Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Vestland 1/2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Vestland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med artiklar om Fylkesmannsembeta i korona-tider.

Fylkesmannsembeta i korona-tider

Fylkesmannsembeta har viktige oppgåver i beredskapsarbeidet, og dette pregar oss naturlegvis i desse korona-tider.

Koronaviruset kan skape utfordringar for bærsesongen.
Koronaviruset kan skape utfordringar for bærsesongen. Foto: Christian Rekkedal/FMVL

På landbruksområdet er vi i desse dagar primært opptekne av at ordningane som skal bidra til matproduksjon på kort og lang sikt fungerer. Dei store driftstilskota til produksjon, avløysing og regionale miljøprogram i 2019 vart utbetalt no i mars. Som vanleg har vi nokre klagesaker som må behandlast så raskt som råd. No i mars var det søknadsfrist for 2020, noko som også medfører ein del spørsmål frå kommunane og produsentane. Og på kort sikt må vi finne ut korleis vi skal praktisere til dømes avløysartilskot, sjukdomsavløysing og veterinære reisetilskot i korona-tider.

Beredskap handlar også om langsiktige behov, til dømes arbeidskraftbehov i vekstsesongen for spesielt frukt, bær og grønt. Her må vi kanskje finne nye løysingar, og det er godt å sjå at sentrale styresmakter også har dette på dagsorden. Behovet for sikker og trygg matproduksjon har fått ny aktualitet.

Det er ekstra harde tider for privat næringsliv, små og store bedrifter. Fylkesmannen vil bidra aktivt med næringsutvikling, og nedafor har vi samla nokre døme på landbrukstilknytta utviklingstiltak i Vestland. Når korona-krisa er over, blir det ekstra viktig å få næringsutviklinga og samfunna i full gang igjen, og då vil slike tiltak bidra positivt.

Kontaktperson:
Christian Rekkedal, fmsfcre@fylkesmannen.no, Tlf. 57 64 30 68 /
99 69 23 02.

Å brette opp erma og produsere kvalitetsmat 

Å eige gard er stas igjen. Nytenkinga hos den nye gards-generasjonen blømer og salskanalar for produkta er mangfaldige. Men landbruket treng fleire hender. 

Rekruttering til matproduksjon
Klikk på lenken under for å se filmen. Foto: Fylkesmannen i Vestland.

Forbrukarane ønskjer meir norsk og kortreist mat og drikke. Vi vil ha kulturlandskapet i drift, produktiv og velstelt skog, dyr på beite og lys på gardane. 

Under den årlege stormønstringa av matprodusentar, aktørar innan mat, drikke og reiseliv, Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2020, arrangerte Landbruks- og matdepartementet regiondag. Temaet denne gongen var rekruttering til matfaga og generasjonsskifte på gard, med ulike problemstillingar og gode døme. Departementet har også sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe vidare med dette. 

Fylkesmennene i region Fjord-Norge følgde opp dette temaet med ein eigen temadag, der representantar frå produsentane, offentleg forvaltning og opplæringsorganisasjonar i vår region diskuterte konkrete oppgåver og løysingar. Denne filmen kan sjåast som ei slags oppsumering, men først og fremst er den tenkt som motivasjon til det vidare arbeidet. Landbruket treng fleire hender - vi må brette opp erma og produsere kvalitetsmat. 

Kontaktperson:
Dirk Kohlmann, fmhodkt@fylkesmannen.no, tlf. 55 57 21 71.

Unesco-status for heimebrygging med kveik?

Vestnorsk Kulturakademi søkjer heimebrygging med kveik inn på verdskulturarvlista til UNESCO som immateriell kulturarv.

Vestnorsk kulturakademi ved leiar Atle Ove Martinussen (tv) arbeider med å gje heimebrygging med kveik UNESCO-status.
Vestnorsk kulturakademi ved leiar Atle Ove Martinussen (tv) arbeider med å gje heimebrygging med kveik UNESCO-status. Foto: Lars Olve Hesjedal/Avisa Hordaland

Prosessen for Unesco-søknaden vart lansert på eit arrangement med Vestland fylkeskommune på Voss 27. februar.

Kveik er ein gamal måte å brygge øl på der gjærsoppen i ølet er brukt og tatt vare på gjennom generasjonar.  Dei indre fjordstroka på Vestlandet utgjer det genetiske hovudutbreiingsområde for gamle, gardspesifikke gjærsoppar som har vore nytta og utvikla gjennom bruk i hundretals år. Minst eit 30-tals gardar på Vestlandet, frå Hardanger til Sunnmøre, har eigne kveikstammar, som vert halde i hevd gjennom ølbrygging.

Kveiken har vorte særs populær internasjonalt dei siste åra, spesielt etter at amerikanarane «oppdaga» han, og det vert allereie brygga eit tusentals kommersielle ølsortar med kveik, verda rundt.

