Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 1/2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Regionalplan for Jæren 2050 – byutvikling og jordvern heng saman.

Regionalplan for Jæren 2050 – byutvikling og jordvern heng saman

Revisjonen av Regionalplan Jæren blir eit av dei viktigaste planprosessane i Noreg sett ut frå omsynet til jordvern. Innanfor planområdet finn vi 550 000 dekar dyrka jord og over 10 prosent av husdyrhaldet i Noreg. Samstundes er det ein raskt voksande by- og tettstadsregion. Fylkesmannen prioriterer arbeidet, og fylkesmannen Magnhild Meltveit Kleppa er med i styringsgruppa.

God arealutnytting i etablerte sentre er det beste jordvern.
God arealutnytting i etablerte sentre er det beste jordvern. Foto: Anfinn Rosnes

Regionalplan Jæren er ein langsiktig plan for areal- og transportutvikling som gir strategisk retning for korleis regionen skal vokse dei neste 30 åra, og blir slik sett også ein viktig premiss for vidare utvikling av landbruksnæringa og matproduksjonen.

Nullvekst i persontransport
Planprogrammet blei vedteke i juni 2018. Langsiktig grense for landbruk, som blei etablert i 2000, ligg fast. Eit nytt og viktig tema er Bymiljøpakken for kommunane Randaberg, Stavanger, Sandnes og Sola, med mål om nullvekst i persontransport med bil. Framtidig arealbehov til nærings- og bustadføremål er eit tema som alltid står sentralt i den regionale planlegginga, med aukande fokus på utnytting av eksisterande sentre. Arbeidet med planprogrammet dokumenterte store arealreservar av dyrka jord som er regulert eller avsett i kommuneplanar, men som framleis ikkje er bygde ut. Det viser seg også at fortettingspotensialet i eksisterande senterstruktur er større enn det som tidlegare er lagt til grunn.  

Vyar for framtida
Hausten 2018 blei det starta eit Scenarioarbeid (Perspektiv 2050) der aktørar frå ulike bransjar, forvaltingsnivå og organisasjonar deltok på ein serie verkstader. Anfinn Rosnes frå Landbruksavdelinga var Fylkesmannen sin representant i arbeidet. Føremålet med prosessen er å finne fram til korleis regionen skal sjå ut i framtida, og kva som må gjerast for å få det til.

Rogaland fylkeskomme er godt i gang med å utforme sjølve plandokumentet. Første del av planen som inneheld mål og strategiar er nå ute på høyring. Den meir operative delen, som også skal konkretisere mål redusert omdisponering av dyrka jord, blir lagt fram i 2020.

Tospann – Regional jordvernstrategi og Regionalplan Jæren
Arbeidet med Regional jordvernstrategi for Rogaland skjer parallelt med revisjon av Regionalplanen, noko som har vore strategisk viktig. Strategien har vore på høyring i 2018, medan prosessen fram til behandling i Fylkestinget tek noko lenger tid enn det som først var planen. Jordvernstrategien vil vere eit viktig grunnlagsdokument i det vidare arbeidet regionale og kommunale planprosessar, særleg for dei 11 kommunane som blir omfatta av Regionalplan for Jæren.

Kontaktperson:
Anfinn Rosnes, fmroaro@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 80.

Restaurering av gamle ferdselsvegar på Mokleiv – eit utvald kulturlandskap

Mokleiv i Suldal kommune er med i den nasjonale satsinga på Utvalde kulturlandskap (UKL) Her blir landbruksdrift kombinert med tiltak for å sikre verdiar på biologisk mangfald, kulturlandskap, kulturhistorie, kulturminne og kulturmiljø.

Tre dyktige sherpaer i gang med å restaurere ferdselsvegen på Mokleiv.
Tre dyktige sherpaer i gang med å restaurere ferdselsvegen på Mokleiv. Foto: Eirik Moe

Eirik Moe eig den brattlente UKL-garden Mokleiv i Suldal kommune. Gamle bygningar, ferdselsårer og skjøtsel av eit kulturlandskap prega av styvingsskog i særs bratt terreng er noko Eirik ønskjer at besøkjande skal få oppleve. Restaurering av gamle ferdselsårer er første trinn for gi turgåarar ei god kulturhistorisk vandring.

Hausten 2018 blei første del av den gamle ferdselsvegen på Mokleiv restaurert. Innleigde sherpaer, Ang Temba Sherpa, Raj Bahadur Rai, Sonam Tshering Sherpa og Pemba Ongchu Tamang  utførte jobben – i særs bratt terreng. Det blei lagt ned stor innsats i fjellsikring av svært lause, og ganske store parti av fjell, ovanom turstien. Den øvste og brattaste delen er no ferdig sikra.

Når heile traseen på 600 meter er restaurert får folk ei fin rundløype opp i slåttemarker og gjennom hausteskogen ovanom Øvre Mokleiv. Her har NINA eit forskingsprosjekt på styvingstre. Planen på sikt er å tilby kultur- og naturformidling i form av skilting og utstilling i ei nyrestaurert løe oppe på Hova.

Kontaktperson:
Nono Dimby, fmroara@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 78.

