Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 1/2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om at manglande dyrevelferd gir trekk i tilskot.

Manglande dyrevelferd gir trekk i tilskot 

I kjølvatnet av Mattilsynet sitt tilsynsprosjekt for slaktegris i Rogaland har det blitt stor merksemd rundt dyrevelferd. Tilsynsrapporten avdekte behov for oppfølging frå styresmaktene. Rogaland har 30 prosent av all svineproduksjon i Noreg. Det kan forklare noko av omfanget av dyrevelferdssakene, men forsvarar det ikkje. Landbruksforvaltninga i Rogaland har i lang tid hatt dialog med Mattilsynet og sett på korleis brot på dyrevelferdsregelverket skal handterast ved utmåling av produksjonstilskot i jordbruket.

Ein glad gris frå Sokndal.
Ein glad gris frå Sokndal. Foto: Sissel C. Endresen/Fylkesmannen i Rogaland

Vi ser no at det kjem fleire saker der det blir avkorta i tilskotsutbetalinga, grunna brot på dyrevelferdsregelverket. I alvorlege tilfelle kan heile tilskotet bli avkorta, og det får store konsekvensar for produsenten. Dei høgaste avkortingane gjeld produsentar med alvorlege og omfattande brot på dyrevelferdsregelverket.

Etter søknadene om produksjonstilskot og avløysartilskot i 2017 er det førebels gjort avkorting i utbetalinga til 34 føretak. I sum utgjer avkortingane 3,11 millionar kroner, og høgaste enkeltavkortinga var om lag 520 000 kroner. Sakene omfattar alle husdyrslag.

Fylkesmannen ser alvorleg på dei sakene der det er konstatert alvorlege og omfattande brot. Vi følgjer opp, og ser til at kommunane i tilstrekkeleg grad avkortar i tilskotsutbetalinga. Der kommunane ikkje avkortar, eller der avkortinga ikkje står i rimeleg forhold til alvoret i brotet, har Fylkesmannen gjort om kommunane sine vedtak.

Vi ser elles at det er fleire saker der Mattilsynet finn brot på dyrevelferdsreglane knytt til sau. Fylkesmannen har i fleire av desse tilfella kome fram til at driftsopplegget ikkje er å rekne som vanleg jordbruksproduksjon. Konsekvensen er at føretaka ikkje har fått husdyrtilskot til sauen, og har fått redusert avløysartilskotet.

Vår erfaring er at god dialog mellom Mattilsynet og landbruksforvaltninga kan bidra til større merksemd rundt dyrevelferd. Poenget er ikkje å avkorta mest mogleg, men å bruke dette verktøyet på ein god måte slik at ulovleg dyrehald ikkje blir støtta. Dette gir også  hjelp til Mattilsynet i dei sakene der dyreeigar ikkje vil rette seg etter gjeldande regelverk. Godt samarbeid vil førebygge dårleg dyrevelferd.

Kontaktperson:
Sissel Endresen, fmrosce@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 60.

Lokkar turistar til Lysefjorden

Landskapet ved Lysefjorden er spektakulært og eit ynda turistmål i Rogaland. Outdoorlife Norway er ei lita bedrift i vekst som satsar på småskala, personleg, unik fjellturisme i Ryfylke av høg kvalitet. Bedrifta spesialiserer seg på guida fjellturar til Preikestolen, Kjerag og Lysefjorden. Verksemda har frå starten av hatt fokus på å skape noko innovativt og nytt, noko som skil seg ut frå eksisterande tilbod. Filosofien til gründeren bak Outdoorlife Norway, Johannes C. Apon, er å seie "JA!" til gjester som ønsker å vere aktive i rogalandsnaturen.

Ikkje berre Tom Cruise vitjar Lysefjorden.
Ikkje berre Tom Cruise vitjar Lysefjorden. Foto: Outdoor life

Størst merksemd frå både norsk og utanlandsk media har han fått når han arrangerer soloppgangs- og vinterturar til Preikestolen. Etter starten i 2014 har verksemda vakse frå 1 til 4 tilsette, og veksten ser ikkje ut til å minke med det første. I 2017 vart det for første gong arrangert meir enn 365 turar, éin kvar dag. Ved å satse på skuldersesongane og "annleisturar" med lokale guidar, er målet å få ein vinn-vinn-vinn-situasjon: stor glede, lokale ringverknader og trygge arbeidsplassar året rundt. Det er dei utanlandske gjestene som er villige til å betale ekstra for unike opplevingar. Visjonen for framtida er å utvikle nye attraksjonar, spanande turprodukt og utvide turiststraumen.

