Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 1/2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Første Fylkesnytt for 2011 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inneheld mellom anna ein artikkel om erfaringar frå ei pilotordning for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel.

Første Fylkesnytt for 2011 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inneheld mellom anna ein artikkel om erfaringar frå ei pilotordning for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.  

Blanda erfaring frå pilotordning for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel

Sogn og Fjordane har sidan 2009 vore blant fylka som prøver ut ei tilskotsordning for miljøvenlege metodar for spreiing av husdyrgjødsel. I 2011 skal partane i jordbruksoppgjeret ta stilling til om ordninga skal vidareførast og eventuelt i kva form. Som eit grunnlag for dette, har dei involverte fylka spelt inn sine erfaringar med ordninga.

Sogn og Fjordane blei utpeikt som pilotfylke for å hauste erfaring med dei aktuelle spreiemetodane på brattlendte bruk. Landbruksrådgivinga i fylket har gjennomført demonstrasjonar og utprøving av nedfellings- og nedleggingsutstyret. Det viste seg at utstyret fungerte bra i hellande terreng, men nedleggingsutstyret fungerte best ved å køyre opp og ned i staden for på tvers av hellinga. Ved bruk av slangetrekk i staden for vogn i bratte bakkar, er det viktig med kraftig pumpe for å kunne utnytte kapasiteten på utstyret.

Demonstrasjon av nedleggingsutstyr
Demonstrasjon av nedleggingsutstyr. Foto: Amund Hjelle, Stryn kommune.

Utprøvinga på bratt areal har i hovudsak vore ei positiv erfaring, men ei slik tilskotsordning kan ikkje aleine gje ein tilstrekkeleg miljøeffekt. Utstyret som er best i forhold til å redusere utslepp, er kostbart og tungt. Tilskotsnivået i ordninga er førebels for lågt til at gjennomsnittsbonden i Sogn og Fjordane kan investere i slikt utstyr. Jordtypen og det våte klimaet mange stader i fylket gjer at marka er sårbar for jordpakking ved bruk at store traktorar med tungt utstyr. Det er uheldig, i klimasamanheng særleg på grunn av auka utslepp av lystgass. Slangetrekk i staden for tankvogn kan redusere marktrykket, men bruk av slange er avhengig av kort veg til mellomlager. Mange små og spreidde teigar gjer at det ofte ikkje er rekningssvarande å etablere mellomlager. Generelt er lagerkapasitet ei av dei største utfordringane med husdyrgjødsel i Sogn og Fjordane. Husdyrhaldet har samla seg på færre og større bruk, og mange av desse har etter kvart for liten lagerkapasitet. Bøndene spreier mykje av gjødsla tidleg i vekstsesongen, men det er likevel mange som må spreie gjødsel på ettersommar og haust for å unngå lagerproblem om vinteren. Gjødselvareforskrifta tillet spreiing med nedmolding fram til 1. november, men slik spreiing er ikkje tilrådd på grunn av den negative miljøeffekten av jordarbeiding om hausten.

Demonstrasjon av utstyr for direkte nedfelling
Demonstrasjon av utstyr for direkte nedfelling. Foto: Amund Hjelle, Stryn kommune.

Dei samla erfaringane frå pilotordninga tilseier at ein vesentleg reduksjon i utslepp frå husdyrgjødsel i Sogn og Fjordane, krev ei brei tilnærming med samordna bruk av juridiske og økonomiske verkemidlar og målretta informasjon og rettleiing.
 

Nedgang i tal dispensasjonar frå spreiefrist for husdyrgjødsel

Som ei oppfølging av kommunane sitt arbeid med å redusera ureining frå landbruket, ber Fylkesmannen årleg om ei rapportering frå kommunane om kva som vert gjort på dette området. Rapporteringa omfattar kontrollar av tekniske tilhøve på gardsbruk (gjødsellager, silokummar, pressaftlager, med fleire), kontrollar av bekkar/elvar med omsyn på ureining frå gjødsel, pressaft, med fleire, samt rapportering om korleis regelverket for spreiefristar for husdyrgjødsel vert handsama.

