Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 3/2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Jordvernmålet som for første gong er nådd i Møre og Romsdal.

Jordvernmålet nådd for første gong i Møre og Romsdal

For første gong har Møre og Romsdal i 2018 nådd sitt regionale jordvernmål på omdisponering av mindre enn 200 dekar dyrka mark. Etter nokre år med mykje nedbygging, vart det i 2018 vedteke nedbygging av 183 dekar dyrka mark. No må målet vere å halde omdisponeringa av matjord på eit lavt nivå også dei komande åra. 

Utbygging av ny riksveg 70 på Meisingset i Tingvoll.
Utbygging av ny riksveg 70 på Meisingset i Tingvoll. Foto: Tormod Meisingset

Som tala frå KOSTRA og SSB syner, vart det i 2018 vedteke omdisponering av matjord på til saman 415 dekar, fordelt på 183 dekar dyrka jord og 232 dekar dyrkbar jord. Desse er jamt fordelt mellom plan- og bygningslova (reguleringsplanar i samsvar med kom.plan) og jordlova (dispensasjonar og reguleringsplan ikkje i samsvar med kommuneplan).

I alt, 2018

Dyrka jord

Dyrkbar jord

Dyrka jord (jordlova)

Dyrkbar jord (jordlova)

Dyrka jord (pbl)

Dyrkbar jord (pbl)

415 dekar

183 dekar

232 dekar

81 dekar

25 dekar

102 dekar

207 dekar

Vedtak om omdisponering av matjord er jamt fordelt på vedtak etter jordlova og plan- og bygningslova. Kjelde: KOSTRA

Fylkesmannen skal framleis halde trykket oppe, for å nå både det nasjonale jordvernmålet på omdisponering av under 4000 dekar dyrka mark per år, og det regionale jordvernmålet på under 200 dekar dyrka mark per år. Men uansett er det kommunane i Møre og Romsdal som er planmyndigheit og dermed også «jordvernmyndigheit», og som må prioritere jordvernet og matproduksjon hardt i arealplanprosessar og interessekonflikter, for at jordvernmålet skal nåast også i framtida.

Graf Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord til andre føremål i Møre og Romsdal 2010-2018.
Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord til andre føremål i Møre og Romsdal 2010-2018. Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Nils Arne Eggen har skrevet i sin «Go'fot-teori», og sagt at det vanskelegaste er å gjenskape suksess. Dei neste åra får vise om omdisponeringstala for 2018 var eit «lykketreff», eller om det var resultatet av kontinuerleg og målretta arbeid over tid. Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal halde fram med kommunebesøk til planutval/formannskap, for å informere om nasjonal jordvernstrategi og regionalt jordvernmål, samt korleis Fylkesmannen arbeider med jordvern i plansaker. Desse kommunebesøka vil vi starte opp att med, når dei nye kommunestyra har fått konstituert seg, og dei nye kommunane er på plass frå nyåret. Alle kommunane i Møre og Romsdal skal på nytt få besøk av Fylkesmannens landbruksavdeling i løpet av dei neste åra. 

I tillegg til nasjonalt og regionalt jordvernmål, vil Fylkesmannen framover rette fokus på landbruksareal som går ut av drift, og på kommunale rapporteringsprosessar til KOSTRA.

Kontakt: 
Rådgjevar Tormod Meisingset, [email protected],
71 25 84 04. 
Landbruksdirektør Frank Madsøy, [email protected],
71 25 84 03.

Les også:

Klimamidlar til skogbruket godt motteke i Møre og Romsdal

Skogen og skogbruket i fylket har ei sentral rolle i klimasamanheng. Skogen i Møre og Romsdal bind åleine nesten halvparten av alle utslepp frå alle sektorar i fylket. Auke i skogproduksjonen kan auke karbonbindinga.

Skogen – eit godt klimatiltak

Skogen i Møre og Romsdal har eit netto opptak av 1 251 620 tonn CO2-ekvivalenter (CO2, metan og lystgass), medan utslepp frå alle sektorar i fylket utgjer 2 590 920 tonn CO₂-ekvivalentar (2015 tal frå Miljødirektoratet). Skogen bind altså nesten halvparten av utsleppa i fylket.

