Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 1/2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om dei omfattande stormskadane på skogen etter Dagmar.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om dei omfattande stormskadane på skogen etter Dagmar.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.    

Omfattande stormskader på skogen etter Dagmar

Vi har fått ei førebels oppsummering frå dei fleste kommunane over stormskader på skog. Tala viser at det er stormfelt 187 000 m³ over eit areal på 12 500 daa. Skadane er omfattande. Men dei er ikkje så store som etter nyttårsorkanen i 1992 då det var skader på over 250 000m3. Skadane er også ujamt fordelt med 125 000 m³ i Nordfjordkommunane og nesten 50 000 m³ i Sogndal, Leikanger og Luster.

Fylkesmannen og Skogeigarlaget arrangerer ei rekkje kurs i sikker opprydding av stormfelt skog for skogeigarar, og det har vore stor oppslutnad om desse kursa. Det er svært farleg å kappe laus stormfelte tre. Dei står eller ligg i spenn, og rotvelter kan falle uventa veg. Tre kan kvile på andre tre og falle uventa ned ved lauskapping. Det er difor viktig å kjenne nokre enkle reglar for lauskapping og ha gjort ein god vurdering av både feltet og kvart tre før ein set i gang. 

Kurs i sikker rydding av stormskada skog i Gloppen kommune

Kurs i sikker rydding av stormskada skog i Gloppen kommune.(Foto: Jan Nic. Hansen, Firda Tidend)

Tabell – kommunevis oversikt over stormskadane:

Kommune

Areal/daa 

Volum/m³

Gulen
Solund
Hyllestad
Høyanger
Vik

0
0
0
0
3

0
0
0
0
700

Balestrand
Leikanger
Sogndal
Aurland
Lærdal
Årdal
Luster

110
270
500
0
450
350
600

3000
11000
15000
0
8000
6000
14800

Askvoll
Fjaler
Gaular
Jølster
Førde
Naustdal
Flora
Bremanger 

5
5
55
150
115
0
20
80

100
100
2000
5000
5500
0
500
3800

Vågsøy
Selje
Eid
Hornindal
Gloppen
Stryn 

0
0
555
30
580
9280

0
0
12000
1000
22000
87000

SUM 

13158

197500


Høgt trykk på erstatningsordningane for klimabetinga skadar på avling

Fjorårets harde vinter førte til omfattande vinterskadar på eng i fylket.

Det var særleg ytre strok som vart råka, og dei fleste søknadane om erstatning kom frå eit fåtal kommunar. Fylkesmannen handsama til saman 70 søknader om erstatning etter vinterskade på eng. 60 av desse resulterte i utbetaling av erstatning. Skadane skuldast i hovudsak isbrann. Normalt vert det motteke få søknadar om erstatning etter vinterskade på eng, men i somme år toppar det seg med menge søknadar. Døme på slike ”toppår” er 2003 og 2006 då det vart handsama høvesvis 188 og 45 søknadar.

Dei som vart råka av vinterskade på enga fekk ein dårleg start på vekstsesongen i 2011. Mange fekk i tillegg problem med å få den enga som var utbetra etter vinterskaden, til å etablera seg. Mykje regn gjennom heile vekstsesongen har på somme areal redusert sjølve grasavlinga, og har i kombinasjon med vanskelege innhaustingstilhøve redusert den innhausta grovfôravlinga betydeleg. Det har som fylgje av dette kome inn heile 76 søknadar om erstatning etter sviktande grovfôravling.

Vinteren kom brått på mot slutten av 2010, med hard vinter alt frå tidleg i november. Dette gav ei stutt tid for frukt- og bærtre til å førebu seg på vinteren, noko som gav eit dårleg utgangspunkt for neste års produksjon. Våren byrja lovande, men etter eit temperaturfall frå midten av mai og nokre veker framover, vart premissane for årets avling lagde i negativ lei. I kombinasjon med mykje nedbør har dette ført til betydeleg avlingssvikt for mange frukt- og bærprodusentar i 2011. Det har kome inn 49 søknadar for avlingssvikt i vekstgruppene frukt og bær.

Det har til saman kome inn 127 søknader om erstatning for avlingssvikt i 2011. Normalt ligg talet på søknader mellom 10 og 20. Førre toppår var 2003, med 83 mottekne søknader.
 

Auka tap av sau og lam på beite i Sogn og Fjordane 2011

Beitesommaren 2011 var våt og kald og det vert meldt om lågare lammevekter og auke i tapstala.

Tal frå organisert beitebruk viser at tap av sau og lam på beite var på 6 % i 2011. Lam er meir utsett og 8 % av lamma vart tapt på beite, i 2010 var dette talet 6,7 %. Sjølv om hovudtendensen er negativ, varierer tala mykje både mellom kommunar, beitelag og enkeltbrukarar. Nokre få beitelag har hatt ein gledeleg nedgang i tapstala.

Tapsårsaker
Flåttborne sjukdommar og flugemakk har det vore mykje av denne sommaren. Det vert elles rapportert om aukane bestand av både rev og ørn, og det er mistanke om gaupe mange stader. Det har kome inn 90 søknader om erstatning for tap av dyr drepe av freda rovvilt. Det er mellom anna betalt ut erstatning pga jerv i Indre Sogn og i Stryn. Laushundar fører også til problem mange stader. Store elvar pga mykje nedbør er også meldt som ein grunn til auka lammetap denne beitesesongen.

