Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2/2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna artiklar om bygdeturisme som obligatorisk høgskulefag og skogplanting på Vestlandet med hjelp frå Slovakia.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna artiklar om bygdeturisme som obligatorisk høgskulefag og skogplanting på Vestlandet med hjelp frå Slovakia. 

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Eksportopplæring på dagsorden for bærmottaka i Sogn og Fjordane

Lærdal Grønt har gjennom nytenking i produksjon og kvalitetssikringa av morellar, stått fram som eit føredøme innanfor profesjonell oppbygging av mottak for friske hagebruksprodukt. Den første innovasjonsprisen som vart utdelt av Gartnarhallen gjekk difor til Lærdal Grønt.

Innovasjon Norge vil no bruke Lærdal Grønt i eit opplæringsprogram retta mot dei andre bærmottaka i fylket. Dette fordi den kompetansen som er utvikla i Lærdal skal hjelpe dei andre bedriftene og produsentane deira, til å kvalifisere seg for å ta del i marknaden ein finn for friske bringebær ute i Europa.

Kvalitetssikring i alle ledd frå jord til bord er avgjerande for å lukkast i ein krevjande marknad. Landbruket er ikkje tent med døgnfluger når målet er å sikre varige arbeidsplassar i bygdene våre. Dersom bedriftene konsentrerer resursane mot produksjonar der dei har godt naturgrunnlag og gjennomfører tiltaka, som er naudsynt for å levere ein jamn toppkvalitet til avtalt tid, finst det ein stor og interessant marknad å fylle for fleire produkt innafor hagebrukssektoren.

Innovasjon Norge vil vere med å byggje opp næringa til å kunne handtere dette. I samarbeid med Lærdal Grønt og Fylkesmannen gjennomfører dei denne og kommande sesong eit opplæringsprogram for eksport av friske bringebær. Målet er å kvalifisere dei bedriftene som blir med, til å nytte den sjansen som leveringsdyktigheit på topp vare gir  i ein kvalitetsbevist marknad både her heime og ute i Europa.    Lædal grønt. Foto: Torbjørn Takle
Lædal grønt. Foto: Torbjørn Takle

Produksjonsprosessen frå jord til bord er ikkje sterkare enn det svakaste ledd i kjeda. Fokus i første omgang blir sett på kva som må til for å lukkast både på det organisatorisk plan i bedrifta, i varehandteringa internt og i produksjonen av kvalitetsvarer.

Første samling var 14. og 15. mai i Lærdal. Det er ein utfordrande veg å gå, men utan å ta første steget kjem ein ingen veg mot det som kan verte ein suksess for bærnæringa i fylket.

Bringebær taper terreng som tradisjonell industriråvare

Siste åra har avdekka ein sterkt aukande marknad for friske bringebær. Nyplantinga i dag tek sikte på å forsyne konsummarknaden med bær, og industrien blir taparen i kampen om bæra. Låge industriprisar, kombinert med aukande kostnader, er årsaka til dette.

Konsummarknaden er langt meir attraktiv for produsentane, sjølv om ein også her merkar dei aukande produksjonskostnadene. Etter eit år med til dels betydeleg avlingssvikt i deler av den nyetablerte tunnelproduksjonen av bringebær i fylket, lovar dette året så langt bra. Kulden etter påske har sett minimale spor, og avlinga ser ut til å kunne bli bra både på friland og i den meir krevjande tunnelproduksjonen som har skote fart siste to åra. Det nærmar seg 300 dekar bringebær i tunnel i fylket. Det er viktig at denne etter måten store investeringa no bær frukter i form av gode avlingar av topp kvalitet.

Bringebærtunell i Vik. Foto: Torbjørn Takle
Bringebærtunnel i Vik. Foto: Torbjørn Takle

Konservindustrien har ein viktig funksjon i norsk bærdyrking. Utan tilgang til denne mottakaren, har ein ikkje den sikkerheitsventilen som trengs for å sikre topp kvalitet på leveransane til ferskvaremarknaden. Det er hasardiøst å byggje opp ei større konsumlevering utan å ha ein backup i eksisterande industri, eller å syte for produktutvikling for å nytte den delen av bæra som ikkje held mål for konsummarknaden.

På den andre sida er også industrien avhengig av sikker tilgang på norske råvarer av topp kvalitet for sitt formål. Gjennom mottaka som er utbygde i fylket, ligg det til rette for god varehandtering av produkta industrien ynskjer. Men dette nyttar lite dersom produsentane ikkje finn det lønsamt å produsere for dette formålet. Dersom det ikkje skjer ei endring innan kort tid, spøkjer det for industrilevering av bringebær frå tradisjonelle plantingar her i fylket.

Blømingstid for økologiske fruktbønder i Sogn

Fruktbønder i Sogn som vil satse på økologisk produksjon, har gode framtidsutsikter. Betre støtteordningar, tett oppfølging frå fagmiljø og særskild gode leveringsvilkår er viktige faktorar som no gjer det lettare for bøndene å leggje om til økologisk produksjon.

