Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Møtebørs.

Møtebørs – møt ein rådgjevar

Fylkesmannen inviterer til møtebørs med fagleg speed-dating for lokalmatprodusentar og økoprodusentar under den Norske Matfestivalen i Ålesund.

Avtal å møte ein rådgjevar under matfestivalen, oppmodar Kirsti Indreeide, Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Avtal å møte ein rådgjevar under matfestivalen, oppmodar Kirsti Indreeide, Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Foto: Trine Klemetsen

I år vil lokalmatprodusentar, økoprodusentar og aktuelle reiselivsbedrifter, få tilbod om speed-dating med aktuelle rådgjevarar på møtebørsen, som vert arrangert på St. Olavs plass den 24. august.

Fylkesmannen har invitert dei viktigaste rådgjevarane for lokalmat, økologisk mat og grønt reiselivtil til å delta på møtebørsen: Matnavet i Midt-Norge, Matmerk, Landbruk Nordvest, Norsøk, Innovasjon Norge, Debio og hoppid.no, som er gründertilbodet til Møre og Romsdal Fylkeskommune.                          

Målet med møtebørsen er å gjere virkemiddelapparatet og kompetansetilbydarane meir tilgjengelege for produsentar og reiselivsbedrifter, som ynskjer å satse på lokal og økologisk mat. Dei som ynskjer å førehandsbestille avtale for speed-dating, vert oppmoda om å ta direkte kontakt med dei aktuelle rådgjevarane. Det blir spanande med ein ny aktivitet under matfestivalen. Det kan bli kaos og forvirring, eller det kan bli lite interesse. Det er ikkje godt å vite, men det er verdt eit forsøk. Om det blir vellukka i år, kan vi utvikle arrangementet vidare neste år! Alle «tilbydarane» vert oppmoda om å marknadsføre arrangementet gjennom eigne kanalar! Vi vonar også at møtebørsen kan vere interessant stoff for media og fagblad under festivalen.

Vi har sett av heile onsdag til rådgjevingsmøter, der det både vert presentasjonar, førehandsavtala møter og opning for «drop-in» møter.

Om kvelden inviterer Den Norske Matfestivalen til uformell mingle-middag i festivalteltet saman med utstillarar og arrangørar.

Kontaktperson: Kirsti Indreeide, Tlf.: 71 25 85 75, fmmrkiin@fylkesmannen.no

Velfortent heider til Storfjordens Venner

Storfjordens Venner hadde med seg ein stor og brei delegasjon til prisutdelinga i Madrid, der Lodve Solholm og Byrge Fitje representerte Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Storfjordens Venner hadde med seg ein stor og brei delegasjon til prisutdelinga i Madrid, der Lodve Solholm og Byrge Fitje representerte Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Foto: Storfjordens Venner

Storfjordens Venner nådde eit høgdepunkt, då dei i år vart tildelt Europa Nostra-prisen / EUs kulturminnepris under eitt høgtideleg arrangement i Madrid 24. mai 2016. Foreininga fekk prisen i klassa «Dedicated services» - «Spesielle tenester» - (rekna som den gjævaste!). Organisasjonen har motteke både den nasjonale og lokale kulturlandskapsprisen, samt fleire andre prisar opp gjennom åra.

Leiar i Storfjordens Venner Kjell Løseth t.v. vert tildelt Europa Nostra–prisen / EUs kulturminnepris av leiar i juryen, tyske Alexander Fürst zu Sayn-Wittgenstein-Sayn.
Leiar i Storfjordens Venner Kjell Løseth t.v. vert tildelt Europa Nostra–prisen / EUs kulturminnepris av leiar i juryen, tyske Alexander Fürst zu Sayn-Wittgenstein-Sayn. Foto: Storfjordens Venner

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er glad for eit langt og godt samarbeid med Storfjordens Venner. Dette strekkjer seg nesten attende til då foreininga vart skipa i 1975,  fyrst gjennom Fylkeslandbrukskontoret, og så etter at Fylkeslandbrukskontoret vart ein del av fylkesmannembeta. 