Når produkta frå eit berekraftig norsk skogbruk erstattar olje, kol og betong, er skogen eit rimeleg og effektivt klimaverktøy.

Tettare planting og suppleringsplanting kan auke skogproduksjonen.
Tettare planting og suppleringsplanting kan auke skogproduksjonen. Foto: Jørn Kjersem

Intensivering av skogproduksjonen

Klimaforliket i Stortinget førte til at regjeringa innførte nye tilskotsordningar for auka CO2 opptak i skog i 2016 gjennom eigne klimamidlar. Føremålet er å intensivere skogproduksjonen. Desse midlane vert nytta til tettare planting, gjødsling og planteforedling.

I Møre og Romsdal har ordninga med tilskot til tettare planting vore mykje nytta. Fleire planter på arealet gir auka produksjon  -  og dermed auka CO2 opptak. Fram til no har tilskotet i hovudsak gått til nyplanting. I år vart tilskotssatsane til suppleringsplanting auka, med bakgrunn i tørkeproblema på Austlandet i fjor. Vi hadde ikkje same problema med tørken på skogstrea, men har store utfordringar med snutebiller, hjort og konkurrerande vegetasjon. Difor er også denne ordninga populær i vårt fylke. 

Gransnutebille
I mange nyplantingar er gransnutebillen ein stort problem, fordi dei et opp borken på små planter. Foto: Åsmund Asper

God effekt av tettare planting

Forbruk av tilskot til tettare planting har auka frå 586 000 kr i 2016 til 901 000 kr i 2018. I fjor blei det planta rundt 1,1 mill. planter i Møre og Romsdal, og ca. 20 % av desse blei omfatta av tilskot til tettare planting.

Det utgjer om lag 1 000 da med planta areal. På god mark i vårt fylke vil eit slikt areal kunne binde 3300 tonn CO2 årleg. Det er om lag det same som klimagassutsleppet frå 1100 bilar med ei årleg køyrelengde på 20 000 km!

Skogareala i fylket har eit stort potensiale, og ei meir aktiv forvaltning kan bidra til auka opptak av klimagassar og ei auka verdiskaping.

Kontakt:
Fylkesskogmeister Odd Løset, [email protected],
71 25 84 08.

Les også:

Kulturlandskapsprisen 2019

Oddmund Ansok fekk tysdag 3. september utdelt Kulturlandskapsprisen for 2019 i Møre og Romsdal heime på garden sin, på Ansok i Liabygda i Stranda kommune. Han følte seg beæra over prisen, og brukte sin tale blant anna til å takke gode vener og naboer for hjelp med drift av garden.

Frå venstre fylkeskonservator Bjørn Ringstad, landbruksdirektør Frank Madsøy, prisvinnar Oddmund Ansok, fylkesordførar Jon Aasen og fylkesmann Rigmor Brøste
Fylkesmann Rigmor Brøste deler ut kulturlandskapsprisen 2019 til Oddmund Ansok. Frå venstre fylkeskonservator Bjørn Ringstad, landbruksdirektør Frank Madsøy, prisvinnar Oddmund Ansok, fylkesordførar Jon Aasen og fylkesmann Rigmor Brøste . Foto: Tormod Meisingset

Fylkesmannen i Møre og Romsdal stod som vertskap heime hjå prisvinnaren på Ansok då fylkesmann Rigmor Brøste og fylkesordførar Jon Aasen delte ut Kulturlandskapsprisen 2019. Ein tydeleg rørt prisvinnar og publikum hadde ein kjempefin dag på garden der Oddmund fekk vist fram kulturlandskapet som han hell i hevd på forbiletleg vis.

Genuin interesse og gjennomføringskraft

I grunngjevinga for prisen står det;

Oddmund Ansok får prisen for sin entusiasme og genuine interesse for å ivareta kulturlandskapets mangfaldige element, og for sin årvisse gjennomføringskraft og handlingsvilje som krevst for å skjøtte og halde kulturlandskapet i god hevd. 

