Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Vestfold og Telemark 2/2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er ute med eit nytt nummer av Fylkesnytt, mellom anna ein artikkel om utarbeiding av skogbrannfarekart.

Utarbeiding av skogbrannfarekart

Etter oppdrag frå Fylkesmannen i Oslo og Viken har vi i samarbeid med ulike fagpersonar i dei to fylkesmennene utarbeida to ulike skogbrannfarekart som eit verktøy for blant anna å forenkle planlegginga av sløkkingsarbeid basert på kunnskap eit slikt kart formidlar.  

Gruppa har tatt utgangspunkt i rettleiaren frå Skogbrand Forsikringsselskap Gjensidig; «Skogbrann – vern og slokking». Rettleiaren beskriv typisk skogbrannskog som «Ungskog av furu, som veks på grunnlendt mark i hellande terreng». Som metode har prosjektet sett på verdivurdering og vekting av dei ulike datasett som er brukt i analysen. Dei ulike datasett er treslag (henta frå SAT-SKOG), Alder (henta frå SAT-SKOG), skoggrunn (henta frå FKB-AR5) og terreng (henta frå nasjonal digital terrengmodell). Bildet under viser eit døme på korleis prosjektet har verdisett eit datasett på treslag og vekta i forhold til dei andre datasetta.

Tabell Treslag (SAT-SKOG)

I det eine kartet har prosjektet ikkje tatt med terrengdata, berre treslag, alder og skoggrunn. Prosenttalet i parentes frå bildet over angir vekting for treslagkriteriet der terrengkriteriet er tatt ut av analysen. Verdivurderinga av dei ulike treslaga går frå 1 til 9 der 9 angir høgast skogbrannfare.

For verdivurdering og vekting har prosjektet nytta kunnskapen som ligg i rapporten «GIS-BASED MULTI-CRITERIA DECISION ANALYSIS FOR FOREST FIRE RISK MAPPING» (A.E.Akay; 2017). I rapporten er både brattheit og eksposisjon tatt med i berekningsgrunnlaget for skogbrannfarekartet. På bakgrunn av dette har vi kunne berekna verdi og vekting på brattheit og eksposisjon i terrenget.

Skogbrannfarekart utan terrengkriterier tatt med i analysen:

Brannfarekart med treslag, alder og skoggrunn.
Brannfarekart med treslag, alder og skoggrunn.

I dette resultatet er berre dei skoglege kriteria tatt med (treslag, alder og skoggrunn). Dette gir ein tilsynelatande meir samanhengande faregrad enn kartet med terrengkriteriene i kartet lengre ned.

Skogbrannfarekart med terrengkriterier tatt med i analysen:

Skogbrannkart med terrengkriterier
Skogbrannkart med terrengkriterier.

I dette resultatet er alle fem kriteria tatt med i analysen. Dette gir ein meir nyansert faregrad enn kartet utan terrengkriterier.

Prosjektet er under utvikling og for videre arbeid vil prosjektet komme frem til ulike formål i tett diskusjon med skogfagleg, beredskapsfagleg og brannfagleg personell. Karta dekker dei områda i Vestfold og Telemark som er dekka av SAT-SKOG data og i prosjektet ser ein også på andre datakjelder som kan være nytting både i analysen og som tilleggsdata.

Ei forteljing om ein sjeldan skatt

Landslaget for Telemarksfe har tatt eit krafttak for å redde Telemarkskua ut av ein kritisk trua situasjon. Avlsarbeidet er forbetra og styrka i tillegg til at nye produkt har kome på banen i prosjektperioden. Ein fellesinnsats over fleire år har gitt gode resultat.

Prosjektet har vore svært positivt for rasen fordi det har skapt mykje engasjement blant medlemmene i Landslaget', skriv leiar for avlsutvalet Lina Aasan i sluttrapporten. Ho har det siste året i prosjektet vore svært aktiv og hatt mykje fokus på avl og informasjon. Dei første åra var Hilde Riis prosjektleiar. I tillegg til avlsarbeid jobba ho òg mykje med å få fram nye produkt og ho hadde stort fokus på økonomi for bonden. Siste prosjektåret overtok Sigbjørn Haslemo og leidde prosjektarbeidet fram mot avslutninga.

Landslaget ser på hovudmålet som nådd då det er auke i talet på dyr og besetningar, fleire vil starta opp med telemarksfe og Landslaget får mange nye medlemmer. Tal frå 2020 viser til 435 mordyr, ein auke på ca. 50 frå 2019 og auke på ca. 160 dyr sidan prosjektstart i 2015.  Auken viser seg ikkje med ein gong og blir først synleg etter at fleire kviger har fått kalv. Landslaget ventar derfor framleis auke i 2021.

Informasjon til publikum og til medlemmene i Landslaget for Telemarksfe er ein avgjerande suksessfaktor. Og ikkje minst til andre bønder for å motivere til delvis eller heilt satsing på denne kurasen. Dyrsku'n i Seljord er ein sjølvskriven arena for å visa fram kua, møte publikum og treffe andre bønder for å utveksle erfaringar.

Spanande stand på Dyrsku`n med ulike produkt frå telemarksfeet.
Spanande stand på Dyrsku`n med ulike produkt frå telemarksfeet. Foto: Bob Gottschal, FMVT

Utstillinga i 2019 utmerkte seg med ein stor stand på Sterke Nils-tunet der besøkande kunne kjøpa seg produkt, rekvisita og få smaksprøvar på ost og pølser baser på råvarer frå Telemarkskua.

