Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 1/2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om nye Jæren kommune som vil bli Noregs største jordbrukskommune.

Nye Jæren kommune vil bli Noregs største jordbrukskommune 

Vi er nå inne i eit avgjerande år i arbeidet med kommunereforma, og det vil kome endringar i kommunestrukturen også i Rogaland.  Jordbrukskommunane Klepp, Time og Hå er i god dialog om å danne nye Jæren kommune. 21. januar blei det signert intensjonsavtale som skal vere grunnlag for folkeavrøysting i april. Dersom folket seier ja vil vi få Noregs desidert største jordbrukskommune. Det er interessant å sjå at jordbruket blir tydeleg framheva av ordførarane.

Feiring av god naboprat.
Feiring av god naboprat. Foto: Anfinn Rosnes, Fylkesmannen i Rogaland

Landets største jordbrukskommune
Jæren kommune vil bli på 564 km2, og om lag 50 prosent av totalarealet vil vere jordbruksareal i aktiv drift. Få vil kunne konkurrere med denne kommunen når det kjem til omfanget av husdyrhaldet. Kommunen vil, dersom vi tek utgangspunkt i tal frå 2015, ha 480 bruk med mjølkeproduksjon. Samla mjølkekvote vil vere på om lag 140 millioner liter, og Jæren kommune vil med det ha om lag 8 prosent av mjølkeproduksjonen i landet. Kommunen vil også vere landets største på andre husdyrslag, og då særleg på svinehald. Over 200 000 slaktegris vil utgjere over 13 prosent av volumet i landet. 

Jordvern
Jordvern er eit sentralt tema i arbeidet med nye Jæren kommune. Klepp, Tima og Hå er vekstområde, der det over tid har vore bygd ned for mykje god jordbruksjord. Det er nå kartfesta langsiktige grenser rundt dei ulike sentera i dei tre kommunane, og det kjem fram av intensjonsavtalen at grensene skal ligge fast i eit langsiktig perspektiv. Det er også lagt vekt på at ein større kommune vil gi betre høve til å styre utbygging mot område med mindre konflikt med jordvernet. 

Landbrukskompetanse
Kompetanse og kapasitet er tema som kommunane skal vurdere i arbeidet med reforma. Fylkesmannen registrerar at fleire kommunar i fylket har utfordringar på landbruksområdet, og at enkelte har etablert interkommunalt samarbeid. Ein Jæren kommune vil kunne ha ressursar til å bygge eit godt og breitt fagmiljø på landbruk, noko som kan gi betre høve til å utvikle næringa på ein god måte. 

Kontaktperson: 
Anfinn Rosnes,e-post: fmroaro@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 80. 

Planteaktiviteten held ikkje tritt med hogstaktiviteten i Rogaland 

Foryngingskontrollen viktig for å sikre framtidig skogproduksjon

Tala frå kommunanes foryngingskontroll (resultatkontroll) i 2015 er no klare. Planteaktiviteten har auka, men framleis blir meir enn halvparten av hogstfelta ikkje sett tilbake i optimal skogproduksjon etter hogst. Dette skuldast både høg planteavgang og mangelfull planting mange stader, men også at mykje skogareal vert omgjord til andre arealformål etter hogst. 

Etter at skogen er hogd må skogeigar sørgje for tilfredsstillande forynging innan tre år. I foryngingskontrollen sjekkar kommunane eit utval hogstflater for å vurdere om dei har blitt planta til, eller lagt til rette for naturleg forynging, og vidare om plantetettleiken og tilstanden til plantane er god. Fylkesmannen deltek på 30-40 prosent av kontrollane saman med kommunane.

Figur 1: Resultat frå foryngingskontrollen i Rogaland 2015
Figur 1: Resultat frå foryngingskontrollen i Rogaland 2015.

