Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 2/2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om kystlynghei som utvald naturtype – Rogaland har store og viktige område.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Forslag om kystlynghei som utvald naturtype Rogaland har store og viktige område  

Det er ofte kamp om areala i Rogaland. Lyngheiane er ikkje noko unntak i så måte. Avveginga mellom moderne bruk og vern av kystlyngheiane har engasjert mange i det siste. Dette blir spesielt utfordrande sidan nøkkelen til å ta vare på kystlyngheiane ligg i frivillige avtalar og god dialog med jordbruksnæringa. Tilskot til kystlynghei er prioritert i Regionalt miljøprogram, og årleg blir det brukt om lag 2,5 millionar kroner til  å skjøtte over 70 000 dekar naturbeitemark og kystlynghei.  

Rogaland har store areal kystlynghei, og dette medfører ansvar for å ta vare på naturtypen, og nøkkelen til god skjøtsel ligg oftast i frivillige avtaler og god ein dialog med bøndene. 

Lyngheier
Lyngheier (Foto: Audun Steinnes)

Interessekonflikt
Det er engasjement kring kystlynghei i Rogaland, og fleire av dei større låglandsheiane har stor verdi for friluftslivet. Vi ser også ein tydeleg interessekonflikt mellom bevaring av naturtypen og jordbruket som ønskjer å utvide ressursgrunnlaget sitt, skogbruket som ønskjer å bruke attgroingsareal til verdiskapande skogreising og klimaskog og kraftselskapa som vil bruke områda til vindmølleparkar. 

Biletet er svært samansett i Rogaland. Fleire stader er kystlyngheia prega av attgroing og utfordringa er å finne føretak som er interesserte i å bruke områda til beite. Andre stader som t.d. på Jæren er presset på areala stort. For bonden er, og har vore, oppgjødsling av utmark til beite og nydyrking av utmark viktig for å auke driftsgrunnlaget sitt. 

Forvaltning
Forvaltninga står framom ei viktig oppgåve med å gjere gode vurderingar og vektingar i enkeltsaker slik at både omsyn til natur og landbruk blir tatt.  For å gjere gode avklaringar må det vere opplyst kva verdiar områda har. Det stiller store krav til kvaliteten på registreringane i Naturbasen.  Slik det er i dag er det diverre mange unøyaktige kartavgrensingar i Naturbasen hos Direktoratet for Naturforvaltning. Til dømes at fulldyrka areal,  gjødsla innmarksbeite og skogareal  ligg inne i område registrert som kystlynghei. Status som utvald naturtype gjer at det må setjast inn ressursar for å heve kvaliteten. 

I Rogaland med mange beitedyr vil det stadvis vere press for å gjødsle opp utmarka til beite. Regelverket kring bruk av mineralgjødsel og kalk i utmark er uklart, og det har etablert seg ein ”to-trinns-modell”  der det først brukast mineralgjødsel som fremmar grasveksten. Etter at det biologiske mangfaldet på bakken er endra fullstendig, finn kommunen grunnlag for å godkjenne arealet som innmarksbeite. I mange tilfelle blir innmarksbeitet godkjend som spreieareal, og det blir så brukt husdyrgjødsel på beitet.  Fylkesmannen meiner ei utviding av nydyrkingsforskrifta til å også omfatte oppgjødsling av utmark vil gi betre forvaltning i staden for meldeplikt i område med utvalde naturtype. 

Når er kystlynghei  kystlynghei, og arealet omfatta av forskrift om utvalde naturtypar?
I skogbruket er attgroingsareal heilt klart interessant i klimaskogsamanheng. Her er det avgjerande at det er tydeleg kva areal som blir omfatta av forskrifta, og særleg gjeld det kor stor grad av attgroing areala kan ha før dei ikkje lenger er å sjå på som kystlynghei. Heilt sidan standard om ”Levende skog” vart innført har tilplanting av skog på open røsslynghei ikkje vore tillate. 

Lyngheier i Ognøy
Lyngheier i Ognøy. (Foto: Arne Jostein Lyshol)

Dei karta som er tilgjengelege viser at store flater er kartlagt både med skog og med kystlynghei. Her er det nødvendig med rettleiing for korleis attgroingsareal skal tolkast. Definisjonen i forskrifta  lyder: ”…med kystlynghei menes åpne, heipregede og trebare områder dominert av dvergbusker, først og fremst røsslyng”. I kartlegginga er det tatt omsyn til kva areal som nokolunde enkelt  kan tilbakeførast dersom det blir innført rett skjøtsel. Vi legg til grunn at handbøkene for registrering av naturtypar fangar opp definisjonen slik den blir ståande etter at prosessen med kystlynghei som utvald naturtype er ferdig.   