Oddmund Ansok sitt langsiktige arbeid leverer på heilskapen i kulturlandskapet med grunnlag i matproduksjon, samstundes som kulturminne og det biologiske mangfaldet vert ivareteke på ein særs god måte.

Oddmund Ansok – eit førebilete

Fylkesmann og juryleiar Rigmor Brøste gratulerte den verdige prisvinnaren, og poengterte at kulturlandskapet er eit verdifullt produkt frå norsk landbruk. Det speglar vår tid og tidlegare tiders jordbruk, då eit ope og levande kulturlandskap er resultatet av generasjonar med aktiv matproduksjon og landskapspleie.

«Eg vil gratulere prisvinnar Oddmund Ansok så mykje med prisen. Han er eit førebilete i måten han har skjøtta gardsdrifta på, der han har drive med matproduksjon og samstundes teke vare på kulturlandskap, kulturminne og biologisk mangfald. Særskilt har skjøtselsplanen for slåttemarka vore førebiletleg fylgd og bidreg i så måte til FNs berekraftsmål om bevaring av trua artar og økosystem».

Kulturlandskapsprisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom.

Prisvinnar Oddmund Ansok omgitt av gode hjelparar.
Prisvinnar Oddmund Ansok omgitt av gode hjelparar. Foto: Tormod Meisingset
Utsikt over tunet og Sunnylvsfjorden mot Hellesylt.
Utsikt over tunet og Sunnylvsfjorden mot Hellesylt. Foto: Tormod Meisingset
Låven, bøen og Norddalsfjorden.
Låven, bøen og Norddalsfjorden. Foto: Tormod Meisingset

Kontakt: 
Landbruksdirektør Frank Madsøy, [email protected],
71 25 84 03 / 97 17 14 93.
Rådgjevar Tormod Meisingset, [email protected],
71 25 84 04 / 97 60 02 57.
Rådgjevar Ragnhild Naug Aas, [email protected],
71 25 85 19.

Les også:

Eit mangfald av smakar frå Fjord-Norge til verdas største matmesse

I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen reiser til verdas største matmesse, Internationale Grüne Woche i Berlin, i januar 2020.

Deltakarbedrifter til internationale Grüne Woche 2020 på smaksverksted i Bergen.
Deltakarbedrifter til internationale Grüne Woche 2020 på smaksverksted i Bergen. Foto: Ragna Flotve/Eli Munkeby Serigstad

Mangfald av råvarer

Produkt frå kjøt, fisk, sjømat, ost, urter og sjokolade er hovudingrediensar i rettane som skal serverast i Berlin. Sider og eplemost av høg kvalitet vert også med. Under messa vil eigne kokkar, saman med deltakarane, laga smaksprøvar som viser mangfaldet det vestnorske kjøkkenet kan tilby.  Smakane skal synleggjera Noreg som reiselivsdestinasjon og løfta maten si rolle i reiselivsprodukta.

Smaksverkstad med nye smaksopplevingar

Hektisk aktivitet under smaksverkstad i Bergen.
Hektisk aktivitet under smaksverkstad i Bergen. Foto: Ragna Flotve

12 september møttest produsentar, kokkar og arrangørar til smaksverkstad. Her laga dyktige kokkar, saman med deltakarane, nye og velsmakande rettar, samansett av eit mangfald råvarer frå regionen, og deltakarbedriftene presenterte mat- og reiselivsprodukt av høg kvalitet. Samarbeid på tvers av produkt og bransje vart diskutert og nye kontaktar vart etablerte. Kan ost, sider og sjokolade kombinerast? Ja, kvifor ikkje?

Samarbeid betrar resultatet

Mange lokalprodusentar og reiselivsverksemder betrar resultatet sitt gjennom samarbeid med kvarandre og nettverksbygging er eit viktig mål for deltakinga i Grüne Woche. Landbruksnæringa utgjer ein viktig del av utviklinga av eit ekte og berekraftig reiseliv. Bedriftssamarbeid er ein suksessfaktor her.

Kombinasjonen av god mat og gode natur- og kulturopplevingar styrkar  reiselivet i regionen i dag. Dette vil me utvikla vidare.

