Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2/2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om utvikling av nye kart med leigejord og areal ute av drift.

Utviklar nye kart med leigejord og areal ute av drift

Som første fylke i landet utviklar Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kart over areal ute av drift og areal som er leigejord. Datamaterialet gjev tilgang på ny djubdekunnskap om strukturen i jordbruket på detaljnivå.

Kartet viser registrert jordbruksareal i ein kommune.
Figur 1. Kartet viser registrert jordbruksareal i ein kommune. Kvite område er areal i aktiv drift, dei andre fargane: grøn, blå og rosa indikerer at områda ikkje lenger er i aktiv drift. Grøn farge visar at arealet er registrert som «fulldyrka jord». Blå  farge visar at arealet er registrert som «overflatedyrka jord». Rosa farge visar at arealet er registrert som «innmarksbeite». Illustrasjon: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Samanstilling av informasjon gjev ny kunnskap
Det starta med eit ønske om å finna ut kva mjølkebruk som var i nærleik til landbrukspåverka vassførekomstar i samband med eit kartleggingsprosjekt om ureining frå landbruket til vatn.  Med det utgangspunktet vart informasjon om produksjonstilskot og leigejord henta inn og sett saman med arealkart i eit kartprogram. Vassforureiningsprosjektet gav uventa nye data om jordbruksareal ute av drift og om køyreavstandar til leigejord i Sogn og Fjordane.

Areal som vart registrert i arealressurskartet som jordbruksområde, fekk tilleggsinformasjon om kva jordbruksproduksjon som er på området og kva gards- og bruksnummer som er registrert som leigejord.

Jordbruksareal ute av drift
Areal som er registrert som jordbruksareal, men som vi ikkje finn meir informasjon om, vert rekna som «areal ute av drift». Dette er areal som det ikkje vert søkt om produksjonstilskot på. Informasjonen vi har om kva gards- og bruksnummer som er leigd ut er ikkje heilt nøyaktig, då det berre er mogleg å få opp at enten heile eller ingenting av arealet til ein eigedom er leigd vekk. Likevel gjev karta eit godt bilete over kva areal som ikkje lenger er i aktivt drift. Målet er at kommunane kan ta i bruk denne nye kunnskapen for å spisse forvaltninga av jordbruksareal. Kart over areal ute av drift er tilgjengeleg i Fylkesatlas under tema landbruk.

Moglegheiter for reduserte køyrekostnader
Kartet kan også vise kor kvar enkelt bonde har jorda si, både eiga jord og den som er leigd. Vidare analysearbeid kan då gje informasjon om avstanden mellom areala, og kor langt kvar bonde må køyre for å gjødsle eller hauste jorda. Dette kan gje viktig informasjon om kva kostnader jordbruket har knytt til strukturen på arealet.

Kartet viser jordbruksareal i eit område.
Figur 2. Kartet viser jordbruksareal i eit område. Arealet som er disponert av eit utvald gardsbruk er markert i raudt. Det disponerte arealet er både leigd jord og jord frå sin eigen eigedom. Illustrasjon: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Vi håpar informasjonen kan hjelpe både bønder og rådgjevarapparatet til å finne kva areal som er ledig for leige. På lengre sikt håpar vi at fleire klarer å få ein arealbruk med mindre køyreavstandar, ved å bytta leigejord med andre bønder i området. Tørkeskaden sommaren 2018 viser at vi treng meir jordbruksareal i aktiv drift for å sikre nok grovfôr. Dette kartet er god reiskap for å finne areal som kan nyttast til fôrproduksjon. 

Kraftig angrep av raud furubarveps i Sogn og Fjordane

Ein skogeigar melde i slutten av juni om avnåling av furu i Yndesdalen i Gulen. Det syner seg å vere raud furubarveps, Neodiprion sertifer, som har gått til åtak på nærare all furu, gamal som ung. Dette er det kraftigaste angrepet i Sogn og Fjordane i nyare tid,

Denne type skogskade opptrer år om anna. Skaden artar seg som brunfarging av furuskogen og går heilt opp i skogbandet, og dekker ei strekning på 10 km på to sider av Yndesdalen og Yndesdalsvatnet. På avstand ser det ut som brunsviing av furua. Skadeområdet går også inn i nabokommunen i sør.

Dette er det kraftigaste angrepet som er registrert i Sogn og Fjordane i nyare tid. I tillegg er det meldt om tilsvarande i nabodalen Masdalen i aust og det har vore observert ytterlegare skade vestover langs sørsida av Sognefjorden.

Skaden er rapportert til NIBIO på www.skogskader.no der det også er mogleg å sjå om andre har rapportert noko liknande.

Skogsområde med angrep av raud furubarveps.
Skogsområde med angrep av raud furubarveps. Ein ser tydeleg at skogen som er råka ser brunsvidd ut. Foto: Merete Larsmon/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Angrepet må gå over av seg sjølv

NIBIO opplyser at det er lite å gjere når angrepet er kome så langt at larvane har sleppt seg ned på bakken. Larvane kan fjernast ved hjelp av virus, men dette blir ikkje gjort i praksis i Norge, så då er det berre å vente til epidemien går over av seg sjølv.

