Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 3/2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om økologiske tomat frå Rennesøy som er å finne i COOP-butikkar over heile landet.

Økotomat frå Rennesøy over heile landet

Voll Økologiske Gartneri ligg på Sørbø i Rennesøy kommune. Ved sida av mjølkekyr og kylling finst det tre veksthus som i år vore smekkfulle med tomat på garden til Eirik Voll. I 2007 starta Voll med økologisk cherrytomat i eitt av husa. Steinull blei bytt ut med torvsekkar. I samarbeid med det som på den tida var Rennesøy forsøksring og Bioforsk Særheim, laga han eit gjødslingssystem med husdyrgjødsel gjennom dryppvatning. Mykje utprøving og svingingar i marknaden bestemte kvardagen dei første åra. Det er historie. Takka vere ein uthalden produsent og COOP som salsledd, er i dag alle tre veksthusa på totalt 2,5 daa lagt om til økologisk tomatproduksjon - både «vanlege runde» og cherrytomat. Frå mai til oktober var økologiske tomat frå Rennesøy å finne i COOP-butikkar over heile landet. 

Eit av veksthusa til Voll Økologiske Gartneri.
Eit av veksthusa til Voll Økologiske Gartneri. Foto: Annabell Pfluger

Husdyrgjødsel gjennom dryppvatninga er nokså unikt. Storfe- og grisegjødsel blir blanda i ein tank, svevstoff sig ned, og filtrert husdyrgjødsel blir gitt med drypp. For optimal tomatkvalitet og med samtykke frå kontrollorganet Debio, blir det supplert med mineraler som kalium etter behov. Biologisk plantevern som feromonfeller er i bruk mot skadegjerarar. Etter mykje utprøving landa Voll på svenske Hasselfors si eko-jord.

Tomatsesongen er over for i år, men Voll er alt i gang med å førebu seg til ein ny vår. Du kan lese meir om Voll Økologiske Gartneri på Facebook-sida deira. 

Kontaktperson:
Annabell Pfluger, e-post: fmroapf@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 71. 

Biogasspiloten på Jæren

I kort avstand frå grisehuset prøvetestar Olav Røysland no sin nybygde biogassreaktor. Gassen blir produsert på grisegjødsel utan bruk av tilleggssubstrat. Bioresten kan då tilbakeførast til landbruket som gjødsel utan at presset på spreieareal for husdyrgjødsel aukar. Eit tradisjonelt biogassanlegg treng ekstra feittrike tilleggssubstrat for å løyse ut biogassen i husdyrgjødsla. Tilleggssubstrat kan vere uheldig for jordbruket grunna fosforinnhald, tungmetall og av hygieniske årsaker.  

Parallelt blir det arbeidd med å utvikle bioresten til eit trygt og berekraftig gjødselprodukt for kommersielt sal, til dømes til hageeigarar. Forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er involverte for å fram fleire reseptar for nye gjødselprodukt for hagemarknaden. Røysland arbeidar òg saman med Norsk Naturgjødsel, som produserer og sel gjødselvarer med opphav frå husdyrgjødsel for landbruket og hagemarknaden.

Den nye teknologien for biogass som Røysland har teke i bruk, er utvikla av forskingsstiftinga Tel-Tek i Telemark. Rett utanfor garden går eit nedgrave røyrnett for rågass. Gassleidninga går frå Randaberg i nord, til Hå sør på Jæren. Røysaland har avtale med Lyse om å sleppe gassen inn på rågassnettet. 

Olav Røysland viser fram sitt biogassanlegg.
Olav Røysland viser fram sitt biogassanlegg. Foto: Nono Dimby
Biogassanlegg.

Regjeringa øyremerkte i 2015 åtte millionar kroner til pilotanlegg for biogass. Som ei av fem bedrifter i Noreg fekk Røysland midlar frå Innovasjon Norge. Røysland har også fått støtte frå VRI-Rogaland til å finne berekraftige løysingar for den vidare bruken av bioresten. VRI står for verkemiddel for regional forsking, utvikling og innovasjon, og blir leia av Rogaland fylkeskommune. Fylkesmannen i Rogaland er aktivt involvert med både arbeidsressursar og økonomiske midlar.

Utan økonomisk støtte gjennom offentlege og fylkeskommunale midlar i biogassatsinga, såg Olav Røysland for seg raude tal i rekneskapen og hadde ikkje gått inn for denne satsinga. Han meiner i tillegg at når energien frå biogass ikkje er ein likeverdig konkurrent til andre energikjelder på pris, så er risikoen for stor for bøndene.