Avrenning av gjødselvatn frå veksthus

Veksthus er ikkje eit lukka produksjonssystem, og overskotsgjødsel kan bidra til forureining av vassdrag og sjø dersom gartnaren ikkje har merksemd på dette. Mange veksthus har anlegg som resirkulerer gjødselvatn internt i gartneriet. Dette er god utnytting av gjødselressursane, og er i mange tilfelle eit godt tiltak mot vassforureining. Men resirkuleringsanlegg er dyre, og for mindre gartneri kan andre tiltak vere meir aktuelle. Det vil og kunne vera noko avrenning frå veksthus med resirkuleringsanlegg, mellom anna gjennom lekkasjar eller tømming av kar.

Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har no starta opp eit prosjekt saman med gartnarlaga i dei to fylka, NIBIO og NLR Viken. Målet er å finna tiltak som kan vera aktuelle for å redusera avrenninga frå veksthus av ulik storleik, alder og med ulik type produksjon. Rett bruk av resirkuleringsanlegg for å hindra avrenning vil og bli utgreia. Vidare er målet i prosjektet å jobba for at tiltak blir sett i verk i alle gartneri.

Både i Rogaland og i Vestfold har det vore gjennomført ei kartlegging av situasjonen, og  så og sei alle gartneria har fått eit besøk. Det har vore eit godt samarbeid med gartnarlaga i dei to fylka, og gartnarane har vore opptekne av at det må gjerast noko med avrenninga.

Prosjektet har fått støtte mellom anna frå Landbruksdirektoratet sine nasjonale klima- og miljømidlar. Arbeidet vil gje kunnskap som kan nyttast i arbeidet mot avrenning frå veksthus i heile landet. Prosjektet vil kunne vera ein pilot for korleis andre fylke kan ta fatt i arbeidet med å redusera avrenninga i samarbeid med næringa. 

Kontaktperson:
Karen Beate Grimstad, fmrokbg@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 40.

Mobilisering for gode fellesløysingar på skogsveg

Rogaland er eit fylke med låg skogsbilvegdekning, der det er store behov for felles vegløysingar over eigedomsgrenser. Prosjektet «Gode skogsvegløysingar i Rogaland» er inne i sitt tredje år, og viser at mobilisering og vegplanleggarkompetanse er effektive bidrag for å realisere framtidsretta vegløysingar i kommunane.

Bygging av skogsveg i Vindafjord kommune.
Bygging av skogsveg i Vindafjord kommune. Foto: Kristofer Tveiterå

Langsiktig arbeid
Realisering av kommunane sine hovudplanar for skogvegbygging er tidkrevjande arbeid, og krev mobilisering for å få gjennomslag for dei beste vegløysingane. Situasjonen i dag er at mange kommunar står utan skog- og vegkompetanse til å ta tak i dette viktige arbeidet. Vegplanleggjarane blir difor nøkkelpersonar for å drive fram gode skogsvegløysingar i samarbeid med kommunane.

Gode resultat
Prosjektet «Gode skogsvegløysingar i Rogaland 2017–2019» gir frukter. Målet med prosjektet er å realisere flest mogleg av kommunane sine hovudplanar, i samråd med skogeigarar og kommunen sine skogansvarlege. Prosjektet har så langt vore involvert i totalt 26 vegprosjekt rundt om i fylket. Det er fleire større fellesanlegg på gang og under bygging, som Fylkesmannen har følgt opp med tilskot.

Mobilisering og områdeplanar
Mobiliseringsarbeid og prosjektering av større skogsveganlegg har førsteprioritet i prosjektet. Prosjekteringsarbeidet blir fakturert fullt ut mot skogeigarane. Det er likevel slik at det er mobiliseringsdelen og utarbeiding av områdeplanar som tek mest tid. Større veganlegg med mange interessentar krev lang modningstid for å få gjennomslag, der det gjerne må gås fleire rundar rundt ulike alternativ - både trasear og kostnadsfordeling.

Kombinert stilling 50/50
Prosjektleiaren kombinerer 50 prosent stilling på vegplanlegging med 50 prosent skogforvaltningsoppgåver i Hjelmeland kommune. Vi ser at eit slikt samarbeid er nyttig, der prosjektleiar får fordel av å ha eit nettverk og kompetansemiljø på landbruk rundt seg. Forvaltningsoppgåvene på skogområde passar godt inn i kommunen sitt arbeid med å utvikle eit godt og framtidsretta skogsvegnett.   

Kortsiktige løysingar og behov for vegplanleggjarar
Vi ser dessverre litt for ofte at iveren etter hogstoppdrag frå tømmerkjøparane går ut over det å få på plass gode vegløysingar før hogst. Det er vanskeleg å kome inn i etterkant då skogen og grunnlaget for vegen er borte. Behovet er stort for nøytral rettleiing og informasjon ut til skogeigarane, for å sikre gode og framtidsretta løysingar. Vegplanleggjarstillingane er prosjektbaserte løysingar med kort tidshorisont – maks 3 år. Vi ser absolutt behov for meir permanente og varige løysingar for å sikre rekruttering av kompetent personell, og gjennom det sikre god bruk av tilskota til infrastrukturtiltak.  

Kontaktperson:
Stein Bomo, fmrosbo@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 72.