Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 2/2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om sommaren som regna bort.

Sommaren som regna bort

I sommar har det i Rogaland ikkje vore ei veke samanhengande utan nedbør. Nedbørsmengda ved utløp av september har passert det som er normalt for eit heilt år. Den regnfulle sommaren har ramma dei fleste bøndene. Både førsteslåtten og andreslåtten blei forseinka. Heldigvis blei den siste veka i september varm og tørr, og mesteparten av slåtten er nå hausta.  Dei store, tunge maskinane på dei blaute jordenehargitt mange, synlege køyreskader, og vi må rekna med at ein del grøfter er øydelagde. Dette vil på kort sikt gi reduserte avlingar.  

For komande vinter vil det truleg vera nok grovfôr i mengde/volum, men kvaliteten vil variera ein god del. Ein del føretak kompenserer for dårlegare grovfôr med meir kraftfôr, for å oppretthalda produksjonen av mjølk og kjøt.    

Erstatningssøknader avlingssvikt

Vi reknar med det vil koma ein del søknader om erstatning for klimabetinga avlingssvikt.  Mesteparten av gras- og kornareala er hausta, medan det står att ein god del areal med potet.  For frukt og bær er det nokre føretak som har fått skader av kraftige byger med hagl.

Gjødselspreiing

Med det regnfulle veret fekk mange føretak ikkje spreia ut husdyrgjødsel innan fristen 1.september, og kommunane ga dispensasjon til forlenga frist for gjødselspreiing utan nedmolding. Med omsyn til både agronomi og miljø bør mesteparten av gjødsla spreiast ut tidleg i vekstsesongen. Forutan det fuktige veret dette året, er utfordringa for mange føretak at lagerkapasiteten er relativt liten. 

Kontaktperson:
Birger Aasland, e-post: fmrobaa@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 87. 

Tømmerkaier i millionklassen

Landbruksdirektoratet har i år tildelt 72 millionar kroner til tømmerkaier i Norge. 20,6 av desse har hamna i Rogaland, nærare bestemt Eigersund og Sauda kommune.

Tildelinga kjem som eit resultat av samarbeid mellom både forvaltning, næring og politikare om å finne gode løysningar for å utnytte tømmerressursane som er i fylket. Tømmerkaiene som det skal investerast i, vil sørge for at tømmer frå skogen blir effektivt transportert til foredlingsindustrien.

I Egersund hamn er det berekna at tømmerkaien vil kunne ha ei årleg utskiping av 50 000 m3, og dette er berre ut frå granvolumet. Potensialet er endå større viss andre treslag blir inkludert, og ikkje minst viss tømmer frå Agder blir tatt med i berekninga. Prosjektet har fått løyvd 19 millionar, og vil dekke dei søre delane av Rogaland.

Det er også løyva 1,6 millionar kroner til tømmerkai i Saudasjøen. Her er det mindre investeringar som skal gjerast. I Saudasjøen viser berekningane at det årleg kan skipast ut 20 000 m3 tømmer.

Tømmer klar for utskiping.
Tømmer klar for utskiping. Foto: Elisabeth Schmidt

Desse investeringane vil gi føreseielege rammer for tømmertransporten og gjere det enklare å få selt tømmeret vidare til bedrifter. Utskipingane vil innebere at verdiar i millionklassen frigjerast når tømmeret kan gå vidare til industrien og auka sin verdi. Dette er eit stort løft for skogbruket i Rogaland.

Kontaktperson:
Stein Bomo, e-post: fmrosbo@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 72.  

Løyvingar i tråd med strategi for IBU-midlar i Rogaland!

Oversikt frå Innovasjon Norge Rogaland viser at 76 prosent av IBU-midla er løyvd til prosjekt utanom Jæren. Dette er i tråd med distriktsprofilen avtalt i partnarskapet. Det har vore stor etterspurnad etter midlar, med løyving på 47 millionar til 103 prosjekt. Auka produksjon av storfekjøt har vore eit prioritert område også dette året, og det er her løyvd over 12 millionar i 34 saker som gjeld ammekyr. Vi har elles hatt eit særleg fokus på ny fruktproduksjon, og det er forklaringa på at om lag 10 % av midlane er løyvd til fruktsatsing. Det er over 10 nye fruktprodusentar, og det nye fruktpakkeriet i Årdal i Ryfylke er i drift.

Nytt fjøs blir bygd.
Nytt fjøs blir bygd. Foto: Anfinn Rosnes

Vi registrerer stor investeringslyst i Rogalandslandbruket og stor etterspurnad etter IBU-midlar, og det er difor nødvendig med ei streng prioritering. Det er god dialog i partnarskapet om denne prioriteringa.