Den varme forsommaren kan ha trigga klekking av insekta sine egg og fått fram særs mykje larvar på kort tid. Larvane kryp utover greinene og gneg i seg fyrst nålene på skota frå i fjor, for så å halde fram å gnage på årets nåler.  Soleis vert berre knoppane att og det kan gjere at trea overlever med nye skot til neste år. Her er det berre å følgje med. Larvane spinn seg inn i ein kokong gjerne på bakken, og nytt insekt kjem ut i september eller dei ventar med å kome ut til over vinteren dersom sommaren er kort og kald. Slike insektsangrep fører til monaleg veksttap, men som regel overlever trea.

Avlingssvikt i gras og bringebær

Årets sesong har vore solrik og nedbørsfattig. Det tørre veret har gitt dårleg grasvekst og særleg har den viktige førsteslåtten svikta mange stadar. Dei hardast råka gardane risikerer å måtte redusere dyretalet på garden grunna fôrmangel. Frostskade har også gjeve avlingssvikt i bringebær.

Mindre grasavlingar i tørken
Nedbørsmengda har vore langt lågare enn normalt i sommar. Lærdal fekk til dømes berre 1/3 av normal nedbør for mai, juni og juli. Temperaturane har lege 2-5oC grader høgare i same tidsrom, og dermed har fordampinga vore uvanleg høg. Grunnvasstanden har dermed blitt lågare og lågare mange stadar, og utan vatn har grasveksten stagnert. Særleg har dette slått ut på stadar der jordsmonnet held lite på vatn og er grunt. Variasjonane i avling er difor store mellom ulike distrikt, og også innanfor dei same bygdene.

Den låge grovfôravlinga gjer at mange må kjøpe tilleggsfôr og rasjonere grovfôret i vinter. Det er venta at etterspørselen etter både kraftfôr og grovfôr vil auke markant som følgje av den tørre sommaren. Avlingssvikten i Sogn og Fjordane er likevel jamt mindre enn i dei hardast tørkeråka fylka på Aust- og Sørlandet

Grasslått i Jølster.
Grasslått i Jølster. Foto: Arne Sandnes

Vinterskade i bringebær 
Etter ein vinter med lite snø i låglandet fekk tela gå djupt i dei indre delane av fylket. Vekslande ver med både pluss og minusgrader, og tele i bakken også når temperaturen steig i april, gav dermed ein del vinterskade i bringebær. For dei verst råka måtte heile felt skjerast ned. I sum gjev dette ei bringebæravling for fylket som er vesentleg lågare enn i fjor.

Til gjengjeld har det gode veret ført til at ein større del av produksjonen har gått til frisk-konsum og mindre til syltetøy og saft. Dette er bra i høve marknadssituasjonen då det er rom for meir sal av friske bær i butikkane, men låg etterspurnad etter norske bær til saft og syltetøy. Diverre vart prisane på årets konsumbær lågare enn i fjor.

Eit godt fruktår

Med vatningsanlegg i frukthagane har den gode varmen og det fine veret i mai, juni og juli gjeve ideelle pollinerings- og vekstforhold. I Lærdal har dei hatt sin nest beste morellsesong nokon sinne med godt over 200 tonn pakka salsvare. I Sogn og i Nordfjord er innhaustinga av plomme godt i gong og avlingane er gode. Også eplehagane bugnar av kvalitetsfrukt.

God pollinering og fruktsetting
Den gode varmen i mai gav gode forhold for pollinerande insekt og det summa godt i frukthagane i blømingstida. Særleg honningbiene som mange fruktbønder nyttar hadde gode arbeidstilhøve. Dette har gjeve god fruktsetting og fin utvikling av fruktene.

Vatningsanlegga har gått for fullt
I år har vatningsanlegg vore heilt naudsynt for å sikre avlingane, og dei fleste har vatna alt dei har klart. I Nordfjord kom det restriksjonar på vatninga då kommunen sitt vatningsanlegg ikkje hadde kapasitet til å dekke alt behovet til frukt- og bærprodusentane, men det ser ut til at det har gått bra.

Dei gode temperaturane med mykje sol og lite nedbør har favorisert vekst- og smaksutvikling i frukta. Dei vanlege skadesoppane som likar fukt, har hatt dårlege forhold i år. Dermed vert det lite utsortering av frukt og mykje kvalitetsfrukt å finne i butikkane. Dette er bra for fruktprodusentane som kan vente seg gode oppgjer for salet av frukta i sommar og i haust.

Rom for fleire produsentar
Optimismen i fruktnæringa er god og det er rom for meir norsk frukt i marknaden. I Sogn og Fjordane freistar ein no å rekruttere fleire til å satse på fruktdyrking gjennom eit eige mobiliseringsprosjekt. Eigarar av gardar med godt lokalklima vert oppmoda om å ta kontakt med Njøs Næringsutvikling, næraste fruktmottak eller landbrukskontoret i kommunen for å få ei vurdering av fruktpotensialet på sin gard.

Sommaren 2018 vil verte hugsa for godt ver og gode fruktavlingar.
Sommaren 2018 vil verte hugsa for godt ver og gode fruktavlingar. Foto: Jon Anders Stavang/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane