Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 2/2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om krevjande jordvernsaker i Rogaland – datalagring eller matjord.

Krevjande jordvernsaker i Rogaland – datalagring eller matjord?

Det er, logisk nok, krevjande å arbeide med jordvern i Rogaland. Historisk sett er det omdisponert for mye god jord i regionen. For tida har vi fleire og nokre meir krevjande plansaker enn vanleg, og jordvernet får meir merksemd hjå folk og i media.

Vi kunne ha skrive om ny E-39 frå Ålgård til Lyngdal, eller om nytt dobbelspor på Jær-banen, men vel å trekke fram planar om datalagringssentre. Etablering av nye datalagringssentre har fått mykje merksemd i Rogaland det siste året, særleg planen om eit omfattande senter ved Kalberg i Time kommune. Her planlegg Green Mountain, saman med det interkommunale kraftselskapet Lyse, eit stort anlegg. Det er ikkje endeleg avklart kor mykje areal anlegget vil krevje, men i planprogram er det skissert behov for opp mot 2000 dekar. Om lag 700 dekar av dette er jordbruksareal, dyrka jord og innmarksbeite. Og då er det bevisst søkt å unngå at viktige jordbruksområde er med i planområdet ved å dele området opp i tre parsellar. Fylkesmannen har i uttale til planprogram for kommuneplan for Time (fase 2) den 18.06.2020 peika på store konfliktar med natur- og jordvern. 

Delar av Kalberg der det er tenkt datalagringssenter.
Delar av Kalberg der det er tenkt datalagringssenter. Foto: Anfinn Rosnes, Fylkesmannen i Rogaland

Lokalisering av datalagringsentre er også eit nasjonalt spørsmål

Det skulle være unødvendig å etablere slik arealkrevjande næringsverksemd i tilknyting til jordbruksområde på Jæren, sjølv om det er gunstig sett i høve til kraftforsyning. Det siste må bli vurdert i samanheng med den totale kraftproduksjonen, og med forsyningssituasjonen i regionen totalt sett. Etter vår vurdering må det gjerast ei meir overordna prioritering, helst på nasjonalt nivå, av eigna stader for slik industri av større omfang. Slike overordna vurderingar vil også kunne fremje lokaliseringar med eit lågare konfliktnivå i høve til ulike verneinteresser. Vi har ved fleire høve vist til Gismarvik i Tysvær som eit alternativ. Her ligg eit stort og planavklart næringsområde med potensiale for utviding. Her blir det frå 2026 god tilgang til kraftforsyning. Det er elles nyleg fremja planar for eit stort anlegg i Bjerkreim til datalagring, ikkje langt frå Kalberg i Time.

Med utgangspunkt i dei store arealbehova det er snakk om for dei største dataaktørane, må vi sjå ut over kommunegrensene når løysingar skal vurderast. Saka illustrerer også at det er behov for å vurdere denne typen næringsutvikling i eit interkommunalt og regionalt perspektiv. Ei slik tilnærming kan gi betre grunnlag for å realisere slike nasjonalt prioriterte anlegg. Anlegga kan gi mange sårt tiltrengde arbeidsplassar, og det er klare samfunnsinteresser knytt til nyetablering. Det er samstundes noko uklart kor mange arbeidsplassar slike anlegg gir, særleg i driftsfasen. Vi ser ein tendens til at lokalisering blir ein konkurranse mellom regionar og kommunar, noko som vil vere særs uheldig dersom det fører til større tap av god jordbruksjord. Særleg i ei tid der det er meir merksemd på jordvern. Vi ventar i desse dagar på formell høyring av planutkast med KU for planane frå Time.

Kontaktperson:
Anfinn Rosnes, fmroaro@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 80.

Pærebrann i kommersiell fruktproduksjon

For fyrste gong blei plantesjukdommen pærebrann funne i kommersiell fruktproduksjon i Noreg i sommar. Alle trea på eit nyplanta felt med eple i Strand kommune måtte fjernast etter vedtak frå Mattilsynet. I tillegg blei pærebrann funne hos to produsentar i Dalane.

Pærebrann er ein bakteriesjukdom med ei rekke vertsplanter, og gjer stor skade i eple- og pæreproduksjonen i mange land. I Noreg blei skadegjeraren funne for fyrste gong i 1986, og har sida spreidd seg på Sørlandet og Vestlandet. Det er fyrst og fremst mispelartar, særleg bulkemispel, som har blitt smitta hos oss.

