Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 3/2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Nasjonal jordvernstrategi som gav ekstra fart på jordvernarbeidet i Rogaland.

Nasjonal jordvernstrategi gav ekstra fart på jordvernarbeidet i Rogaland

Den reviderte nasjonale jordvernstrategien frå 2015 har sett fart på jordvernarbeidet i Rogaland. Jordvern er nå forankra i eigen regional strategi og plan, og får meir merksemd også i det kommunale planarbeidet. Det gir gode utsikter for jordvern i matfylket Rogaland. 

Rogaland har i mange år vore på landstoppen i omdisponering av jordbruksareal med nær 1100 dekar årleg i perioden 2005–2018. Difor var det ein merkedag for jordvernet når Rogaland fylkeskommune i mai 2017 vedtok å utarbeide eigen jordvernstrategi. Fylkesmannen i Rogaland blei invitert med i arbeidet, og i juni 2019 vedtok eit samla Fylkesting jordvernstrategien for Rogaland. Målet er at det maksimalt skal gå tapt 400 dekar jordbruksareal årleg. I strategien følgjer også tiltak for å nå målet.

Ny Regional plan for Jæren 

Parallelt med jordvernstrategien starta arbeidet med tredje generasjon Regional plan for Jæren. Den er sentral for jordvernet. Jæren er den regionen i fylket med desidert mest omdisponert jordbruksareal. Nord-Jæren er prega av ein fragmentert by- og tettstadsstruktur med arealutfordringar over kommunegrenser. I eit arbeidsnotat til revisjonsarbeidet blei det funne at over 23 000 dekar jordbruksareal kan bli bygd ut med grunnlag i allereie vedtekne planar (figur 1). Over 18 000 dekar er regulert areal som framleis ikkje er bygd ut + areal avsett i kommuneplanar som framleis ikkje er regulert.

Figur 1: Naturressursar disponert til utbygging i reguleringsplanar, kommuneplanar (KP) og regional plan Jæren (RP).
Figur 1: Naturressursar disponert til utbygging i reguleringsplanar, kommuneplanar (KP) og regional plan Jæren (RP). Frå arbeidsnotat til Regional plan for Jæren 2050. Foto: Fylkesmannen i Rogaland

Resterande areal ligg på utbyggingssida av langsiktig grense, men er ikkje vist som byggeområde i plan. Den langsiktige grensa som blei vedtatt i 2000 er meint som ein regional avklaring for vekstretning og avgrensing av by- og tettstader i regionen.

Det er derfor relativt store arealreservar som allereie er godkjend i regionale og kommunale planar til andre formål. Det vil klart utfordre dei nasjonale og regionale jordvernmåla.   

Det vil vere utenkjeleg at store delar av dette arealet som er avklart til byggeføremål kan førast tilbake til landbruk. Ein regional plan er derfor viktig for å samordne bustad-, areal- og transportplanlegginga. Første del av Regionalplanen som blei vedtatt i juni 2019 har no eit stort fokus på ei arealplanlegging innanfrå og ut (figur 2). Dette for å skape sterke sentrum med effektiv arealbruk. Jordvernmålet avgrensar årleg omdisponering og fysisk nedbygging.

Figur 2: Prioritering av arealutvikling "innanfrå og ut" i kvar tettstad. Regional plan Jæren 2050.
Figur 2: Prioritering av arealutvikling "innanfrå og ut" i kvar tettstad. Regional plan Jæren 2050. Foto: Fylkesmannen i Rogaland

Vi opplever også at jordvern har fått eit auka fokus i kommunane. Randaberg kommune fekk 02.09.2019 tildelt Nasjonal jordvernpris, Karmøy kommune er i gang med kommunal jordvernstrategi, og jordvern blir omtalt i langt større grad i dei enkelte plan- og dispensasjonssakene.

Som eit ledd i jordvernarbeidet ser vi på eit enklare verktøy for måling av avgangen av jordbruksareal i kommuneplan, og for fysisk nedbygging. Vi meiner at det må utviklast eit meir presist verktøy enn det vi i dag har gjennom KOSTRA for å dokumentere avgang jordbruksareal, og har dialog med NIBIO for å sjå på om bruk av databasar for plan og bygg kan gi eit slikt verktøy. Eit slikt verktøy vil vere viktig for måloppfølging i regionalplanen og i den kommunale planlegginga, særleg på kommuneplannivå.

Kontaktperson:
Rune Lian, fmrorli@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 87 57.

Grønt skifte i praksis

Langsiktig og målretta arbeid over tid gir resultat. Flisbasert bioenergi varmar opp stadig fleire bygg i Rogaland. Saman med bruk av tre i fleire større byggjeprosjekt og landbruksbygg er dette bioøkonomi i praksis.