Statistikken frå 2001 til 2010 (sjå figur) syner at det totalt sett har vore ein jamn nedgang i tal dispensasjonar for spreiing av husdyrgjødsel etter 1. sep. I 2006 fekk kommunane høve, gjennom lokal forskrift, til å fastsetje ei generell utsetjing av spreiefristen fram til seinast 1. okt. Til no har 17 kommunar innført ei slik lokal forskrift i Sogn og Fjordane. Innføringa av lokal forskrift har medverka til ein markant nedgang i dispensasjonar for spreiing mellom 1. sep og 15. sep. Men det kan ikkje forklara heile nedgangen, då denne byrja allereie før 2006. Tal dispensasjonar gjeve for spreiing etter 1. okt har derimot halde seg stabilt lågt gjennom heile perioden.

Graf - Dispenasjonar frå spreiefrist for husdyrgjødsel

Tal frå den same rapporteringa syner at tal kontrollar, både av tekniske tilhøve og av elvar/bekkar, er halvert mellom 2001 og 2010 (sjå figur). I same periode har tal jordbruksverksemder vorte redusert frå 4926 verksemder til 3274 verksemder. Dersom desse endringane vert sett under eitt, er den relative nedgangen i kontrollar moderat. Tal pålegg ser ut til å samsvara godt med tal kontrollar, og tal kontrollar kan difor med fordel aukast framover for å fanga opp eventuelle kritikkverdige tilhøve.    

Graf -  Kontroll av gardsbruk og bekkar/elvar

Med innføring av forskrift om rammer for vannforvaltningen i forvaltninga, vert ureining frå jordbruket nok ein gong sett på dagsordenen. Handsaming av forskrifta krev omfattande kartlegging av korleis jordbruket påverkar vassvegane. Det auka fokuset på betre nitrogenutnytting i husdyrgjødsla og produksjon av biogass frå husdyrgjødsel som klimatiltak, bidreg òg i retning av at ureining frå jordbruket treng ei heilskapleg tilnærming. Oppgåva med god forvaltning av husdyrgjødsel vil difor framover vera viktigare enn nokon gong. 
 

Gardskartarbeidet i Sogn og Fjordane

Gardskartarbeidet i Sogn og Fjordane er godt i gang, og alle dei 26 kommunane har fått tilsendt gardskart frå Skog og Landskap. 10 kommunar er ferdige og er no i gang med det som er kalla kontinuerleg oppdatering.  Enkelte område gror att, andre vert nydyrka, areal skiftar eigar, grenser vert endra. Gjennom ei kontinuerlig oppdatering vert slike endringar registrert.

Seks kommunar  er midtvegs i arbeidet med gardskart og held på å kvalitetssikre kartgrunnlaget. Desse kommunane har frist for å levere til Skog og landskap i april/november 2011.

Dei siste 10 kommunane fekk nyleg tilsendt gardskart og er i tidleg startfase med gardskartarbeidet. Desse kommunane har frist for å levere første utkast med oppdatert kartgrunnlag i mai /september 2012.

Gardskartprosessen skal sikre eit kartgrunnlag med tilfredsstillande kvalitet for å ha ein forsvarleg forvalting og kontroll av dei arealbaserte tilskota i jordbruket. Gardskart skal brukast som grunnlag til søknad om produksjonstilskot.

      Gardskartarbeid - kartutsnitt


Status over arbeidet med gardskart i fylket:

Status over arbeidet med gardskart i fylket 
 

For at arbeidet med gardskart skal bli gjennomført på best mulig måte, får kommunane tilbod om fleire kurs. Kursa er lagt opp etter samråd med Skog og Landskap. Vi legg opp til å følgje kommunane med råd og kursopplegg alt etter kor langt dei er komne i gardskartarbeidet.
 