Nye, unike smaksopplevingar blir til.
Nye, unike smaksopplevingar blir til. Foto: Ragna Flotve

Desse er med frå Vestlandet/Fjord-Norge:

Møre og Romsdal:

  • Skarbø Gard
  • Nilsgardstunet
  • Stolt mat
  • Brasserie Posten og Geiranger bryggeri
  • Sider AS

Vestland – Sogn og Fjordane:

  • Walaker Hotel
  • Vikja AS
  • Amble gård
  • Kandal Kjøt DA
  • Sogn Aqua/Glitne

Vestland - Hordaland

  • Fjåk
  • Hardangergutane
  • Cornelius Sjømatrestaurant
  • Ostegården
  • Spildegarden

Rogaland:

  • Nyyyt
  • Lie gård
  • Jan Haslemo
  • Energihotellet
  • Vitengarden

Kontakt: 
Møre og Romsdal, Rådgivar Aud Lindset Drågen, 
[email protected], 71 25 85 73.
Vestland, Fagdirektør skog Dirk Kohlmann, [email protected], 55 57 21 71.
Vestland, Seniorrådgjevar Ragna Flotve, [email protected],
55 57 21 72.
Vestland, Seniorrådgjevar Marit Hjortung, [email protected],  57 64 30 89.
Rogaland, Rådgjevar Annabell Pfluger, [email protected],
51 56 89 71.

Tidleg sanking av sau i Møre og Romsdal kan redusere tap

For å unngå liding og tap av lam til jerven har sauehaldarane i Møre og Romsdal henta heim sauer og lam ekstra tidleg frå høgfjellsbeite i år. I det første beiteområdet starta dei sanking allereie 6. august. Det er av dei tidlegaste datoar for berging av sauen frå jerven i fjellet og skogen. Vanlegvis sankar ein sau her først i starten av september.

Sauesanking i Møre og Romsdal.
Sauesanking i Møre og Romsdal. Foto: Marianne Aas Halse

Tidlegsanking berger sauer og lam

Godt over 5.000 sauer og lam er sanka ned frå høgfjella i Møre og Romsdal før vanleg sanketidspunkt i år, av den grunn åleine å berge dei frå å bli eten av jerv. Dette fører til store ekstrakostnadar for bonden, med leige av areal, kjøp av ekstra fôr og kanskje slakting før lamma er slaktemodne. Likevel gjer bøndene her dette tiltaket frivillig av dyrevelferdshensyn. Det står det stor respekt av. Dei får litt tilskot til tiltaket, men det dekkjer ikkje kostnadane dei har.

Utmarksbeite er verdifull ressurs

Det tradisjonelle husdyrhaldet på Nordvestlandet er basert på beitedyr som nytter dei gode høgfjellsbeita om sommaren. Nede i bygdene, mellom fjord og fjell, er det lite areal. Dette arealet kan ikkje nyttast til beite sommarstid, men må haustast til vinterfôr. Difor er utmarksbeite ein verdifull ressurs i Møre og Romsdal.

Jerv – eit stort problem i gode fjellbeite

Dei indre høgfjellsøkosystema mot grensa til Oppland er svært gode beiteområde for husdyr, samtidig som det er gode leveområde for jerv. Om lag 45.000 sauer og lam vert sleppte på utmarksbeite i desse fjellområda. I dei seinare åra har det vore aukande tap av beitedyr til jerv her. Tal over erstatning gjeve for husdyr drepe av rovvilt, syner at jerven er skadevoldar i 90% av tilfella i Møre og Romsdal, og i landet står jerven for om lag 40% av tapa av beitedyr. Over halvparten av beitebrukarane i fylket har lammetap på over 5% ifølgje organisert beitebruk, og kvar åttande beitebrukar har over 15% lammetap. Det er høge tap, og gjer det vanskeleg å ha eit driftsopplegg med produksjon av gode lammeslakt og godt avlsarbeid.

