Fylkesnytt frå Vestfold og Telemark

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er ute med eit nytt nummer av Fylkesnytt, mellom anna ein artikkel om areal ute av drift-satsinga er i gong i kommunane.

Areal ute av drift- satsinga er i gong i kommunane!

Kommunane i Vestfold og Telemark er no i gong med ei felles oppfølging av jordbruksareal som kan vere ute av drift i fylket. «Kan vere» er viktig her, då NIBIO si kartanalyse syner mykje areal som det ikkje er søkt om produksjonstilskott på. Arealet kan likevel vere halden i hevd og slik sett ikkje vere ute av drift. Hovudmålet i prosjektet er å få oversikt over dei areala som er heilt ute av drift, som burde vore i drift og prioritere ei oppfølging av desse. Kommunane sitt arbeid går ut på å klassifisere areal etter tilstand og få eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid. Å halde jordbruksareal i drift er del av driveplikta, det er og ledd i FN sine bærekraftmål om sjølvberging, miljø og tilpassing til endringar i klimabilete framover.

Prosjektet har utvikla klassifiseringsmetode for å arbeide seg gjennom kartdata i kommunane og gjennom samlingar og arbeidsmøte den våren har kommunane kome godt i gong med arbeidet. Det er utvikla eigne prosjektsider kor informasjon og verktøy leggjast ut fortløpande. I samarbeid med  drivepliktprosjektet i Troms og Finnmark er det gjort nyttige utvekslingar om verktøy for oppfølging av driveplikt og framgangsmåtar for kommunane. Det er full tilslutning til satsinga frå landbruksnæringa og det er mange gode krefter som drar dette arbeidet. Framover blir det meir fokus på å formidle kunnskap til grunneigarar og bønder som eit ledd i satsinga. Kommunane sine erfaringar gjennom arbeidet er verdifullt for prosjektet, og det inviterast til fleire treffpunkt framover. Satsinga har sin hovudperiode i 2021, men oppfølging av driveplikta er langsiktig.

Kartløysing for areal ute av drift.
Kartløysing for areal ute av drift. Foto: NIBIO, Geovekst og Kartverket

Det er utvikla to temasider i samband med satsinga:

Kontaktpersonar:
Anne Aasmundsen, fmteaas@statsforvalteren.no
Knut Sindre Vale, fmveksv@statsforvalteren.no

Draumen om fagskule for frukt og bær kan no bli verkeleg

Det er ei politisk satsing på grøntsektoren, og kompetanse i landbruket har komme endå meir på agendaen under koronapandemien. I Grøntutvalet sin rapport «Grøntsektoren mot 2035» var ei av oppmodingane å vurdere grunnlaget for å etablere fagskuletilbod innan gartnarfag og driftsleiing. Fruktnæringa i Telemark har tatt initiativ til eit ønske om å etablere ein fagskule frukt og bær på Nome vidaregåande skule avd Søve. Initiativet har fått middel frå dei nasjonale tilretteleggingsmidlane for å utvikle eit nasjonalt fagskuletilbod på frukt og bær, med ønska oppstart hausten 2023. Det er stor støtte i næringa for eit fagskuletilbod på frukt og bær og både Gartnerhallen, Gartnerforbundet og Bondelaget har gitt initiativet ei brei støtte. Det blir arbeidd for eit samla nasjonalt fagskuletilbod for frukt- og bærnæringa. Dette er viktig for ei innovativ næring. Det er fleire sterke frukt- og bærmiljø i landet og målet er å samla desse i eit godt samarbeid for norsk frukt- og bærproduksjon.

Eplehage i full produksjon.
Eplehage i full produksjon. Foto: Anne Aasdalen

Kontaktperson: Ingunn Haldorsen Sømme, fmveihs@statsforvalteren.no

Barkbille- og tørkeskader overvaka av Sentinel – 2 (satellitt)

NIBIO har i samarbeid med ei brukargruppe samansett av AT-skog, Fritzøe skogar og statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, utvikla ei nær-sanntid overvaking av bille- og tørkeskadar på gran. I tillegg kan data for avverking kartleggjast slik at ein kan overvake framdrifta i hogst av skada skog.

Kvifor?

