Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 2/2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Region Fjord Noreg som i januar deltek på Internationale Grüne Woche 2017 i Berlin.

Region Fjord Noreg deltek på Internationale Grüne Woche 2017 

I januar 2017 deltek 18 aktørar frå fjordfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland på ei av verdas største matmesser i Berlin. Dei vil der presentera lokale matspesialiteter frå reisemål i regionen vår. 

Ein smakebit av Fjord Noreg.
Ein smakebit av Fjord Noreg. Foto: Siri Helle/FMHO

Reiseliv er ei av dei største næringane i Noreg, og besøkjande frå Tyskland er den største turistgruppa vår. Fjordnoreg er eit innarbeidd merkenamn som er godt kjent i Tyskland. Mat og opplevingar i kulturlandskapet vert ein stadig viktigare del av reiselivsnæringa. Dette vert eit viktig fokus i standpresentasjonen av Fjord Noreg i Berlin.

Frå Hordaland deltek Restaurant 1877, Alde sider, Hardanger saft og siderfabrikk, Myrdal gard, Håheim gard og Bekkjarvik Gjestgiveri.

Sjekkliste driveplikt 

Frå no av skal det vera enklare å kontrollera om driveplikta vert overhalden. Fylkesmannen har, saman med NIBIO og NLR, laga ei sjekkliste som kan nyttast i vurderinga. 

Det er når ein er ute på synfaring for å sjå på arealet, kommunane gjer den første vurderinga av om driveplikta er oppfylt eller ikkje. Ut frå dette må kommunane vurdera om dei skal følgja opp saka etter jordlova § 8 tredje ledd. 

Kommunen på synfaring.
Kommunen på synfaring. Foto: Trond Håkon Stadheim/FMHO

Lite rettleiing for denne viktige avgjerda

Bakgrunnen for sjekklista er at det ikkje går tydeleg fram korkje av jordlova § 8 eller i rundskriv M-3/2011 kva ein faktisk skal sjå etter i samband med vurderingsarbeidet ute, og det er få haldepunkt knytt til dette. 

Sjekklista er ikkje uttømmande, men meint som ein reiskap kommunane kan nytta seg av når dei er på synfaring. Faglege drøftingar vil bli enklare når ein har noko validert å gå ut i frå, samstundes som ein i større grad vil få auka kompetanse og felles forståing for kva driveplikta inneber.

Bruk av tilkøyrde jordmassar i landbruket 

I Hordaland vert mykje utbyggingsmasse nytta til jordbruksareal, og tiltaka er ofte i grenseland mellom ulike regelverk. Ein ny rettleiar, støtta av Fylkesmannen i Hordaland, kan vera til hjelp når kommunane skal handsama slike søknader. 

Ny og nyttig rettleiar om jordmassar.
Ny og nyttig rettleiar om jordmassar. Foto: Region Nordhordland/FMHO

Behov for utbyggingsmassar til gardane

Større teigar, meir køyresterk jord, betre driftsvegar og kortare køyreavstandar kan vera nødvendig for vidare mjølkeproduksjon på garden. Mange jordbruksareal i Hordaland er dårleg arrondert og har behov for forbetring for å få enklare drift. Mottak av utbyggingsmassar gjer det mogleg å laga gode areal, og kan finansiera tiltaka. Nokre landbruksprosjekt har vore gode, medan andre har kome ut av kontroll. Det er mykje anleggsverksemd i store delar av fylket, og store mengder massar er på flyttefot og skal plasserast. Dette gjeld både sprengstein, myrjord, tidlegare jordbruksjord og utmarksjord.

Sakshandsaminga krev tett samarbeid

Bruk av utbyggingsmassar for planering og dyrking krev søknad til kommunen. For kommunen er det ofte krevjande å vurdera omfang av prosjektet, mogleg ureining, støy, trafikkfare og andre konsekvensar.

Det er viktig med tidleg samarbeid på tvers av fagfelta byggesak, plan, miljø og landbruk, for å avklara kva regelverk ein søknad kan bli handsama etter og kva vilkår kommunen skal setja. Både nydyrkingsforskrifta, ureiningsforskrifta om bakkeplanering, plan- og bygningslova og reguleringsplan / kommuneplan kan vera aktuelle verktøy.

Ny rettleiar

I Region Nordhordland har ein, ut frå erfaringar i kommunane, laga ein rettleiar for den kommunale sakshandsaminga. Fylkesmannen i Hordaland har støtta arbeidet, og ser dette som eit særs viktig tiltak for å betra sakshandsaming og få betre gjennomføring av prosjekta. Den nye rettleiaren inneheld råd om vurderingar, lovverk og oppfølging – samt informasjon om kva ein søknad bør innehalda.

Kan landbrukstiltak redda elvemuslingen? - og korleis få meir miljøvennleg drift i andre vassdrag

For at landbruksdrifta skal påverke vassdrag i mindre grad, trengst praktisk og tilpassa rettleiing. Erfaringar frå kartlegging og planlegging av tiltak langs vassdrag med elvemusling kjem til nytte når ein no skal vurdera tiltak i andre vassdrag. 

Storfe i vassdrag.
Storfe i vassdrag. Foto: Øyvind Vatshelle/FMHO

Landbruket sin påverknad for vassdrag har fått lite merksemd i Hordaland etter 1990-talet, då ein fekk kontroll på punktutsleppa frå gjødsellager og silo. Utan åkerdrift med tilhøyrande erosjon eller store område prega av intensivt husdyrhald, har oppfatninga vore at utfordringane er små i Hordaland.  

