Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve at Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om innovasjonsverkstad for trebaserte næringar.

Beitenæringa ønsker jervebestanden ned på bestandsmålet

Fleire sauebesetningar i Møre og Romsdal har hatt 20-30% tap av lam til jerv over fleire år. Jervebestanden er nær dobbelt så stor som bestandsmålet.  

I mange år har det vore auke i tap av lam til jerv i alle kommunane i Møre og Romsdal som har beite i fjellområda Dovrefjell-Sunndalsfjella, Snøhetta, Reinheimen og Tafjordfjella. Beitenæringa har prøvd alle tenkjelege førebyggande tiltak, og nyttar utvida tilsyn gjennom heile beitesesongen, samt voktarhundar, kadaversøkjande hundar, radiobjøller og lammeklaver.

Kvart år blir beitedyra sanka heim frå fjella fleire veker før normal sankedato, fordi jerven startar vinterhamstringa på seinsommaren. Dei siste åra har heller ikkje tidlegsank vore til hjelp, då jervangrepa har starta allereie i midten av juli.

Kart over forvaltningsområde (blå skravering) for jerv i Sør-Norge
Kart over forvaltningsområde (blå skravering) for jerv i Sør-Norge. Kjelde: Rovbase.no

Svært mange Jerv

Stortinget vedtok i 2004 eit nasjonalt bestandsmål på 39 årlege ynglingar av jerv. I Møre og Romsdal er det mål om 3 årlege ynglingar, medan det i Oppland er mål om 4 ynglingar. Både nasjonalt, og i Møre og Romsdal og Oppland, har talet på ynglingar vore langt over bestandsmålet dei siste åra.

I 2020 er det nasjonalt registrert 66 ynglingar, med 6 ynglingar i Møre og Romsdal og 7 ynglingar i Oppland. Det betyr at det lever nær dobbelt så mange vaksne jerv i høgfjellsøkosystemet rundt Snøhetta enn kva bestandsmålet seier.

Det viktigaste verktøyet for å regulere størrelsen og utbreiinga av jervebestanden skal vere lisensfelling, i perioden 10. september til 15. februar.

Tettare samarbeid om jervefelling

Rovviltnemndene i Oppland og Midt Norge hadde eit vellukka møte på Bjorli i august, saman med beitebrukarar frå begge sider av fylkesgrensa. Nemndene vil forsøke å få til eit tettare samarbeid, og dei fekk ei klar og eintydig melding frå næringa: - «Det einaste vi ynskjer er at jervetalet skal kome ned på bestandsmålet».

I jervesona i Oppland er det no lisensfellingskvote på 5 jerv, og i dei beiteprioriterte områda er det sett fellingskvote på 7 dyr kvar i Møre og Romsdal og Oppland. Folk lokalt på begge sider av fylkesgrensa samarbeider no om fellinga, for å kome ned på bestandsmålet for jerv i høgfjellsøkosystemet på fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Oppland.

Kontaktperson: 
Marianne Aas Halse, fmmrmaha@fylkesmannen.no, tlf 71 25 84 22.

Kulturlandskapsprisen 2020

Kristian Austigard og brorsonen Stein Kåre Austigard får Kulturlandskapsprisen 2020, for å halde i hevd kulturlandskapet på Hoem i Eikesdalen på ein framifrå måte.

Garden Hoem ligg på vestsida av Eikesdalsvatnet og er veglaus. Den ligg innanfor eit område som er registrert som nasjonalt verdifullt kulturlandskap. Juryen grunngir tildelinga med at kulturlandskapet er halde i hevd gjennom nennsam slått, skogrydding, beiting og styving av almetre. Hoem og omkringliggjande marker er eit rikt og heilskapleg kulturlandskap med ei lang historie og store natur- og kulturverdiar.