Eit aktivt jordbrukslandskap er ein del av totalopplevinga området kan by på. Lysefjorden har i mange år vore prioritert i Regionalt miljøprogram, med tilskot til beiting og slått av jordbruksareala innanfor Lysefjordbrua (som kan skimtast på biletet). Areala er tungdrivne med små og bratte teigar, og fleire stader blir sau frakta inn med båt. At regionalt miljøtilskot og SMIL- midlar har utløysande effekt blei poengtert i Ecofact sin evaluering av tilskotsordninga i 2016. 

Kontaktperson:
Kari Sand, kari.sand@strand.kommune.no, tlf.: 950 31 190.

Investeringsmidlar til mjølk, ammeku og miljøtiltak

Status for bruken av investeringsmidlar til landbruk og landbruksbaserte næringar, IBU-midlar i 2017, viser at dei prioriteringane som blei gjort ved inngangen av året i stor grad er etterlevd i dei faktiske løyvingane. Det er gitt tilskot til 44 mjølkebruk og 34 bygningar for ammeku. Prioriteringa av distrikta står ved lag, der 76 av 104 løyvingar gjekk til gardsbruk utanfor det som blir definert som Jæren.

2017 var prega av historisk mykje nedbør i store delar av vekstsesongen. Det dårlege vêret gjorde både innhaustinga og utkøyringa av husdyrgjødsla vanskeleg. På seinsommaren blei det klart at mange bønder i Rogaland ville få problem med lagerkapasiteten for husdyrgjødsla. Partnarskapen i Rogaland, med Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag, Innovasjon Norge Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen blei samde om å målrette bruken av IBU-midlar til gjødsellager i slutten av året. Det blei ein suksess. Det er løyvd midlar til 69 gjødsellager med totalt lagervolum på heile 120 000 m3. Dette har gitt positiv merksemd på at det er ei agronomisk, økonomisk og miljømessig god investering å auke lagerkapasiteten for husdyrgjødsel, noko som er særs viktig i den kritiske situasjonen som er i fylket denne vinteren og våren. 

Stor etterspurnad etter IBU-midlar og avgrensa midlar sett i høve til omfanget av landbruket, gjer det er nødvendig med ei streng prioritering også i 2018. Det er god dialog i partnarskapet også for den vidare prioriteringa.

Kontaktperson:
Anfinn Rosnes, e-post: fmroaro@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 80. 

Store areal går ut av skogproduksjon i Rogaland

I Fylkesnytt for to år sidan skreiv vi om korleis planteaktiviteten ikkje heldt tritt med hogstaktiviteten i Rogaland. No viser ei samanstilling for perioden 2011-2017 at utviklinga er meir omfattande enn vi tidlegare har trudd. Stadig meir areal går over frå skogproduksjon til andre arealformål. 

Resultat frå kontroll av tre år gamle hogstflater i perioden 2011-2017.
Resultat frå kontroll av tre år gamle hogstflater i perioden 2011-2017. Kjelde: Resultatkontroll for skogbruk og miljø, Landbruksdirektoratet.

Låg foryngingsgrad og mykje areal som går ut av skogproduksjon

Fylkesmannen si samanstilling av resultata frå kontrollane viser ei negativ utvikling for skogareala våre. På kontrolltidspunktet var det berre 25 prosent av hogstarealet som var tilfredsstillande forynga (grønt i diagrammet). Meir enn ein tredel av hogstarealet var enten ikkje tilfredsstillande forynga (gult), eller ikkje forsøkt forynga (raudt).

I tillegg var det ein stor del av hogstarealet som ikkje skulle tilbake til vidare skogproduksjon, men som var planlagt omdisponert til andre formål. I samanstillinga er så mykje som 41 prosent av kontrollarealet under omdisponering (lys blå) eller godkjent omdisponert (mørk blå). Dette er i hovudsak areal der skogeigaren har ønske om å omdisponere til innmarksbeite.

Det er spesielt den store delen areal som er under omdisponering tre år etter hogst som vi meiner er urovekkande. Det er uheldig at høgproduktive areal blir liggjande brakke utan ein tilfredsstillande jord- eller skogproduksjon. For å få godkjent eit areal til innmarksbeite blir det stilt krav til grasdekke, rydding av hogstavfall m.m. Dette skal vere på plass innan tre år etter hogst, elles må grunneigar søke kommunen om utsett frist på inntil to år. Det er utarbeidd eigne retningsliner for omdisponering av skogareal til innmarksbeite i Rogaland.

