Fylkesnytt fra Oppland 2/2016

Fylkesmannen i Oppland er ute med et nytt nummer av Fylkesnytt, blant annet med en artikkel om Garden som ressurs – næringsutviklingsprogram i Nord-Gudbrandsdalen.

Garden som ressurs – næringsutviklingsprogram i Nord-Gudbrandsdalen

Landbruksnæringen er en av bærebjelkene i Nord-Gudbrandsdalen. Endrede rammebetingelser øker derfor behovet for nyskaping. Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal har derfor tatt initiativ til et prosjekt som skal guide gardbrukere, med tanker om etablering av en eller annen form for bygdenæring, fra næringside til handling. I første omgang er det plukket ut 6 gardsbruk som gjennom to samlinger skal få et verktøy og et nettverk for å utvikle egne og gardens ressurser til økonomisk vekst.

Deltakere i næringsutviklings-programmet.
Deltakere i næringsutviklings-programmet. Foto: Fylkesmannen i Oppland

Prosjektet har engasjert Lillehammer Gudbrandsdalen Kunnskapspark og Høgskolen i Lillehammer til å gjennomføre prosessen. Dette er et pilotprosjekt med mål om å få til en videreføring i hele Gudbrandsdalen.

Sentralt i arbeidet står Stortingsmeldinga Garden som ressurs – marknaden som mål, og Fylkesmannen i Oppland har støttet prosjektet med bygdeutviklingsmidler. 

Studietur for kvinner i landbruket

Laurdag 15. oktober reiste 25 kvinner på studietur til Lesja, med mål om å bli inspirert av andre kvinner i landbruket.

Første stopp var hos Ellen Sørumgard Syse som driv med sau og foredling av eige lammekjøt. Ho og mannen har bygd foredlingsanlegg og gardsbutikk, med støtte frå Innovasjon Norge. Dei starta opp med sau i 2012, og har på fire år kome godt i gang med både den tradisjonelle gardsdrifta og med foredling og sal av eige lammekjøt. Dei har pr. i dag 80 vinterfôra søyer. Ellen fortalde om interessen for matproduksjon og sau, om alt arbeidet for å kome i gang, og om planar framover. Målet er at både ho og mannen skal leve av garden, og dei er på god veg til å nå målet sidan Ellen slutta i ein trygg og god kommunal jobb tidlegare i haust. Ellen er svært fornøgd med å vere heiltidsbonde, og synest at ho har verdas beste jobb.

Studietur Lesja - Avdemsbue.
Studietur Lesja - Avdemsbue. Foto: Fylkesmannen i Oppland

Neste stopp på turen var Avdem gardsysteri. Der vart vi tatt i mot av Åse Haugstad og Sigurd Avdem som serverte smaksprøver samstundes med at vi fekk historia om ysteriet og satsinga. Det heile starta med at bygdekvinnelaget gjorde eit stort arbeid med å samle gamle matoppskrifter og gje ut ei kokebok frå Lesja. Åse og fire andre kvinner jobba vidare med tanken om eit ysteri, og for å gjere historia kort, var det starten på Avdem gardsysteri. Ysteriet vart etablert i 2005, og i dag produserer dei 12-14 ulike produkt laga av eigen mjølk. Huldreosten, ein raudost med smak av kvann, akevitt og einer, er eit av spesialprodukta. Elles produserer dei ulike ostar, rømme, prim m.m. Produkta blir selde gjennom Gudbrandsdalsmat, på Avdemsbue og hos nokre andre. Bondens Marked var viktig i oppstarten. Dei har brukt profesjonell hjelp til profilering og utvikling av materiell, men har så langt ikkje brukt mye på marknadsføring. Dei har deltatt på kurs, både om ysting/produksjon og om utvikling eiga verksemd. Frå i fjor har dei leigd den gamle landhandelen Avdemsbue som ligg rett ovanfor  garden og inntil  E136. Dottera Anna starta opp utsal av produkt frå ysteriet og anna lokal mat frå juli 2015. Dette har vore ein suksess så langt. Det er mange som besøker butikken og omsetningen har vore bra. Alt i alt med gardsdrift, ysteri og butikk bidreg familien på Avdem til åtte arbeidsplassar. Besøket på Avdem vart avslutta med ein tur innom butikken Avdemsbue.

Til slutt gjekk turen til Lesja Bygdetun der Lesja Bygdekvinnelag serverte betasuppe og kaffi med eplekake. Vi fekk orientering om arbeidet til Lesja Bygdekvinnelag, som er eit svært aktivt lag. Inntrykket var at dugnadsånda i bygda er sterk, og at mange dreg i lag for å få til store og små arrangement, som bl.a. landsskyttarstemnet som har vore arrangert på Lesja fleire gongar. Huset der vi fekk servering og orientering, «Tunstugu», er også bygd på dugnad. 

