Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2/2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om nabofylke som var på studietur i utvalde kulturlandskap.

Nabofylke på studietur i utvalde kulturlandskap

Ein delegasjon frå Hordaland var i september 2017 på studietur til Sogn og Fjordane for å få inspirasjon frå arbeidet som vert gjort i utvalde kulturlandskap (UKL) i nabofylket.

I samband med at Havråtunet på Osterøy vart innlemma som utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2017, arrangerte fylkesmennene i Hordaland og Sogn og Fjordane ein studietur for ei gruppe samansett av grunneigarar, museumstilsette og forvaltning. Målet var å bli inspirert og lære av både organisering og skjøtsel som går føre seg i dei to områda Hoddevik-Liset i Selje kommune og Grinde-Engjasete i Leikanger kommune i Sogn og Fjordane som begge har vore UKL-område sidan ordninga starta i 2009.

Deltakarane møtte representantar for Årdalens venner som gjer ein stor frivillig innsats på den veglause garden Årdalen. Vidare møtte dei også grunneigarar i Hoddevik og Hoddevika grunneigarlag som orienterte om korleis skjøtselen av fellesareala i grenda vert organisert.

Hovudhuset i Årdalen er grundig restaurert av Årdalen venner.
Hovudhuset i Årdalen er grundig restaurert av Årdalen venner. Foto: Trude Knagenhjelm/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane­­

Deltakarane besøkte på Grinde i UKL-området Grinde-Engjasete, der deltakarane fekk treffe dei to aktive gardbrukarane som utfører skjøtsel på fleire av bruka. Møtet resulterte i mykje erfaringsutveksling med fokus på styving og generell skjøtsel.

Studieturen viste at utvalde kulturlandskap i jordbruket vert ulikt organisert frå område til område, og at det kan vere store forskjellar på korleis grunneigarar og frivillige lag organiserer seg innanfor same område. Det er viktig at kvart område finn ein arbeidsmodell som passar lokalsamfunnet, og som medverkar til at mål blir nådde. Samstundes er det viktig at forvaltninga tek innover seg at arbeidet med kulturlandskap er eit prosessuelt og langsiktig arbeid, der mange av resultata kjem på lang sikt. Det er såleis viktig for varetakinga av desse verdifulle kulturlandskapa at ordninga for utvalde kulturlandskap i jordbruket framleis vert styrka, og at ordninga er stabil og langsiktig.

Gruppa fekk kjenne korleis det er å bevege seg i det bratte landskapet på Grinde
Gruppa fekk kjenne korleis det er å bevege seg i det bratte landskapet på Grinde. Foto: Trude Knagenhjelm/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Trainee på landbruksavdelinga

Landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i august i år tilsett ein trainee gjennom rekrutteringsprogrammet Framtidsfylket.

Sjølv om traineear er relativt vanleg innan yrkesretningar som til dømes juss eller økonomi, er det eit nyare omgrep innan fagområde som landbruk og miljøvern. Framtidsfylket har i år 27 traineear i 21 bedrifter over heile Sogn og Fjordane og hadde over 1000 søkjarar. Traineeane er alle nyutdanna med minimum bachelor frå høgare utdanning og ordninga er meint til å hjelpe nye arbeidstakarar inn i arbeidslivet i fylket på best mogleg måte. Traineeane får eigen mentor og tett oppfølging på arbeidsplassen og eigne traineesamlingar i regi av programmet.

Ein trainee skal arbeide med ulike fagfelt og får ein brei presentasjon av kva landbruksavdelinga arbeider med frå klimagassutslepp i landbruket, auka honningproduksjon, utvalde kulturlandskap og næringsutvikling i landbruket.

Det er viktig å synleggjere det spennande mangfaldet av oppgåver innan landbruksforvaltninga og tenkje langsiktig rekruttering for å få dei dyktigaste folka. Å vere med på eit slikt rekrutteringsprogram som Framtidsfylket er eit godt verkemiddel for å få dette til.

Kva er «vanleg» produksjon for frukt og bær?

Avlinga i planteproduksjonane varierer ikkje berre ut frå driftsmåte og arbeidsinnsats, men også mellom år og lokale forhold, og mellom økologisk og konvensjonell drift. Det er difor vanskeleg å fastsetje eit generelt avlingskrav som utgangspunkt for kravet til vanleg jordbruksproduksjon.

Å drive «vanleg» jordbruksproduksjon er eit grunnvilkår for å motta produksjonstilskot jfr. forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Det kan gjevast areal- og kulturlandskapstilskot til areal som føretaket disponerer og driv aktivt.

Det er ikkje sett opp nokon klar standard for kor stor avlinga må vere for frukt og bær for å kallast «vanleg». Landbruksforvaltninga i Sogn og Fjordane har difor hatt behov for nokre rettleiande tal for avlingsmengder og  kva som kan kallast vanleg produksjon.

