Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om forskingsprosjektet Drainimp - fakta rundt omgraving av myr.

Omgraving eller grøfting? 

NIBIO har stått i spissen for forskingsprosjektet Drainimp, for å få fram fakta rundt omgraving av myr. Resultata frå prosjektet vart lagt fram på ein konferanse i Fræna denne månaden. 

Frå forsøksfelt med omgraving av myrjord i Fræna, måling av utslepp av klimagassar.
Frå forsøksfelt med omgraving av myrjord i Fræna, måling av utslepp av klimagassar. Foto: Forsker Synnøve Rivedal/NIBIO Fureneset

Omgraving

Omgraving går - litt forenkla - ut på å legge mineralmateriale frå undergrunnen på toppen av myrjorda. Mineraljorda på toppen skal gi betre bereevne, og dessutan fungere som eit lokk, for å redusere utsleppa av klimagassar. Dette temaet grip rett inn i diskusjonane om landbruk og klima, og det er viktig å skaffe fram fakta som grunnlag for å vurdere ulike dreneringsmetodar. 

Gode resultat

Omgraving har betra bereevna og gitt betre drenering av arealet. Engavlinga har i snitt for forsøksåra vore markert større på den omgravne myra, men i periodar med lite nedbør har enga vore utsett for tørke. I laget med mineralmasse kan det vere knapt med tilgjengeleg vatn for plantene, men det er grunn til å tru at dette betrar seg etter kvart som organisk materiale blir tilført gjennom husdyrgjødsel og planterestar. Kostnadane ved omgraving varierer frå 8500 til 30 000 kroner/dekar, avhengig av mellom anna myrdjupne og undergrunn. Avlingsauken på feltet i Fræna gjer omgraving lønsamt der kostnadane kan haldast i den nedre delen av spennet. Resultat frå gassmålingar i Fræna tyder på at samla utslepp av drivhusgassane lystgass og metan er lågare frå omgraven enn frå grøfta myr. 

Kontaktperson: Assisterande landbruksdirektør Ottar Longva,
tlf.: 71 25 84 02, mob.: 908 62 316, fmmrotlo@fylkesmannen.no.

Nytt frå Tredrivaren i Møre og Romsdal

Hausten 2017 starta prosjektet opp eit kompetanseprogram for auka bruk av tre i offentlege bygg. Gjennom dette blei «Nettverk for berekraftige bygg» i Møre og Romsdal etablert. Nettverket skal ha den fjerde samlinga i september 2018.

Krona, hovedbygningen ved Romsdalsmuseet, eit bygg i massivtre.
Krona, hovedbygningen ved Romsdalsmuseet, eit bygg i massivtre. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Den føreståande samlinga har «Planlegging av bygg for lang levetid» som tema, der forskar Lone Ross Gobakken frå Nibio fortel at «djevelen er i detaljane» i foredraget «Holdbare trefasader – materialvalg, detaljering og visuelt uttrykk» medan arkitekt Dag Strass frå Helen og Hard fortel om erfaringar frå store offentlege byggeprosjekt i tre, «Planlegging av bygg for lang levetid». Samlinga skal haldast på Krona på Romsdalsmuseet, eit massivtrebygg, som sto ferdig i februar i 2016.

På samlinga vil vi også få eksempel på ein kommune sin prosess for å komme klimautfordringar og klimaambisjonar i møte gjennom innovative løysingar og anskaffingsprosessar. Det er Ørsta kommune som fortel om planar for to nye skular. Av omsyn til kommunen sine miljøambisjonar vil dei bygge dei nye skulene i massivtre. Ørsta har spesielle utfordringar, ved at ein av skulene vil ligge i eit rasutsett område. Dei vil undersøke om innovative anskaffingar og samarbeid med forskarar kan bidra til gode løysingar for dei nye bygga.

I samarbeid med Tredrivaren og den lokale næringsforeninga arrangerte Ørsta kommune sjølv eit to dagars seminar i juni 2018 om berekraftige bygg i tre. Her var mellom anna forskarar frå Norges miljø- og biovitenskaplege universitet (NMBU), Anders Qvale Nyrud og Roberto Tomasi på programmet, for å gjere greie for styrken i massivtrebygg ved store belastningar, som jordskjelv eller skred. Konklusjonen var klar, ein kan byggje eit fort i massivtre, om ein vil.

Tredrivaren i Møre og Romsdal er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Norge, Møre og Romsdal fylkeskommune, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Tredrivaren skal bidra til å auke bruken og kompetansen om tre som bygningsmateriell.