Arealproduktiviteten avhengig av drenering og jordfysisk tilstand 

Det har lenge vore ein sporadisk innsats på informasjon om drenering i Norge. Fylkesmannen i Rogaland har i tett samarbeid med Bioforsk Vest Furuneset samordna ein innsats for å samle og spreie kunnskap om praktisk drenering. Nedslagsfeltet for satsinga er fylke langs kyst-Noreg med nokolunde like klimatiske vekstvilkår og driftssystem. Med økonomisk støtte frå Statens landbruksforvaltning og frå landbruksavdelingane hos fylkesmannen langs kysten frå Aust-Agder til Møre og Romsdal, er arbeidet no godt i gang. 

Ein artikkelserie om praktisk drenering publiserast i desse dagar gjennom fagtidsskriftet Bondvennen. 8 av 15 temaartiklar om drenering er så langt publiserte. Det var eit mål å forankre artikkelserien fagleg, i relevante problemstillingar for landbruket på Sørvest- og Vestlandet. Dyktige fagfolk i offentleg og privat sektor, Bioforsk, Norsk landbruksrådgiving langs Sørvest- og Vestlandet og NILF har alle medverka med artiklar. 

God drenering grunnlaget for god plantevekst
Godt drenert jord er ein føresetnad for å nå mål om auka matproduksjon der omsyn til miljø og klima så langt som mogleg, blir ivaretatt. Å satse på drenering betyr å legge sjølve grunnlaget til rette for å betre plantevekst, auke plantene si utnytting av tilført gjødsel maksimalt, betre kvaliteten på planteprodukt, redusere jordpakking, gjere landbruksdrift meir fleksibel, minske klimagassutslepp og redusere avrenning frå jordbruksjord. God vasstilstand i jorda som ein konsekvens av god og rett drenering, er ein føresetnad for å betra utnyttinga av det samla vekstpotensialet i jord. 

Delen av jordbruksarealet som treng fornya drenering har auka vesentleg dei siste 20 - 30 åra. I same tidsperiode har det vore forska lite på temaet drenering. Det er også blitt langt færre fagfolk med god kunnskap om drenering. Difor er det er viktig å ta vare på eksisterande dreneringskunnskap, og å formidle denne kunnskapen vidare. Det er i tillegg behov for å fornye og å oppdatere kunnskapen om drenering kombinert med gode praktiske løysningar.  

Vassjukt
Vassjukt (Foto: Nono Dimby)

Informasjonsmateriell
Innan 30. mars 2013 skal artikkelserien i Bondevennen vere samla i eit faghefte om praktisk drenering. Dette fagheftet vil bli distribuert til bønder, entreprenørar, rådgivingstenesta i landbruket og andre interesserte. 

Det skal utarbeidast ei internettbasert utgåve og ein presentasjonsserie om praktisk drenering som bygger på fagheftet. Desse presentasjonane er mynta på foredragshaldarar som treng fagstoff til kurs og informasjonsmøte om drenering. 

Fagheftet skal samen med ein forskingsbasert rapport om drenering, brukast som faggrunnlag i ei rekke seminar og fagmøte om drenering som skal arrangerast over Sørvest- og Vestlandet opp til Møre og Romsdal i løpet av våren 2013. 

Skal bøndene investere stort i drenering, bør dei vite kvifor det gjer dette, korleis det skal gjørast og stille krav til at det blir gjort på rett måte.   

Kontaktperson: Nono Dimby, nono.dimby@fmro.no  tlf. 51 56 89 78.
 

Regionalplan Jærenskal sikre kompakt byutvikling, kollektivutbygging og  jordvern 

Langsiktig grense landbruk og kjerneområde landbruk ligg fast i forslag til revidert plan. Dette har ikkje vore ein del av planrevisjonen. Arbeidet med revisjon av gjeldande fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren har halde på sidan 2008.

Regionalplan for Jæren er ein revisjon av Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren, vedtatt  i Fylkestinget 10.10.2000 og godkjend i kongeleg resolusjon 04.05.2001. Det reviderte planforslaget har i haust vore på høyring.  Arbeidet har konsentrert seg om plantema med behov for oppdatering og forsterking av regionale løysingar.

