Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 1/2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om mobilisering for fleire produsentar og meir lokalmat.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om mobilisering for fleire produsentar og meir lokalmat.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Mobilisering for fleire produsentar og meir lokalmat

Innhaldet på inspirasjonssamlingane er snøggFLØRTING; kjærleik til mat, inspirasjon og råd/tips.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har som mål å få fleire lokalmat-produsentar og meir lokalmat i fylket gjennom mobilieringsprosjektet. Det skal vere tre samlingar i fylket, ein i kvar region i løpet av 2013. Målsettinga er å registrere fleire produsentar som søkjer støtte hjå Innovasjon Norge. Prosjektet ønskjer å få kontakt med dei som sit på gjerde og lurer på om lokalmat er noko, nyetablerte og dei som allereie har vore i drift nokre år. Vi ønskjer å skape nettverk der produsentar og reiselivsaktørar kan knyte kontaktar og starte konkret samarbeid.

Kokkane er i full sving, fv. Christel Eide, Mitt lille kjøkken, Harald Osa og Steinar Lindstrøm, Kokkenes Mesterlaug i Sogn og Fjordane.
Kokkane er i full sving, fv. Christel Eide, Mitt lille kjøkken, Harald Osa og Steinar Lindstrøm, Kokkenes Mesterlaug i Sogn og Fjordane. (Foto: I. Stadheim, Firda)

Kvar samling vert delt inn i tre seansar. Første del inneheld ekstern inspirator som skal inspirere og gje informasjon til deltakarane. Andre del er snøggsamtalar. Her har produsentar og reiselivsverksemder korte møte med ulike rådgivarar og salsledd for å få svar på spørsmål knytt til produksjon, omsetnad, støtteordningar m.m. Tredje del er Festbord og mingling der deltakarane verkeleg skal få ei smaksoppleving av lokale råvarer som er laga til av profesjonelle kokkar. Den uformelle praten og det sosiale aspektet rundt eit godt matbord står sentralt. Alle har ein felles interesse for og med lokalmat.

Startskotet for snøggFLØRTING gjekk i Sunnfjord og Ytre Sogn 18. april på Åmot Operagard, der vi samla 57 deltakarar frå 26 produsentar/reiselivsverksemder. Harald Osa var invitert til å inspirere, og han innfridde 100 prosent. Den klare bodskapen var: ʺver stolt av råvara som har tradisjon frå eige region og ta den i bruk på ulike måtarʺ. Nasjonal Turistveg Gaularfjellet og utvikling av lokalmat langs strekninga var tema, og ga aktørar i salen innspel til korleis dei kan arbeide vidare med utvikling av matopplevingar.

Tilbakemeldingar frå deltakarane har vore gode.

Stemning på Låven på Åmot Operagard.
Stemning på Låven på Åmot Operagard. (Foto: I. Stadheim, Firda)


Handlingsplan for Inn på tunet

Handlingsplan for Inn på tunet SF 2013-2016

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i samarbeid med ei arbeidsgruppe utarbeidd handlingsplan for Inn på tunet (IPT) i Sogn og Fjordane for perioden 2013-2016. Gruppa som har arbeidd med planen består av representantar frå Fylkesmannen sine avdelingar innan landbruk, utdanning og helse- og sosial, Innovasjon Norge, KS, NAV, Sogn og Fjordane Bondelag, Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag, Sogn og Fjordane skogeigarlag, Sogn og Fjordane fylkeskommune og tilbydarnettverket.

Hovudmålsetninga for planen er å utvikle kvalitetssikra og samfunnsnyttige velferdstenester med garden som arena.

Sogn og Fjordane har seks satsingsområde som ein vil jobbe med i planperioden.

  • Forankring
  • Informasjon
  • Kvalitetssikring
  • Kompetanseheving
  • Nettverksbygging
  • Nye områder

Ein jobbar no med å få på plass ei prosjektstilling for Inn på tunet i fylket, slik at ein kan nå måla arbeidsgruppa har sett i handlingsplanen.


Milepæl i Feios-prosjektet

Feios-prosjektet har utprøving av grunneigarsamarbeid som hovudfokus. Vi er inne i tredje året av eit fem-årig prosjekt i eit av Kystskogbrukets beste skogreisingområde: Feios i Vik kommune i Sogn og Fjordane. Ny prosjektleiar, Peder Magnus Magnussen, debuterte med ein flott presentasjon. Ein viktig premiss for samarbeid er gode ressursoversikter. Frå før er det gjort taksering av delar av skogarealet, som syner kva fantastisk verditilvekst denne skogreisingsskogen no er inne ei. Prosjektet har hatt fokus på infrastrukturen og flaskehalsar for tømmertransport. Feios-prosjektet har, i samarbeid med Kystskogbruket, fått Hovudplan for skogvegar inn som ein del av kommuneplanen for Vik.