Identitetsdrykk og «reason to go»

Dette er kultur som bør takast vare på for sin eigen del, både kulturelt og biologisk, og som kan danne grunnlag for næringsutvikling, i første omgang for landbruket og dei gardane som sit på denne ressursen. Heimebrygg med kveik har potensiale for å bli ein gastronomisk identitetsberar som «Norwegian farmhouse ale» og ein «reason to go»  for reiselivet på Vestlandet.

Vestnorsk kulturakademi har tatt på seg å utgreie grunnlaget for Unesco-søknaden, og å mobilisere kveik-gardane til å halde fram med å utvikle tradisjonsbrygginga gjennom eit forprosjekt. Dette vart finansiert av fylkeskommunen og Fylkesmannen i 2019. Den regionale partnarskapen ser dette som eit tema for næringsutvikling med minst like stort potensiale som siderbølgja vi har sett vakse seg stor dei siste åra. Søknadsprosessen kan ta rundt 2 år, og er avhengig av statleg støtte.

Lanseringsarrangementet "Kveik til Unesco" vart skipa i forlenginga av eit internasjonalt kurs i ølbrygging med kveik i regi av kulturakademiet. Kurset samla eit hundretals gjester frå fjern og nær; forskarar, bryggeri, bryggarar og nasjonale kompetansemiljø.

Etter velkomst i Voss kulturhus ved ordførar Hans-Erik Ringkjøb, vart det ei temaorientert vitjing med tradisjonelt kveikøl og spekemat. Knut Finne heldt føredrag om mellomalder og øldrikking i den autentiske gildehallen Finnesloftet frå 1295. Vestland fylkeskommune var vertskap for lanseringsmiddagen på Store Ringheim gard, med kulturelle innslag og føredrag, og med lokalpatriot, ølhund og serieentreprenør Arne Hjeltnes som konferansier.

Kontaktperson
Eirik Brynjelsen, fmhoebs@fylkesmannen.no, tlf 55 57 21 70.

LivOGLyst i Vestland

LivOGLyst-programmet er ei lokalsamfunnssatsing, der målet er å utvikle attraktivitet gjennom brei deltaking. No kan lokalsamfunn i heile Vestland få gleda av å delta i satsinga.

Nettverkssamling i Modalen, for LivOGLyst-prosjekta i Vestland.
Nettverkssamling i Modalen, for LivOGLyst-prosjekta i Vestland. Foto: Ragna Flotve/FMVL

Gjennom 12 år har LivOGLyst-satsing i Hordaland bidrege til stor aktivitet i lokalsamfunna. Metodikken i satsinga har mykje til felles med andre bygdeutviklingssatsingar, men har ein metodikk som er noko annleis.  No satsar vi på LivOGLyst i heile Vestland.

Prosjektleiing som motiverer

Det er mest alltid eldsjeler som tek initiativ til prosjektsøknader. Slik er det også med LivOGLyst. Det er viktig å formidle LivOGLyst-metodikken til desse tidleg. Eldsjelene har visjonar og mange mål. I denne metodikken skal folka i lokalsamfunna sjølve finne dei tiltaka dei ønskjer, og i størst mogeleg grad sjølve bidra til å setja dei i verk.  Det inneber ei prosjektleiing som motiverer, finn eigna arena for å få idear fram og kan heie på grasrot-initiativa. LivOGLyst-leiinga må våge å gje tillit og kunne gje frå seg kontroll.  Dette er ei relativt uvanleg form for prosjektleiing, men ut frå denne har det kome mange flotte tiltak i lokalsamfunna.

Mobilisering og tilrettelegging

LivOGLyst er ei felles satsing for partnarskapen; Vestland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Innovasjon Norge, Vestland. Fylkeskommunen finansierer prosjektet og har prosjektleiinga. Fylkesmannen og Innovasjon Norge har representant i arbeidsgruppa og bidreg med arbeidsressursar og kompetanse.  Lokalsamfunna kan søkje om eittårig forprosjekt, og etter det kan dei bli tatt opp i ein treårig hovudprosjektperiode.

Alle prosjekta får besøk av arbeidsgruppa, som følgjer dei godt opp undervegs i arbeidet. Vi arrangerer ein felles konferanse og ei nettverkssamling gjennom året, og organiserer og deltek i ulike relevante arrangement for auka kompetanse og nettverksbygging. Lokalsamfunna dreg nytte av kvarandre ved å dele erfaringar.

LivOGLyst er ei satsing som også har noko prosjektmidlar til lokalsamfunna, og tildelte midlar går hovudsakleg til mobiliseringsarbeid, tilrettelegging av møteplassar, nettverksbygging og kompetanseutvikling. Det blir forventa at kommunen støttar aktivt opp om prosjektet, gjennom deltaking i arrangement og i styringsgruppe. I hovudprosjektet stiller kommunen også med noko midlar. 