Planforslaget som har vore ute på offentleg ettersyn er resultat av eit  krevjande og omfattande samarbeid mellom Rogaland fylkeskommune og dei involverte kommunane, Fylkesmannen i Rogaland og Statens vegvesen.

Planforslaget
Regionalplan for Jæren legg overordna føringar for byutviklinga på Jæren. Planen legg opp til samordning av areal- og transportpolitikken samstundes som omsyn til jordvern, kulturminne, naturvern og friluftsliv skal sikrast i eit langsiktig perspektiv. Planen omfattar dei 10 kommunane Stavanger, Sandnes, Sola, Randaberg, Time, Klepp, Hå, Gjesdal, Rennesøy og Strand, og er retningsgivande for kommunen si planlegging.

Revisjonsarbeidet har fokusert på nokre område, arealutnytting/bumiljø, transport og lokaliseringsstyring av handel. Planen sine grunnleggande og strukturerande grep som langsiktig utbyggingsretning, langsiktig grense landbruk, kjerneområde landbruk og regional grøntstruktur, er ikkje revidert.

Det er eit eige kapittel i planen som særleg har fokus på kjerneområde landbruk, der det er utforma eigne retningsliner for LNF-område – jf. kapittel 7. Det er ei kjend sak at spreidd utbygging, på lik line med utbygging etter plan, er ein trussel mot jordvernet og det aktive landbruket.  Ambisjonen med retningslinene er å avgrense spreidd utbygging i kjerneområde landbruk.

      Forside Regionalplan for Jæren

Fylkesmannen i Rogaland støttar planforslaget
Fylkesmannen har i uttale til planforslaget gitt klårt uttrykk for at vi støttar hovudgrepa i planforslaget, samstundes som vi rår til viktige endringar. Vi meiner ambisjonen når det gjeld kollektivsatsing er for låg, og også når det gjeld arealunytting i byggeområde. Vi har særleg innvending mot å opne opp for utviding av tettstader i kjerneområde landbruk utanfor hovudstrukturen – sjå kommentar til pkt. 7 i oppsummering av uttalen. 

Kontaktperson: Dagfinn Hatløy, 51 56 89 79.
 

Småkraft og lokal verdiskaping 

Det er i mange kommunar i Rogaland stor interesse for småkraftutbygging. Det gir ofte gode tilleggsinntekter til bøndene. Men for å sikre lokal verdiskaping over tid er det nødvendig at kommunane gjer jobben sin under jord- og konsesjonslovbehandlinga. Alternativt vil ofte inntektene frå småkraftverka etter kvart ende opp utanfor kommune og distrikt. 

Inntekter frå småkraft fører til optimisme i landbruket og lokal verdiskaping og vekst, der inntektene går til grunneigarane. Mange avtalar om bortleige av fallrettar og sal av kraft, både i Rogaland og elles i landet, er etablert av og for grunneigarar. Kommunane har så tillate utbygging på bakgrunn av dette. Men altfor mange avtalar er utforma slik at eigarskap til kraftverk og fallrettar, ikkje blir knytt til gardsbruka. Dvs. at t.d aksjane i kraftverk, inklusiv kraftinntekter, kan seljast fritt. 

Inntekter frå utleige av fallrettar utgjer no kring 10 prosent av verdien på sal av småkraft. Skal småkraftutbygging tillatast fordi den fører til lokal samfunnsutvikling, så er det viktig at både fallrettar og eigarskap i kraftverka blir knytt til dei involverte landbrukseigedomane. Dette har kommunane myndigheit og verktøy til å sikre. 

Fossefall
Fossefall (Foto: Lars Slåttå)

Handsaming etter jord- og konsesjonslova
Kommunane avgjer saker etter jord- og konsesjonslova. Dei kan i stor grad påverke eigarskap til både fallrettar og kraftverk gjennom vedtaka sine. Fylkesmannen blir berre høyrt i kraftverkssaker der ein søkjer konsesjon, eller der etableringa krev dispensasjon frå kommuneplanen etter plan- og bygningslova.      