På skogkveld i Feios 4. april nådde prosjektet ein ny milepæl. 32 skogeigarar møtte fram på ein innhaldsrik skogkveld for å få skogbruksplan for sin eigedom. Sjølve takstoppdraget inkluderte over 70 eigedomar der mange eigarar bur utanfor bygda. Soleis kan ein no betre planleggje ulike vegprosjekt for best mogleg utdrift av skogen som no etter kvart veks seg hogstmogen. Ved prosjektstart i 2010 vart skogeigarane utfordra til å tippe kor mykje kulturskog, også kalla Fredsskogfelt, som eigentleg har vore planta i denne bygda. No er taksten og planane ferdig, og svaret var 8862 daa.

Stor interesse for nye skogbruksplanar frå skogeigarane i Feios.
Stor interesse for nye skogbruksplanar frå skogeigarane i Feios. (Foto: Morten Fosse, Sogn og Fjordane Skogeigarlag)

Hovudtemaet på skogkvelden var skogbruksplanlegging med miljøregistrering og sertifisering i botn. For i det heile tatt å få seld tømmer, må skogeigar kunne vise til miljøregistrering. I tillegg vart det argumentert godt for forsikring av skog. Det kostar lite og gir mykje att når ulukka er ute anten det er ras, storm eller brann. Tidlegare fylkesskogsjef Hans Lauvstad, no Sogn og Fjordane Skogselskap, har eit stort hjarte for skogen i Feios og avslutta med eit glødande innlegg om skogen si rolle som karbonfangar. Undervegs på denne fredagskvelden vart det servert god og heimelaga hjortesodd sponsa av Sogn og Fjordane Skogselskap, og det var Svein Saure og Hans Lauvstad som var kokkane. Bygda Feios er også gode på bringebærproduksjon og det synte att på dessertkakene som var ein draum. Neste gang skogeigarane møtast, så er det til kurs om bruk av skogbruksplanen i regi av Sogn og Fjordane Skogeigarlag!  

16 gardsbruk – 16 reiselivsbedrifter

Programmet ”Frukt og bær rundt neste sving” har vore med og utvikla reiselivsbedrifter i Sogn og Fjordane og Hordaland. Verkemidla har vore pengar til utviklingstiltak og investeringar, nettverk mellom bedriftene og samarbeid mellom reiseliv og landbruk.

Gjennom programmet har vi fått:

  • Fleire gode opplevingar gjennom utvikling av drikkevarer, serveringsstader og omvisning
  • Ein betre dialog mellom små reiselivsbedrifter og med destinasjonsselskap og hotell
  • Destinasjonsselskap som brukar frukt og bær i si marknadsføring
  • Festivalen Norsk Drikke
  • Auka kunnskap om frukt og bær i lokalmiljøet 

Programmet har også gitt positive ringverknader for den tradisjonelle frukt- og bærnæringa. Døme på dette er frosne bringebær frå Lærdal under merkenamnet ”Lærdals beste”, produktutvikling og auka merksemd kring drikke av norske råvarer og omvisning på gardsbruk som utstillingsvindauge for næringa.

Richard Juhlin og siderbonde Asbjørn Børsheim på besøk i frukthagen.
Richard Juhlin og siderbonde Asbjørn Børsheim på besøk i frukthagen. (Foto: Globus Media)


Kommunesamling om SMIL-tilskot til verneverdige bygningar i kulturlandskapet

Tilskotsordninga spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal mellom anna bidra til ivaretaking av natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet, utover det som vert forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fordeler ei årleg SMIL-ramme på rundt 8 millionar kroner til kommunane. I gjennomsnitt går rundt 40 prosent av den samla ramma til tiltak for å ta vare på freda og verneverdige bygningar i kulturlandskapet. Det er ei krevjande oppgåve for kommunane å handsame søknader om SMIL-tilskot til bygningstiltak, som ofte føreset ein del om kunnskap om verneverdige bygningar og tradisjonelle byggjeteknikkar.

Med dette som bakgrunn, arrangerte Fylkesmannen ei samling for kommunane den 23. april. Gjennom føredrag, praktiske døme og synfaring fekk dei 21 deltakande kommunane lufta ein del problemstillingar kring SMIL-ordninga og bygningstiltak. Samtidig fekk dei styrka nettverket seg i mellom og med Norsk Kulturminnefond og Fylkeskommunen si kulturavdeling. Ut i frå mange positive tilbakemeldingar frå kommunane, er det aktuelt med ei årleg nettverksamling om SMIL. Det kom også fram ulike idear og innspel under samlinga som Fylkeskommunen og Fylkesmannen ønskjer å arbeide vidare med. Det kan til dømes vere aktuelt med lokale kurs for å heve kompetansen og motivasjonen om bygningsvern hjå bønder, grunneigarar og handverkarar.