Utdeling av Kulturlandskapsprisen 2020.
Utdeling av Kulturlandskapsprisen 2020. Foto: Lena Skattum Sandvik, Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Les også:

Kontaktpersonar: 
Tormod Meisingset, fmmrtome@fylkesmannen.no, tlf 71 25 84 04.
Ragnhild Naug Aas, fmmrraaa@fylkesmannen.no, tlf 71 25 85 19.

Innovasjonsverkstad for trebaserte næringar

Det grøne skiftet gir trebaserte næringar mange moglegheiter. Tredrivaren i Møre og Romsdal  oppfordrar gjennom innovasjonsverkstad bedriftene til å snu seg rundt og gripe sjansen!

Saman med ProtoMore Innovasjonslab har Tredrivaren løfta fram kva mogelegheiter det grøne skiftet fører med seg for trebaserte næringar. Bedriftene som deltok på innovasjonsverkstaden representerte ulike delar av verdikjeda til tømmer, som arkitektar, tømrarbedrifter, sagbruk og snikkarverkstad.

Med gode eksempel og artige historier delte føredragshaldarane kunnskap, erfaringar og tankar om marknadsutvikling og andre avgjerande faktorar for trebaserte næringar. Dei understreka verdien av omstillingsevne, tverrfagleg samarbeid og kreativitet. Alt dette kan styrke bedriftene si konkurransekraft.

Blant anna fortalte Bjørn Melby, dagleg leiar for Melby snikkerverkstad, om satsinga Made by wood. Her har tre snikkarverkstader lukkast med eit spanande samarbeid om marknadsføring. Verkstadene Hamran, Melby og Meling, som held til i kvart sitt hjørne av landet, har kvar for seg høg kompetanse og lange tradisjonar innan sine nisjar med «skreddarsaum» og spesialtilpassing av løysingar i tre. Gjennom Made by wood har dei tatt posisjon som leverandørar av eksklusiv design i tre med høg kvalitet. Dette er eit glitrande eksempel på konkurrentar som finn saman og lukkast med å skape innovative løysingar, som fører til høgare verdi for produkta og ein større marknadsandel.

Samarbeid med konkurrentar, forskarar, studentar og verkemiddelapparatet er eksempel på vegar å gå som kan føre til nye løysingar, større marknadsandel og ei tilpassing av bedriftene mot morgondagens marknad og i retning det grøne skiftet. 

Tredrivaren med digital workshop for trebaserte næringar via studio hos ProtoMore i Molde. T.v. Christina Qvam Heggertveit, Tredrivaren og t.h. Bjørn Melby, Melby snikkarverkstad.
Tredrivaren med digital workshop for trebaserte næringar via studio hos ProtoMore i Molde. T.v. Christina Qvam Heggertveit, Tredrivaren og t.h. Bjørn Melby, Melby snikkarverkstad. Foto: ProtoMore

Kontaktperson: 
Christina Qvam Heggertveit, fmmrchhe@fylkesmannen.no, tlf 71 25 85 72.

Jordvernmålet nådd i Møre og Romsdal

Det regionale jordvernmålet seier at fylket skal omdisponere mindre enn 200 dekar dyrka jord i året. Det har vi klart å halde – for andre år på rad!

I 2019 vart det vedteke nedbygging av 167 dekar dyrka jord til anna formål enn landbruk i Møre og Romsdal.

Sjølv om statistikken syner ein reduksjon av nedbygd areal, så er matjorda framleis under press frå mange kommunar og utbyggjarar.

For Fylkesmannen er det viktig å framleis halde trykket oppe og gje tydelege signal til kommunane om at bevaring av matjord er ei viktig nasjonal interesse som må ivaretakast i den kommunale arealplanlegginga.

Utvikling i omdisponering av dyrka og dyrkbar jord 2012 - 2019 i Møre og Romsdal.
Utvikling i omdisponering av dyrka og dyrkbar jord 2012 - 2019 i Møre og Romsdal.

Kontaktperson: 
Tormod Meisingset, fmmrtome@fylkesmannen.no, tlf 71 25 84 04.