Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 3/2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om juletresatsinga som når nye høgder.

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om juletresatsinga som når nye høgder.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Norsk Juletreservice AS  - Gasellebedrift 3. året på rad!

Juletresatsinga når nye høgder, og gode prisar og aukande volum gjer dette til ei viktig distriktsnæring. Det produsenteigde salsselskapet Norsk Juletreservice AS, lokalisert på Tau i Rogaland, har vore eit viktig bidrag til suksessen, og er ein sentral aktør frå planting til sal av ferdig tre. Selskapet kan i 2011 definerast som ei ”Gasellebedrift” for 3. året på rad. Juletrenæringa har vore ein suksess, og det er potensial for auka volum og fleire nye arbeidsplassar.

Juletrefelt

Juletrefelt (Foto: Lars Slåttå)

Gaselle
Gasellebedrift  er ei nemning innført av Dagens Næringsliv for norske bedrifter som har dobla omsetninga si  dei siste fire åra. Dei må vere organisert som aksjeselskap, ha ei omsetning på over 1 million kroner første året, og ha ryddig økonomi/levert godkjente rekneskap. Av alle aktive bedrifter i Noreg er det berre 5 prosent som får denne nemninga kvart år. Desse gasellane er likevel svært viktige for norsk økonomi og samfunnsliv og står til dømes for heile 70% av veksten innan sysselsettinga i norsk arbeidsliv.

14. november var det "gasellekonferanse" på hotell Clarion i Stavanger, der mange av desse vekstbedriftene var samla. Naturleg nok var det mange frå data- og oljerelaterte verksemder, og tilsvarande få frå landbruket. Ein av foredragshaldarane fortalde til og med at det ikkje var nokon gasellar frå landbruket i det heile tatt. Men eitt heiderleg unntak fann vi likevel på konferansen, og det var Norsk Juletreservice AS representert ved dagleg leiar Rønnaug Foss Alsvik. Ho fortalde at Norsk Juletreservice faktisk var gasellebedrift for 3. året på rad. Vi gratulerer!

Norsk Juletreservice AS er eit produsenteigd salselskap som sel juletre til grossistar, kjeder og torghandlarar. Kontorstaden deira er på Tau i Strand kommune, Rogaland, medan produsentane held til mellom Bergen og Kristiansand.

Selskapet blei stifta i 1998. Det er 50 aksjonærar og mange av desse er produsentar og leverer tre til selskapet. Norsk Juletreservice AS engasjerer seg i heile produksjonen frå planter til ferdige tre, med fagsamlingar og studieturar. I tillegg driv selskapet sine eigne utviklingsprosjekt, og det blir kvart år sett av midlar til forsking og vidareutvikling av næringa. Norsk Juletreservice samarbeider med Norsk Pyntegrønt og Dansk Juletræsdyrkerforening.

Selskapet sel juletre over heile landet og eksporterer også tre til Danmark, Tyskland, Nederland og England.

Kontaktpersonar Bjørn S. Berg tlf. 51 56 89 93 og Anders Eik Hauge tlf. 52 75 71 60.
 

Røsslyngen Beitelag DA – eit vellukka produsentsamarbeid 

Hodne

Hodne (Foto: Nono Dimby)

Matmiljøet i Rogaland har dei siste åra arbeida særskilt med produsentsamarbeid for å auke konkurransekrafta til verksemdene som produserer unike produkt med lokal forankring, kvalitet og særpreg. I "Lokalmatprogrammet", arvtakaren etter Verdiskapingsprogrammet for mat, er produsentsamarbeid blitt meir vektlagt. Dette vil truleg stimulere til fleire tiltak som fremmar utvikling og etablering av forpliktande produsentsamanslutningar i Rogaland.

Røsslyngen beitelag DA
I Rogaland er det etablert nokre produsentsamanslutningar, og det er fleire på gang. Vi vil spesielt trekkje fram Røsslyngen beitelag DA som gjennom aktiv bruk og skjøtsel av kystlyngheier har auka verdiskapinga på gardane.

Røsslyngen beitelag held til på Rennesøy og laget blei skipa av dei tre bøndene Guttorm Gudmestad, Knut G. Gangenes og Ove Heggland i 2005. Det blei ekstra kraft i utviklingsarbeidet då området på Hodne blei vald ut som Utvalte kulturlandskap i jordbruket. Det er eit særskilt kystlyngheiområde og dei fekk i 2005 SMIL-midlar til å gjerde inn 1300 dekar. I starten måtte dei til med brenning og rydding av lyng og kratt, før dei kunne sleppe villsau og Angus-storfè på beita. Angusrasen er nøysam og eit godt beitedyr som produserer høg kjøtkvalitet direkte frå utmarksbeitet. Dette gjer at produksjonen ofte ligg tett opp til økologisk drift.