Flisbasert bioenergi gir høg verdiskaping

Det er allereie etablert 21 store varmesentralar i Rogaland og 15 gardsanlegg. Til saman leverer desse 44 GWh i varme som svarar til 2200 einebustader med eit forbruk på 20 000 KWh. Energibehovet utgjer om lag 23 000 m³ (fast) virke av lågaste kvalitet. Råstoffverdien er på om lag 4,5 millionar kroner, men med ein straumpris 1 KWh tek dei ut verdiar for over 40 millionar kroner.

Satsinga på flisbasert bioenergi vidareførast no i samarbeid med nabofylket Vestland, og blir spissa mot landbruksproduksjonar med stort varmebehov – eksempelvis kyllingprodusentar som nyttar gass som oppvarmingskjelde.

Ny tresatsing – det bioøkonomiske fjøset

Parallelt arbeidast det med å auke bruken og verdiskapinga av tre i bygg. Tredrivaren i Rogaland i samarbeid med Kystskogbruket, står i spissen for ei ny satsing retta mot landbruksbygg. Forprosjektet blir kalla «Det bioøkonomiske fjøset».

Forprosjektet skal gi svar på korleis skog- og trenæringa kan levere fleksible og heilskaplege fjøs, og andre driftskonsept til bønder i kommande tider. Inngangen i forprosjektet er brei, men utgangspunktet er ein gard på Jæren som skal fornye mjølkefjøset. Metoden Framtidsverkstad er brukt for å konkretisere visjonen. Målet er å utvikle ein forretningsmodell med konkrete løysingar for berekraftige mjølkefjøs tilpassa framtida.   

Trefjøs i Suldal.
Trefjøs i Suldal. Foto: Svein- Åge Vangdal

Gode støttespelarar

Innovasjon Norge har vore viktig for utviklinga og satsingane gjennom sine støtteordningar. I tillegg har det over tid vore fleire mobiliseringsprosjekt der Fylkemannen og Innovasjon Norge i samarbeid med andre har nytta lokal ekspertise.

Bruken av både fornybare byggjematerialar gir både arbeidsplassar og verdiskaping lokalt, i tillegg til at det er positive bidrag i klimarekneskapen.     

Kontaktperson:
Stein Bomo, fmrosbo@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 72.

Gardsysteri og gardsutsal på Varhaug

– Eg drivast av lysten til å få det til, seier bonde og snart eigar av eige ysteri og gardsutsal, Siri Rasmussen Lea. Saman med mannen Jon Lea set dei nå i gang med ein større satsing på Varhaug med produksjon av ost frå eigen mjølk på garden.

Siri Lea og Heidi Netland Berge diskuterer oppstart av nytt meieri.
Siri Lea og Heidi Netland Berge diskuterer oppstart av nytt meieri. Foto: Ingrid Roth

Inspirasjon og idémyldring

Det heile starta med ei jentetur til Julemarknaden i Eigersund kor Lea fekk smake på Festosten, ein type Feta-ost frå Haugaland meieri. Den var knallgod, og ho vart imponert over bonden som fekk dette til. – Det fekk meg til å lure på om dette var noko me kunne gjera på garden heime, seier Siri med glimt i auge.  Nå er dei allereie i gang med bygging av ysteri og utprøving av ostar for produksjon og sal i eige gardsutsal.

Bygge stein på stein

Denne tanken forsvann ikkje, og ho og mannen sette seg ned og teikna og kalkulerte og vurderte på kva som kunne være mogleg å få til, og kva ressursar det ville krevje. Målet var å auke verdiskapinga på gardens ressursar. Heile familien engasjerte seg, både to søner og dei vaksne jentene som ikkje lenger bur heime. Etter dei hadde fått ideen søkte dei kunnskap i nettverket sitt. Mor og døtrene drog på yste kurs og testa ut kunnskapen då dei kom heim. Deretter kontakta Siri Innovasjon Norge og fekk innvilga forprosjektmidlar. Ystepikene (mor og døtrer) testa ut ulike type ostar. Mellom anna ein variant av fetaost som dei kallar Jærsk Bedaost, nokre mjuke ostar og krona på verket – ein Mont d’Orinspirert ost. Her er barken rundt osten byta ut med handsanka fingertare frå Fiskby-K frå Eigersund. Jon gjer endringar i fôr-planar i samarbeid med Tine for å få best mogleg råstoff til ostane. Både ysteriet og gardsutsalet skal byggas på eigen gard.