Kor stor del av dette arealet som faktisk er godkjent omdisponert innan fristen, har vi ikkje oversikt over. Vi har heller ikkje tal på arealet som har blitt forynga etter kontrolltidspunktet. Altså er biletet sannsynlegvis noko betre enn kva som kjem fram av kontrollane. Men vi har grunn til å tru at ein del av desse «usikre» areala verken blir godkjende innmarksbeite eller forynga skog. Desse areala er høgproduktive og bør raskt bli sette i ny produksjon etter hogst, før konkurrerande vegetasjon tar over. 

Avskoging og nedbygging av skogressursane på dagsorden

Samanstillinga viser at nedbygginga av skogareala våre har blitt ein varig trend. Ut frå tala frå siste års kontrollar (2016 og 2017) er det ikkje teikn til at utviklinga er i ferd med å betre seg.

Utviklinga er ikkje unik for Rogaland. Fylkesmannsgruppa i Kystskogbruket sendte hausten 2017 eit brev til Landbruks- og matdepartementet med bekymring for den same utviklinga i alle kystfylka, og med forslag til tiltak for å snu utviklinga.

På landsbasis kom nyleg NIBIO-rapporten Analyse av størrelse, årsaker til og reduksjonsmuligheter for avskoging i Norge. Her er det rekna på kor mykje skogareal som har gått til andre føremål (utbygging, samferdsel, jordbruk o.a.), såkalla avskoging.  Rapporten viser at store areal (58 000 dekar) blir avskoga kvart år på landsbasis. Klimautsleppa frå avskoging er kvantifisert, og utgjer det dobbelte av sivil innanlands flytrafikk. Sjølv om tala i rapporten er usikre, viser han same klare trend som vi ser lokalt i Rogaland.

Sett i lys av klima- og avskogingsdebatten, så er det viktig at både skogeigarar, forvaltinga og skognæringa tar tak i denne utviklinga og sikrar at hogstareala, enten dei skal gå vidare i skogproduksjon eller anna, blir følgt opp.

Kontaktperson:
Elisabeth Schmidt, fmroesc@fylkesmannen.no, tlf: 51 56 87 84.

Fart på dreneringstilskotet


Dobling av dreneringstilskotet og fleire våte vekstsesongar har fått fart på dreneringa i Rogaland. Tilskot til drenering blei innført i 2013 etter mange års krav frå næringa. Ordninga fekk likevel ikkje den oppslutninga som ein skulle ønskje. Årsaka var i første rekke at tilskotssatsane var for låge i høve til kostnadane til at det utløyste vilje og motivasjon til å søkje tilskot.

Her var det blaut.
Her var det blaut. Foto: Nono Dimby

Hausten 2017 fekk landbrukskontora det særs travelt med å handsame ein markant auke i søknadar. Rogaland sine disponible 5,4 millionar i dreneringstilskot frå 2016 blei raskt brukt opp. Ytterlegare 3 millionar blei tildelt Rogaland frå Landbruksdirektoratet. Dei samla løyvingane på dreneringstilskot i 2016 var på 0,781 millionar fordelt på 55 søkarar. Ved utgangen av 2017 var 7,7 millionar fordelt på 336 søkarar i 2017. NLR Rogaland hadde i 2017 fire dreneringskurs over heile fylket, og har sett opp 35 grøfteplanar. Men all nedbøren har ikkje gjort arbeidet lett for bøndene. No er det mange som ventar på laglege forhold til å kome utpå.

Problem med jordpakking

Gode grøfter er ikkje alltid nok når nedbøren blir som i 2017. Lars Kjetil Flesland frå NLR Rogaland fortel:

– Det var særs mykje nedbør i 2017. Det er ikkje uvanleg på Vestlandet, men det spesielle med 2017 var at det ikkje var nok opphald til at vatnet kunne renne ned i grøftene. Vatnet hopa seg difor opp på overflata. Me opplevde ofte at dreneringa fungerte bra under den tette sørpa i overflata. Med mindre pakking hadde nok vatnet rent raskare ned til grøftene.

Klimautfordringane vil presse fram meir merksemd på god jordkultur. Det er basis for dei gode prosessane i jorda som gir høge avlingar, mindre næringsavrenning og redusert klimagassutslepp. 

Kontaktperson:
Nono Dimby, fmroara@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 78.