Resultata frå Rogaland viser stort plantebehov
I Rogaland viser foryngingskontrollen at berre 50 prosent av det kontrollerte hogstarealet var sett i optimal skogproduksjon tre år etter hogst (Figur 1). Om lag 40 prosent av hogstarealet var tilplanta med lågare plantetal enn tilrådd, eller ikkje tilplanta i det heile tatt. Om lag 10 prosent av hogstarealet var ikkje sett i ny skogproduksjon fordi det var omgjort til beite eller andre arealformål.  Planteaktiviteten var høgare i 2015 enn det den har vore sidan starten av 2000-talet (Figur 2). Men planteaktiviteten held på ingen måte tritt med hogstaktiviteten i fylket, som har vore svært høg dei siste åra (sjå Figur 2). For å sikre skogressursane er det nødvendig å plante om lag 5 000 -6 000 dekar årleg. På sikt er det veksande etterslepet dramatisk for skogressursane i Rogaland. Det fører til ei gradvis nedbygging av både volum og kvalitet i skogen, og ein aukande grad av avskoging mange plassar.

Klimautfordringane aukar behovet for planting
På 17 prosent av dei kontrollerte flatene var forynginga ikkje god nok. Mange småplanter døde på grunn av utfordrande klimaforhold vinterstid. Spesielt eittårige småplanter er utsett for frosttørke den første vinteren etter utplanting, og på kontrollen av plantefelta frå 2012 såg vi tydelege følgjer av vinteren 2013/2014. I tillegg er det utfordringar med snutebilleskadar på mange flater, der billegnag på rothalsen lett drep småplantene. Vi ser at klimautfordingane gir auka behov for å følgje opp plantefelta med suppleringsplanting.

Figur 2: Hogst-, plante- og ungskogpleieaktivitet i Rogaland i perioden 1993 til 2015.
Figur 2: Hogst-, plante- og ungskogpleieaktivitet i Rogaland i perioden 1993 til 2015.

Kontaktpersonar:
Elisabeth Schmidt, e-post: fmroesc@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 87 84.
Stein Bomo, e-post: fmrosbo@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 72. 

Jordvern, fortetting og konsentrert byvekst ved Jærbanen

Frå Stavanger i nord til Eigersund i sør bur om lag 1/5 av innbyggarane i gåavstand (om lag 550 m) til jernbanestasjon. Det viser ei GIS-analyse Fylkesmannen i Rogland har gjort. Dette utgjer 46 701 innbyggarar. Transformasjon og fortetting i byområda Stavanger og Sandnes og i «stasjonsbyane» på Jæren, vil kunne auke denne andelen. 

Tabell. Folketal, influensområde og prosentvis del av innbyggarane i influensområdet i kommunane ved Jærbanen 

Kommune

Folketall 1.1.15

Tal innbyggarar i influensområde

til banen

prosent av innbyggarane i influensområde til banen

Stavanger

132 102

19 857

15 prosent

Sandnes

73 624

10 684

15 prosent

Klepp

18 741

1 929

10 prosent

Time

18 306

4 343

24 prosent

18 528

8 362

45 prosent

Eigersund

14 916

1 526

10 prosent

Sum

261 301

46 701

18 prosent

Det er Hå som har størst del av sine innbyggarar i gåavstand til Jærbanen, heile 45 prosent. Time kjem også bra ut med Jærbyen Bryne og Bryne stasjon – 24 prosent.  Færrast med gåavstand til Jærbanen har Eigersund og Klepp med 10 prosent. 

Jærbanen har i dag årleg nær 4 millionar reisande. Jernbaneverket sin forsiktige prognose for 2040 er om lag 6 mill årleg reisande. Dette er ei svært varsam vurdering der konsentrert byvekst, fortetting, betre matebusstilbod til stasjoner m.m. ikkje er med. 

10 millionar reisande i 2040 er eit meir realistisk tal i følgje Jernbaneverket. Det føreset utbygging av planlagd dobbeltspor, og er avhengig av konsentrert by,- og tettstadvekst ved eksisterande stasjoner, matebusstilbod og god sykkelparkering ved haldeplasser. 

Dei langsiktige landbruks- og tettstadgrensene for «stasjonsbyane» på Jæren står fast. By,- og tettstadveksten skal konsentrerast til område med kort avstand til jernbanen. Utbygging av dobbeltspor på Jærbanen skal flytte meir av persontrafikken frå bil til tog, og gjere utbygging av fylkesveg 44 sørover på Jæren frå 2 til 4 felt, unødvendig. Ei slik eventuell vegutviding vil måtte skje på dyrka jord midt i matfatet på Jæren. 