Mykje god hjelp å få

Siri har god forretningssans, og veit kva dei er gode på og kor dei treng hjelp. Ho søkte kompetanse hos ein tidlegare drivar av ysteri i Tysnes som nå arbeidar som konsulent i bransjen. Her fekk de hjelp til å prosjektere produksjonen og sjå på heilheita i produksjonslokalet. Noko av det viktigaste og kanskje vanskelegaste har vore konseptutvikling. Siri fekk tidleg kontakt med Heidi Netland Berge som har mellom anna jobba med Gladmat, Tine, skrive kokebok og vore produktutviklar hos Pizzabakeren, og driv nå innan konseptutvikling, sal og marknadsføring for matverksemder. Heidi hjelpte Siri med å kartlegge marknaden. Kva marknad vil dei inn i med tanke på pris, kvalitet, produkt, volum og så vidare. Kva ostar var det marknaden ynskja? Kva kundar skulle dei satse på og kva prisar kunne dei leggja seg på. Heidi sette dei òg i kontakt med moglege kundar og samarbeidspartnerar. Slik har dei fått utvikla nokre særprega ostar som dei håper marknaden tek godt i mot, til god pris og med lokale aktørar. Mellom anna samarbeidet med Fiskby-K og.
Dei har og engasjert PlayDesign som skal arbeida med reklame og kommunikasjon, og Cave&Cube som hjelper med å innreie gardsbutikken. Siri og Jon sin filosofi er «Vi gjer det vi er gode på, og så kjøper vi den kompetansen vi ikkje har, eller har tid til å gjera sjølv».

Opning til jul

Viss alt går etter planen, og ostane og bygget blir klart så opne me i desember. Då rekker alle å få med seg ein Jærsk Havsletteost til jule-kosen. Flott julepresang kan det og verta, smiler Siri lurt.

Kontaktperson:
Ingrid Roth, roing@fylkesmannen.no,  tlf.: 51 56 87 26.

Mobiliserer for frivillige miljøtiltak på Haugalandet

Kommunane på Haugalandet tek grep for å redusere avrenninga frå jordbruket til bekker, elver, innsjøar og sjø. Nyleg blei prosjektet ‘Frivillige tiltak i landbruket – Haugalandet’  etablert som eit samarbeid mellom Vindafjord, Haugesund, Karmøy og Bokn der Vindafjord har arbeidsgivaransvaret. Her er Emilie Moi Eikje tilsett for å informere og motivere bøndene til å gjere miljøtiltak på eigen driftseining.

Ho startar å arbeidet med gardsbesøk kring Skjoldafjorden i Vindafjord. Her kan bøndene frå og med 2020 få regionalt miljøtilskot til Miljøavtalar. Miljøavtalane regulerer mellom anna fosforgjødslinga, og er eit av fleire frivillige tiltak bøndene kan gjere. I tillegg startar ho med å besøke bønder ved Hilleslandsvatnet i Karmøy. Hovuddelen av arbeidet går ut på å drive aktiv informasjon om både tilskotsordningar og regelverk. – Satsinga er nødvendig for å nå miljømåla i våre vassdrag, seier Sven-Kato Ege, vannområdekoordinator i Haugaland vannområde. – Avrenning frå jordbruk er ein viktig årsak til at den økologiske tilstanden i vassdraga på Haugalandet ikkje oppnår miljømåla i vannforskriften.

Frå 2020 kan bøndene i Vindafjord ved Skjoldafjorden få regionalt miljøtilskot til miljøavtalar.
Frå 2020 kan bøndene i Vindafjord ved Skjoldafjorden få regionalt miljøtilskot til miljøavtalar. Foto: Malin Øvregård Løvås

Kontaktperson:
Monica Dahlmo, fmromda@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 66.

Norske tomater har lågere klimaavtrykk enn importerte tomater

Trur du det er lite miljøvenleg å produsera tomatar i veksthus i Noreg? Det er faktisk heilt feil!

94 prosent av dei norske tomatane blir produsert i Rogaland. Men norske tomatar utgjer berre mellom 30 og 40 prosent av tomatkonsumet her i landet. Mykje blir importert frå Nederland og Spania. Mange har kanskje trudd at det er meir miljøvennleg å produsera tomatar i andre land, for så å transportera dei hit. Men me kan produsera dei mest miljøvennlege tomatane sjølv!

Det er forskarane ved NIBIO Særheim som har rekna på klimaavtrykket frå tomatar dyrka i dei mest moderne gartneria i landet. Avlingane i norsk tomatproduksjon har auka enormt dei siste tiåra, etter kvart som nye dyrkingsmåtar og ny teknologi har fått innpass i gartneria. Og her ligg nøkkelen til at klimaavtrykket per kg tomat går ned. Dei gode tala på klimaavtrykk er frå gartneri med heilårsdyrking av tomat med tilleggslys. Elektrisitet til lys kjem frå miljøvenleg vasskraft. Dette gjer ei avling fem gonger større enn i Spania, og 50 prosent større enn i Nederland. Klimaavtrykk per kg tomat blir då mykje betre for dei norskproduserte, enn for dei som er frakta hit frå Spania og Nederland.

Klimaavtrykk - tomat. Kjelde: Nibio/Norsk Gartnerforbund
Tabell frå artikkel i Nationen 20.03.2019. Kjelde: Nibio/Norsk Gartnerforbund

Norsk tomatproduksjon har fleire andre miljøfordelar! Tomatdyrking i Spania krev mykje meir vatn – i eit land med store problem med vasstilgangen. I Noreg er også smittepresset av skadegjerarar lågt, og det blir brukt svært lite kjemiske plantevernmiddel i norsk produksjon.

Kontaktperson:
Karen Beate Grimstad, fmrokbg@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 40.