Den kalde og våte sommaren ser også ut til å ha ført til mykje alveld, og alveld er truleg ei av dei viktigaste årsakene til dei høge tapa denne beitesommaren. Det vert rapportert om mykje alveld også i område der det ikkje har vore alveld før. For sauehaldet på Vestlandet er det viktig at det vert lagt vekt på forsking slik at ein finn svaret på alveld-gåta snart.

Strategi for reduksjon av tap av lam på utmarksbeite
Fylkesmannen har i samarbeid med næringa utarbeidd ein Strategi for reduksjon av tap av lam på utmarksbeite. Målet er at tap av lam på utmarksbeite skal ned i 5 % innan 2015. Dette skal gjerast gjennom førebyggjande arbeid, kunnskapsheving og betre tilsyn. Sommaren 2011 har vist at verforholda i seg sjølv, direkte eller indirekte, kan vere ei viktig årsak til auka tap. Dette er det ikkje lett å få gjort noko med.

Diagram som viser prosentvis tap av lam på utmarskbeite:

Diagram - prosentvis tap av lam på utmarksbeite i Sogn og Fjordane

Bringebærfylket styrkjer posisjonen

Sogn og Fjordane planta 110 000 av dei totalt 145 000 bringebærplantene i yrkesdyrkinga i 2011. Det vert framleis satsa på ein kombinasjon av levering til ein stadig aukande konsummarknad og ein industri i stor mangel på norske råvarer.

Verdiskapinga i bringebærproduksjonen heldt seg oppe også i 2011, som elles var eit problematisk år for dei fleste hagebruksproduksjonane i fylket. Konsummarknaden viser stadig auka behov for bringebær, og signala er tydelege på at det er ynskjeleg med betydeleg auke i bringebærvolumet dei neste åra. Gjennom målretta kvalitetssikringsarbeid ligg volumauke godt til rette for produsentane i Sogn og Fjordane. Dei har gode naturgjevne vilkår for denne produksjonen.

Den norske konserveindustrien har også trong for betydeleg auke i norskprodusert råvare både til tradisjonelle industriprodukt og til produktutvikling. Krav om rasjonell og kostnadseffektiv produksjon har på nytt fått interessa opp for maskinhausting av bringebær til industrilevering.

Produsentane i fylket er opptekne av å auka verdiskapinga. Dette gjer dei ved å utnytte naturgrunnlaget gjennom kunnskapsbasert produksjon. Bringebærsuksessen som har vokse fram siste åra, er eit godt døme på dette.

Haustemaskin for bringebær.

Haustemaskin for bringebær. (Foto: Torbjørn Takle)


Vestlandsgarden Kringla på mjølkekartongen

Atle Kringlen driv familiebruket Kringla gard i Naustdal. Dette er ein typisk vestlandsgard. Dei driv mjølkeproduksjon i bratt terreng og utnyttar dei ressursane som er på garden. Utmarksbeitet og skogsdrift er ein viktig ressurs. No kjem Atle på mjølkekartongen til TINE. Saman med tre andre bønder skal han representere Vestlandet.

Ein typisk vestlandsgard
Atle er heiltidsbonde og driv garden saman med familien.  Garden består av ca. 100 daa dyrka mark og 100 daa beite. Hovudproduksjonen er mjølk.  Dei siste åra har dei kjøpt mjølkekvote og er i år oppe på 106 tonn i mjølkekvote.  Driftsbygning er frå 1988 og er eit tradisjonelt båsfjøs med plass til 13 kyr og påsett til rekruttering. Dei brukar NRF- kyr og sel oksekalvane ved ca. 100 kg. Dette gjer dei for å frigjere plass i fjøset og fordi fôrgrunnlaget er marginalt. Skog er også ein viktig ressurs og held Atle sysselsett om vinteren. Då produserer han omlag 100 kubikk tømmer og 20 mål ved.

Bruk i balanse- heilskapen er viktig
«Det er viktig å utnytte alle ressursane på garden. Heilskapen og det å ta i bruk all jord er viktig. Dette er sjølvsagt arbeidskrevjande, men det vert så mykje trivlegare når ein har fått slått alle område, samstundes som at vi har behov for fôret» seier Atle. Fyrst og fremst nyttar dei fôrhaustar og vossakasse så langt det går. Deretter går dei over på slåmaskin. All jorda på garden har meir helling enn 1:5 noko som gjev ekstra støtte via regionalt miljøprogram.  Dette gjer at dei kan lønne fleire ungdommar i slåtten.

Motorslåmaskin vert mykje brukt på Kringla gard.

Motorslåmaskin vert mykje brukt på Kringla gard. (Foto: Kringlen.)

I juli og august er alle dyra på stølen på sommarferie.  På denne måten får dei utnytta utmarksbeitet optimalt. Dette er ein viktig ressurs samstundes som at dei held kulturlandskapet i hevd.  «Fleire lurer på korleis NRF kyrne klarar seg i bakkane våre, men dei klarar seg faktisk veldig godt i ulent terreng», seier Atle.

Ser positivt på framtida for vestlandsbonden
Atle vel å tolke den nye landbruksmeldinga som positiv for vestlandsbonden. Spesielt tenkjer han på vektlegginga av grasproduksjon og det å halde kulturlandskapet i hevd. Når tida kjem for at Atle skal gje seg, håpar han at nokon har lyst å overta.

Til garden høyrer det til ein husmannsplass. Her slår dei fem mål på gamlemåten.

Til garden høyrer det til ein husmannsplass. Her slår dei fem mål på gamlemåten. (Foto: Kringlen)