Eplehage i Lærdal.
Eplehage i Lærdal. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

For å finne fram til objektive kriterium for kva som kan kallast vanleg produksjon for frukt og bær i Sogn og Fjordane har vi gått gjennom leveransar frå føretak som søkjer om arealtilskot til frukt og bær, og funne  fram til eit gjennomsnittleg avlingsnivå som er representativt for fylket. Desse middels avlingstala er vel å merke ganske låge samanlikna med dei som driv godt.

For å korrigere for årlege variasjonar, er avlinga over ein periode på fem år lagt til grunn. For å vurdere om eit føretak driv vanleg produksjon, legg vi til grunn avling i kg per dekar. Vi går ut frå avling som er omsett og som er ført som inntekt for føretaket per dekar som det er søkt arealtilskot for. Avlinga må i snitt for fem år vere over 70 prosent av ein gjennomsnittleg omsett avling i fylket for å reknast som «vanleg». For økologisk produksjon må avlinga vere over 50 prosent.

Desse tala er basert på gjennomsnittstal og er berre rettleiande. Her er alt areal det vert søkt tilskot til med, og mange har mykje høgare avlingsnivå enn dette, samstundes som det finnast ein del gamle eplehagar med ekstensiv produksjon der det er vanskeleg å komme opp i høg produksjon.

Kontroll og plantetilstand etter hogst

Hausten er her, og det er tid for kontroll av plantefelt. Kommunane skal gjennomføre foryngings- og resultatkontroll, og fylkesmannen er med på ei undersøking av snutebilleskadar.

I Sogn og Fjordane vert berre halvparten av areala som er hogd planta til med ny skog. Areala som ikkje vert planta gror att med kratt og lauv som i beste fall vert nytta til ved. Gjennom skogbrukslova og berekraftforskrifta har skogeigarane plikt til å få etablert ny skog for vidare skogproduksjon etter hogst, og kommunane skal kontrollere både tilstanden på forynginga og om det faktisk er forynga.

I dag vert norske skogeigarar, som leverer tømmer til skogeigarandelslaga, sertifisert gjennom PEFC gruppesertifikat. Gjennom sertifiseringa pliktar skogeigaren å drive ei berekraftig og miljøvenleg skogressursforvaltning i samsvar med norsk lovverk.

Etter revisjon av standarden i 2016 er det lagt meir vekt på at areal som vert hogd også må foryngast i samsvar med regelverket. Dette gjer at skogeigarandelslaga ved inngåing av hogstkontraktar også må sikre at skogeigar kjem til å forynge areala. Ved revisjon av sertifiseringa vert det også lagt vekt på om tidlegare hogde areal er forynga når det eventuelt skal inngåast nye hogstkontraktar. Dette gjer at andelslaga no har eit større ansvar for forynging.

I haust er vi ute i kommunane i fylket for å bistå med resultatkontroll. Denne kontrollen kan minne om foryngingskontroll, men har som føremål å synleggjere i kva grad nasjonale skogpolitiske målsettingar og krav vert oppfylt.

Undersøkinga av snutebilleskade så langt syner at dette er eit stort problem. Solutsette og tørre flater er sterkt råka av snutebillegnag, på enkelte flater er nesten alle planter angripne, og over halvparten av plantene vil døy som følgje av billeskader.

Frå og med i haust vert det nytta voksbehandla planter som skal beskytte betre mot gnag enn det middelet som vert brukt i dag. Vi håpar at avgangen av planter med snutebillegnag etter kvart vert redusert med denne nye behandlinga. Forhåpentlegvis vil vi også sjå at større prosentvis areal vert planta etter hogst, men det er framleis ein stor jobb å gjere for å ta att etterslepet som gror igjen med lite produktiv skog.

Ysting i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane er det mange som ystar på geitemjølk, men det er få som foredlar mjølk frå kyr. No vert det mobilisert for å få fleire til å lage ost av kumjølk.

Det vert gjennomført lokal samling og ein felles studietur for å lære meir om kva det vil seie å foredle si eiga mjølk. Her vil deltakarane sjå prosessane og få eit praktisk innblikk i omfang og arbeidsmengde. Deltakarane får møte etablerte produsentar og fagpersonar på området. Målet er at dette skal gje fleire osteprodusentar i fylket og skape nye arbeidsplassar og medverke til auka verdiskaping.

Hovudmål for Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane er at «Sogn og Fjordane skal auke matproduksjonen med 1 prosent per år og skape eit mangfald av arbeidsplassar i bygdene samstundes som vi tek vare på det særmerkte kulturlandskapet og oppfyller dei nasjonale måla innan miljø og klima». Forskrift om kvoteordninga for mjølk tillèt gardsbruk med mjølkeproduksjon å ha lokal foredlingskvote i tillegg til den kvota dei leverer til meieriet.

Ost til modning.
Ost til modning. Foto: Kompetansenettverket for lokalmat