Fylkesnytt frå Rogaland 1/2021

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om at det manglar oversikt over bruk av opsjonsavtalar i Rogaland.

Manglar oversikt over bruk av opsjonsavtalar i Rogaland

Mange sperra nok auga opp då dei kunne lese om bonden som takka nei til 150 millionar til utbyggjarar i Time kommune. Statsforvaltaren i Rogaland har grunn til å tru det er opsjonsavtalar i bruk fleire plassar i fylket, men manglar oversikt over utstrekning og omfang.

Landbruksdirektoratet anbefalte i 2016 å regulere opsjonsavtaler om utbygging av dyrka og dyrkbar jord i jordloven i sin rapport:  Opsjonavtaler om utbygging av dyrka og dyrkbar jord –  hvordan sikre åpenhet og begrense bruken? Rapporten kom etter ei bestilling frå Landbruks- og matdepartementet. Inntektene frå opsjonsavtalar kan føre til lågare motivasjon for å satse på jordbruk, og press på lokalpolitikarar for å få omdisponert jordbruksareal til utbygging.

Forslaga i rapporten er ikkje ført til endra regelverk. Vi manglar framleis oversikt over kva betydning bruk av slike avtalar har for arealdisponeringane i Rogaland. Statsråd Bollestad (LMD) og statsråd Nikolai Astrup (KMD) har nyleg bedt kommunane om å ivareta jordvern og berekraftsmåla i kommunal arealplanlegging, noko som etter vår vurdering aktualiserer dette med regulering av opsjonsavtalar.

Vi har ved fleire høve peika på at opsjonsavtalar utfordrar jordvernet, m.a. då nemnte rapport blei lagt fram. Vi har også i ettertid gjort same erfaring, spesielt på Nord-Jæren der vi nå står føre fleire krevjande jordvernsaker. Statsforvaltaren i Rogaland vil særleg peike på at opsjonsavtalar utfordrar det som skal vere opne demokratiske prosessar i arealforvaltninga og samfunnsplanlegginga. Vi meiner at det framleis er eit behov for regulering av opsjonsavtalar, ikkje minst for å kunne følgje opp det nye brevet om å ivareta jordvern. Vi vil også peike på at regjeringa la fram forslag om å utgreie tinglysing av opsjonsavtalar som aktuelt tiltak i samband med oppdatert nasjonal jordvernstrategi i 2018.  

Kontaktperson:  
Anfinn Rosnes, anfinn.rosnes@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 89 80. 

Friskare gris med SPF i Rogaland

Vi har frisk gris i Noreg, men med SPF blir det ennå betre.
Vi har frisk gris i Noreg, men med SPF blir det ennå betre. Foto: Norsvin

Kvifor må vi snakke om SPF?

SPF står for «Spesifikk Patogen Fri», og brukast som forenkla namn på gris og besetningar som er fri for spesifikke sjukdomsbringande smittestoff. SPF-grisen er blant anna fri for APP, som er forkorting for namnet på bakterien som kan forårsake lunge- og brysthinnebetennelse hos gris. For å bli fri for APP må besetningane sanere og slakte ut heile grisebesetninga, og starte på ny med SPF-gris. God dyrehelse og dyrevelferd er grunnleggande verdiar for norsk husdyrhald. Omlegging til SPF gir betre dyrehelse og velferd, men omlegging aukar òg konsekvensen av smitte.

I Rogaland ligg grisebesetningane tett, spesielt på Jæren. Det er både kunnskap om og erfaring med luftsmitte innanfor ein viss avstand. Derfor involverer omlegging til SPF ofte fleire partar, både bønder og omsetning/transport av dyr i nabolaget. Gjennom prosjektet «Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland» som heile næringa er samla om, har behovet for eit koordinert arbeid for omlegging til SPF vore tema. Eit mål i prosjektet er at alle besetningar og grishus med SPF status får ein markør i temakart-rogaland.no, slik at det mellom anna blir lettare å måle avstandar og vurdere risiko for smitte. Ut av dette har prosjektet «Friskere gris med SPF-Rogaland og Vestland» starta. Prosjektet er eigd og skal drivast av fylkeslaga Norsvin Sørvest og Norsvin Sogn og Fjordane. Det blir tilsett ein prosjektleiar som skal hjelpe til med å planlegge konkrete saneringar, og kartlegge og planlegge områdesaneringar.