Fylkesmannen si analyse har ikkje vurdert arbeidsplassomfang i same influenseområde.

Kontaktperson:
Dagfinn Hatløy, e-post: fmrodha@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 79. 

Slik blir SMIL- midlane brukt i Rogaland

Meir av tilskotsmidlane, «Spesielle miljøtiltak i landbruket, SMIL» går til tiltak for å betre vasskvaliteten i Rogaland. Samanlikna med 2014 blei det gitt tre gonger så mykje tilskot til tiltak mot ureining i 2015. Målet om minst 25 prosent av økonomisk ramme til ureiningstiltak blei med dette nådd.

Vilje til å vedlikehalde miljøverdiane i kulturlandskap ut over lovpålagde oppgåver, er utløysande for å få støtte. Med reduserte nasjonale rammer innan SMIL-ordninga fekk Rogaland tildelt 8 millionar i 2015 (10,5 millionar i 2014).

Endringar i SMIL-forskrifta i 2015 gjorde at berre aktive bønder som har rett på produksjons- og avløysartilskot kan søkje. Følgjeleg blei tal søkjarar redusert frå 233 i 2014 til 173 i 2015. Som i tidlegare år har det vore flest kulturlandskapstiltak.

Fordeling av løyvd SMIL-tilskot frå 2012 til 2015 var slik (avrunda tal):

 

2012

2013

2014

2015

Tal søkjarar

207

207

233

 

173

 

Kulturlandskaps-tiltak

9419000

9496000

12711000

77,2prosent

6328000

64,8prosent

Miljøtiltak

1810000

1833000

1619000

9,8prosent

2889000

29,6prosent

Planleggings-
tiltak

905000

1049000

2139000

13,0prosent

553000

5,7prosent

Sum

12134000

12338000

16470000

 

9759000

 

SMIL-tilskot til planlegging og tilrettelegging: 0,55 millionar (5,7 prosent)
Desse midlande går til å planlegge og legge til rette for tiltak på tvers av grunneigedomar. Kommunane er som oftast i førarsetet for slike tiltak. Overordna skjøtselsplanar, kart over turstiar, ferdsels- og informasjonstiltak og planlegging av reinseparkar er vanlege døme.

I 2015 blei det i tråd med vassforskrifta sett søkjelys på tiltak mot ureining. Overordna problemkartlegging og planlegging av tiltak blei gjennomført i 3 større satsingar;

  • Næringsavrenning og erosjon ved open åker i Klepp kommune
  • Diffus avrenning frå innmark i Finnøy kommune
  • Næringsavrenning i nedslagsfeltet til Storånavassdraget i Sandnes kommune.

Ein føresetnad for løyving av SMIL til slike føremål, er at aktive bønder skal følgje opp med tiltak på eigen gard

SMIL-tilskot til miljøtiltak: 2,88 millionar (29,6 prosent)
Det er løyvd SMIL-midlar til etablering av 13 nye reinseparkar i Rogaland i 2015. For første gong er det gitt løyving til oppsamling og gjenbruk av gjødselvatn frå veksthus.

Veksthus.
Veksthus. Foto: Nono Dimby

SMIL-tilskot til kulturlandskapstiltak: 6,32 millionar (65,8 prosent)

34,8 prosent til bygningar og kulturminne (3,3 mill.)
Aktiviteten på restaurering på freda/verneverdige bygg har i 2015, som i tidlegare år, vore høg. Samarbeidet mellom kulturminnemyndigheitar og landbruksforvaltninga i kommunane gjer at bygningar med høg kulturhistorisk verdi har blitt tatt vare på. Rogaland har svært mange steingardar, og vedlikehald av steingarder har hatt stor oppslutning på Jæren i mange år.

Restaurert uthus.
Restaurert uthus. Foto: Nono Dimby

17 prosent til kulturlandskapstiltak (1,6 mill.)
Forvaltninga har i jobba mye for å motivere bønder til innsats for å ivareta kystlynghei, gamal kulturmark og anna biologisk mangfald. SMIL-løyvingar til skjøtsel av kystlynghei dominerte i 2015 og er spreidd over heile Rogaland. Til dømes blei det saman med brannvesenet organisert lyngbrenning i Tysvær.