Kontaktperson: Rådgiver Christina Qvam Heggertveit, tlf.: 71 25 85 72, fmmrchhe@fylkesmannen.no.

Nytt utvalt kulturlandskap i Møre og Romsdal: Norangsdalen – Hjørundfjorden

Norangsdalen - Hjørundfjorden er eitt av ni nye område som har fått status som Utvald kulturlandskap i jordbruket i 2018. Området er mellom dei mest særmerkte og storslagne fjord- og dallandskapa vi har i Noreg.

I bygda Bjørke ligg det freda Bakketunet.
I bygda Bjørke ligg det freda Bakketunet. Tunet består av seks ærverdige bygningar, der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549. Med dei historiske bygningane kan ein kjenne seg sett attende til middelalderen – der stova, løda, stabburet, kufjøsen, smalefjøsen og stallen hadde sine ulike funksjonar i eit fullverdig gardstun. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Tronge naturgitte rammer

Her har isen gjennom lange tider fått forme ut fjorden, dalen og dei stupbratte Sunnmørsalpane, som omkransar desse. Historia til området er nært knytt til naturen og naturkreftene, og her har ikkje folk hatt stor fridom til velje kvar dei skulle slå seg til mellom fjord og fjell. Her finst difor ikkje ei samanhengande busetting, men fleire og til dels veglause bygder - som har vore heimstad for folk langt attende i tid.  

Kulturlandskapet er prega av kulturmarker og rik edellauvskog, som i stor grad har vore nytta som beiteskog og til hausting av lauv. Her finst fleire fornminneområde og spor etter ulike drifts- og dyrkingsformer, til dømes åkerterrasser, steingjerde og rydningsrøyser. Området har også eit høgt tal verneverdige bygningar frå fleire tidsepokar.

Kombinasjonen av lang historie, vill natur, levande bygder og eit aktivt jordbruk gjer at Norangsdalen og Hjørundfjorden står fram som eit komplett og udelt kulturlandskap med ovleg høg verdi. Den naturgitte ramma er med på å framheve og forsterke dei menneskepåverka elementa i landskapet.

På vestsida av Hjørundfjorden, ligg garden Stavset.
På vestsida av Hjørundfjorden, ligg garden Stavset. Her  ligg også den gamle internatskulen. Skulen vart bygd i 1915 for at borna i Hjørundfjorden skulle få sleppe å gå på fonnfarlege stiar langs strendene eller dagleg fraktast over fjorden i alt slags ver. Skulen er i dag under restaurering i regi av Hjørundfjord kulturvernlag. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Lokalt engasjement og næringsutvikling

Folk i Norangsdalen og Hjørundfjorden har fått til mykje, og her finst en rekkje verksemder som vitnar om stor innovasjon- og entreprenørlyst, og eit stort lokalt engasjement for bygdene. Dette finst det mange døme på.

I bygda Urke har både campingplassen og kafeen på kaia vorte sett i stand på dugnad. Inntekta frå campingplassen vert nytta til å halde oppe lokalbutikken i bygda - som i sin tur administrerer utleige av hyttene.

I bygda Viddal vart det starta opp med det som truleg er verdas nordlegaste produksjon av musserande kvitvin.

I den veglause bygda Trandal finst eit vertshus med overnattingsmoglegheiter, og her vert det ofte arrangert konsertar og festivalar.

Og i bygda Bjørke kan du oppleve kulturarv, kunsthandverk og samtidskunst av høg kvalitet.

I tillegg finst det ei rekkje andre aktivitetar og attraksjonar i området. Dette gjer at Norangsdalen og Hjørundfjorden har eit godt grunnlag for å vidareutvikle næringar basert på kulturlandskapet sine verdiar.

Planar for tiltak i området

I komande år vil det bli fokus på å skjøtte viktige naturtypar og å få inn fleire beitedyr i området, samt å fjerne framande treslag. Vidare er det ønskje om å gjennomføre tilstandsvurderingar av kulturminne, som grunnlag for vidare arbeid med istandsetting, synleggjering og ny bruk. I tillegg ønskjer dei å vidareutvikle – og få gong innovative tiltak, som koplar kulturlandskap, reiseliv, og opplevingar på ein berekraftig måte. 

Les også:

Kontaktpersonar:
Rådgjevar Ragnhild Naug Aas, Fylkesmannen i Møre og Romsdal,
tlf.: 71 25 85 19, fmmrraaa@fylkesmannen.no eller
Seksjonsleiar kultur og næring Liv Bente Viddal, Ørsta kommune,
tlf.: 70 04 96 14, liv-bente.viddal@orsta.kommune.no.

