Fylkesnytt frå Rogaland 2/2016

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om auka verdiskaping og meir effektiv drift i landbruket i Rogaland.

Auka verdiskaping og meir effektiv drift i landbruket i Rogaland 

Ku på beite.
Mjølkeproduksjon er ein viktig motor i landbruket i Rogaland. Foto: Arne J. Lyshol

At landbruket i Rogaland er ei av dei viktigaste næringane i fylket er ikkje noko nytt, men at sektoren har halde posisjonen i ein periode kor «alt anna» nærast har hatt eksponensiell vekst, er meir enn godt levert. Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbaserte industrien som er avhengig av landbruket var 5,6 milliadar kr i 2014.

Bøndene i Rogaland blir stadig meir effektive. I ein ny rapport om verdiskapinga i landbruket og landbruksbasert verksemd i Rogaland, har Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) berekna verdiskapinga frå jordbruket til å vere 2,7 milliardar kr for 2014. Det er 90 millionar kr meir enn i 2010 rekna som bruttoprodukt.

Sysselsettinga i jordbruket er berekna til 6418 årsverk som er 84 årsverk lågare enn i 2010. Det betyr at færre bønder skaper meir verdiar. I industrien som er avhengig av jordbruket lokalt i Rogaland, var det i 2014 nær 3 300 sysselsette. Estimert verdiskaping for denne industrien er på om lag 2,5 milliardar. Til saman vel 10 000 årsverk  i jordbruket og tilhøyrande industri. I tillegg kjem ytterligare sysselsetting gjennom ringverknadane, men dette skal kartleggast i ein annan studie. 

Graf. Verdiskaping som bruttoprodukt fordelt på ulike produksjonar.
Verdiskaping som bruttoprodukt fordelt på ulike produksjonar.

Mjølkeproduksjonen er svært viktig i Rogaland. Heile 44 prosent av verdiskapinga stammer frå  Dagros. Men, samanlikna med 2010 utgjer mjølkeproduksjonen åtte prosentpoeng mindre av verdiskapinga, og det er spesielt Jæren som kjem dårlegare ut. Forskar og prosjektansvarleg Heidi Knutsen ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), meiner forklaringa ligg i reduksjon i tal kyr, endringar i tilskotsordningar og at mange har investert i utbyggingsprosjekt som påverkar drifta negativt i ein periode.

Sauehaldet har og styrka seg sjølv om tal vinterfora sau går litt ned. Verdiskapinga er på 396 millionar kr, og det er 15 prosent av samla verdiskaping. Til skilnad frå dei andre produksjonane så utgjer dei offentlege tilskota til sauenæringa meir enn marknadsinntektene. På tredjeplass kjem svinehaldet med 11 prosent av samla verdiskaping. Ei verdiskapinga på 301 millionar kr er ein nedgang på 11 prosent sidan 2010, og dette skuldast i hovudsak mindre produksjon.

Veksthusnæringa styrkjar sin solide posisjon, og har tatt større del av den nasjonale produksjonen.  Det har vore ein formidabel auke i tal fjørfeslakt, og legg vi til eggproduksjon blir det skapt verdiar for 186,5 millionar kr i fjørfenæringa. Veks gjer og kjøtproduksjonen på ammeku. Bruttoprodukt for skogbruket er rekna ut til å vere 170 millionar kr, der produksjonen av juletre og pyntegrønt utgjer 82,5 millionar kr. Tømmer for sal utgjer 41 millionar kr.

Kontaktperson:
Geir Skadberg, e-post: fmrogsk@fylkesmannen.no,  tlf.: 51 56 89 64. 

Satsing på bruk av tre i nye landbruksbygg i Rogaland

Mange gardbrukarar planlegg ny- eller ombygging av husdyrfjøsa sine i åra framover. Stadig fleire vel å bygge i tre, og no satsar lokale sagbruk i Rogaland på å utvikle gode løysingar for landbruksbygg. Å få til byggesystem som oppfyller same krav som alternative byggemåtar i stål og betong kan vere utfordrande, men trevirke har gode materialeigenskapar som kan gjere driftsbygningar i tre til eit konkurransedyktig og godt alternativ.

Riska Sagbruk i Sandnes er eitt av sagbruka i Rogaland som ser gode moglegheiter for nye fjøs og andre typar driftsbygningar i tre. Dei hevdar at låg vekt kombinert med gode styrkeeigenskapar er eit viktig konkurransefortrinn for trevirke. Dette reduserer behovet for store maskinar under bygginga, og gir moglegheiter for at byggeprosessen kan forenklast og i større grad utførast av bøndene sjølve.