Fyrste tida fekk Storfjordens venner løyvd tilskot til fleire prosjekt, men det er ein del år sidan. Når ein ser kva foreininga har oppnådd, har det vore naturleg for oss å lyfte fram organisasjonen gjennom tildeling av den lokale kulturlandsklapsprisen, og sidan innstille dei til den nasjonale (i 2014), og støtte opp under forslaget om den europeiske, som dei fekk i år.

Fotografi tatt i samband med restaureringa av stovehuset på Skageflå.
Fotografi tatt i samband med restaureringa av stovehuset på Skageflå. Foto: Storfjordens Venner

Blant oppgåvene til Fylkesmannen er også å bidra til å ta vare på natur og kultur. I så måte gjer Storfjordens Venner eit viktig arbeid, som er med å synleggjere kulturarven på ein framifrå måte. Ved å ta vare på kulturlandskap og historiske bygningar i kulturlandskapet, viser dei fram ei historie, som kanskje ikkje er så fjern i tid, men som er fjern når det gjeld busetnad, levemåte og driftsmåte.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug delte ut Den nasjonale kulturlandskapsprisen på Ytste Skotet i 2014.
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug delte ut Den nasjonale kulturlandskapsprisen på Ytste Skotet i 2014. Foto: Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet

Dermed har det vore kjekt også for Fylkesmannen i Møre og Romsdal når foreininga har fått desse prisane, som kvar for seg er solide klapp på skuldra for vel utført arbeid. Dei er dessutan kvar for seg gode høve for Storfjordens Venner til å vise fram både organisasjonen og arbeidet; men også ei fjør i hatten til alle som arbeider med å ta vare på «fjorda-kulturen».

Såleis var det naturleg å vere til stades under prisutdelinga i Madrid med fylkesmann Lodve Solholm og rådgjevar for kulturlandskapssaker Byrge Fitje. 

Storfjordens Venner vart skipa i Geiranger i 1975, og har i dag rundt 1000 medlemer. Foreininga kan sjå attende på ein formidabel innsats gjennom åra som har gått. Ved jubileet i 2015 vart det gjort ei oppsummering, og den viste at det er gjennomført i alt 120 større og mindre prosjekt med ein samla prislapp på godt over 20 millionar ikkje inflasjonsjusterte kroner, og i tillegg ein dugnadsinnsats verd om lag like mykje. Sidan har fleire prosjekt kome til. Prosjekta spenner frå heile gardsbygningar til vegar, kaier, bruer og andre tiltak i kulturlandskapet. 

Arbeidet er hovudsakleg finansiert gjennom midlar frå fylkeskommunen, Kulturminnefondet, Norsk kulturarv, Kulturfondet, private støttespelarar, gåver og midlar foreininga elles har skaffa seg. 

Foreininga eig og driv garden Ytste Skotet i Stordal kommune, der dei har restaurert i alt 19 bygningar med stort og smått. Garden vert no «lånt» ut til Sunnmøre Museum, som driv det som ei museumsavdeling. Foreininga arrangerer i tillegg årlege «Storfjordstemne» rundt på gardar i Storfjordområdet, og det vert kvart år gjeve ut ein kalender med historiske bilde og opplysningar. Både ved 20- og 40-årsjubileet vart det gjeve ut jubileumsbøker. Desse gjev eit omfattande oversyn over foreininga sitt virke. 

Storfjordens Venner er ein organisasjon som nyt stor respekt og tillit i det offentlege, så vel som næringsliv og blant privatpersonar. Det skuldast ikkje minst den høge kvaliteten i restaureringsarbeida, som foreininga alltid har stått for. Hos Fylkesmannen er vi glade og stolte av samarbeidet. 

Tildelinga av den europeiske kulturminneprisen skal elles også markerast lokalt med eit arrangement i Geiranger laurdag 10. september.

