Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve at Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om gründersatsinga Hoppid.no.

Satsar vidare på gründerar

Statsforvaltaren, fylkeskommunen, Innovasjon Norge og kommunane i Møre og Romsdal har fornya avtalar om felles gründersatsing i fylket for dei neste fire åra.

Hoppid.no er namnet på ei felles gründersatsing i Møre og Romsdal. Hoppid.no blir drifta av fylkeskommunen i samarbeid med Innovasjon Norge og Statsforvaltaren.  Gjennom hoppid.no har kommunane ei felles dør inn for alle som ønskjer å starte bedrift eller utvikle eksisterande verksemd, uansett kva næring dei høyrer til.

Nye avtalar

Hoppid.no har vitja eller hatt digitale møte med alle kommunane i fylket, med føremål å teikne nye avtalar. Frå kommunane møtte ordførar, kommunedirektør, næringssjef, representant for landbruksforvaltninga og hoppid-kontakten. Hoppid-kontakten er i nokre kommunar ein kommunalt tilsett næringssjef. I andre kommunar vert denne tenesta kjøpt hos næringsutviklingsmiljø gjennom avtale med kommuna.

På dagsorden for møta stod kommunen sine erfaringar med hoppid.no så langt, tal og fakta frå siste fireårsperiode for dei regionale partane, gjennomgang av ny partnarskapsavtale og ein open post til slutt. Kommunen sin representant for landbruksforvaltninga orienterte om produksjonar, utvikling og nye verksemder i næringa. Dei besøkande fekk god orientering om næringslivet i kommunen. Tema som kom opp i møta som gjaldt landbruket var: Tettstadutvikling og urbant landbruk, reiselivsprosjekt over kommunegrenser, bruk av tre i offentlege nybygg og mobilisering av samarbeid mellom lokalmatprodusentar og reiseliv. I nokre kommunar var det også lagt opp til bedriftsbesøk.

Signering av hoppid-avtale med Volda kommune.
Signering av hoppid-avtale med Volda kommune. F.v. Sølvi Dimmen - ordførar i Volda kommune, May-Britt Roald - Møre og Romsdal fylkeskommune, Aud Lindset Drågen - Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Mari Dorthe Jonland Michalsen - Innovasjon Norge. Foto: Bente Engeseth

Statsforvaltaren si rolle

Statsforvaltaren si rolle i avtalen er å vere aktiv for å bygge kompetanse i landbruksforvaltninga og informere hoppid.no kontora om landbruk og bygdenæringar. Vi skal også delta og bidra ved regionale møteplassar og arrangement for gründerar, og drive informasjonsarbeid om hoppid.no til bygdenæringane. Slik skal vi bidra til å kople fagkompetanse, kunnskap og relevante innovasjonsmiljø innan landbruk og mat.

Alle kommunane vi har vore i møte med har ønska å gå inn i ny avtaleperiode, og har signert avtale.

Kontakt:
Aud Lindset Drågen, tlf 71 25 85 73, fmmraudr@statsforvalteren.no

Avlingssvikt i 2020

Det vart eit vanskeleg vêrår for bøndene: snø i mai, deretter sydenvarme og så ein våt og kald ettersommar. Mange har søkt statsforvaltaren om erstatning for avlingssvikt.

Frukt og bær

Etter ein relativt snøfattig vinter og nokså normal tidleg vår, kom mai med kulde og mykje snø heilt ned til fjøresteinane. Kaldvêret ramma fylket hardt, og det midt i fruktblomstringa. Det gjekk særleg ut over plomme- og morellavlingane. For bærprodusentane var det først og fremst arbeidskraft som var utfordringa, sjølv om snø og frost i mai også bidrog til ein skral sesong. Sju fruktprodusentar har fått til saman kr 747 871 i erstatning. I tillegg har ein bærprodusent fått kr 1 016 067 i erstatning.

Korn

Kornproduksjonen såg lenge ut til å svikte. Men, det vart gode forhold for å treske kornet i oktober. Berre nokre få kornprodusentar fekk så stor avlingssvikt at det førte til erstatning. Fire kornprodusentar fekk til saman kr 258 569 i erstatning.

Gras

Grasproduksjon er den dominerande planteproduksjonen her i fylket. Kald og sein vår med påfølgjande varmt og tørt ver i juni ga ein svak førsteslått. Deretter tok det seg opp. Rikeleg med nedbør og relativt kjølig sommar er bra for grasveksten, men i nokre område vart det likevel ein del avlingssvikt. Totalt 27 grovfôrprodusentar (med husdyr) fekk til saman kr 2 062 019 i erstatning.

Til saman har 39 føretak fått utbetalt kr 4 084 526 i erstatning for avlingssvikt for vekstsesongen 2020. Dette er noko meir enn i dei fleste åra, men langt unna tørkesommaren 2018 då vi hadde 270 søknader.

Kontakt:
Per Eldar Nakken, tlf 71 25 85 81, fmmrpena@statsforvalteren.no

Ynskjer fleire ungdomar inn på gardstunet

Kva skal til for at ungdomar kan nytte eit Inn på tunet-tilbod? Det skal eit prosjekt leia av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sjå nærare på.

Landbruksdirektoratet har tildelt Statsforvaltaren 2,4 millionar kroner til eit toårig pilotprosjekt. Prosjektet skal kartlegge mogelege barrierar for val og kjøp av Inn på tunet (IPT) -tenester, med spesielt fokus på vidaregåande elevar og ungdom som har rett på vidaregåande opplæring.

