Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 1/2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om stor investeringslyst i landbruket.

Stor investeringslyst i landbruket

Rogaland blir omtalt som eit 10 prosent-fylke når det gjeld landbruksareal, eit 20 prosent-fylke når det gjeld grovfôretande dyr og eit 30 prosent-fylke når det gjeld kraftfôrkrevjande produksjonar. Samstundes blir vi tildelt berre om lag 8 prosent av Investeringsmidlane (IBU-midlane). Det er slik sett i stor grad bankane som må bidra til kapitaltilgangen til investeringar. 

Trefjøs i Suldal under oppføring.
Trefjøs i Suldal under oppføring. Foto: Svein-Åge Vangdal/TINE

Vi opplever at det er stor investeringslyst i Rogalandslandbruket også i 2017. Trass i strenge kriterium for tilskot gjennom Innovasjon Norge (IN), har det i første søknadsomgang kome søknader for ei investeringsramme på over ein halv milliard kroner. Av dette er det heile 46 søknader om nye ammekufjøs. Og vi må legge til grunn at det blir investert endå meir utanfor IN si målgruppe. Satsinga kan delvis forklarast med at Rogaland er det fylke som har hatt størst auke i talet på arbeidsledige, og at landbruket er ei stabil næring også i slike krisetider. Låg rente kan også vere ein viktig faktor. Vi vil samstundes framheve at vi opplever ein optimisme i landbruksnæringa.

Nær 32 av 41 millionar kroner av IBU-midlane i 2016 gjekk til byggeprosjekt for storfe og mjølkekyr. Dette er ein auke på om lag 22 prosent frå året før. For 2017 ser vi same tendensen, med ein ennå klarare auke i satsinga på nye fjøs for ammekyr, som eit resultat av aktiv mobilisering i heile næringa. Dette er ønska politikk og i tråd med prioriteringane som den regionale partnarskapen har blitt einige om, med meir midlar til grovfòrbaserte produksjonar og til distrikta. Det er elles gledeleg å registrere stor nyinvestering innan fruktproduksjon. Hovudsatsingane for bruk av IBU-midlane i 2017 er innan:

  • Grovfòrbaserte produksjonar som storfe og mjølk
  • Gjødsellager
  • Fruktproduksjon 

Rogaland er i ei omstilling til auka verdiskaping innan bioøkonomien. Det gjer at vi har gode føresetnader for å bli eit endå sterkare landbruksfylke. Nedgangen i oljeøkonomien og overgangen til det grøne skiftet gjer at landbruket får ei endå viktigare rolle i Rogaland. 

Kontaktperson: 
Anfinn Rosnes, e-post: fmroaro@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 80. 

Ka då med spreiearealet?

Landbrukettreng føreseielege rammevilkår, og no håper vi ny gjødselvareforskrift snart blir landa. Landbruksdirektør i Rogaland, Geir Skadberg har i lang tid etterlyst ei avklaring av regelverket som set krav til bruk og lagring av husdyrgjødsel, forskrift om gjødselvarer av organisk opphav mv. Forskrifta har vore under revisjon sidan jordbruksoppgjeret 2009, og hausten 2016 fekk Landbruksdirektoratet, Mattilsynet og Miljødirektoratet i oppdrag å levere felles forslag til nytt regelverk før 1. juli 2017. 

Dette har blåst liv i diskusjonen i Rogaland om spreieareal for husdyrgjødsel. I store delar av fylket er det lite ledig spreieareal, og mange fryktar strengare arealkrav. Skjerpa krav til spreieareal vil gi store økonomiske konsekvensar for jordbruket i Rogaland, og vil føre til auka press for å nydyrke og opparbeide nye innmarksbeite i område der naturmangfaldet allereie er utsett. 

På ei anna side har det i lang tid vore debatt om manglande lagerkapasitet for husdyrgjødsel, og spreiing av husdyrgjødsel seinhaustes. Politikarane i Noregs største husdyrkommune Hå har eigenhendig tatt opp saka, og levert innspel til Landbruksdirektoratet der dei foreslår ei rekke tiltak for å minske jordbrukspåverknaden på vassdraga. Mellom anna føreslår dei å auke kravet til lagerkapasitet frå 8 månader til 10 månader, og endre spreietidspunkta for husdyrgjødsel til å vere frå 1. mars til 1. september. Dei meiner gjødslingsplanlegging bør vere ein del av den nye forskrifta, og vil ha tilbake det gamle spreiearealskjemaet. Dei er tydelege på at konsekvensane av ein reduksjon i dyretalet vil gi store ringverknader, og påverke langt fleire enn bøndene. Kring jordbruket er det bygd opp sterk foredlingsindustri, leverandørindustri, transport og tenesteyting. NIBIO sin verdiskapingsrapport estimerer verdiskapinga for landbruksbasert industri i Rogaland til å vere 2,5 milliardar kroner, og verdiskapinga direkte frå jordbruksproduksjonen til å vere 2,7 milliardar kroner (tal frå 2014). 