Etterspurnaden etter økologiske frukt- og bærprodukt er langt større enn tilbodet. Dette gjeld også norsk økologisk fruktjuice der etterspurnaden har auka markant dei siste åra. Den norske frukta er særskild godt eigna til slik vidareforedling. Som ein konsekvens av at det ikkje blir dyrka nok norske råvarer, har mostprodusenten Balholm AS i Balestrand, i samarbeid med bakerikjeda Godt Brød, gått ut med eit spesialtilbod til fruktbøndene i Sogn. Tilbodet inneber ein 5-års kontrakt om levering av økologisk eple og pære til vidareforedling.       Fruktblomstring. Foto: LMD
Fruktblomstring. Foto: LMD

Balholm AS vil produsere ein eigen serie av Øko-rekrutt-juicar som er laga av frukt og bær under omlegging.  Juicen vil bli omsett gjennom Godt Brød sine butikkar. Sjølv om frukta ikkje har økologisk godkjenning før etter 3 år, vil dei som leverer få nesten same pris som for økologisk frukt frå første dag i omleggingsperioden. Og for å stimulere til auka omlegging, vert oppgjersprisen frå 2008 auka for både karensfrukt og ferdig omlagt frukt.

I tillegg skal fruktdyrkarar, som satsar seriøst på økologisk drift, ha høg prioritet ved tildeling av investeringsstøtte. Det kan løyvast inntil 30 % tilskot til rydde- og plantekostnader ved omlegging. I kombinasjon med kontraktsdyrkinga, vil fruktbøndene såleis få redusert risikoen ved omlegging og betre økonomiske vilkår for økologisk produksjon. Samstundes får foredlings- og omsetnadsledda moglegheit til å nå sine mål i høve til etterspurnaden. Kontraktsdyrkinga er såleis eit godt døme på heilkjedeavtale som gjev gevinst for alle ledd frå jord til bord, og bidreg til å auke innanlandsk økologisk produksjon og forbruk.

Pilotprosjekt - økologisk frukt og bærdyrking
Prosjekt Norsk økologisk frukt til forbrukar

”Ung framtid” i 4H

4H Sogn og Fjordane satsar stort. Dei er no i gong med eit toårig prosjekt kalla ”Ung framtid”, der ungdom i og utanfor organisasjonen er i fokus. Målet for prosjektet er å skapa og oppretthalda lærerike og rusfrie møteplassar i fylket. Dei vil arbeida med ulike tiltak for å oppnå dette, mellom anna å skapa møteplassar for hybelbuarar i skulesentra og entreprenørskap.

Mange som må flytta på hybel for å gå på vidaregåande skule, deltek ikkje i organiserte aktivitetar i fritida. 4H ønskjer å retta fokus på denne gruppa gjennom prosjektet ”Ung framtid”. Sogndal vidaregåande skule, 4H Sogn og Fjordane, Sogndal kommune og ulike lag og organisasjonar i bygda ønskjer å utforma og setje i verk eit lågterskeltilbod til elevar i vidaregåande skule, særleg til dei som bur på hybel. Tilbodet skal innehalda fysisk aktivitet, mellom anna volleyball, spinning og styrketrening ein gong i veka, i tillegg til aktivitetar av ulikt slag ein gong i månaden. Elevane skal og få kurs i å laga sunn og god hybelmat. Målet er å bidra til ein sunn og aktiv livsstil og eit godt sosialt nettverk for elevane i vidaregåande skule, og særleg for hybelbuarane. Pilotprosjektet kan og føra til at hybelbuarane blir betre integrerte og raskare kjende med dei positive tilboda i lokalmiljøet.  Dei tre åra dei er innbyggjarar på ein ny skulestad er viktige for å skape eigne haldningar og byggja gode nettverk for resten av livet.

Grunntanken i arbeidet til 4H er ”Å læra ved å gjera det”. Medlemane i organisasjonen skal løysa eit 4H-prosjekt kvart år. Gjennom desse prosjekta, og ansvar for ulike arrangement,  lærer dei entreprenørskap. I prosjektet ”Ung framtid” vil 4H setja fokus på ungdomen som entreprenørar, slik at dei kan utvikla ungdomsbedrifter som sel tenester basert på natur og kultur i nærmiljøet. Dette vil kunne skape spennande tilbod i og vidareutvikla lokalsamfunna i fylket, i tillegg til at ungdom under 18 år kan skape sine eigne ekstrajobbar. Eit av tiltaka innafor dette området er 4H Matskule, der ungdom kan arrangere eit ferietilbod for born mellom 8 og 12 år. Dette året vil 4H Sogn og Fjordane arrangere om lag fem Matskular med fokus på sunn mat og fysisk aktivitet. I tillegg blir det ei viktig oppgåve å utarbeida eit godt system for korleis 4H-bedriftar skal bli etablert og organisert.

Bygdeturisme som obligatorisk fag på Høgskulen i Sogn og Fjordane

Eit felles utviklingsprosjekt mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) og Norsk Bygdeturisme og gardsmat (NBG) har resultert i at bygdeturisme er blitt integrert som ein del av utdanninga ved reiselivsstudiet på HSF. Det er gjennomført 2 prøvesesongar der dei fleste deltakarane er ordinære studentar det siste året på bachelorgraden. Nokre bedriftseigarar frå næringa har også vore med.