Den verdskjende spanske tenoren Palcido Domingo er styreleiar for Europa Nostra og var ein sentral person under prisutdelinga i Madrid.
Den verdskjende spanske tenoren Palcido Domingo er styreleiar for Europa Nostra og var ein sentral person under prisutdelinga i Madrid. Foto: Storfjordens Venner
Frå prisutdelinga i Madrid. Leiar i Storfjordens Venner, Kjell Løseth i midten.
Frå prisutdelinga i Madrid. Leiar i Storfjordens Venner, Kjell Løseth i midten. Foto: Storfjordens Venner
Nestleiar i Storfjordens Venner, Bjørn Steinar Skarbø presenterte organisasjonen under utdelinga av Europa Nostra–prisen / EUs kulturminnepris i Madrid.
Nestleiar i Storfjordens Venner, Bjørn Steinar Skarbø presenterte organisasjonen under utdelinga av Europa Nostra–prisen / EUs kulturminnepris i Madrid. Foto: Storfjordens Venner
Vernearbeid på Me-Åkerneset i foreininga sine tidlege år, då det galdt å stanse forfallet.
Vernearbeid på Me-Åkerneset i foreininga sine tidlege år, då det galdt å stanse forfallet. Foto: Storfjordens Venner
Seinare restaureringsarbeid på Me-Åkerneset.
Seinare restaureringsarbeid på Me-Åkerneset. Foto: Storfjordens Venner

Kontaktperson: Landbruksdirektør Frank Madsøy, 
Tlf.: 71 25 84 03, fmmrfrma@fylkesmannen.no

Mjølkeproduksjonen i Møre og Romsdal   

Bøndene likar yrket sitt. Dei blir færre, men dei som held fram vil auke produksjonen. Nesten alle mjølkeprodusentar må leige jord. 

Jerseyku i Vestnes.
Jerseyku i Vestnes. Foto: Arnold Hoddevik

På oppdrag frå fylkesmennene har Trøndelag Forskning og utvikling gjort ein spørjeundersøking mot alle mjølkeprodusentar i Troms,  Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Bøndene fekk spørsmål om drifta i dag, og om planane framover.  Sjølv om svarprosenten var lågare enn kva vi håpte på, gir rapporten eit godt grunnlag for å sjå inn i framtida. Her presenterer vi nokre av funna frå undersøkinga. 

Den typiske mjølkeprodusenten i Møre og Romsdal er ein mann på 50 år, med båsfjøs bygd på åttitalet. Gjennomsnittskvoten for 2015 var tett opp under 200 000 liter. Dei fleste har båsfjøs, og vi ville gjerne vite meir om korleis mjølkebøndene førebudde seg på kravet om lausdrift.  Meir enn halvparten av bruka  med båsfjøs har driftsbygning med restlevetid på mindre enn 10 år, og indirekte dokumenterer dette eit stort investeringsbehov.   Etter at undersøkinga vart gjort er fristen for å bygge om til lausdrift utvida til 2034.  Det kan godt tenkjast at dette forandrar framtidsplanane for mange, men det har vi ikkje data på

  • Bøndene er nøgde med yrkesvalet! Mjølkeprodusentane fekk spørsmål om dei ville vald same yrke på nytt – og 57 % svara bekreftande.   Dette er spennande tal – for svært mange bruk står overfor generasjonsskifte dei komande åra.  Knapt halvparten seier at generasjonsskiftet kjem om 5 til 10 år, medan 40 % svarar at dette må avklarast før det har gått 5 år.
  • Bøndene blir færre – men dei som er att vil auke produksjonen: Kvar femte bonde er usikker, eller har bestemt seg for å legge ned  i den komande tiårs bolken.  Fleire enn kvar tredje vil auke produksjonen, medan dei fleste seier at nivået kjem til å bli som i dag.  Ikkje uventa er det bønder som har investert i nytt «robotfjøs» som vil auke produksjonen mest, medan dei fleste som vil slutte har eldre båsfjøs. Dei som ikkje vil auke produksjonen  peikar på at arbeidsbelastninga er stor nok som den er, og at lønsemda ikkje er god nok.
  • Nesten alle mjølkeprodusentane (96%) må leige jord, og vi veit at rundt halvparten av produksjonen er basert på leigd areal.  På bruk med store buskapar er andelen leigejord endå større.  Dei fleste av avtalane går på 10 år, men bøndene har god tru på at jordleiga kan fornyast når avtalen går ut.  Dei fleste reknar med å fornye avtalane, men det er også fleire som skriv at dei vil dyrke ny jord.

Resultata frå mjølkeundersøkinga skal gå inn som del av grunnlagsmaterialet for å oppdatere landbruksmeldinga. 