– Vi legg til grunn eit godt samspel mellom jordbruk – og miljøinteresser, og at vi får eit klokt framlegg til ny forskrift. Vi har i lang tid arbeidd med jordbrukstiltak for å betre vasskvaliteten, og vil halde fram med å prioritere dette avsluttar Geir Skadberg.   

Kontaktperson: 
Monica Dahlmo, e-post: fmromda@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 66. 

Sperreskål på nytt fruktpakkeri i Ryfylke

Fleire års satsing bærer no frukter. 7. april blei det tatt sperreskål på nytt fruktpakkeri i Årdal i Ryfylke. Bak lageret står Ryfylke Frukt SA, stifta i august 2016 av 20 aktive fruktprodusentar som ville bygge og drive eit fruktpakkeri. Bygget er kostnadsberekna til 16 millionar kroner, og har ei grunnflate på 2100 m2. Innovasjon Norge har gitt 1 millionar kroner i tilskot til det som vil bli eit moderne pakkeri. Her skal dei ha ei kjøle for innkomande varer, og ein pakkesal med pakkemaskin for eple og pære. Frukta blir sortert etter storleik og kvalitet, og skal seljast som 2-lags brett i kasse, 6-pakningar eller i pose. Plomme skal også pakkast i bygget, men dette vil bli gjort manuelt. Bygget skal stå ferdig til årets sesong. I år ventar 350 tonn frukt, medan bygget har kapasitet til opp mot 1000 tonn frukt. Nye plantemetodar, betre planter og ny avansert vatning og gjødsling vil gi vesentleg auke i volumet.

Fruktdyrkar Anne Norunn Helgøy, Anfinn Rosnes ass. landbruksdirektør og Olav Tegle frå Innovasjon Norge besøkte det nye fruktlageret som er under oppføring i Årdal.
Fruktdyrkar Anne Norunn Helgøy, Anfinn Rosnes ass. landbruksdirektør og Olav Tegle frå Innovasjon Norge besøkte det nye fruktlageret som er under oppføring i Årdal. Foto: Kari Sand

Fruktproduksjon i Rogaland var fram til 2014 prega av pessimisme. Både fruktareal og tal dyrkarar var halvert på 15 år, og det var stagnasjon i avlingsmengd, lite fornying og investering og vanskar med rekruttering. Det fekk Rogaland fruktdyrkarlag, Ryfylke IKS og Fylkesmannen i Rogaland til å gå saman om ei fruktsatsing for å stimulere til auka produksjon. Vi arrangerte fleire mobiliseringssamlingar – fruktsafari - og det blei laga eit kriteriedokument for investeringstilskot i samråd med Innovasjon Norge. Sidan 2014 har fruktproduksjon hatt prioritet i den regionale partnarskapen ved tildeling av midlar. Midlane er brukte til kvalitets- og kompetanseheving, og til fornying eller nyinvestering.

I løpet av dei siste 2,5 åra har 11 fruktdyrkarar fått tilskot til fornying eller etablering av nye, moderne fruktfelt. Aktiviteten er framleis høg og Innovasjon Norge har våren 2017 motteke om lag 10 nye søknader om investeringsmidlar.

Fruktnæringa har fått ein ny giv og har samstundes klart å trekke til seg fleire nye fruktdyrkarar. Rogaland fruktdyrkarlag er ein aktiv aktør som går i front for å ta i bruk ny kunnskap og nye metodar. Nøkkelen til suksess er inspirasjon, kunnskapsdeling og tett oppfølging frå rådgjevartenesta.

Kontaktperson: 
Kari Sand, e-post: kari.sand@strand.kommune.no, tlf.: 950 31 190. 

Hå kommune kandidat til jordvernpris 

Fylkesmannen i Rogaland meiner Hå kommune er ein god kandidat for jordvernprisen. 