Minske fråfall

Skuleåret 2019/2020 var det 2,3 prosent fråfall frå vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Oppfølgingstenesta til fylkeskommunen jobba hausten 2020 med ca. 600 ungdomar som ikkje var tilknytt vidaregåande opplæring. Kanskje kan eit IPT-tilbod i skuletida gjere at færre ungdomar fell ut av vidaregåande opplæring?

Ungdomane sitt behov vert sett i fokus når prosjektet i løpet av våren skal gjennomføre tre workshops i samarbeid med ProtoMore Innovasjonslab. Gjennom kreativitet, tverrfagleg innovasjon og eit sterkt menneskefokus skal workshops bidra til at pilotprosjektet utfordrar tankesett og etablerte sanningar. Deltakarane vil representere fleire ulike område: Vidaregåande skular, vaksenopplæring, barnevernstenesta, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), kompetanse på offentleg innkjøp, samferdsel, tilbydarar av Inn på tunet-tenester, m. fl. Målsetjinga med prosessen er å kome fram til to-tre konsept som skal testast ut frå skuleåret 2021/2022, i eit samarbeid mellom kjøparar og tilbydarar av IPT-tenester.

Fagdag

Ein viktig føresetnad for å kunne kartlegge utfordringane ved innkjøp av IPT-tenester, er at kjøparane har kjennskap til kva IPT er. Dei må også vite kva type tenester som vert tilbydd og høyre om erfaringar som andre kjøparar av tenestene har. Difor arrangerer prosjektet ein fagdag i form av eit webinar onsdag 3. mars. Fagdagen er open for alle interesserte. Meir informasjon finnast  på Statsforvaltaren si heimeside.

Kontakt:
Elin Næsje Sætre, 71 25 84 28, elnsa@statsforvalteren.no

Skogaktiviteten i koronaåret 2020

Året 2020 vart eit annleis år, også for skogbruket. Omlegging av tilskotsordningane frå Statsforvaltaren til kommunane var vi budd på, men endringane som følgje av koronapandemien kravde ekstra tiltak.

Føresetnadene for god planlegging forsvann: Tømmermarknadene stupte, prisane på tømmer sank, og det såg lenge dårleg ut for importert arbeidskraft. Det tok litt tid, men etter kvart kom ordningane med ekstraordinært tilskot til planting. Så kom ekstraordinært driftstilskot, med føremål å oppretthalde hogstaktivitet i ei tid med lav etterspurnad frå industrien.

Koronamidlar til planting

Ekstraordinære tilskot var i felles interesse for alle partar i skogbruket, sjølv om kvart fylke måtte avstå frå nokre delar av dei regionale tilskotsmidlane til krisepakka. Koronamidlane var retta mot planting, og gjekk til andelslaga som hadde  utfordringar med organisering og tilgang på plantarar, i hovudsak utanlandske arbeidarar. Ekstraordinært driftstilskot for å oppretthalde hogstaktivteten kom som eiga løyving på statsbudsjettet med 50 millionar kroner.

Tømmeraktørane strakk seg langt for å halde handa over taubanemiljøa ved å sikre dei avsetning på tømmer, og nokre av aktørane skaffa nye mottakarar av tømmer for ekstensiv drift. Eit nytt søknadssystem vart innført for kommunane, med den opplæringa det kravde, og så byrja ballen å rulle.

Vegbygging og stordrift Helsem – Kjølås, Stranda kommune.
Vegbygging og stordrift Helsem – Kjølås, Stranda kommune. Foto Foto: Åsmund Asper

Planteaktiviteten synte seg etter kvart å liggje ganske likt føregåande år, og det blei sett ut i underkant av 1 million planter i Møre og Romsdal i 2020. Dette tilsvarer eit brukbart «planteår» for vårt fylke. Utfordringa med ekstraordinært tilskot til planting var at det belasta NMSK potten til kommunane, og reduserte høve til god satsing på andre skogkulturtiltak.

Eit toppår

Med kommunal satsing, inntrekking av midlar frå gamle prosjekt og eit velfungerande ekstraordinært tilskot, vart ikkje skogsaktiviteten råka så hardt som frykta. Når vi gjekk inn i 2021, er fasiten at 275 000 m3 er avverka i Møre og Romsdal i 2020. Ser ein bort frå at gamle rekordar inkluderer Halsa og Rindal som i dag inngår i Trøndelag fylke, så er det ikkje langt unna eit toppår. Rekordhøge 12,4 millionar kroner i tilskot er løyvd over LUF. Av dei er omlag 6,7 millionar kroner satsa i ny vegbygging, og det vart løyvd 4,5 millionar kroner til drift av om lag 39 000 m3 med taubane. 

Det er registrert over 100 søknader på ekstraordinært driftstilskot (koronatilskot) til taubane eller drifter med høg driftspris. Dette resulterte i omlag tredobbel aktivitet i forhold til budsjettet. Totalt er det løyvd 3,27 millionar kroner i ekstraordinært driftstilskot i Møre og Romsdal for 2020.

Skogbruksaktiviteten i 2020 har vore rimeleg høg, trass ulike utfordringar som har kravd ekstra innsats frå næring og forvaltning. Takk for innsatsen, vel blåst!

Kontakt:
Odd Løset, tlf. 71 25 84 08, fmmrodlo@statsforvalteren.no
Åsmund Asper, tlf. 71 25 84 07, fmmrasas@statsforvalteren.no

Med fokus på vegbygging for 24 m vogntog og mogelegheiter for koronatilskot til drift, vart 2020 eit relativt bra år.
Med fokus på vegbygging for 24 m vogntog og mogelegheiter for koronatilskot til drift, vart 2020 eit relativt bra år. Foto: Odd Løset