Omlegging til SPF er ei investering. Svinenæringa har over tid vore hardt pressa med overproduksjon og dårlege økonomiske rammer. Det har ikkje gitt rom for investeringar, og mange har opplevd ei usikker framtid. Difor er det mellom anna ein viss skepsis når det blir snakka om investering i purkene, helsa og grisen, sjølv om reknestykka viser god tilbakebetaling på investeringa. Frykta for re-smitte i dyretette område gjer det ikkje lettare. Næringa arbeider for at staten skal bidra økonomisk til bønder som legg om til SPF, for eksempel med tilskot per purke ved sanering. Vi trur òg at ei slik tilskotsordning er viktig for å lukkast.

Så kvifor må vi snakke om SPF? Koordinert saneringsarbeid blir avgjerande for å lukkast. Det er ein kjede av handlingar som gir konsekvensar for fleire. Nokre sanerer besetninga på grunn av sjukdom. Andre ønsker å sanere for å investere i purkene og få betre økonomisk resultat. Avlsbesetningar skal bli SPF innan kort tid og må sanere. Det vil vere behov for nye SPF avlsbesetningar som kan levere SPF livdyr. Summen av dette er at ingen startar i dag utan SPF, og det har det heller ikkje blitt gjort dei siste 10-15 åra. Faren for re-smitte må eliminerast gjennom områdesanering og kontrollert omsetning av gris.

Grisen er viktig for Rogaland. God dyrehelse og dyrevelferd er avgjerande. Vi gler oss til å sjå resultata av prosjektet «Friskare gris med SPF-Rogaland og Vestland. De kan lese meir om tema i Bondevennen i artiklane « SPF er ingen porselensgris» og «Trur på SPF innan 2030». 

Kontaktperson:  
Rolf-Gunnar Husveg, rolf-gunnar.husveg@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 89 88. 

Tomt for investeringsmidlar (IBU) i Rogaland

Allereie første veka i januar kunne Innovasjon Norge Rogaland melde om heile 42 innkomne søknader om investeringsmidlar, med samla søknadssum på om lag 39 millionar kroner. Ramma for IBU-midlar i Rogaland for 2021 er om lag 38 millionar kroner.  

Investeringsvilje i næringa er sjølvsagt positivt, men det er uheldig at det ikkje er midlar til prosjekt som normalt ville vore prioriterte. I særleg grad gjeld det mjølkefjøs i distrikta i den prioriterte gruppa for 15 –30 kyr basert på bruk av eigne beiteressursar.

Drift av mjølkekyr heim frå beite i Hå.
Drift av mjølkekyr heim frå beite i Hå. Foto: Annabell Pfluger

I Rogaland har landbrukspartnarskapet over fleire år særleg prioritert IBU-midlar til mjølkebruk på inntil 30 kyr, med klar distriktsprofil. Framleis er det over 500 (58 prosent) båsfjøs i Rogaland, og det er langt fram til å nå lausdriftskravet i 2034. Også i andre husdyrproduksjonar er det store investeringsbehov knytt til vedlikehald og oppgradering av husdyrrom av omsyn til dyrevelferd. Til dømes eggsektoren som i Rogaland har investert store summar for omlegging til frittgåande høner, stort sett utan bruk av IBU-midlar. Rogaland har om lag 30 prosent av svinehaldet, og også her er investeringsbehovet stort. Sjølv med betre marknadsbalanse er det ikkje mogleg å prioritere investeringsstøtte til svin, heller ikkje til oppgradering ved generasjonsskifte.

Når dei regionale midlane blir brukt opp så tidleg på året, blir det ekstra viktig å bruke ressursar på å få opp prosjekt innan grønt som kan få støtte gjennom den nasjonale potten, noko vi lykkast med i 2020. Det same gjeld omstillingsmidlane til pelsdyrnæringa.

Kontaktperson:  
Anfinn Rosnes, anfinn.rosnes@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 89 80. 

Bioenergisatsing i Rogaland – sirkulærøkonomi i praksis

Det er stort potensiale for å bruke meir grøn energi til oppvarming av større bygg.
Det er stort potensiale for å bruke meir grøn energi til oppvarming av større bygg. Foto: Statsforvalteren i Rogaland

Rogaland har dei siste 10 åra realisert mange flisbaserte varmeanlegg, både gardsvarmeanlegg og større varmesentralar. Langsiktig og målretta arbeid over tid gir gode resultat. Framover ser vi eit stort potensiale  for å legge om til fornybar oppvarming i energikrevjande produksjonar som kylling, smågris og veksthus. Dette er sirkulærøkonomi i praksis og bakgrunnen for at det blir satsa vidare på gardsvarme i Rogland.