Brenning av kystlynghei.
Brenning av kystlynghei. Foto: Nono Dimby

14 prosent til tiltak på opplevingar/ferdsel (1,32 mill.)
Bøndene har gjennom 25 år, lagt til rette for å styre trafikken av turgåarar slik at den blir til minst mogleg ulempe for den daglege gardsdrifta. I dag er det minst 732 km med kartfesta turstiar på innmark i Rogaland. Turstiane i utmark kjem i tillegg. Dei eksisterande turstiane er mykje brukt og det er fortsatt eit behov for nye turstiar i fylket. I 2015 blei det løyvd SMIL-midlar til rydding langs turstiar, merking av turstiar, tilrettelegging av parkeringar, badeplasser og reparasjon av gamle trebruer. Over10 kommunar fekk i 2015 til saman 185 gjerdeklyvarar. Etter søknad frå aktive bønder vil gjerdeklyvarane bli sett ut på turstiar på inn- og utmark. 

Kontaktperson:
Nono Dimby, e-post: fmroara@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 78.

Krevjande utbygging for mjølkebøndene skal bli betre til å planlegge

I ei undersøking har TINE Rådgiving funne ut at mjølkebruka i Rogaland i snitt aukar mjølkekvota med 79 prosent ved utbygging. Da er det forståeleg at bøndene opplever utfordringar med økonomi og styring av garden. TINE Rådgiving svarer med å gi bønder tilgang til betre reiskap til å planleggje og gjennomføre byggeprosessen og opptrapping av produksjonen.

Fjøs under bygging.
Fjøs under bygging. Foto: Torfinn Nærland

TINE Rådgiving har saman med Klepp Rekneskapslag og med bidrag frå Rekneskapslaga på Jæren og Dalane, gjennomført prosjektet «Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon». 

Gardbrukarane tek stadig større økonomisk risiko. Utvidingar av bygg, nybygg, utvida produksjonsvolum, leige av arbeidskraft, ny teknologi og nye produksjonsmetodar set gardbrukarane i utfordrande situasjonar. Målet med prosjektet var å lære av dei som allereie hadde vore gjennom planlegging, bygging, oppstart og drift av nytt kufjøs. 

TINE Rådgiving og samarbeidspartnarane har intervjua bønder og analysert økonomien hos 36 ulike utbyggingsbruk i Rogaland. Dette har resultert i eit styringsverktøy som framtidige bønder kan bruke for å styrke økonomien og drifta på garden. 

Ein av hovudkonklusjonane i prosjektet er at ei utbygging må delast i ein planleggingsfase, ein endringsfase og ein ny-driftsfase. Det er nødvendig for å få rett vektlegging av dei ulike utfordringane til rett tid. 

Eit utval av interessante funn
TINE fann også ut at mjølkekvoten på bruka har auka i snitt 79 prosent ved utbygginga. I snitt var kvoten 216.000 liter eitt år før bygging, med variasjon frå 71.000 til 444.000 liter. Tre etter bygging var kvoten i snitt 386.000 liter, med variasjon frå 170.000 til 759.000 liter.  

Ved å samanlikne rekneskap mot driftsplanar fann TINE Rådgiving ut at det ikkje blir tatt tilstrekkeleg høgde for endringsprosessen, auke i produksjon og dertil auke i faste kostnadar i driftsplanane. Det blir heller ikkje teke tilstrekkeleg omsyn til behova og ynskja for investeringar som er på bruka, eller dei andre utbyggingane som bruka har gjennomført.  

Undersøkinga viser at svært mange kyr blir utrangert i innflyttingsåret. Heile 60 prosent mot landssnittet på 43 prosent (husdyrkontrollen 2014). Undersøkinga viste også at bruk med større mjølkekvote har større problem med å fylle kvoten i åra etter bygging. Mange av bøndene seier i ettertid at dei skulle lagt meir vekt på å ha god tilgang av kalvar og kviger i endringsfasen. Større produksjon og høgare arbeidsmengde har ført til auka behov for å planlegge arbeidsdagen og sesongane, og til meir leige av arbeidskraft og maskinarbeid på jorda. 

Prosjektet er finansiert med midlar frå den regionale partnarskapen representert ved Fylkesmannen i Rogaland, og med bidrag frå Jæren Sparebank, SpareBank 1 SR-bank, Sparebanken Vest, Haugesund Sparebank og TINE Rådgiving, samt eigeninnsats ved TINE Rådgiving og Rekneskapslaga på Jæren og Dalane. 

Mjølkeproduksjon har høg prioritet i Rogaland, og skal få auka merksemd dei kommande åra. Fylkesmannen i Rogaland er initiativtakar til ein møteserie «Nytt kufjøs» som er under oppseiling med TINE som hovudpartnar. Målet er at bøndene skal bli motivert til å søkje meir kunnskap og til å ta stilling til kva dei skal gjere i høve til lausdriftskravet. 

Kontaktperson: 
Eli Munkeby Serigstad, e-post: fmroems@fylkesmannen.no,
tlf.: 51 56 89 62.

Åtte kommunar på Jæren samarbeider om tiltak for betre vasskvalitet 

«Bøndene er interesserte i vassdraga, og mange ønskjer seg tilbake til ei tid med fisk og aure i bekken».  Det fortel Olav Husveg som saman med Olaf Gjerdrem motiverer bønder på Jæren til innsats for betre vasskvalitet.  Gjerdrem og Husveg er prosjektleiarar for det som har vist seg å bli ei langvarig satsing: «Frivillige tiltak på Jæren». Bak satsinga står Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og åtte kommunar; Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå. 

Olaf Gjedrem og Olav Husveg tek jordprøvar av ugjødsla randsone på Orre. Her saman med grunneigar Martin Skadsem.
Olaf Gjedrem og Olav Husveg tek jordprøvar av ugjødsla randsone på Orre. Her saman med grunneigar Martin Skadsem. Foto: Monica Dahlmo

Utfordringane med vasskvaliteten på Jæren er vel kjent. Heilt sidan Aksjon Jærvassdrag starta opp i 1998 har det blitt arbeidd systematisk med både landbrukstiltak, og tiltak mot spreidd avløp. Gradvis har vatna fått betre tilstand, men enno er det ein lang veg fram før vassdraga har «god økologisk tilstand» slik vassforskrifta krev. 

Husveg og Gjedrem er sjølv bønder. Deira arbeid er i første rekke å ha kontakt med bøndene på Jæren for å følgje opp dei mange tiltaka som blir gjort frivillig. Bøndene blir gjerne samla i bekkelagsmøte der dei går igjennom resultata frå siste års vassmålingar. Gjedrem og Husveg gjer også ein viktig jobb med å følgje opp bønder som vil vere med på «Miljøavtalar» i Regionalt miljøprogram. Ein Miljøavtale sett krav til ein ugjødsla sone av gras mot opent vatn, og regulerer gjødslinga av fosfor. Det er heller ikkje få fangdammar og andre erosjonstiltak som er blitt bygd etter at prosjektleiarane har besøkt ein gardbrukar, og forklart kvifor det vil vere fornuftig med eit slikt tiltak. 

Etter planen skulle Frivillige tiltak i landbruket gå til 2015. Etter ein runde med alle kommunane på Jæren blei det klart at alle ønskjer å halde fram med samarbeidet, og noverande prosjektplan går til 2018. For å lukkast med å betre vasskvaliteten må det gjerast godt arbeidd i landbrukssektoren. Vi ser at prosjektet har møtt kommunane sine behov. I ein kvardag med mange lovpålagte oppgåver er det liten kapasitet i kommunal landbruksforvaltning til å følgje opp gardbrukarane på same måte. Målet er at kommunane på Jæren i framtida skal samarbeide om oppgåva uavhengig av prosjektsatsing. 2018 vil vere siste år med prosjektleiarar tilsett i Rogaland landbrukselskap.   

Kontaktperson:
Monica Dahlmo, e-post: fmromda@fylkesmannen.no, , tlf.: 51 56 89 66