Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 1/2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om nye forskingsprosjekt som skal løfte fruktproduksjonen.

Nye forskingsprosjekt skal løfte fruktproduksjonen

To forskingsprosjekt innan frukt har fått løyvingar på til saman 18,4 millionar kroner for dei neste 4 åra. Ei samla fruktnæring har støtta søknadane. Det første prosjektet skal sjå på sjukdommar i frukttre og det andre skal arbeide med jord og gjødsling sin verknad på fruktavlinga.

Det er marknad for meir norsk frukt, og den norske fruktnæringa har alt å vinne på å stå samla og samarbeide godt. Sjølv i norsk sesong er det import av eple, plommer og morellar. Gjennom året utgjer den norske fruktproduksjonen i høve import 23 prosent for plommer, 19 prosent for morellar, 14 prosent for eple og 1 prosent for pærer. Norsk produksjon konkurrerer difor i hovudsak med importert frukt og ikkje innbyrdes.

Forsk Smart
Fruktnæringa i Noreg har samla seg og laga ei strategigruppe innan frukt kalla Forsk Smart som starta opp i 2017. Denne gruppa har sett seg som mål at arealeffektiviteten og lønsemda i norsk fruktproduksjon skal hevast gjennom langsiktig og koordinert FoU-arbeid. Medlemmene i gruppa er representantar frå fruktmottak, forsking, rådgjeving og offentleg forvaltning, og er forankra i alle fruktdistrikta i Noreg. Strategigruppa er finansiert av Fylkesmennene i Sogn og Fjordane, Hordaland og Telemark.

Forsking og innovasjon legg grunnlag for auka verdiskaping
Forsk Smart har sett behov for meir kompetanse innan gjødsling, trehelse, sorts- og teknologiutvikling. I løpet av våren og sommaren 2017 var Forsk Smart med å utarbeide to innovasjonsprosjekt for næringslivet (IPN) saman med nasjonale FoU-miljø og næringa. Det eine prosjektet skal sjå på jordkvalitet og gjødsling i frukt og bygge FoU-kompetanse på dette i Noreg. Det andre prosjektet skal finne metodar for å få betre trehelse i unge tre av steinfrukt der sjukdomssituasjonen no er urovekkande. 16. februar i år kom svaret frå Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri om at prosjekta har fått innvilga støtte.

Det skjer no også eit arbeid der Forsk Smart samarbeider med Økologisk føregangsfylke frukt og bær for å  etablere eit konkret teknologiprosjekt som skal resultere i bruk av autonome robotar til ugraskontroll, hausting og overvaking i frukthagane. Dette prosjektet tek utgangspunkt i dei prioriteringane som kom fram på ein workshop for næringa om robotteknologi før jul.

Arbeidet til Forsk Smart er dermed i ferd med å bere frukter.

Norske eple.
Norske eple. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Kartlegging og samarbeid om landbruksureining i vatn

Ny kartlegging og tett samarbeid mellom Sogn og Fjordane og Hordaland skal gje ny kunnskap om ureining frå landbruket og korleis dette kan reduserast.

Målet med prosjektet er å få ein god oversikt over kva type jordbruk som eksisterer rundt vassførekomstar med dårleg miljøtilstand, og å kunne bruke denne kunnskapen til kommunale oppfølging og til å utvikle tilskotsordningar for å betre vassmiljøet i fylka.

Auka kunnskap gjev betre forvaltning
Første steg i prosjektet er å få kartlagt kva landbruksområde som er knytt til vassførekomstar med dårleg miljøtilstand og få oversikt over vassførekomstar i Sogn og Fjordane og Hordaland. Kartlaget skal lagast av eksisterande data frå detaljert arealressurskart og data frå Vann-nett, samt matrikkelkart og informasjon frå søknader om produksjonstilskot.

Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Samarbeidet er allereie starta med landbruksavdelinga i Hordaland, samt vassregionane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Kartlaget som vert utarbeidd skal også skal publiserast på fylka sine felles kartdatabasar. Der kan det brukast av tilsette i kommunen og hjelpa dei med å gjennomføra ein meir målretta forvalting og kontroll av landbruksureining. Kartet kan til dømes brukast som hjelp innan søknader om sein gjødselspreiing og til utval av tilsyn på gjødsellager. 

landbruksjord delt inn forskjellege sonar.
Biletet syner korleis landbruksjord kan delast inn forskjellege sonar ut i frå avstand til den forureina elva. Brun farge er areal innan 10 meter frå elvekanten, rød er 200 meter og oransje er 400 meter. Jordbruksareal som ligg lenger unna er sandfarga. Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Inspirasjonssamling for etablering av ysteri

Eit ysteri er alt i fyll sving og eit anna er under etablering. Begge desse deltok på inspirasjons- og fagsamling om ysting hausten 2017.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte inspirasjonssamling i ysting med ti deltakarar. Desse var i ulike etableringsfasar og fekk kyndig innføring i faget ved Lise Brunborg frå Stavanger ysteri og meieristyrar Egil Smith-Meyer frå Tingvollost.