Kontaktperson: Assisterande direktør Ottar Longva, Tlf.: 71 25 84 02 
Mob.: 908 62 316, ottar.longva@fylkesmannen.no

Fryktar gransnutebilla ein open brunjordsflekk?

Gransnutebilla gjer stor skade i nye granplantefelt i heile landet. Skadane varierer, men undersøkingar viser at Møre og Romsdal er av dei fylka med mest skader. Kan vi redusere skadane?

Skade etter Gransnutebille, Rauma.
Skade etter Gransnutebille, Rauma. Foto: Åsmund Asper/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

I mai/juni blir billene tiltrekte av lukta av ferskt hogstavfall og slår seg ned i store mengder på nyhogde flater. I løpet av sommaren legg hoene egg i barken på ferske stubbar, medan ho held fram med næringsgnag. Her gjer dei stor skade ved å gnag av borken på småplantene. Bestanden av gransnutebiller vil kunne vere stor i minst tre år etter hogst. Grunna dette problemet har vi her i fylket venta tre år etter hogst med planting. Det gir andre utfordringar som attgroing og tap av veksttid. 

Markberedning før planting har vist seg å vere eit tiltak som har vore effektivt for å hindre snutebilleskader. Det ser ut til at billa kvier seg for å gå ut på ein open, eksponert flekk av mineraljord.

Markberedd brunjord.
Markberedd brunjord. Foto: Odd Løset/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Allskog har no etablert eit prosjekt der ein skal sjå på effekten av markberedning på skadeomfang av gransnutebille i Møre og Romsdal. Det skal markberedast 6 felt sommaren etter hogst som skal tilplantast om hausten same året. Det spesielle her i fylket er at vi har mest djup brunjord i våre plantefelt. Tidlegare undersøkingar er i hovudsak utført på mineraljord. Markberedninga vil bli gjort med gravemaskin, der dette er mogleg. Ved sida av skal det vere referansefelt, som ikkje vert markberedt. Felta vil bli fulgt i minst tre år framover.  Allskog står som prosjekteigar, men offentlege skogbrukstilsette vil bidra med feltarbeid. Vi vil i tillegg søkje å få meir dokumentasjon på skadeomfang av gransnutebille, ved å gjere undersøkingar i bestand som ikkje er markbereidd, men planta same året som hogsten skjedde.

Hylobius abietis.
Hylobius abietis. Foto: Arnstein-Rønning

Kontaktperson: Fylkesskogmeister Odd Løset, fmmrodlo@fylkesmannen.no, Tlf.: 71 25 84 08, Mob.: 990 41 006.

Møringar markerte seg på Oi! Trøndersk Matfestival

Flatbrød med ramslauk frå Mosbøen Gård i Øksendal vart i år kåra til Årets produkt i OI! Trøndersk Matfestival, i konkurranse med alle dei andre landbruksbaserte produkta på festivalen!

Årets produkt og diplom til Mosbøen gård DA på Oi! Trøndersk Matfestival. Åse Torvik og Ildri Sandbakken.
Årets produkt og diplom til Mosbøen gård DA på Oi! Trøndersk Matfestival. Åse Torvik og Ildri Sandbakken. Foto: Bendik Hustad

Åse Torvik på Mosbøen gård i Øksendal bakar førsteklasses flatbrød etter tradisjonelle metodar, men utviklar stadig nye smakskombinasjonar.

Frå august til oktober er det høgsesong for matfestivalar i Møre og Romsdal, men ein del produsentar frå Møre og Romsdal har alt delteke på Oi! Trøndersk Matfestival i Trondheim.

Lokalmatprodusentar frå Nordmøre har i mange år vore å finne på festivalar og messer i Trondheim, så dette er viktige salsarenaer, både for dei som er med i Bondens Marked, og andre som satsar på torgsalg. Produsentane frå Møre og Romsdal representerer eit breitt spekter av tradisjonsmat både frå land og sjø: Smør, rjome, ostar av både ku- og geitemjølk, kjekjøt, klippfisk, spekemat røykt laks, lefser og flatbrød.

Kontaktperson: Kirsti Indreeide, Tlf.: 71 25 85 75, fmmrkiin@fylkesmannen.no

Relaterte lenker:

Frå standen på matfestivalen,
Frå standen på matfestivalen, Foto: Bendik Hustad