Jerv ved Øvstestølen i Langda
Jerv ved Øvstestølen i Langdal, Norddal kommune, ein stor skadevaldar i saueflokkar på fjellbeite. Foto: Vegard Lødøen

Motstridande målsettingar gjev komplikasjonar

Den to-delte målsetjinga i rovviltforvaltninga seier at vi skal ha levedyktige bestandar av rovvilt, samtidig som vi skal ha matproduksjon basert på garden sine ressursar og beiting i utmark. Dette er ikkje lett å få til. Rovviltnemndene har teikna ei forvaltningssone for jerv, der høgfjellsområda i Møre og Romsdal og i Oppland er med. I Møre og Romsdal er det mål om å ha 3 ynglingar av jerv, og i Oppland er det mål om å ha 4 ynglingar av jerv. I 2019 er det så langt registrert 7 jerveynglingar i Møre og Romsdal og 8 i Oppland. Det seier seg sjølv at konfliktnivået blir høgt, og at vi må sette inn tiltak. Saueeigarane har prøvd ut kvart eit tenkeleg og utenkeleg tiltak for å førebygge skade, men det monnar ikkje mot jerven. Det einaste tiltaket som hjelper i konflikta mellom jerv og beitedyr, er fysisk å skilje dei i tid og rom. I forvaltningsområda mellom Møre og Romsdal og Oppland er det difor beitedyra som må hentast heim, for å unngå vidare tap av dyr til jerv.

Samla forvaltning av den sør-norske jervestammen

Rovviltforvaltninga strevar med å få til ei god forvaltning av jerv og ei god handtering av konflikten mellom beitedyr og jerv i fjellområda. Dei administrative grensene går tvers gjennom høgfjella, og skaper store utfordringar. Om heile den sør-norske jervestammen kunne bli forvalta under eitt i same region, kunne vi fått til ei betre forvaltning. Dette har Fylkesmannen i Møre og Romsdal spelt inn til høyringa av endringar i rovviltforvaltninga no i haust.

Saueeigarane som har dyr i forvaltningssona for jerv i Møre og Romsdal, gjer ein stor jobb med å tidlegsanke beitedyra, for å unngå liding og tap av beitedyr. Dei tapar pengar, sidan det då går med av slåttemarka til beite. Likevel vel dei å gjere dette tiltaket, sidan dei også har respekt for natur og rovvilt.

Kontakt:
Seniorrådgivar Marianne Aas Halse, [email protected],
71 25 84 22.

Matfestival med storfint besøk vel gjennomført

Landbruk- og matminister Olaug Bollestd opna den 35. matfestivalen i Ålesund. Dette vart ein flott inngang på ein vellukka matfestival på ny arena.

Ny arena godt motteken

Matfestivalen hadde i år ny prosjektleiar, Trine Klemmetsen frå Bypatrioten i Ålesund. Festivalen var i år lagt til Skateflua mot Skansekaia. 96 aktørar gjorde sitt til at bodene stod tett i tett og det synte seg at det gjorde kundane og. Det vart dagar med yr og sol innimellom og folk kom interessert for å sjå, smake og kjøpe.

Interessante føredrag

I hovudteltet inviterte VIRKE til innleiing og debatt om korleis få vekst i næringslivet i nye Ålesund.

Kjøkkensjef Ronny Kolvik frå restauranten BRO demonstrerte korleis lage god kraft og saus.

Vi fekk foredrag om «Kunsten å ikke kaste mat» av Thomas Horne.

Metapod hadde fremtidens mat som tema, der spørsmålet var: Kan det tenkjast at matavfall blir vår neste næringskilde?

Klippfiskakademiet ved Cecil Nerbø og Ole Skogen viste korleis vi kan lage fiskemiddag på 1-2-3.

Barnas matfestival med laging og smaking av fiskemat var populært område, og hadde stødig leiing av Mette Scott-Dahl frå Klippfiskakademiet.

Allsidig innhald og gode tips

Ølfestival, vintelt, folkets klippfiskbuffet, valtorg, kulinarisk showaften, streetfoodmarked, lokalmattorg, bondens marknad, kvaltelt med fagscene og underhaldning var kort og godt innhaldet i årets festival.

Matfestivalen 2019 ga mange deltakarar, både unge og godt vaksne, gode tips til korleis lage god mat på lokale råvarer.

Kontakt:
Rådgjevar Aud Lindset Drågen, [email protected],
71 25 85 73 / 90 86 54 59.

Til toppen