Inspirasjonssamlinga gav innføring i kva moglegheiter som ligg i ysting av mjølk, marknad, regelverk og litt kjemi. Ein viktig del av inspirasjonssamlinga var fagtur til Ostegården og Jørn Hafslund i Hordaland. Der fekk deltakarane yste i stort kar og sjå eit fullskala mjølkeforedlingsanlegg med EFTA-godkjenning. Der fekk dei også vere med å vaske, vokse og pakke ost.

Ostemasse vert lagt i form.
Ostemasse vert lagt i form. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Første fagbok i ysting i Skandinavia

Med stor glede vart første lærebok i handverksysting lansert i februar 2018. Fagboka blir viktig i arbeidet med å få fleire til å sjå potensialet i foredling av mjølk og starte produksjon av ost.

Boka er skriven av Ragnhild Nordbø og Maria Ballhaus som begge har lang erfaring med ost og mjølkeforedling og som no driv eigne ysteri. Boka er resultat av eit prosjekt på Ressurssenteret ved Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland, der forfattarane er lærarar på dei nasjonale kursa i mjølkeforedling.

Boka startar med grunnleggjande mjølkekjemi og mikrobiologi og prinsippa for modning og smaksutvikling i ost. Ho gjennomgår regelverk kring mjølkeforedling og korleis regelverket kan etterlevast i praksis. Deretter er framstillingsprosessen for dei viktigaste gruppene av mjølkeprodukt grundig handsama. For kvart trinn i ystinga forklarar forfattarane kva som skjer i praksis, og korleis små justeringar verkar inn. Boka gjev grunnlag for å utvikle eigne oppskrifter og framgangsmåtar og skape nye mjølkeprodukt med trygg, god og stabil kvalitet.

Lansering av lærebok om ysting ved forfattarane Nordbø og Ballhaus.
Lansering av lærebok om ysting ved forfattarane Nordbø og Ballhaus. Foto: Sogn jord- og hagebruksskule

Auka motivasjon i Naustdalslandbruket

Grønt forum i Naustdal kommune har gjennomført prosjektet Naustdalslandbruket mot 2025. Prosjektet viser mangfaldet av bønder i kommunen og har gitt ny og auka motivasjon.

Grønt forum er ei samanslutning av landbruksorganisasjonane i Naustdal som saman med kommunen starta prosjektet Naustdalslandbruket mot 2025. Bakgrunnen for prosjektet var kravet om lausdrift i 2024. Grønt forum og Naustdal kommune ønska å kartlegge behovet for rådgjeving på landbrukseigedomar og særleg mot mjølke- og storfeproduksjon. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har støtta prosjektet og kartlegginga med UTM-midlar.

Målet med prosjektet er å halde på landbruksproduksjonen og sysselsettinga knytt til landbruk. Vidare skal det motivere, stimulere til nye idear og få ei langsiktig satsing i jordbruket.

Prosjektleiaren har besøkt nesten alle landbruksføretaka i kommunen. På denne måten har dei  kartlagt planar og ønske frå kvar einskild bonde. I tillegg har det vore grendemøte med ide- og erfaringsutveksling. Landbruket i Naustdal er no grundig kartlagt og syner eit stort spenn i både produksjonar og kva ressursar som finnast i skog og gjennom jakt, fiske og reiseliv. Gjennom prosjektet har ein også kartlagt kva barrierar den einskilde opplever som utfordringar for vidare drift og ambisjonar.

Rapporten frå Grønt forum skisserer tiltak som ein tenkjer seg vidare i prosjektet der ein legg vekt på møteplassar, kompetanseheving og studieturar. Målet med prosjektet er å vere eit bindeledd mellom næring og forvaltning og sikre god dialog mellom næring og forvaltning og sikre god dialog mellom dei ulike aktørane til beste for naustdalsbonden.