Studentane fekk prøva seg på tur i Jostedalen - her på bretur med breførarlaget. Foto: Roar Werner Vangsnes.
Studentane fekk prøva seg på tur i Jostedalen - her på bretur med breførarlaget.
Foto: Roar Werner Vangsnes. 

Tilbakemeldingane er gode, og neste steg er å ta med kurset ”ut i felten” vinteren 2009. Kurset vert då lagt til bedrifter og områder som er relevant, og til bedrifter som både er viljuge til å vise fram det dei har og kan formidle det på ein levande og god måte. Difor er det gjort avtalar med Svein Inge Fosse, som eig og driv Knutholmen as i Bremanger, og Laila Gjerde på Jostedal Hotell i Jostedalen. Begge bedriftene har også forankring i NBG. Vi håpar også å kunne få til eit endå sterkare samarbeid med kompetansenavet i Aurland, og samstundes legge ei av samlingane dit. Kompetansenava er viktige kompetansemeklarar med sine netteverk.

Kurset er under utvikling , og dersom vi no får like god respons på ”feltkurset”, vil det også kunne køyrast t.d. både i Troms og på Sørlandet på lengre sikt. Det viktige vil då vere å kunne nytte seg av kunnskap frå dei aktuelle nærområda. Det finst nemleg utruleg mange dyktige bygdeturismebedrifter over heile landet, og desse må nyttast når næringa skal profesjonaliserast          Studentane fekk orientering av vertinna på Jostedal Hotell. Foto: Roar Werner Vangsnes
Studentane fekk orientering av vertinna på Jostedal Hotell. Foto: Roar Werner Vangsnes

Skogplanting på Vestlandet med hjelp frå Slovakia

Skogbruket i Sogn og Fjordane har i meir enn ti år hatt god samarbeid med Slovakia innan skogkultur. Vi har hatt arbeidslag vår og haust som har stått for ein vesentleg del av planting og etterarbeid i skogkulturfelta. Vi skulle gjerne sett større aktivitet innan skogkultur i fylket. Utan denne arbeidshjelpa, vil det ha vore vanskeleg å halde oppe den aktiviteten vi har fått til.

Dei som har utført skogkulturarbeid er fagarbeidarar innan skogbruk, og med bakgrunn i Slovakisk Statsskog. Dei første åra sytte vi for opplæring i form av Aktivt Skogbrukskurs. Dei seinare åra har vi i hovudsak hatt folk som har vore her før, så trongen for opplæring har vore mindre.

Heile tida har arbeidarane hatt same løns - og arbeidsvilkår som norske skogsarbeidarar. Skogeigarlaget har vore arbeidsgjevar.

Etter kvart har samarbeidet utvikla seg til også å gjelde nabofylka. I år har vi i gang to arbeidslag på fire personar kvar. Det eine laget er i Rogaland og Hordaland og tok til med arbeidet 21. april. Det andre laget, som no er i Sogn, tok til 24. april. Dette arbeidslaget vil også plante på Sunnmøre. Vi er svært nøgde med at dei var på plass tidleg slik at vi får brukt den beste plantetida. Det har elles vore vanskeleg å få tak i folk tidleg nok i høve til det som gjev best resultat for tilslag og utvikling av plantene.

  Slovakar i arbeid med skogplanting. Foto: Asle Lyslo, Sogn og Fjordane skogeigarlag
Slovakar i arbeid med skogplanting.
Foto: Asle Lyslo, Sogn og Fjordane skogeigarlag

I år starta plantinga i Sogn og Fjordane i Sunnfjord, og med Brandsøy Planteskule som base. Skogselskapet og planteskulen har lang og god tradisjon med å hyse kulturarbeidarar, og driftsbygningen er bygd med tanke på dette. Styraren på planteskulen er hjortejeger, og det vankar gjerne noko hjortekjøt til steiking, eller helst til å lage gulasj. Gulasj er knallsterk kjøtsuppe med potet, paprika og pepar som viktigaste innslaga i tillegg til hjortekjøtet. Det går mykje drikke til slik suppe. I kvart arbeidslag brukar det å vere minst ein sportsfiskar, slik at ikkje så få ferskmatmiddagar blir dregne opp frå sjøen.

I vår skal det settast ut 200 000 planter. Prestasjonane om våren, med lange lyse dagar og fint ver, er mellom 800 og 1 000 planter om dagen. Vi reknar med at jobben er gjort i løpet av mai eller tidleg juni.

Skogbruket i Sogn og Fjordane har svært god erfaring med dette mangeårige samarbeidet. Vi har også inntrykk av at dei som har vore i arbeid her gjerne kjem att, og at dei har hatt det kjekt i tillegg til å tene gode pengar på hard innsats. Vi merkar no at det er noko vanskelegare å rekruttere folk. Det er langt frå Slovakia til Noreg. For mange er det meir freistande å få seg jobb i eit land som ligg nærare, og der det er enklare å koma heim i helgane.

Til toppen