Kontaktperson:
Anfinn Rosnes, e-post: fmroaro@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 80.  

Sårbar på dyrehelse, men handlekraftig

Husdyrproduksjonen i Rogaland er sårbar på grunn av stor dyretettleik, nærleik til kontinentet, mykje reiseaktivitet, stort omfang av utanlandsk arbeidskraft, handel med maskinar og utstyr, og nå i det siste med aukande import av dyr (spesielt kjæledyr).

«Stopp spreiinga av smittsame sjukdommar» er eit prosjekt som blei initiert hausten 2016 av bønder som fekk utfordringar med klauvsjukdommen Digital dermatitt i sine storfe-buskapar. Det blei sett i gong eit omfattande arbeid med å involvere aktørar som ville ha interesse for resultatet av prosjektet. Prosjektleiar er TINE, og med seg har dei Q-meieriet, Nortura, Fatland, Prima Jæren, samt respektive produsentlag, Tyr, Klauvskjerarlaget, Veterinærforeininga, Mattilsynet og Fylkesmannen i Rogaland.

Alle dei involverte aktørane har etterlyst ein meir koordinert prosess og meir målretta tiltak for kunnskapsbygging med tanke på smitteførebygging. Difor er det viktigaste tiltaket nå å få spesialutdanna veterinærar i kontakt med flest mogleg bønder. Aktørane har blitt utfordra til å lage i stand møteplassar for bønder, gjerne «små møte i små bygder». Veterinærane legg i sine føredrag vekt på at bøndene i større grad må verne om sin eigen gard, som til dømes rett bruk av smittesluse, restriktiv tilgang for sjåførar og andre som går mellom gardsbruk, bruk av klauvskjerar og reglar ved import av dyr og utstyr. I tillegg blir det gitt råd og rettleiing for observasjon av og behandling av diagnostiserte dyr. Det er sett av god tid på møta til deling av kunnskap og ikkje minst erfaring.

Kjøttfe.
Kjøttfe. Foto: Geir Skadberg

Husdyrprodusentane i Rogaland har ei stor utfordring med å stoppe smittsame sjukdommar. Prosjektaktørane meiner at dette skal la seg gjere, men da må heile mat-verdikjeda løfte i lag. Og det er det vi er i gang med no. Dette prosjektet er berre starten på eit meir omfattande arbeid som vil strekke seg over fleire år. Det er mellom anna aktuelt å kople dette prosjektet på eit nasjonalt forskingsprosjekt innan Digital dermatitt.

Styresmaktene, ved Mattilsynet og Fylkesmannen, har eit særskilt ansvar for beredskapsarbeidet på landbruksområdet. Beredskap handlar mykje om førebygging og å gjere næringa og dei ulike instansane så gode som mogleg. Innsikt, respekt og samarbeid er nøkkelen til best mogleg førebygging.

Kontaktperson:
Eli M. Serigstad, e-post: fmroese@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 62.  

Arbeidet med jordvernstrategi for Rogaland i gang 

Jordvern er ei særleg utfordring i matfylket Rogaland. Eit samrøystes Fylkesutval vedtok i mai å lage eigen jordvernstrategi som ei oppfølging av den nasjonale jordvernstrategien. 

Nå er arbeidet i gang, og målet er å ha ferdig framlegg til Fylkestinget tidleg i 2018. Strategiarbeidet er organisert gjennom eit eige sekretariat med representantar frå Fylkesmannen og Fylkeskommunen, og det er peikt ut ei eiga ressursgruppe med representantar frå landbruksnæringa, jordvernforeining, kommunar, regionråd, næringsliv, forsking og miljøvernsektor. Ressursgruppa er leia av landbruksdirektør Geir Skadberg. Første møte i gruppa var den 9. september, der det var klar semje om at vi må redusere avgangen av jordbruksareal. Det kom også fram at vi må skaffe til veie eit betre kunnskapsgrunnlag for å kunne konkretisere mål og tiltak i strategien. Kompenserande tiltak vil også vere eit sentralt tema i det vidare arbeidet. Neste møte i ressursgruppa er avtalt til 17. oktober, der vi vil gå meir konkret inn på dei aktuelle punkta. 

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal informerte om status i arbeidet med strategien på jordvernkonferansen i Haugesund den 2. oktober, der ho framheva at ambisjonen er å etablere eit regionalt politikkdokument relativt raskt for å kunne vere eit grunnlagsdokument i komande regionale og kommunale planprosessar.

Vetafjellet i Sandnes
Gode jordbruksareal tett på byen. Foto: Anfinn Rosnes

Kontaktperson:
Anfinn Rosnes, e-post: fmroaro@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 80.