Inspirasjonsseminar «God mat til alle»  – Ålesund 16.10.2018

Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet ønskjer å arrangere inspirasjonsdagar med tema mat og måltidsglede i eldreomsorga no i haust. Det blir arrangert inspirasjonsdagar i nokre regionar kring i landet. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er bedt om å delta med ansvar for gjennomføring av arrangementet i Ålesund. 

Klart for ei gyllen matoppleving.
Klart for ei gyllen matoppleving. Foto: Kirsti Pernille Indreeide

Bakgrunn

Regjeringa arbeider både med «Matnasjonen Norge», der visjonar for god mat inngår, og har lansert  reforma «Leve hele livet». Mat og måltidspolitikken er ein del av den nemnde reforma.

Arrangementet

Første delen av seminaret blir innleiing frå politisk leiinga i Landbruks- og matdepartementet (LMD) og inspirasjonsinnlegg frå personar som arbeider med temaet andre stader i landet. I andre delen får vi høyre om korleis nokre institusjonar har hatt suksess med si løysing. Her får vi skissert fleire løysingar kring same tema.

Målet med dagen er å inspirere til gode løysingar for å auke mat- og måltidsgleda for eldre. Målgruppe for arrangementet er personar som arbeider på kjøkken, på avdeling og for dei som står for offentlege innkjøp i kommunane.

Seminaret blir halde på Borgund Vidaregåande skule.

Kjøkkensjef Ronald Takke, Molde kommune, Borgund Vidaregåande skule ved leiing og elevar samarbeider, Kokkenes mesterlaug og Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin landbruksavdeling og helse- og omsorgsavdeling vil samarbeide frå lokalt hald om arrangementet.

Les også:

Kontaktperson:
Rådgjevar Aud Lindset Drågen, tlf.: 71 25 85 73, mob.: 908 65 459, fmmraudr@fylkesmanen.no

Skogfond – viktig verkemiddel for aktiv skogforvaltning

Skogfondsordninga skal bidra til å sikre finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane. Tal frå Møre og Romsdal viser ein kraftig auke i innbetalingar, mens utbetalingane heng etter.

Graf.
Det har vore aukande sprik mellom innbetalingar og utbetalingar av skogfond i Møre og Romsdal siste fem åra.  Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Skal sikre berekraftig forvaltning

Skogfond er ein del av tømmeroppgjeret, som skogeigaren pliktar å setje av ved omsetjing av tømmer. Skogeigaren kan setje av mellom 4-40 prosent av bruttoverdien til virket. Skogfondet er knytt til eigedomen, og bruken er øyremerka tiltak i skogen. Det kan vere planting, ungskogpleie eller vegbygging. Tiltak for å få opp ny skog har prioritet. Det er gunstige skattereglar knytt til bruk av skogfond. Skogeigaren får ikkje renter av skogfondet, noko som burde initiere snarleg bruk.

Større innbetalingar enn utbetalingar

Innbetalt skogfond heng naturleg saman med auka hogstaktivitet. Hogsten har auka markant dei siste åra, og innbetaling av skogfond har auka tilsvarande. I 2012 blei det sett av 5,4 millionar kroner i skogfond, medan tilsvarande tal for 2017 var 12,2 millionar. Nedgongen i innbetaling frå 2016 til 2017 skuldast noko mindre hogst.

Utbetaling (eller bruk) av skogfond har ikkje same veksten. Differansen mellom ut – og innbetaling har vore aukande. Det kan indikere at vi ikkje driv ei berekraftig forvaltning av skogressursane som t.d. å plante til att hogd areal. I 2017 er det ei tydeleg auke i bruk av skogfondsmidlar. Det er naturleg at bruk av skogfondsmidlane kjem eit par år seinare enn når dei er innbetalt, sidan planting kjem etter eit par år og anna skogkultur gjerne enda seinare. Ein vonar utviklinga frå 2017 vil halde fram. Skog er ein fornybar ressurs som gjennom aktiv forvaltning bidreg til verdiskaping og auka opptak av klimagassar. Bruk av skogfond er eit viktig og gunstig verkemiddel for å bidra til at dette skjer.

Sum inneståande skogfond for Møre og Romsdal er i dag over 50 millionar kroner.

Kontaktperson: Fylkesskogmeister, Odd Løset,  tlf.: 71 25 84 08, fmmrodlo@fylkesmannen.no.