Rogaland har framleis dei beste føresetnadene i landet for produksjon av biogass. Her er mykje husdyrgjødsel, ein infrastruktur med gassleidningar og teknologisk kompetanse innan handtering av gass og husdyrgjødsel. Olav Røysland har satsa, og fleire bør følgje etter.

Kontaktperson:
Nono Dimby, e-post: fmroara@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 78.  

Stor interesse for mjølkeforedling

Det er gledeleg å sjå at mange aktive bønder har interesse for sjølvlaga smør, ost og yoghurt. Fylkesmannen i Rogaland har i 2016 hatt spesielt fokus på foredling av mjølk. Tre inspirasjonssamlingar er gjennomførte ulike stader i fylket. Gjennom å gi mjølkebønder og andre interesserte ein smakebit på kva mjølk kan brukast til, håper vi fleire vil vurdere lokal foredling. Interessa for samlingane har vore så stor at vi vil arrangere ei ekstra samling til våren. Ofte deltok fleire frå same gard. Det er ein styrke viss dei vel å satse vidare på foredling. 

Lise Brunborg var fagleg ansvarleg for kurset.
Lise Brunborg var fagleg ansvarleg for kurset. Foto: Eli M. Serigstad

Fagleg ansvarleg var den kjende ystaren Lise Brunborg frå Stavanger Ysteri. Ho er ein suveren inspirator og dyktig til å lære frå seg sine kunstar. Deltakarane fekk god innføring i dei grunnleggjande teknikkane og prosessane ved ysting av rå mjølk. Dei var svært interesserte, stilte mange gode spørsmål og fekk i gang gode diskusjonar. Innimellom teorisekvensar fekk dei teste og smake på ulike kulturar, og lage fetaost.

Neste steg er introduksjonskurs i ysting januar neste år. Kurset går over fire dagar på Stavanger Ysteri i regi av Kompetansenettverket for lokalmat Sør. Kurset er fullteikna lenge før fristen går ut.

Kontaktperson:
Eli M. Serigstad, e-post: fmroese@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 62. 

140 deltok på politikarsamlingar om jordvern og areal- og eigedomsforvaltning

Som oppfølging av Nasjonal jordvernstrategi fekk fylkesmennene gjennom tildelingsbrevet for 2016 i oppdrag å gjennomføre opplæringstiltak for kommunepolitikarar om landbruk og jordvern. Fylkesmannen i Rogaland tok dette oppdraget på alvor og arrangerte regionale samlingar i oktober og november.

Rogaland har fire regionar; Dalane, Jæren, Ryfylke og Haugalandet. Desse er på mange måtar svært forskjellige, og har ulike utfordringar og styrkar når det gjeld jordvern og landbruk. Det var derfor naturleg å arrangere ei samling i kvar region. Dette gjorde at vi kunne skreddarsy opplæringa og eksempel til kvar region, samstundes som reisevegen for deltakarane blei kortast mogleg.

Felles for alle regionane er at landbruket er viktig. Samlingane blei innleia med å informere om kva betydning landbruket har for verdiskaping, sysselsetting, busetnad med meir. Vi presenterte m.a. regionvise tal frå ein ny rapport om verdiskapinga i landbruket. Dette gav eit viktig bakteppe for kvifor det er viktig å sikre ressursgrunnlaget for landbruket gjennom eit strengt jordvern, og ei god og heilskapleg areal- og eigedomsforvaltning.

Samlingane ga ei innføring i jord- og konsesjonslova. Vidare blei utviklingstrendar for jordvern og landbruket sin arealbruk viste og diskuterte. Korleis bruke kommuneplanlegginga og plan- og bygningslova til beste for landbruket var òg eit viktig tema.

Eit mål for samlingane var dialog og erfaringsutveksling om forvaltning av landbruksareala i kommunane i eit langsiktig perspektiv, mellom anna gjennom lokale eksempel. Til saman 140 personar deltok, dei aller fleste kommunepolitikarar. Engasjementet var høgt på alle samlingane, og sjølv om representantane frå Fylkesmannen og kommunepolitikarene ikkje var samde om alt, var dialogen god. Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore positive, og Fylkesmannen erfarer at det er viktig med slike opplæringstiltak. Vårt inntrykk er at jordvernet vil kome høgare på dagsordenen i dei kommunale utvala, og det er ekstra viktig i eit matfylke som Rogaland der det blir omdisponert for mykje god matjord.

Frå samlinga på Haugalandet.
Frå samlinga på Haugalandet. Foto: Anfinn Rosnes

Kontaktperson:
Knut Harald Dobbe, e-post: fmrokhd@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 61.