Verdiskaping som varmar

I Rogaland er det no registrert totalt 56 biobrenselanlegg, og tilført energi frå lokalt skogsvirke er oppe i 45 GWh. Det er ei auke på 35 GWh frå 2011. 45 GWh varme svarar til 2250 einebustader med 20 000 KWh. Energibehovet utgjer om lag 24 000 m3 (fast) virke av lågaste kvalitet. Råstoffverdien er på om lag 5 millionar kroner, og med ein straumpris i gjennomsnitt på 80 øre/KWh tek ein ut verdiar for 36 millionar kroner årleg frå den delen av tømmerstokken med minst verdi og dårlegast kvalitet.

Over tid er det etablert eit profesjonelt produksjons- og leverandørapparat av flis i Rogaland. Deira kapasitet er vesentleg høgare enn etterspurnaden, og det er mogleg å utvide leveransane. Flis-/energiprisen for flis levert i silo hjå kunden ligg i dag i området 27 – 33 øre/kWh. Til samanlikning er prisen på naturgass omkring 60 – 70 øre/kWh.

På mange gardsbruk er bioenergi eit godt alternativ for oppvarming i energiintensive produksjonar, og det er eit stort potensiale for fleire anlegg. Dette gjeld særleg innan produksjon av kylling, smågris og veksthus, der forbruket av energi frå straum, naturgass og propan til oppvarming i dag utgjer omkring 200 GWh.

Prosjektsatsing basert på kompetanse og direktekontakt

I 2018 starta Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og Statsforvaltaren i fylka Rogaland og Vestland ei felles satsing for å informere og initiere meir bruk av bioenergi basert på lokalt skogsvirke i jordbruksproduksjonar. Satsinga ynskjer vi no å vidareføre i minst to nye år.

Prosjektleiar med lang erfaring, god kompetanse og direktekontakt med bøndene har vore alfa og omega i den fyrste prosjektperioden. Rådgivaren treff bonden gjennom informasjonsmøte med omvising i eksisterande gardsvarmeanlegg, og ein-til-ein rådgiving på gardsnivå. Bonden får ein forenkla forstudie som inkluderer vurderingar om forbruk, råstoffbehov og investeringskalkyler. Vurderingane kan bonden bruke direkte inn i ein søknad om investeringsstøtte, noko som bidreg til å senke terskelen for å ta kontakt med Innovasjon Norge.

Bioenergi til oppvarming i offentlege bygg

Det offentlege har ein særskilt moglegheit for å vere med å danne grunnlag for lokal varmeproduksjon gjennom å velgje oppvarming med fornybar energi i sine eigne bygg. Stor bygningsmasse, innkjøpskraft og sentral plassering av bygga gjer at etablerte anlegg i mange tilfelle kan utvidast til anna bygg eller legge grunnlag for etablering av nærvarmenett. Rogaland fylkeskommune og kommunane Eigersund, Sandnes, Karmøy og Vindafjord visar allereie veg ved å følgje opp sine eigne klima- og energiplanar og å konvertere til fornybar energi i eigne bygg.

Kontaktpersonar:  
Stein Bomo, stein.bomo@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 89 72. 
Birgit Sundbø Hagalid, birgit.hagalid@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 88 91

Pelsdyrproduksjonen er nær avvikla i Rogaland

Mink
Pelsdyroppdrettarane treng omstillingsmidlar. Foto: Arne J. Lyshol

I 2018 hadde kvar tredje pelsdyroppdrettar i Noreg bustadadresse i Rogaland, og nær 50 prosent av verdiskapinga i pelsdyrnæringa skjedde i vårt fylke. No visar det seg at avviklinga går mykje raskare enn forventa. 64 av 69 oppdrettarar med minkproduksjon har avvikla produksjonen. Så langt har 54 oppdrettarar fått utbetalt til saman 175 millionar kroner i kompensasjon for avvikling av hald av pelsdyr. Dei siste søknadene er venta inn i løpet av februar.

Behovet for omstillingsmidlar er derfor stort, og for mange er det frustrerande å få avslag eller melding om at det er tomt for omstillingsmidlar hos Innovasjon Norge. Dette handlar om personar, verksemder og familiar som har vore gjennom ein krevjande 3- årsperiode etter at vedtak om nedlegging kom i januar 2018. Dei aller fleste oppdrettarane vil vidare. Dei er klare for å starta på noko nytt, og er flinke til å mobilisere eigne ressursar som arbeidskraft og pågangsmot. Men, dei manglar kapital! Og tida renn ifrå dei. Mange opplever at kompensasjonen ikkje dekker verdiane som går ut av produksjon, og dei er difor heilt avhengige av å få støtte for å kome i gong med noko nytt på gardane.

Kontaktperson:
Eli Munkeby Serigstad, eli.serigstad@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 89 62.