Pærebrann på nyplanta eple i Strand kommune i juli 2020.
Pærebrann på nyplanta eple i Strand kommune i juli 2020. Foto: Karen Beate Grimstad, Fylkesmannen i Rogaland

Mattilsynet brukar mykje ressursar på å fjerna mispel i områda med smitte, med ei målsetning om at pærebrann ikkje skal koma til dei store fruktområda på Vestlandet og smitta over i fruktproduksjonen. I januar i år blei den gamle pærebrannforskrift erstatta av ei ny forskrift om å forebygga, avgrensa og setja i gang tiltak mot pærebrann. Kommunane på Vestlandet og Sørlandet er sett i pærebrannsone, «bekjempingssone» eller forebyggande sone. Store delar av Rogaland ligg i «pærebrannsona» - det vil seia i område der pærebrann er så utbreidd at smitta planter normalt ikkje blir rydda. Dersom det blir funne pærebrann i fruktplantingar i desse områda, vil Mattilsynet som hovudregel ikkje gripa inn. Då er det produsenten sitt eige ansvar å bekjempa sjukdommen, og produsenten vil heller ikkje få dekka noko av tapet gjennom den offentlege erstatningsordninga.

I Rogaland har det dei siste åra blitt planta ein del eple i det som no definerast som «pærebrannsona». Det kan virka som om det har vore lite fokus på faren for smitte av pærebrann til fruktproduksjon – både i næringa og rådgjevingsapparatet. Situasjonen som oppstod i Rogaland i sommar, med ekstrem varme då vårplanta tre blømde seint, var spesiell. Likevel må me planlegga for at slike situasjonar kan oppstå oftare framover. Det er ikkje berre i Rogaland at fleire har starta opp med fruktproduksjon utanfor dei tradisjonelle fruktdistrikta regelverket legg opp til å beskytta mot spreiing av pærebrann.

Fylkesmannen i Rogaland ser at det er eit behov for at dyrkarane, rådgjevinga og alle som er involvert i satsinga på meir fruktproduksjon blir meir bevisste på pærebranntrusselen. I Rogaland har Fylkesmannen og Mattilsynet starta ein dialog, og Mattilsynet vil trekka inn rådgjevingsapparatet i fyrste omgang. Fylkesmannen vil ta med seg sommarens utvikling til neste møte i partnarskapen, og diskutera om det skal differensierast i moglegheita for å få støtte ut frå om ein ligg i eit område med mykje pærebrannsmitte.

Figur: Tonje Fjermestad Aase, Fylkesmannen i Rogaland. Det er ein god del fruktproduksjon i pærebrannsona i Rogaland.
Figur: Tonje Fjermestad Aase, Fylkesmannen i Rogaland. Det er ein god del fruktproduksjon i pærebrannsona i Rogaland.

Kontaktperson:
Karen Beate Grimstad, fmrokbg@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 40.

Digitale forvaltningskontrollar – erfaringar og vegen vidare

Når koronaen slo til i vår og samfunnet blei meir eller mindre stengt ned, hadde vi allereie planlagt forvaltningskontrollane for 2020. Ein forvaltningskontroll blei gjennomført 12. mars, men korleis skulle vi gjennomføre dei fire neste?

Vi bestemte raskt at kontrollane skulle gjennomførast med bruk av digitale verktøy. Vi hadde allereie bestemt at kommunane på førehand skulle få oversikt over enkeltsakene vi hadde spørsmål til. Då kunne kommunane vere betre førebudd. I staden for vanleg intervju og sluttmøte hos kommunen, bad vi om skriftleg tilbakemelding frå kommunane på dei sakene vi hadde sendt ut. Videre bad vi om å få innsendt kommunane sine rutineomtaler for saksbehandling. Etterpå hadde vi samtaler med saksbehandlar i kommunen via Teams for å få avklart ting vi lurte på. Sjølve sluttmøtet er også blitt gjennomført via Teams.

Erfaring og vegen vidare

Vi har erfart at det er fullt mogleg å gjennomføre digitale forvaltningskontrollar, berre dei er godt planlagde. Det krev at vi sender ut spørjeskjema til kommunane i forkant, og får inn skriftlege svar, eller svar frå saksbehandlar under digitale møte. Intervju med saksbehandlarane i kommunane fungerer bra via Teams. Sluttmøtet via Teams fungerer også bra, men ein direkte dialog med fysisk møte ute i kommunen hadde vore ønskeleg.

Så alt i alt har vi fått positive erfaringar med digitale forvaltningskontrollar. Men det er ikkje tvil om at fysiske møte gir noko meir enn digitale møte.