Røsslyngen beitelag har selt kjøt sidan 2008. Dei veit at dei har ei unik og verdifull merkevare å ta vare på. Derfor har dei eit sterkt fokus på høg kvalitet i alle ledd der dei vektlegg god dyrehelse og sporing slik at kundane til ei kvar tid veit kor og under kva for forhold kjøtet er produsert. Alt kjøtet og skinna tek dei tilbake frå Nortura, og dei sel direkte til forbrukar. Dei har sjølv godkjenning for distribusjon innafor ei tidsramme på to timar. Dei marknadsfører seg gjennom deltaking på festivalar, Angus Gardskjøt – eit nettverk for angusprodusentar, eigne nettsider og "munn til munn".

Røsslyng

Røsslyng (Foto: Nono Dimby)

Kunnskapshungrige bønder
Bøndene er innovative og kunnskapshungrige, og har vore ivrige deltakarar på besøksordning, kurs og studieturar i regi av kompetansenavet Sør og Fylkesmannen. Innovasjon Norge har løyvd midlar over matprogramma til ulike fasar i utviklingsløpet til laget. I januar 2011 etablerte dei Røsslyngen beitelag DA, og i september opna dei ein gardsmatbutikk i Østhusvik på Rennesøy. Bøndene er sindige og systematiske i utviklinga av gardsmatbutikken. I første omgang sel dei berre frysevarer, men utpå nyåret opnar dei for ferskvaresal. Produktlista inneheld kjøt, pinnakjøt, burgarar og biffsalami.

I 2011 forventar dei ei omsetning på ein million, og det er ei dobling av omsetninga frå 2010 til 2011.

Røsslyngen beitelag har utvikla eit godt samarbeid med fleire reiselivsverksemder, deriblant Sjøberg ferie. Deira Ryfylke-tallerken inneheld Angus biffsalami, tomatar, tomatsyltetøy og egg - altså gode lokale produkt frå regionen.

Kontaktperson: Eli Munkeby Serigstad, tlf. 51 56 89 62.
 

Skogsdrift frå lekter

Frå gammalt av var sjøen den viktigaste transportåra langs kysten også for tømmer. Sjøvegen er framleis ei viktig transportåre for skogbruket langs kysten, og den har sine fortrinn. No vil ein kystskipper og ein skogsarbeidar forsøka seg med skogsdrift direkte frå ein stor lekter. Slik sparer ein lastebil- og kaikostnader.

Skogdrift frå lekter

Skogdrift frå lekter (Foto: Bjarte Skipevåg)

Bak denne spennande nysatsinga står Jan Terje Skåtevik og Svein Inge Øvrebø frå Marvik i Suldal kommune. Dei har realisert forretningsideen sin om å ta ut tømmer med taubane og lekter frå bratte og veglause vestlandslier gjennom eit eige selskap, Marvik skog AS. Dette er i første omgang eit prøveprosjekt over tre månader, der alt utstyr er leigd for å sjå om dette kan bli faste og varige arbeidsplassar. Ved full drift er det snakk om 3-4 årsverk. 

Taubanesatsing
Med bakgrunn i mykje bratt og vanskeleg terreng langs kysten, har samanslutninga Kystskogbruket satsa på kompetanseheving og nyutvikling innan taubanemiljøet. Marvik skog AS føyer seg difor fint inn i denne satsinga, men går eit steg vidare ved å la ein lekter vera endestasjon for taubanen, velteplass og kai. Skal den høge produksjonsevna i rogalandsskogane utnyttast, må også det bratte terrenget takast i bruk. Også det som ligg til sjø. Langs vestlandskysten er det store areal som ligg godt til rette for taubanedrift til lekter. Og mange skogeigarar synest no å vilja utnytta dei same areala som forfedrane dreiv intensivt i tidlegare tider.

Løpekatten i taubanen

Løpekatten i taubanen (Foto: Tårn Sigve Schmidt)

For å få eit prøveprosjekt som dette i gang har det vore fleire samarbeidspartar som har vore gode og nødvendige støttespelarar frå idé til prøvedrifta no faktisk er i gong. Vi vil spesielt nemne kommunen, Innovasjon Norge, Skog og landskap v/Nils Olaf Kyllo og Vestskog BA. I tillegg til Kystskogbruket, Statens landbruksforvaltning(SLF) og Fylkesmannen som har vore inne med mindre og større bidrag. I Rogaland har vi også vår eigen autoriserte instruktør på bruk av taubane gjennom kursserien Aktivt Skogbruk, Tårn Sigve Schmidt. Også her vil prosjektet kunna få gode råd og tips.

Kontaktpersonar: Lars Slåttå tlf. 51 56 89 70 og Stein Bomo tlf. 51 56 89 72.
  