Adam Tessmann og Rune Sjørestad frå Riska Sagbruk ønskjer å satse på landbruksbygg i tre, og har utvikla eit byggekonsept for dette basert på lafteteknikk.
Adam Tessmann og Rune Sjørestad frå Riska Sagbruk ønskjer å satse på landbruksbygg i tre, og har utvikla eit byggekonsept for dette basert på lafteteknikk. Foto: Åsmund Lang/Magasinet Skog

Riska trur byggekonsept som fungerer nærmast som eit sett med byggeklossar vil vere interessant for bønder som ønskjer å bygge nytt. Sjølv har dei utvikla eit laftesystem der veggane i bygget består av eitt lag med vedlikehaldsfritt tømmer, noko dei hevdar kan konkurrere både i pris og levetid med tradisjonelle landbruksbygg. Dei trekker og fram positive effektar for trivsel og inneklima i trebygg, slik som naturleg regulering av fukt, temperatur og ventilasjon, og god lyddemping i rommet. Dette gir fjøs som er gode å opphalde seg i for dyra, og for dei som arbeidar der.

Auka bruk av tre i bygg er ein viktig del av det grøne skiftet, og er viktig for den lokale verdiskapinga i Rogalandsskogbruket. Saman med Innovasjon Noreg jobbar vi for at bønder og industriaktørar som vel å satse på bygg eller bruk av tre skal kunne få utteljing for dette ved søknad om investeringsstønad frå Innovasjon Noreg Rogaland.

Kontaktperson:
Elisabeth Schmidt, e-post: fmroesc@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 87 84. 

Modne morellar til 1. juni 

Morellar klare for hausting.
Morellar klare for hausting. Foto: Åge Jørgensen

I år blir dei første «konfekt-morellane» testa i marknaden. Nytt liv i gamle veksthus gjer at dei tidlegaste morellane blir hausta allereie første veka i juni. Med ulike sortar er tanken å kunna hausta veksthus-morellar frå mai til september. Geirmund Helgøy på Helgøy er ein av dei som satsar. Han har lagt om veksthusa frå tomat- til morellproduksjon, og har til saman planta rundt 2.000 tre i dei to veksthusa på garden.

Som i landbruket elles skjer det også strukturrasjonalisering innan veksthussektoren. Større og meir kostnads- og energieffektive veksthus overtar for dei tradisjonelle 1-2 daa store tomatveksthusa i Rogaland. Kloke folk tenkte at det var for gale å rive dei gamle og utrangerte veksthusa. Med hjelp frå Norsk Institutt for bioøkonomi (Nibio) er 10-12 gartnarar i Rogaland i full gang med å teste ut produksjon av jordbær, bringebær, rips og morellar i eldre veksthus.

Næringsutviklar Åge Jørgensen ved NIBIO har klart å skape entusiasme for dyrking av delikatessebær, først og fremst morellar. Han leier eit 3-årige utviklingsprosjekt som Jørgensen definerer som forskingsbasert næringsutvikling. Fordelen med å dyrke i veksthus er den gode kvaliteten på bæra, og at bæra er modne lenge før frilands- og tunnelbæra. Bæra blir store, smakar godt og unngår sprekking, som er eit problem i konvensjonell morellproduksjon. Med dyrking i 35 l potter i veksthus, gjødselvatning og klimastyring, har gartnarane god kontroll over vekstfaktorane.

NIBIO Særheim går føre og «brøytar løype» for å finne nye dyrkingsmetodar for dei ulike bærslaga, og testar ut ulike sortar. Erfaringane og resultata blir fortløpande presentert for deltakarane gjennom prosjektmøte, gartneri-vandringar etc. Produsentane prøver vidare i sine gartneri, og erfaringane blir delt i prosjektgruppa.

– Vi tar det beste frå kvarandre, med praktisk kommunikasjon og erfaringsutveksling blir det effektiv kunnskapsbygging og raske resultat, erfarer Jørgensen. Kopling av kunnskapar frå tomatproduksjon og fruktdyrking kan visa seg å bli fruktbart, meiner Jørgensen.

Det heile starta i 2012 med to innovasjonsdialogar i VRI (regionale verkemidlar til innovasjon, forsking og utvikling) der tema var ny bruk av utrangerte veksthus. Dei mest ivrige gartnarane blei med i eit kompetanseprosjekt finansiert av Innovasjon Norge. Planen er å vidareføre utviklingsprosessen gjennom eit nytt 3-årig prosjekt, som er søkt finanisert gjennom Regionalt Forskningsfond Vestlandet.

Kontaktperson: 
Eli Munkeby Serigstad, e-post: fmroems@fylkesmannen.no,
tlf.: 51 56 89 62

Tettare på dyrevelferdssaker

Fylkesmannen og Mattilsynet har i seinare tid arbeidt med å betre informasjonsutvekslinga mellom etatane slik at dyrevelferdssaker kan bli følgt opp ved behandling av produksjonstilskot. Felles mål er at arbeidet skal ha ein preventiv verknad, og bidra til at pågåande regelverksbrot blir retta opp så fort som mogleg. Vårt inntrykk er at både kommunane og Mattilsynet er positive til samarbeidet.