Det er en viss fare for ein bille-epidemi på Østlandet, og ei kontinuerleg overvaking av skadebiletet gjennom sumaren 2021 og seinare kan hjelpe til med å halde oversikt over skadebiletet. I gjennomsnitt vil det komme eit nytt Sentinel-2 datasett kvar 2,5 dag som høgaste frekvens. Likevel vil skyer gjere oppdateringa sjeldnare.

Kva kan vi oppnå?

Dette kan bidra til å dirigere hogsten til utsette område i ein tidleg fase av angrepet i tørkeutsett skog. Samstundes som det er mogleg å følgje med på framdrifta i oppryddinga.

Utfordringar!

Overvakinga er ferdig utvikla og ble lansert for brukargruppa 14. mai i år. Men det ble oppdaga feil i skymaskeringshandteringa og trong for justering av treslagsmaskeringen. 4. juni vil overvakingsprogrammet bli relansert.

Våren 2021 har vore både våt og kald. Likevel er det lokalt i deler av fylket registrert store billefangster i NIBIO sine forsøksfeller. Stasforvaltaren i Vestfold og Telemark ser fram til at denne overvakinga av skogen med satellitt startar opp.

Døde trær årsaka av tørkesommeren 2018.
Døde trær årsaka av tørkesommeren 2018. Foto: Marita Bruun

Kontaktperson: Knut Ivar Løken, fmvekil@statsforvalteren.no

Telemarkeple i butikk til langt ut i februar

I 2020 blei det gitt støtte frå dei regionale tilretteleggingsmidlane til forprosjektet Norske eple i utvida sesong. Det var Telefrukt produsentlag SA som var prosjekteigar. Coop Noreg SA, Telefrukt AS og Norske Fruktpakkeri var med i referansegruppa.

Bakgrunnen til prosjektet er ein negativ trend i etterspurnaden etter eple i marknaden, men med ein svakt aukande norsk del (Opplysingskontoret for frukt og grønt). Den norske produksjonen og organisert omsetning av norske eple, har i løpet av dei siste 10 åra svinga mellom 5.200- 8.300 tonn på årsbasis (Fruktlagerinspektøren GPS, 2021). Dette utgjer omlag 15% av det totale norske epleforbruket (Opplysingskontoret for frukt og grønt). Redusert konsum av eple er ei uheldig utvikling. Målsettinga med forprosjektet var å snu situasjonen og motivere norske innbyggarar til å ete meir frukt generelt, og norskproduserte eple i ein utvida sesong, spesielt.

Telefrukt SA har investert i eit nytt lager med ultralågt oksygennivå (ULO). Det er kjøleceller med redusert oksygeninnhald og høgare konsentrasjon av karbondioksid, som gjer at epla blir liggande i dvale. Dette er avgjerande for å kunne levere eple utanfor tradisjonell sesong i konkurranse med import, og med ein kvalitet marknaden vil ha.

Dei seinare åra har det vore ei politisk satsing på grøntsektoren og auka fokus på epleproduksjon. Dette har gitt moglegheiter for ein moderne fruktproduksjon med tettare planting og større avling pr. dekar. Det er avgrensa kor mykje norske eple ein kan omsette i tollperioden (1. mai til 30. november), og for å unngå prisfall og kollaps i marknaden, må sesongen for sal av norske eple utvidast i konkurranse med importerte eple.

Forprosjektet skulle teste ut marknaden for norsk eple i butikk fram til 1 mars i samarbeid med Coop Noreg SA . Sesongen 2020 var eit krevjande år og på landsbasis var det ein reduksjon på nesten 4000 tonn eple samanlikna med 2019 (Fruktlagerinspektøren GPS, 2021). Resultatet var at i midten av februar var Telefrukt tomme for norske eple. På grunn av redusert tilgang på norske eple, valde Coop Noreg AS å fokusere på nokre utvalde butikkar av Coop Extra og Coop Prix.

Marknadsføringa av norske eple i butikk har føregått via eit samarbeid med ein influensar, sosiale medium og Coop sine kanalar. Totalt vart det levert ca. 140 tonn eple frå desember til februar, og både Coop og Telefrukt ser moglegheiter for eit større sal neste sesong. Coop melder at dei har opplevd ein positiv respons frå kjede, kunde og medlemmene sine når dei kan tilby norsk frukt. På grunnlag av erfaringane denne sesongen, ønsker Coop å jobbe vidare med å strekke sesongen. Dette skal skje ved hjelp av lagring og val av sortar, slik det blir gjort for epleproduksjonen i Europa.

