Fylkesmannen i Hordaland gratulerer Ostegården med ei fantastisk utmerking!

Auka attraktivitet og lønsemd for lokalmatprodusentar

33 bedrifter deltok i det første året av Matarena sitt langsiktige kompetanseprogram for produsentar av lokal mat og drikke. Tilbakemeldingane har vore svært gode.

Joar Aga frå Aga Sideri deltek i kompetanseprogrammet.
Joar Aga frå Aga Sideri deltek i kompetanseprogrammet. Foto: Øystein Haara/Fylkesmannen i Hordaland

Matarena sitt kompetanseprogram har som mål å auka attraktivitet og lønsemd for lokalmatprodusentar som satsar på lokal mat og drikke.  Programmet skal bidra til kompetanseheving og profesjonalisering innanfor mellom anna produktutvikling, marknadsforståing og forretningsdrift.  I dette ligg også verdien av nettverk, matidentitet, design, koplinga mat og reiseliv og utnytting av naturressursar.

Gjennom året har deltakarane vore gjennom foredrag, workshop, bedriftsbesøk og diskusjonar, og lært både av eksterne ressursar og kvarandre. Det første året gjekk over all forventning når det galdt deltakartal. For 2019 har matarena som mål å inkludera 50 lokalmatbedrifter frå Hordaland og Sogn og Fjordane i dette kompetansenettverket og vidareføra kompetanseprogrammet.

Fylkesmannen i Hordaland og i Sogn og Fjordane har bidratt til gjennomføringa av nyvinninga. Me har stor tru på auka verdiskaping gjennom kompetanseheving i tett samarbeid med- og mellom produsentane. 

Kulturlandskapspris til fruktgard i Ullensvang 

Kulturlandskapsprisen i Hordaland vart i år tildelt Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland i Ullensvang. Tema for prisen i år er bratt areal og andre driftsvanskar.

Glade prisvinnarar, saman med ordførar, landbruksdirektør og bondelagsleiar.
Glade prisvinnarar, saman med ordførar, landbruksdirektør og bondelagsleiar. Foto: Øyvind Vatshelle/Fylkesmannen i Hordaland

Formålet med kulturlandskapsprisen er å auke merksemda om verdiane kulturlandskapet representerer i fylket og å gje ei påskjøning til dei som gjennom mange år gjer ein innsats for å ta vare på det. Prisen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland Fylkeskommune, der Fylkesmannens landbruksavdeling er sekretariat. Dette er 22. gong prisen blir delt ut.

Det er ein samrøystes jury bak vedtaket og grunngjevinga er som følger:

Alt dyrka areal på garden er bratt, og mesteparten har brattare helling enn 1:3. Brukarane legg ned mykje arbeid i produksjon av kvalitetsfrukt i dei bratte bakkane. Driftsvanskane er større enn på mange andre fruktbruk, med mykje manuelt arbeid, mellom anna med plantevern, slått mellom trea og i samband med innhaustinga. Heile familien har bidrege, i tillegg til innleigd arbeidskraft. Det er ikkje rom for å hente ut stordriftsfordelar på eit slikt arbeidskrevjande bruk. Dei har gjort mange tiltak med dyrking og planting for å få drifta mindre tungdrive enn tidlegare. Dei knappe areala blir utnytta best mogleg.

Den aktive satsinga deira for å ta vare på og vidareutvikle fruktdyrkinga på den bratte garden har gjort det mogleg å halde fram med drifta. Dei har lagt eit solid grunnlag for at det kan vere mogleg med fruktdyrking her også i framtida. Frukthagane i drift er viktige for kulturlandskapet og opplevinga av eit fjordlandskapet med mykje aktivitet og store kontrastar. Dei bratte areala er gjerne ekstra godt synlege i landskapet. Dei siste åra har Marta og Mekjell òg starta med utleigebustad til turistar, som set stor pris på ramma som den aktive gardsdrifta gir.

Både frukthagar og tun er velstelte. Dei tek òg vare på dei gamle husa på garden, mellom anna eit tørkehus frå tidleg 1800-tal og løa der delar av bygninga er frå slutten av 1800-talet. Dei har òg ein gamal hage med historiske pæresortar.

Til toppen