Det var ein fornøgd, imponert og inspirert gjeng som reiste heimover. Turen var del av satsinga RULL som står for rekruttering, utdanning og likestilling i landbruket, i regi av Oppland fylkeskommune saman med Fylkesmannen i Oppland, Oppland Bondelag, Oppland Bonde- og Småbrukarlag og Oppland Bygdekvinnelag. 

Gjøvik i sentrum for skog- og trebruk

Tre dager i oktober var Gjøvik og Gjøvikregionen spesielt i fokus når det gjelder skog og bruk av tre. Skogmeldingen ble presentert ved fabrikken Hunton Fiber AS den 14. oktober. To dager før hadde GULL - Gjøvikregionens utviklingsforum for levende landbruk - et temamøte om bruk av tre ved NTNU, Campus Gjøvik.

Ved NTNU Gjøvik ligger Seksjon for bygg, geomatikk og realfag som deltar i et tverrfaglig samarbeid for tre og bærekraft. Ved bl.a. å bruke robotstyrte sager og freser er det mulig å designe tre til unike produkter. Ett eksempel er utviklingen av 3D-printet paviljong som er konstruert av NTNU.

Huntonhus.
Huntonhus. Foto: Morten Kleven

Fabrikken Hunton Fiber AS på Gjøvik - opprinnelig etablert i 1889 og med navn etter den lokale Hunnselva - gjør stadig nye grep og forbedringer til tross for høy alder. Fra å ha vært en bedrift som produserer porøse trefiberplater har en her skapt stadig nye produkter. Ved å koble ulike elementer har Hunton laget veggsystemer, taksystemer, ja så tilslutt blir det til Huntonhus. Stadig nye produkter har ført til at Hunton nå bygger en ny fabrikk på Gjøvik og målet er at den nye produksjonen settes i gang sommeren 2018.

Presentasjonen av Landbruks- og matdepartementes skogmelding ved samme fabrikken den 14. oktober ble en klar påminning om at Gjøvikregionen har bærekraftig, konkurransedyktig og verdiskapende foredlingsindustri, forsking og innovasjon i skogsektoren. 

Ny brosjyre om beitenæringa i Oppland

Oppland er Norges største utmarksbeitefylke, og beitedyra høster i løpet av beitesesongen gras verdsatt til kroner 140 millioner årlig.

Oppland har nest etter Rogaland flest sau på utmarksbeite. 250 000 søyer og lam utnytter utmarksressursene i hele fylket og de aller fleste (95 prosent) er medlem av et organisert beitelag. Oppland har 88 beitelag og 120 beiteområder.

Oppland er fylket med flest storfe på utmarksbeite. 18 000 ammekuer/mjølkekuer og 25 000 storfeungdyr går på utmarksbeite. Antall gardsbruk med ammekuer har økt mye siste år, og i Oppland er det nå vel 640 ammekuprodusenter.

Oppland er også landets største seterfylke med 340 enkeltsetrer og 30 fellessetrer. Særlig Valdres har mye stølsdrift og Øystre Slidre er landets største stølskommune.

Fylkesmannen har lagd en enkel brosjyre med faktaopplysninger om sau og storfe i utmarka. Målgruppa er allmennheten, og brosjyra er delt ut på arrangementer som Fårikålfestivalen i Ringebu, Matauk i Lillehammer og Stavsmart’n i Øyer. Her møtes folk, og formidling om landbruk er en viktig oppgave. 

Arbeidshjelp frå Nepal til det utvalde kulturlandskapet i Oppland

I sommar var det langvegsfarande arbeidarar som sto for ein god del av restaureringstiltaka i det utvalde kulturlandskapet i Oppland, Nordherad i Vågå. Fire sherpaer frå Nepal var engasjerte i grenda i nokre seinsommarveker for å restaurere gamalt steinarbeid som hadde forfalle. Mange tonn stein vart løfta, flytta på, hogd til og lirka på plass for å få sett i stand gamle grunnmurar, støttemurar, rydningsrøyser og stigar. Dette er viktige element i det historiske landskapet, men det krev kunnskap og styrke å få sett dei i stand på ein riktig måte, med manuell innsats. Sherpaene er eit folkeferd med både kompetanse på stein og stor arbeidskraft. Etter kva ein av dei lokale oppdragsgjevarane sa, vart dei langt frå utslitne etter ein meir enn normalt lang arbeidsdag med lemping av stein.

Murerne er ferdige med den vanskeligste jobben.
Murerne er ferdige med den vanskeligste jobben. Foto: Liv Fjerdingrein

Innleiga  av dei fire arbeidskarane, som er del av ei større gruppe frå Nepal som har oppdrag fleire stader i landet, vart koordinert av Nordheradsprosjektet. Det vart gjort arbeid på to private eigedommar og med istandsetting av bruer og steinsetting langs ein av dei gamle stigane i grenda.