Telefrukt AS er leverandør til både Coop og Bama. Desse dekker rundt 95 prosent av den norske eplemarknaden. For sesongen 2021/2022 er det vist interesse frå fleire butikkar/kjeder for norske eple i butikk utover den tollfrie perioden. Det blir investert i nye lager også i andre fruktdistrikt i Noreg, med mål om utvida sesong. Målet med denne satsinga er eit samla sal på 3.400 tonn norske eple frå 1. desember til ultimo mars på landsbasis. Resultatet av ein slik satsing kan vere noko av det beste som har skjedd norsk fruktproduksjon i etterkrigstida, i følgje fruktkonsulent Jan Meland ved Nome og Midt-Telemark landbrukskontor.

«Rubinstep» klar for utsending i butikk i januar 2021.
«Rubinstep» klar for utsending i butikk i januar 2021. Foto: Jan H. Meland

Kontaktperson: Ingunn Haldorsen Sømme, fmveihs@statsforvalteren.no

Ambisiøse tiltakspakker må til i jordbruket for å møta miljøutfordringar i vatn og vassdrag

I Vestfold og delar av Telemark er jordbruket den største påverknadsfaktoren i vatn og vassdrag.  Dette er åkerareal med korn, grønsaker og potet. Dette medfører avrenning av jord og næringsstoff til vassdraga, som gjer at den økologiske miljøtilstanden ikkje er god nok mange stader. Grunne innsjøar i jordbruksområda er svært prega av eutrofi, og tilstanden i leirvassdraga er heller ikkje god nok. Oslofjorden treng avlastning, og innsjøar med drikkevatn vern.

I samband med rullering av dei regionale vassforvaltningsplanane for 2022-2027 har det vore lagt ned eit omfattande arbeid med nye og oppdaterte tiltakspakker i jordbruket. Faglaga, kommunane og vassområda har saman med Statsforvaltaren arbeidd med dette. Kunnskapsgrunnlaget har vore godt denne gongen. Miljøtilstanden registrert i Vann-nett er baserte på lengre seriar med prøvetaking, og kunnskap om avrenninga frå jordbruket er levert frå NIBIO gjennom nye analyser i Agricat P. Kor mykje dei ulike innsjøane og elvane treng å avlastast med (kg fosfor) er òg kjent.

Analysane i Agricat P viser at jordbruksdrifta har gått i positiv retning dei siste 10 åra mtp avrenning til vatn, men klimaendringar gjer behovet for tiltak endå større.

Graf tiltasområde - Goksjø

Fylket er delt inn i tiltaksområde som følgjer nedbørfeltgrenser. 32 av desse områda har fått eigne lokalt tilpassa pakker med miljøtiltak for jordbruket. Pakka er summen av dei pågåande tiltaka pluss ambisiøse aukar i tiltak for 2022-2027. Totalt sett har framleis tiltaket «Ingen jordarbeiding om hausten» det største omfanget og den største effekten. Generelt er det òg lagt inn i pakka ein markert auke i grasdekte kantsoner langs vassdrag og vassvegar inne på areala. Det same gjeld bruk av fangvekstar, som er lagt inn med ein kraftig auke. Nye tiltak med å lage fangdammar, hydrotekniske tiltak og erosjonssikring er naudsynte investeringar for å møta utfordringane frå klimaendringar med auka nedbør og flaumproblematikk.

Goksjø i Sandefjord kommune.
Goksjø i Sandefjord kommune. Foto: Hilde Marianne Lien, SFVT

Gjennomføring av tiltakspakkene blir ei stor utfordring framover. Meir informasjon om dei lokale vassmiljøutfordringane må ut til gardbrukarane, og fleire planar med tiltak på gardsnivå må utarbeidast. Frivillige tiltak med tilskot frå SMIL og RMP er sentrale, og mykje er oppnådde. I tillegg skal det i planperioden 2022-2027 vurderast innføring av regionale miljøkrav for visse område i fylket. Dette vil innebere at gardbrukarane blir pålagt eit sett av miljøtiltak. Den påkravde auken i miljøtiltak i jordbruket vil totalt sett utløyse større trong for økonomiske rammer gjennom SMIL og RMP. Tilskotsnivåa er allereie i dag på eit kritisk lågt nivå for avrenningstiltaka.

Kontakt: Hilde Marianne Lien, landbruksavdelinga.