Kontaktperson:
Sissel Endresen, fmrosce@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 60.

Sirkulærøkonomi på sitt beste

Landbruket har gode føresetnader for å bli ei reindyrka ressursnæring, der ordet avfall er sletta frå vokabularet. Ressursane går inn i nye økonomiske kretsløp med ny verdiskaping. Reve Kompost AS har dette som forretningsidé.

Reve Kompost AS på Jæren er ei lita familiebedrift med ein historie som strekk seg over 50 år. Thore Refve er pioneren og starta tidleg med kompostering. Prøving og feiling var uunngåeleg, og etter nokre år hadde han oppskrifta på kompost av rett kvalitet. Bedrifta som blei etablert i 2004 er mottakar av ulike organisk fraksjonar. Desse blir komposterte og resirkulert til jordforbetrings- og gjødselprodukt. Dagens anlegg er truleg eit av dei mest moderne vi har i landet.

Geir Skadberg og Thor Refve i den nye hallen til Reve kompost.
Geir Skadberg og Thor Refve i den nye hallen til Reve kompost. Foto: Anfinn Rosnes, Fylkesmannen i Rogaland

Nye generasjonar har overteke og omsetnaden i 2019 var på drygt 8,1 millionar kronar. Det er gjennom åra investert over 30 millionar kroner i anlegget. Her får bedrifta inntekter ved både «inngangen» og «utgangen». Det tas sjølvsagt betalt for både mottak og for sal av ulike produkt. Bedrifta kan årleg ta imot inntil 25 000 tonn organisk materiale. Dette ligg i den offentlege godkjenninga, som set klare krav til mottak, lagring og handsaming. Reve har godkjenning for å handtere husgjødsel, fôr (kraftfôr og fiskefôr), ulike organiske fraksjonar frå park/hage, gartneri, møller og treflis, spon. Vidare kan bedrifta kompostere slakteriavfall (vominnhald) og marine fraksjonar som tare og taremel.  

Ein slik miks av ulike organiske fraksjonar set klare krav til kompetanse og etterlevd kvalitetssystem. Det har Reve kompost. Myndigheitene, kanskje først og fremst ved Mattilsynet og fylkesmannen, har gjennom åra utfordra bedrifta på nettopp dette, og har utført fleire tilsyn. I botn ligg det at dialogen mellom bedrifta og myndigheitene er konstruktiv. Reve kompost skal ha skrøyt for å drive eit kunnskapsbasert og systematisk utviklingsarbeid. Mange års samarbeid med NIBIO, Norsk landbruksrådgiving og mange andre aktørar i bransjen har gitt gode resultat.

Kontaktperson:
Geir Skadberg, fmrogsk@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 64.

Regenerativt landbruk – Forskning og kunnskapsløft om karbonbinding i landbruk

Rogaland Bonde- og smårbrukarlag har satt i gang med nytt prosjekt om regenerativt landbruk «Mold som naturbygger og klimaløsning». Viktige elementer i denne driftsformen er minimering av jordbearbeiding, jorddekke hele året og bruk av dekkvekster.  Som oftest er målrettet beitemanagement en del av metoden. Tommelfingerregelen her er at dyrene skal beite 1/3 del av gresset og trampe ned 1/3. Den resterende 1/3 del skal bli stående. Den beste måten å få det til er å tilstrebe høyt beitetrykk over kort tid i et avgrenset område.

De 13 gårdbrukerne som er knyttet til prosjektet skal teste ut regenerativt landbruk, som også er ved siden av karbonbindende ,omtalt som humusbyggende og positiv for jordlivet. Prosjektlederen Dag Jørund Lønning legger opp til «folkeforskning» som metode for kunnskapsøkingen hos den enkelte og i nettverket. Det vil bli lagt vekt på formidling ut til landbruksnæringa, forvaltning og rådgivinga i løpet av den treårige prosjektperioden. Deltakende gårdbrukere driver med ulike produksjoner og er fordelt over hele Rogaland.

Regenerativt landbruk kan bidra til å løse klimautfordringer og øke biologisk mangfold i og over jorda. Prosjektet har fått støtte av Rogaland fylkeskommunen sine Regionale tilretteleggingsmidler.

Uttesting av målrettet beiting med Dexter kyr hos Arin Erga på Orre.
Uttesting av målrettet beiting med Dexter kyr hos Arin Erga på Orre. Foto: Annabell Pfluger

Kontaktperson:
Annabell Pfluger, fmroapf@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 71.