Vi vil anbefale kommunane å setje seg inn i vilkåra for kva som er gode avtalar for dei involverte gardsbruka, og knyte vedtak etter jord- og konsesjonslova opp mot etablerte avtalar. Dersom avtalane er mangelfulle ift. å sikre dei langsiktige landbruksinteressene, bør kommunen stille vilkår som sikrar at avtalane får det innhaldet dei bør ha. I motsett fall blir gardsbruka og lokalsamfunnet tappa for sikre, langsiktige inntekter, og då bør kommunen truleg ikkje tillate verken frådeling av kraftverkstomt eller langsiktig utleige av fallrettar.   

Vi rår til at følgjande vilkår blir følgt opp og spegla av i kommunane si saksbehandling av småkraftsaker etter jord- og konsesjonslova:

  • Før kraftverket blir sett i drift må det føreliggja avtalar som sikrar tilfredsstillande inntekter frå utleige av fallrettar til kraftverket i avtaleperioden, og ved etablering av ny avtale etter avtaleperiodens utløp.
  • Fallrettane skal ikkje kunne frådelast gardsbruk og seljast i avtaleperioden, eller etter at denne er avslutta/forlenga eller reforhandla.
  • Dei involverte bruka må sitje att med ein stor nok del av verdiskapinga/inntektene frå kraftsalet i avtaleperioden, og ved etablering av ny avtale etter avtaleperiodens utløp.
  • Det må føreliggja ein innløysingsrett, som sikrar at eksisterande og framtidige fallrettseigarar overtek fallrettar og kraftverk ved avtaleperiodens slutt. 

Forankring av saksbehandlingsrutinar i kommunale planar
Jølster er ein av dei kommunane i landet som har flest mini- og småkraftverk. Den har sjølv innført ein praksis med tydelege vilkår for løyve til vasskraftutbygging etter jord- og konsesjonslova. Det er generell buplikt i kommunen, og over halvparten av gardsbruka i kommunen har inntekter frå vasskraftutbygging. Utviklinga i landbruket er positiv, og kraftinntekter blir reïnvestert i landbruksdrifta. Det er stor interesse for å ta over gardsbruk, som har inntekter frå utleige av fallrettar og sal av kraft. 

Vi anbefaler alle kraftkommunar om å forankre behandlinga av framtidige kraftutbyggingssaker i kommuneplanen og landbruksplanen, saman med dei nødvendige krava etter jord- og konsesjonslova. Dette vil forenkle saksbehandlinga, sikre likebehandling, skape føreseielege etableringsvilkår og ikkje minst at inntektene går til landbruket også på lang sikt. 

Vi viser elles til våre vurderingar i ei konkret sak i Lund kommune, om korleis kommunane kan utforme sine vedtak etter jord- og konsesjonslova.

Kontaktperson: Robijne Verstegen tlf. 51 56 89 91.
 

Ny bruk av trevirke 

Kan norsk trevirke medverka til å henta ut meir attverande olje i gamle oljebrønnar? Ja, meiner gründerselskapet GOE IP. Ideen går ut på å stoppa vassgjennomslag i oljereservoar ved hjelp av cellulose-etande bakteriar. Fylkesmannen i Rogaland har hatt kontakt med selskapet sidan før sommarferien.  

Etter kvart som oljebrønnane tømmast, blir opphenta olje meir og meir blanda med vatn. Næringa er av økonomiske grunnar på leit etter metodar å stoppa vassgjennomslaga på. Svært spesialiserte bakteriar har vist seg å kunna gjera denne jobben, i alle fall i laboratorieforsøk. Bakteriane dannar pluggar som hindrar vatnet i å bli pumpa opp. 

Viss resultata frå laboratorieforsøka ved IRIS (International Research Institute of Stavanger) blir verifiserte gjennom eit pilotprosjekt ute på sokkelen, vil det kunna hentast ut inntil 8 prosent meir olje. Dette har i så fall i følgje GOE IP ein verdi på over 1000 milliardar kroner. 

Med usikre tider for tradisjonell bruk massevirke, kan nye behov for trevirke av liknande kvalitetar i stor skala vera svært interessant. Og sjølv om det står att mykje forsking og utprøving, er det på det reine at behovet for trevirket dreier seg om fleire hundre tusen kubikkmeter. 

GOE IP er inkubatorselskap i Ipark Stavanger, og Fylkesmannen held kontakt vidare bl.a. gjennom Ipark. GOE IP deltok nyleg på Accel-programmet, eit program for kommersialisering av forsking og mentorhjelp til gründerar.

Kontaktperson: Lars Slåttå, tlf. 51 56 89 70.

Til toppen