Viktige oppgåver for Landslaget framover er å auke kompetanse på produkt, kjøttkvalitet og samarbeid med kokkar. Vidare må livdyromsetninga forenklast fordi det er stor etterspurnad i marknaden etter livdyr, noko som er positivt for populasjonen. Ei anna tilråding vidare er å halda fram med avls- og informasjonsarbeid ut i besetningane. Dette arbeidet skaper optimisme og gir kua eit godt rykte slik at produsentane snakkar fram rasen og får andre til å ønske seg slike dyr. For Telemark-regionen utgjer utan tvil kua eit betydeleg potensial med tanke på reiseliv og merkevarebygging. Vidare dialog med m.a. Norsk Industriarbeidarmuseum på Rjukan blir derfor viktig.

Mange aktørar har bidrege i gjennomføringa av arbeidet: Telemark Landbruksselskap, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Norsk genressurssenter, Telemark fylkeskommune, Dyrsku'n Arrangement AS. Prosjektleiarar Hilde Riis og Sigbjørn Haslemo er frå Landslaget for Telemarkfe.  Fleire har støtta arbeidd økonomisk: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Telemark Landbruksselskap, Norsk genressurssenter, Telemark fylkeskommune, Landbruksdirektoratet og Eckbos Legat.

Nytt fylke, ny skogstatistikk

Nytt fylke: Vestfold og Telemark.
Nytt fylke: Vestfold og Telemark.

Årsmeldinga for skogbruket i 2019 er skrive samla for Vestfold og Telemark, sjølv om vi formelt vart eit nytt fylke fyrst frå og med 1. januar 2020. Ei felles årsmelding gir god oversikt over aktivitet og skogressursar i det nye fylket, og det er god bakgrunnskunnskap å ha når vi skal verke saman som ei eining. Samstundes tar årsmeldinga opp aktuelle tema som skogskader, næringsutvikling og pågåande prosjekt.

Etter kommune- og fylkesreforma, har Vestfold og Telemark fått litt endra geografi. Svelvik kommune er frå 1. januar 2020 ein del av nye Drammen kommune og overført til Viken fylke. Svelvik kommune med tilhøyrande areal er med i statistikken i årsmeldinga, då arealet var ein del av fylket til og med 2019. Frå 1. januar 2020 er talet på kommunar i fylket 23, redusert frå 27 i 2019. I årsmeldinga for 2019 er statistikken for dei 27, no gamle, kommanuane framstilt.

Vestfold og Telemark fylke har eit produktivt skogareal på drygt 6,5 millionar dekar og ein årleg tilvekst på ca. 2,75 millionar m3. Som elles i landet, var det rekordhøg avverking i 2019. 1 223 474 m3 tømmer vart avverka for sal i vårt fylke. 66 % av dette var gran. For å studere kortsiktige trendar i skogbruket i fylket, er det interessant å sjå på statistikken for dei siste 15 åra. Statistikken syner at omfanget av planting har auka i takt med avverkinga og at talet på planter per avverka m3 er løfta dei siste fem åra. Aktiviteten innan ungskogpleie har ikkje auka i takt med avverkinga og er for lav. Det er eit satsingsområde i fylket å lyfte ungskogpleieaktiviteten i samarbeid mellom næringa og forvaltninga.

Årsmeldinga for 2019 ligg på nettsidene til Fylkesmannen. Bruk denne årsmeldinga til å bli kjent med skogbruket i Vestfold og Telemark. God lesing.

Breisnutebille – ny skadegjerar som må fylgjast opp

I fjor haust vart det oppdaga ein ny skadegjerar på granplanter i Vestfold og nokre andre stadar på Austlandet. Forskarar ved NIBIO slo fast at det var snakk om arten Strophosoma capitatum, ei breisnutebille som ikkje har norsk namn. Billa gneg på nålene på små granplanter. I fylgje NIBIO finst arten i store delar av landet, men den har ikkje vore rekna som ein alvorleg skadegjerar i Noreg.

Breisnutebilla Strophosoma capitatum
Breisnutebilla Strophosoma capitatum gjer næringsgnag på granplanter. Ein kan tydeleg sjå gnageskadar på nålene. Foto: Ingrid Knotten Haugberg, FMVT

No kan det sjå ut til at det har vore ein oppsving i billepopulasjonen. Kan hende er det tørkesommaren i 2018 som har vore gunstig for breisnutebilla. Billa et mange ulike vekstar, men på hogstflater der det er lite anna vegetasjon, kan den forsyne seg grovt av barnålene på små granplanter. Hausten 2019 vart det observert at billa hadde gjort betydeleg skade i fleire plantefelt i Vestfold. På ei hogstflate i Hof var 70-90 % av plantene skadde heilt eller delvis. I fleire tilfelle var plantene fullstendig avnåla.

Trass i hard beiting av breisnutabilla, kjem granplantene med vitale skot i år.
Trass i hard beiting av breisnutabilla, kjem granplantene med vitale skot i år. Foto: Ingrid Knotten Haugberg, FMVT

No i byrjinga av juni oppsøkte vi eit plantefelt i Andebu i Sandefjord, kor det vart observert skader av breisnutebilla hausten 2019. Knoppane på granplantene hadde brote, og skota såg ut til å vere vitale og i god vekst. Også planter som hadde vore hardt beita hadde gode skot, og det lovar godt for granplantene si evne til å overleve angrep. Utviklinga framover vil avhenge av kor godt plantene utviklar seg og kor massivt billeangrepet vert. Fylkesmannen i Vestfold og Telemark vil fylgje opp utviklinga til breisnutebilla i samarbeid med NIBIO.