Hå kommune er desidert største husdyrkommune i Norge, der om lag halvparten av arealet i kommunen er nytta til jordbruksformål. Samstundes er kommunen ein vekstkommune, og har dei siste åra hatt ein betydeleg befolkningsauke. Vidare er kommunen attraktiv for næringsetableringar. Gjennom sin kommuneplan, vedteken i desember 2014,  er det gjort fleire viktige grep for å styre veksten med mål om minst mogleg omdisponering av dyrka og dyrkbar jord. Gjennom planen blei det trekt langsiktig grense for landbruk rundt alle dei tre store «stasjonsbyane», ei grense som gjennom planprosessen blei sett relativt «stram» til fordel for jordvernet. Vidare legg planen opp til at all ny bustadbygging skal skje med høg arealutnytting i stasjonsbyane, og i Stokkalandsmarka som er eit større bustadområde på uproduktiv jord sør i kommunen. Det er lagt til grunn at det ikkje skal skje bygging av einebustader på jordbruksjord. Jordvern og samordna areal- og transportplanlegging har i stor grad lagt premissane for kommuneplanen. Fylkesmannen oppfattar kommunen som lojal til kommuneplanen sin, og dei har ein streng praksis i forhold til dispensasjonar for tiltak i jordbruksområda. 

Hå kommune har også ei klar haldning når det gjeld lokaliseringsstyring av næringsetableringar. Kviamarka næringsmiddelpark er Noregs største næringspark innan matforedling, og det er her lagt vekt på lokaliseringsstyring og effektiv arealutnytting. Det er elles lagt vekt på å lokalisere arealkrevjande verksemder utanom område med jordvernkonfliktar, til dømes i Sirevåg. 

Kommunen har, sett i forhold til andre kommunar på Jæren, dei klart lågaste tala (KOSTRA) for omdisponering av dyrka jord. Trass stor vekst har  årleg gjennomsnittleg omdisponering vore 20 dekar dei siste fem åra. 

Generelt er vår oppfatning at jordvern har fått ein større og viktigare status dei seinare åra blant både politikarar og administrasjon i den viktigaste jordbrukskommunen i landet, og vi meiner kommunen er ein verdig kandidat til nasjonal jordvernpris. 

Kontaktperson: 
Geir Skadberg, e-post: fmrogsk@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 64.

Mindre hevdalukt på Jæren 

Stripespreiing av husdyrgjødsel.
Stripespreiing av husdyrgjødsel. Foto: Monica Dahlmo/Fylkesmannen i Rogaland

Stadig fleire bønder nyttar spreieutstyr som legg husdyrgjødsla rett oppå bakken, eller skyt det ned i bakken. Det gir mindre næringstap til luft og vatn, og mindre «hevdalukt» til glede for mange naboar. Gjennom Regionalt miljøprogram i Rogaland blir det gitt årlege tilskot til slik miljøvenleg gjødselspreiing, og interessa for å bruke miljøvenleg teknologi er aukande. I fjor blei om lag 14,5 prosent av all fulldyrka og overflatedyrka areal i fylket gjødsla etter denne metoden. Dette til tross for at tilskotet berre blir gitt i utvalde kommunar, valt etter sårbarheita til vassdraga. Det er valt å ha relativt høge tilskotssatsar per dekar for å stimulere til utskifting av eldre gjødselutstyr, men vi ser det tek tid før bøndene skifter mekaniseringsline. Det er heller ikkje til å kome i frå at mange har små teigar og utfordrande arrondering. Reduserte utslepp frå jordbruket er viktige mål i Regionalt miljøprogram. Fylkesmannen ser gjerne at tilskotsområda for miljøvenleg gjødselspreiing blir utvida, og venter på prioriteringane frå årets jordbruksoppgjer. Som alltid er det her ein balanse mellom tilgjengelege midlar og prioritering mellom ulike målområde. 

Tabell som viser søknadsomfang for tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing, nedlegging og nedfelling. Kjelde: Søknad om regionalt miljøtilskot

 

2008

Pilotordning

2014

Utvida område i  RMP

2015

Ytterlegare utviding

2016

Ytterlegare utviding, Sandnes

Kommune

Tal  søkn

Areal i dekar

Tal søkn

Areal i daa

Tal søkn

Areal i daa

Tal søkn

Areal i daa

46

11 717

45

14 149

72

21 911

93

27 340

Time

55

10 701

47

14 614

50

14 936

54

16 240

Klepp

 

 

14

5 927

16

6 222

15

4 895

Gjesdal*

0

 

14

1 995

13

1 822

14

1 895

Sola

6

1 536

7

2 371

7

3 739

10

5 124

Sandnes

16

4 717

17

3 896

15

3 245

17

4 245

Stavanger

11

2 293

5

2 506

5

2 224

6

2 763

Randaberg

1

250

 

 

3

  694

4

892

Sum Jæren

135

31 214

149

45 527

183

54 862

213

63 394

Vindafjord

0

 

75

8 296

80

9 075

80

9 315

Tysvær*

 

 

 

 

0

0

0

0

Sum totalt Rogaland

135

31 214

227

53 823

263

63 937

294

72 778

Kontaktperson: 
Monica Dahlmo, e-post: fmromda@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 66.