Styrking av næringsliv og involvering av særlege grupper

Arbeid er ein del av det gode livet. I LivOGLyst-programmet er innovasjon og entreprenørskap integrert i satsinga. Det vert arrangert samlingar og i nokre lokalsamfunn har ein eigne næringsgrupper.  Å skape eit nærmiljø der menneska heiar på det lokale næringslivet og kjøper lokale varer og tenester er ein viktig del av mobiliseringsarbeidet.

Det å få alle grupper med er ei utfordring. Ungdom er ei gruppe vi har satsa særleg på i LivOGLyst-arbeidet. Mange ønskjer å leggje til rette for tiltak for ungdom. I LivOGLyst har tiltak med ungdom vore vektlagt. Det viser seg at tiltaka har større effekt der ungdom sjølve har ideane, og der dei får ei hovudrolle i organisering og gjennomføring.

Liv og lyst etter LivOGLyst

Målet med satsinga er å skape trygge og levande lokalsamfunn for framtida, og er meir enn eit kortvarig prosjekt. Vi lukkast der LivOGLyst-tankegangen blir varig i lokalsamfunnet. Å skape liv og lyst etter LivOGLyst er det vi arbeider for å oppnå, og i mange lokalsamfunn set satsinga gode og varige spor etter seg.

Kontaktperson:
Ragna Flotve, fmhorfl@fylkesmannen.no, tlf. 55 57 21 72.

Ost frå Ostegården ut i verda

Den store interessa for Fanaosten etter World Cheese Awards i Bergen i 2018 kan bidra til å bringa ost frå Ostegården til delikatessebutikkar i København og London.

Ostegården i møte med spesialitetsbutikken, Buchanans Cheesemonger, i London.
Ostegården i møte med spesialitetsbutikken, Buchanans Cheesemonger, i London. Foto: Ostegården

For å få fleire bein å stå på og god vekst i bedrifta, kan eksport av norsk ost vera eit godt alternativ. Almasbruk i Sverige har lenge hatt eksport av osten Tegel. På Ostegåren er dei no med i eit prosjekt leia av Kompetansenettverk Lokalmat Vest, som i mange år har hatt med Geitost frå Sogn på messer i Italia.

– Når Ostegården no aukar produksjonen vil det vere interessant å sjå kva vi kan få til innan kategorien Artisanal Cheese, i dei store marknadane, t.d. London og København. I første omgang er det aktuelt med direktesal til nokre ostebutikkar. Dersom det er interesse for den norske osten der, kan me finna fleire mogelegheiter, seier Aud Slettehaug, dagleg leiar i Kompetansenettverk Lokalmat Vest.

Strategien i prosjektet er enkel: å få avtalar med nokre enkeltaktørar for sal mot delikatessebutikkar. Det  er her dei kundane som er mest opptatt av ost gjerne går. Det typiske er at dei har lese om osten ein stad og ønskjer å smake.

Ting tek tid

Prosessen vil ta litt tid. Ein må prøva ut marknaden og sjå om det er interesse for å kjøpa osten til den prisen som trengst, og om produktet etablerer seg i marknaden. Det blir truleg ikkje store volum av det, men bra å koma gjennom, internasjonalt. Kven veit, London er kanskje like nært som Bergen.

Fylkesmannen i Vestland har støtta prosjektet i første fase, for å få etablert den første kontakten. Ostegården reiste til London med ost og andre godbitar frå Norge. Kanskje kan andre smakar frå norsk kvalitetsmat også vekkja interesse i storbyen.

Interesse for norsk ost er der ute alt, men prisen er kanskje høg og utfordrande. Det vert spennande å sjå om vi får dette til. Når dei lukkast med eksport frå Sverige, så trur vi også at vi kan få det til frå Bergen og Vestland. 

Kontaktperson:
Marit Hjortung, fmsfmhj@fylkesmannen.no, tlf. 57 64 30 89 / 90 61 95 92.

Småskala grønsaksdyrking i vekst

I fjor fekk over hundre Bergensarar grønsakene sine frå Ulvik eller Eikelandsosen kvar fjortande dag i sesongen. Marknadshagetrenden har strekt seg over heile landet, og er ikkje lenger berre eit dyrkingsfenomen i bystrøk.

Små areal med god jord på ein vestlandsgard er eit godt utgangspunkt for småskala grønsaksdyrking etter marknadshageprinsippa.
Små areal med god jord på ein vestlandsgard er eit godt utgangspunkt for småskala grønsaksdyrking etter marknadshageprinsippa. Foto: Frøydis Lindén/FMVL

Marknadshage er småskala grønsaksproduksjon som vert omsett lokalt. Bondens marknad og NLR Økologisk håpar at fleire kan få kjøpt grønsakene sine lokalt, og endå nærare Norges nest største by – og andre byar i Vestland fylke.