Kommunal næringsutvikling

Fylkesmannen si landbruksavdeling, Sogn og Fjordane Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og KS i Sogn og Fjordane samarbeider om eit prosjekt som skulle setje kommunane og førstelinjetenesta betre i stand til å drive næringsutvikling. I arbeidet skal også landbruk koplast betre på arbeidet med næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

Prosjektet ”kommunal næringsutvikling” skal gå over tre år. Kunnskap, kompetanseheving, nettverksbygging og erfaringsutveksling er viktige element i prosjektet. I dag er det varierande kvalitet på næringsutviklingsarbeidet i kommunane. Aktørane etterlyser sjølv kunnskap og tiltak som kan gjere dei i stand til å gjere ein betre jobb. Samstundes er det behov for forbetring på regionalt nivå. Gjennom prosjektarbeidet skal og det regionale nivået bli betre i sitt arbeid mot kommunane gjennom læring og samhandling. Mellom tiltaka ein allereie har starta er arbeidet med ei felles etablereropplæring i fylket, kompetanseheving for førstelinja i form av kurs og samlingar og arbeidet med å samordne og betre kommunikasjonen frå det regionale nivået til førstelinja.
 

Arealforvaltning og klimatiltak i landbruket

Stortingsmelding nr 39 (2008 – 2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen viser at landbruket både kan redusere utsleppa av klimagassar og bidra til å binde karbondioksyd i jord og skog. Som ei oppfølging av meldinga har vi i første omgang laga eit policydokument for korleis vi bør forvalte landbruksareala. Her kan det vere ulike omsyn og interesser ved til dømes skogplanting, skogsvegar, biologisk mangfald, nydyrking, jordvern, beitebruk og kulturlandskap. Våre verkemiddel i arealforvaltninga er lover og regelverk, rådgjeving og økonomiske støtteordningar, og i dette notatet syner vi korleis dette bør praktiserast her i fylket. Notatet var på høyring til kommunane og diverse organisasjonar i haust, og det blir no lagt til grunn ved til dømes bruken av NMSK-midlane frå 2011.

Når det gjeld skogplanting er det til dømes sett opp føringar for kva type areal som kan nyttast, kva type areal som det ikkje skal plantast på, og litt om kva type treslag som bør nyttast. For å ta vare på kystlyngheia har vi sagt at det ikkje skal plantast skog i slike område, nærmare definert til Landskapsregion 20 – Kystbygdene på Vestlandet. Vi har vidare føringar for bruken av dyrka mark, beiteareal og verdfulle kulturlandskap. Her er også føringar i forhold til utvalde naturtypar, inngrepsfrie område og trua naturtypar m.m.

Kontaktperson: Christian Rekkedal.
 

1200 km med nye skogsvegar

I 2010 er det lagt ned eit stort arbeid med å lage hovudplanar for skogsvegar i Sogn og Fjordane. Målet er å finne fellesløysingar for skogsvegar og legge til rette for heilskaplege vurderingar for skogbruk, natur, kultur og friluftsliv. Planen vil også gje grunnlag for prioriteringar av tilskot.

Det er utarbeidd manuskart i alle kommunane i fylket utanom Solund. Totalt er det skissert meir enn 1 200 km med nye skogsvegar, dei fleste bilvegar.

Manuskarta er digitalisert og lagt ut som eit eige tema på Fylkesatlas, og er tilgjengeleg for alle. Gå til www.fylkesatlas.no og vel Hovudplan for skogsvegar under tema Landbruk. 

Institutt for Skog og Landskap skal i løpet av våren kome med ei vurdering av lønsemda av å realisere dei enkelte vegprosjekta. Dette vil danne grunnlag for prioriteringar i kvar kommune. I samarbeid med kommunane og dei lokale skogeigarlaga, tek vi sikte på å presentere planane på grunneigarmøte utover våren.

       Skogsveg i Davik i Bremanger kommune
Skogsveg i Davik i Bremanger kommune. Foto: Torkel Hofseth

Vi ser for oss at planane vert handsama i kommunane som temaplanar i løpet av 2011 og 2012.

Kartutsnitt over hovudplan for skogsvegar i deler av Jølster kommune
Kartutsnitt over hovudplan for skogsvegar i deler av Jølster kommune.