Aksjon Vats-vassdrag

Lokale krefter har teke  initiativ for å betre vasskvaliteten i Vatsvassdraget i Vindafjord kommune.

Jordbruksareal rundt Landavatnet som er ein del av Vatsvassdraget.

Jordbruksareal rundt Landavatnet er ein del av Vatsvassdraget. (Foto: Lars Slåttå)

Vats-vassdraget er sterkt påverka av næringsstoff og organisk materiale, og har difor store utfordringar knytt til vasskvalitet. Store delar av nedslagsfeltet er jordbruksjord, og jordbruket er ei viktig kjelde for tilførsel av næringsstoff. No har lokale krefter teke initiativ for å betre vasskvaliteten, og det er sett saman ei aksjonsgruppe med Vats bondelag, Vats grendeutval, Vindafjord kommune, Haugaland landbruksrådgjeving og Vatsvatnet grunneigarlag. Prosjektleiar Harald Velde er tilsett i 30 prosent stilling hovudsakleg finansiert av Vindafjord kommune.

Det har allereie vore eit grunneigarmøte, og det er informert om reinseparkar og gjødslingspraksis. Aksjon Vats-vassdrag ønskjer å få til miljøavtalar med bøndene etter mal frå Skas- Heigre i Figgjovassdraget. Her har bøndene forplikta seg til redusert fosforgjødsling, ugjødsla randsoner og prøvetaking av husdyrgjødsla. Målet er å få til finansiering av miljøavtalane gjennom Regionalt miljøprogram (RMP).

"Me synes det er positivt at det blir teke initiativ lokalt. Ingen er betre rusta til å få til ei endring enn dei som ser problema i eige nærområde," seier landbruksdirektør Hadle Nevøy. Fylkesmannen støttar prosjektet økonomisk gjennom miljømidlar til informasjonstiltak, og det er lagt opp til samarbeid mellom prosjektet "Frivillige tiltak i landbruket" og Aksjon Vats-vassdrag.

Kontaktpersonar: Monica Dahlmo, tlf. 51 56 89 66 og Nono Dimby, tlf. 51 56 89 78.
  

Mjølkefylket Rogaland får nytt stormeieri

Noregs nye stormeieri i Kviamarka Næringsmiddelpark i Hå kommune tok imot den første mjølka til prøveproduksjon i november 2011. Det har vore ein lang prosess frå vedtaket om å byggje nytt meieri blei gjort i april 2008, til at bygget no nærmar seg ferdigstilt. Lokalisering i den kommunen i Noreg med mest mjølkekyr er ikkje tilfeldig. Det nye anlegget skal erstatte anlegga i Kleppe, Voll, Nærbø og Vikeså.

Gamle Nærbø Meieri

Gamle Nærbø Meieri (Foto: Tine)

Med det nye meieriet vil Kviamarka Næringsmiddelpark styrkje sin posisjon som Noregs viktigaste område for næringsmiddelverksemder. Tine si tomt utgjer heile 126 dekar, og om lag 70 dekar går med til nytt meieri med uteområde. Dette tilsvarar tomtearealet til Miljøgartneriet på nabotomta. Det er store investeringar knyta til grunnarbeid og bygningsanlegg. Investeringsramma blei i 2008 sett til 1 453 millioner kroner.

Det nye anlegget har ei grunnflate på 24 000 m2, og det skal foredlast om lag 200 millioner liter mjølk i året. Hovudprodukta blir Jarlsberg og Norvegia og ulike smørprodukt. Det skal også vere ei eiga avdeling for småskala produkt og forsøk. Anlegget blir då dobbelt så stort som det nest største anlegget i Noreg, og er stort også i europeisk målestokk. Full drift av heile anlegget er planlagt til sommaren 2012.

Stormeieriet vil gi Tine reduserte kostnader, og det vil også ha ein klart positiv miljøeffekt. Det er stipulert 34 prosent mindre bruk av energi og 38 % reduksjon av utslepp av CO2. I tillegg kjem ein stor effekt av energisamarbeid. Her er særleg miljøavtalen med Miljøgartneriet sentral, både når det gjeld bruk av varmtvatn og CO2.

Tine Meieriet Jæren er strategisk plassert i den kommunen med mest mjølkekyr i landet. I ein radius på 20 km frå anlegget er det om lag 20 000 mjølkekyr, noko som tilsvarar 8 prosent av mjølkeproduksjonen i landet. Samstundes vil det vere viktig at dette ikkje stimulerer til auka konsentrasjon av mjølkeproduksjonen på Jæren.

  • Les meir hjå Tine

Kontaktpersonar: Geir Skadberg tlf. 51 56 89 92 og Anfinn Rosnes tlf. 51 56 89 80.

Kyr på Jæren

Kyr på Jæren. (Foto: Arne Jostein Lyshol)