Sårbare vassdrag

I samband med arbeidet for å sikra den utryddingstruga elvemuslingen kom spørsmålet om gardbrukaren kunne gjera endringar i drifta for å bidra til betre vasskvalitet. Vasskvaliteten var stadvis dårlegare enn muslingane kunne tola, truleg grunna både landbruk og spreidd avlaup frå busetnad. Ein hadde ikkje detaljert kunnskap om årsakene. 

Husdyrgjødsel på avvegar

Dei fleste vassdraga i Hordaland er relativt lite påverka av landbruksaktivitet, men i område med store gjødselmengder, mottak av jord og stein til dyrkingsformål eller aktiv bruk av plantevernmiddel kan det verta problem. Teigane er små og ein ønskjer å nytta heile arealet. Graset vert hausta heilt ut til elvekanten, og gjødslinga skjer ofte så nær bekken at delar av gjødsla går på elva. Langs den dyrka jorda kan det vera mange små bekkar og oppmurte kanalar utan naturleg kantvegetasjon. 

Føretak med mjølkeproduksjon har areal med høgt fosforinnhald. Grunna praktiske tilhøve vert gjerne husdyrgjødsel spreidd på dei teigane som allereie har størst fosforreservar. Det har lenge vore dårleg planlegging av lagerkapasitet for husdyrgjødsel. Både kor mykje gjødsel kvar ku produserer og kor mykje vaskevatn som hamnar i gjødsellageret har vore kraftig underestimert. Mange føretak må spreia gjødsel etter siste slått og utover hausten for å ha lagerkapasitet gjennom vinteren. 

Miljøvennleg drift i andre vassdrag

Frå i år skal kommunane i gang med å følgja opp regionale tiltaksprogram for landbruk, i tråd med vassforskrifta. Erfaringane frå «elvemuslingsprosjektet» har overføringsverdi til andre vassdrag med tilsvarande landbrukstilhøve. Framfor å gå i gang med detaljert problemkartlegging, bør det verta enklare for gardbrukaren å driva meir miljøvennleg. 

Me meiner det er behov for god og praktisk rettleiing for brukarane for å få til dette, til dømes i form av ein miljørådgjevar som kan gå frå gard til gard langs sårbare vassdrag. Diskusjonar og vurdering av eigen gard kan auka gardbrukarane sin kunnskap og motivasjon for å sikra god vasskvalitet og å betra tilhøva for sårbare artar. 

Tiltak som kan auka lagerkapasiteten og gje meir effektiv uttransportering av husdyrgjødsel kan redusera omfanget av haustgjødsling og redusera gjødselmengda på areal med store fosforreservar. God kunnskap om mottak av jordmassar er naudsynt for å unngå ureining i anleggsperioden. Vidare er kantvegetasjon i småbekkar og fjerning av vandringshinder viktig for å betra tilhøva for sjøauren.

Les meir om: 

Kulturlandskapsprisen til landskap i Askøy kommune 

Kjerrgarden i Askøy kommune, vest for Bergen, fekk i år Kulturlandskapsprisen i Hordaland for sitt heilskaplege kulturlandskap. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun hadde æra av å dela ut prisen på ei markering i oktober. 

Vakkert kulturlandskap.
Vakkert kulturlandskap. Foto: Kari Mostad/FMHO

Tema for prisen var "kulturminne i jordbrukets kulturlandskap". Kjerrgarden Grunneigarlag har gjennom felles forvaltning tatt godt vare på kulturminne som syner det møysommelege arbeidet bønder i tidlegare tider har lagt ned i for å skapa eit utkome av den karrige jorda på øyane lengst vest i Hordaland. Snorrette, godt velhaldne steingardar set sitt preg på landskapet, i tillegg til andre kulturminneelement som jordkjellar, bakkemurar, steinsett bekk, stall med villhelletak m.m. som også er tatt godt vare på. Prisen vart tildelt grunneigarlaget, som i fellesskap arbeider for å ivareta kulturlandskapet i eit område som er under sterkt press. Avgjerande for tildelinga er innsatsen til Arne Kjærgård og garden hans, som utmerkar seg som i særleg god stand.

Føremålet med kulturlandskapsprisen er å auka merksemda om verdiane kulturlandskapet representerer i fylket og å gje ei påskjønning til dei som gjennom mange år gjer ein innsats for å ta vare på det. Prisen er eit samarbeid mellom Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og kulturlandskapsgruppa; som også består av representant frå kommunane, faglaga, landbruksrådgivinga og Universitetet i Bergen. Kulturlandskapsprisen har ulikt tema kvart år. I år vart prisen delt ut for 21. gong.

Tømmerkai på Eidsnes i Lindås kommune opna 

Båttransport er eit meir miljøvennleg alternativ enn biltransport. Ny og betre kai i Nordhordland gjev nye moglegheiter i skognæringa og treindustrien. 

Klar for betre utnytting av Kystens riksveg 1.
Klar for betre utnytting av Kystens riksveg 1. Foto: Terje Natland/FMHO

Hogsten i Hordaland har auka på kort tid, og dagens 250 000 m3 tømmer vil nok stiga til 500 000 m3 og vel så det om nokre år. «Den store granhogsten» er i gang og stadig meir skog veks inn i hogstmogne dimensjonar.

Kaien på Eidsnes har vore viktig for tømmertransport med båt heilt frå 1980-talet. Dette er no den tredje utvidinga av kaianlegget, for at han skal kunna takla det aukande tømmervolumet som vert forventa i tida framover.

Råstoffet frå vestlandske skogar er ettertrakta i både i Noreg og i utlandet, spesielt i Tyskland, medan foredlingskapasiteten i Noreg vil verta større etter kvart. Allereie i dag kjem 40 prosent av tømmeret til Granvin bruk via sjøvegen.