Saman har vi spesifisert kva type saker Fylkesmannen og kommunen skal ha kopi av frå Mattilsynet. Det er utarbeidd eit skriv om dette som er sendt til tilsette i kommunane i Rogaland og hos Mattilsynet. I tillegg skal Fylkesmannen og Mattilsynet ha årlege møte, med oppfølging av samarbeidsavtalen som tema. Kommunane blir oppmoda om å etablera liknande samarbeidsmøte lokalt.

Før arbeidet blei starta, hadde vi kjennskap til svært få dyrevelferdsaker. Skrivet om informasjonsutveksling blei sendt ut hausten 2015, og arbeidet har allereie gitt resultat.  Fylkesmannen har i ettertid fått kopi av 33 nye saker. Kommunane har følgt opp arbeidet, og frå og med januar 2015 har kommunane reagert med avkorting og/eller annan reaksjon i produksjonstilskotet i om lag 20 saker. Storleiken på avkortinga varierer frå 5 prosent - 100 prosent av samla utbetaling, avhengig av bl.a. kor alvorleg og kor omfattande saka er. Tal reaksjonar har auka gradvis for kvar søknadsomgang.

Det er ofte samanheng mellom låg produksjon og dårleg dyrevelferd. Fylkesmannen erfarer difor at samarbeidet har ført til at landbruksforvaltninga avdekker føretak som ikkje oppfyller grunnvilkåret om å drive vanleg jordbruksproduksjon grunna for låg produksjon. Andre vegen bidrar landbruksforvaltninga til at Mattilsynet avdekker føretak med dårleg dyrevelferd når dei finn føretak med låg/dårleg produksjon.

Vår erfaring så langt er at reaksjonar med avkorting i produksjonstilskotet kan vere eit effektivt verkemiddel for å betre dyrevelferden i dyrehald der dyreeigar ikkje har vist vilje til å rette seg etter Mattilsynet sine vedtak. Framover vil vi arbeide med utveksling av erfaringar mellom kommunane for å sikre mest mogleg likebehandling i slike saker.

Kontaktperson: 
Linn Borsheim, e-post: fmrolbo@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 24. 

Korleis møte den stigande etterspurnaden etter norsk økologisk mat?

Nyhausta gulrøter.
Nyhausta gulrøter. Foto: Annabell Pfluger

Trass i aukande etterspurnad, har tal bønder som driv  økologisk hatt ein negativ utvikling i Noreg og Rogaland dei siste åra. No tyder noko på at trenden kanskje kan snu: I januar 2016 blei det trongt om plassen på eit seminar om økologisk grønsaksdyrking. Tal deltakarar var over alle forventningar. -Vi ser at forbrukarane vil ha økologisk, norsk mat og at interessa frå produsentane har begynt å spire – men så stopper det opp», fortel økokontakt hos Fylkesmannen, Annabell Pfluger.

Grønsaksseminaret vil bli følgt opp med ein fagdag om økologisk matproduksjon 27. september. Her vil gardbrukarane kunne få svar frå salsleddet, rådgivinga, Debio og økologiske bønder på nokre av sine spørsmål: Kva inneber det å leggje om garden eller deler av produksjonen? Kva er moglegheitene på min gard? Korleis får eg selt produkta dersom garden blir lagt om til økologisk?

Spesielt invitert er alle som driver gard. Fagdagen er eitt av mange arrangement under ØKOUKA i Rogaland, og er lagt til Øksnevad vidaregåande skule. Øksnevad er ein av fylkets to vidaregåande skuler med landbrukslinje, og her blir det dyrka økologisk kålrot, cherrytomat og gras.

ØKOUKA i Rogaland er eit initiativ av Oikos Rogaland med arrangement kring bærekraft og økologi frå 24. september til 2.oktober 2016.

Kontaktperson:
Annabell Pfluger, e-post: fmroapf@fylkesmannen.no, , tlf.: 51 56 89 71.

1,5 millionar til gjødsellager i Rogaland

I vår kunne bønder i nedslagsfeltet til utvalde vassdrag søkje tilskot frå Innovasjon Norge for å byggje lager for husdyrgjødsel. Det blei gitt tilskot til bygging av «satellittlager» for dei som har spreieareal langt frå driftssenteret, og til bygging av vanleg gjødsellager for gardsbruk som har miljøavtale i Regionalt miljøprogram. Innovasjon Norge har behandla ni søknadar, og totalt er det brukt om lag 1.5 millionar kroner på ordninga. 

Etter ferdig bygging pliktar føretaka å ha tolv månadars lagerkapasitet ti år fram i tid. God lagerkapasitet er eit viktig middel for å sikre rett bruk av husdyrgjødsel tidleg i vekstsesongen.

Kontaktperson:
Monica Dahlmo, e-post: fmromda@fylkesmannen.no, , tlf.: 51 56 89 66.