Bergen kommune er i gang. Her er målet å doble arealet brukt til grønsaker frå 4 til 8 dekar i løpet av eitt år. For Vestland er målet 10 nye marknadshagar i fylket innan 2021.

Deltakarar frå heile Vestland fylke

30 ivrige deltakarar starta i haust på kurset «Etablering og drift av marknadshagar» i regi av Bondens marknad og NLR Økologisk.. Det var tre to-dagarssamlingar med rådgjevar Hans Gaffke frå NLR, og deltakarane fekk tilbod om webinar med Kari Bysveen, om økologisk grønsaksprouksjon. Til saman dekte kurstilbodet heile spekteret frå planlegging, etablering og drift av ein småskala grønsaksproduksjon, med utgangspunkt i prinsippa marknadshagedrift. 

Marknadshage som driftsform

Prinsippa for drift av ein marknadshage, handlar om å dyrke intensivt med grønsaker på 3-5 dekar, med faste bed og eit vekstskifte. Driftsforma er spesielt tilpassa økologisk drift, men passar også til tradisjonell småskala grønsaksproduksjon. Vestlandet har eit mildt klima og mange småareal som  er eigna for grønsaksproduksjon. Marknadshageprinsippa er tilpassa eit vestlandsjordbruk der ein har nærleik til marknad og faste kundar.

Støtte etter kurset

Sjølv om kurssamlingane no er over, er det framleis oppfølgingsaktivitetar på gang. No er 10 deltakarar klare til å bli ein del av fadderordninga til Fylkesmannen i Vestland. Marknadshagekurset vert følgd  opp med ein fagdag om grøfting/jordstruktur og ein studietur. I sommar er det planlagt markvandringar med kurshaldar Hans Gaffke frå NLR. Då vil dei besøke Sogn Jord- og hagebruksskule sin marknadshage, Undeland gard i Ulvik og garden til Erik Halvorsen i Hålandsdalen. Dei to siste  er dei mest erfarne småskala grønsaksdyrkarane i Hordaland, som no  blir fadder for fleire av dei nye dyrkarane. Nokre av deltakarane vil også ta med seg produksjonsplanane sine frå kurset og søke Innovasjon Norge om støtte til småskala grønsaksproduksjon, som er ei eiga ordning frå 2020.

Mogleg vidareføring

Arrangørane ser på moglegheiter for å arrangere kurset på nytt i 2021, då med færre samlingar og mindre støtteaktivitetar. Fylkesmannen i Vestland vil også gå i dialog med Fylkeskommunen og vaksenagronomstudiet som naturbruksskulane har ansvaret for, for å sjå om småskala grønsaksproduksjon kan bli ein del av studieprofilen deira.

Kontaktperson:
Frøydis Lindén, fmhofli@fylkesmannen.no, tlf. 55 57 21 86.

Inspirasjon for lokalmat-satsing

Matarena i Bergen arrangerte i mars ei stor inspirasjonssamling for verksemder i lokalmat- og “Smak av kysten”-nettverket sitt. Det vart ein dag full av opplevingar, med mange smaksinntrykk og stor læringsverdi.

Inspirasjonsdagen samla mange deltakarar.
Inspirasjonsdagen samla mange deltakarar. Foto: Matarena 

Samlinga kunne by på det meste, til glede for lokalmatentusiastar i dei mangfaldige verksemdene på Vestlandet og dei offentlege næringsutviklingsaktørane.    

Nettverk – kompetanse – smaksopplevingar

Etter ei kort helsing frå landbruks- og matminister Olaug Bollestad hadde Eline Landa innlegg om generasjon Z, som er forbrukarar og potensielle kjøparar av lokalmat i framtida. Innlegga gjorde stort inntrykk, og særleg tankevekkande var delen om dei unge sitt verdifokus. På dette området er det ikkje nok kunnskap i bransjen, så her er det mykje å lære. Også innlegget om auka bruk av den digitale verda var tankevekkjande. Dei fleste lokalmat-verksemdene er nok ikkje gode nok til å utnytte moglegheita her. 

Lunsjen vart eit glimrande føredrag i seg sjølv. Tre kokkar laga, og presenterte rettane sine, og deltakarane fekk smake. Ein viktig ingrediens var ulike typar sider frå Hardanger.  

Om nokon i salen på Grand hotell i Bergen mangla inspirasjon før denne samlinga, så fekk dei rikeleg med seg heim.  

Kontaktperson:
Dirk Kohlmann, fmhodkt@fylkesmannen.no, tlf. 55 57 21 71.