Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Vestland 2/2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Vestland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om vestlandsmodell for andelslandbruk.

Vestlandsmodell for andelslandbruk

Andelslandbruk er ei nyskapande omsetningsform for norsk landbruk. Planleggingsarbeid for ein vestlandsmodell er i gang.  Målet er 10 andelslandbruk i Vestland fylke om to år.

Mangfaldige mogelegheiter i andelslandbruket.
Mangfaldige mogelegheiter i andelslandbruket. Foto: Frøydis Lindén

Økologisk Norge arrangerte, saman med Fylkesmannen i Vestland og Norsk Landbruksrådgiving Vest, informasjons- og nettverksmøte om andelslandbruk i april. Her var det erfaringsutveksling frå etablerte og nye andelslandbruk og deltakarane fekk auka kunnskap om denne nyskapande omsetningsforma i norsk landbruk.

Delt risiko

Å dela risiko og få full innsikt i økonomien til andelslandbruket, er eit viktig prinsipp for omsetningsforma. Forbrukaren deler risikoen med bonden ved å betala for varene på førehand, oftast for eitt år om gongen.  Går det dårleg får forbrukaren mindre varer, går det bra får han meir.

Lojaliteten som vert bygd mellom produsenten og forbrukaren er grunnleggande, og fører ofte til dugnadsøkter og sosiale lysglimt på andelsgardane. Matsvinnet vert også mindre når forbrukarane veit kor mykje arbeidsinnsats som skal til for å laga maten ein et.

Det tette bandet mellom bonde og forbrukar, skapar auka forståing for norsk matproduksjon og kor mykje kunnskap som må til for å gje oss trygg og god mat.

På jakt etter eksempelbruk

Dei fleste norske andelslandbruka har eittårige produksjonar, som grønsaker. Det er ein enkel modell der mange av utgiftene til produksjonen vert kjøpt inn kvart år og vert fordelt på alle medlemmene i andelslandbruket. Nokon få andelslandbruk inkluderer også andre landbruksvarer.

Vestlandet er framleis dominert av husdyrhald og utmarksbeite, eller frukt- og bærdyrking. Norsk Landbruksrådgiving Vest vil undersøkja korleis andelslandbruk med sal frå fleirårige kulturar, eller mjølk- og kjøttprodukt kan verta innlemma i omsetningsmodellen.

Målet er å få ein velfundert plan for lanseringa av 6 andelslandbruk med husdyrprodukt og frukt/bær i løpet av 2020. Blir erfaringane vellukka kan dei koma med i den nasjonale rettleiaren for Andelslandbruk som organisasjonen Økologisk Norge gjev ut. Det er 4 andelslandbruk i Vestland i dag og målet er 10 innan to år i det nye Vestland fylke.

Kontaktperson:
Frøydis Lindén, fmhofli@fylkesmannen.no, tlf. 55 57 21 86. 

Rekordtidleg bløming og dårleg nattesøvn

Ein rekordvarm aprilmånad gav svært tidleg fruktbløming, men i mai øydela frostnetter nattesøvnen til fruktbøndene.

Fruktbløming på sitt beste.
Fruktbløming på sitt beste. Foto: Jon Anders Stavang

Den varme og solrike sommaren 2018 var gunstig for blomeknopp-danninga i fruktslaga våre og det var venta ei rik fruktbløming i år. Det har slått til. Sterk varme i april førte til at bløminga byrja eit par veker tidlegare enn normalt. Temperaturen i slutten av april var opp mot 20 grader, noko som gjorde at plommeblomane utvikla seg svært raskt. Humlene og biene gjorde ein god innsats i pollineringa og fruktprodusentane var oppglødde og optimistiske.

Brått omslag

Så snudde vêret midt i bløminga. Kald luft frå Nordishavet førte til eit kraftig temperaturfall i månadsskiftet og enkelte netter har gradestokken kome under null grader. Då lever fruktblomar farleg. Dei skjøre blomane toler lite frost og skilnaden på -2,1 og -2,7oC kan vera ei god avling eller total avlingssvikt. Plommebløminga var stort sett avslutta på Vestlandet før kuldegradene kom. Morellane har nokre stadar fått oppleva frost, men ser ut til å ha greidd seg. Pære og eple byrja å bløma tidleg i mai, men låge temperaturar bremsa kraftig på utviklinga deira. Enkelte dagar ville heller ikkje biene kome ut av kubane, grunna kulde. Det er for tidleg å seia om kulda får konsekvensar for avlingane, men mange bønder sov svært dårleg i bløminga.

Fjorden som vern

Vestlandet er til ein viss grad verna mot streng frost grunna dei varmande fjordane som bufferar mot dei lågaste temperaturane. Det er grunnen til at Vestlandet lenge har vore kjerneområdet for fruktdyrkinga i Noreg. Då er det verre for nyetablerte fruktprodusentar på Austlandet som no opplever både frost og snøfall i bløminga. I Gvarv i Telemark fryktar ein totalskade i frukthagane etter at kulda har øydelagt nær alle blomane i frukthagane.

Usikre tider med klimaendringar

Klimaendringane som følgjer med dei store utsleppa av CO2 frå bruk av fossile brensler, gjev oss lengre vekstsesong og utvidar dyrkingsområdet for frukt. Men jo tidlegare bløminga kjem, jo større vert og faren for nattefrost. Med klimaendringane kan vi også venta oss meir ekstremvêr, og tørken i fjor er ei viktig påminning om kor sårbar matproduksjonen vår er når klimaet slår seg vrangt.

Kontaktperson:
Jon Anders Stavang fmsfjas@fylkesmannen.no, tlf. 57 64 30 76.

Ombygging til lausdrift på småbruk

Eivind Myrdal og familien hans i Jordalen i Bergen, syner at det er mogleg å byggje om til lausdrift og drive rasjonelt, sjølv om ein har eit lite bruk. 

Glade bønder og gjester på opningsdagen.
Glade bønder og gjester på opningsdagen. Foto: Kari Elsa des Bouvrie

Ein flott vårdag i byrjinga av april var det duka for fjøsopning i Åsane. Vel 100 personar kom for å sjå kva Eivind og Marianne og borna Myrdal har fått til. Ein gamal fjøsbygning med delar frå midt på 1800 talet er gjort om til ein framtidsretta lausdrift.

Her er det plass til 14 mjølkekyr, 3 kviger og nokre kalvar. Eivind har ein kvote på 80 000 liter og konsentrert haustkalving. I ein tidlegare fase vart himlinga heva til at det er god takhøgde. Det at fjøset var tomt i fleire månadar i sommar gjorde det låg godt til rette for ombygginga. Alt inventar og golv vart rive og gravd ut. Ny innreiing og ein brukt mjølkestall kom på plass og det var klart for kalving og ny mjølkesesong.

Gode og tilpassa løysingar i fjøset
Gode og tilpassa løysingar i fjøset. Foto: Kari Elsa des Bouvrie

I den siste byggjefasen er det brukt 1,3 million kroner og lagt i ein solid eigeninnsats av Eivind, familien og vener. Utanom mjølkeproduksjon er det sau og nokre grisar på bruket.

Dette er eit veldig godt døme på korleis Vestlandsbonden tilpassar seg.

La det vera til inspirasjon for fleire!

Kontaktperson
Kari Elsa des Bouvrie, fmhokdb@fylkesmannen.no, tlf. 55 57 20 22

Verdsmeistar inspirerte ystelystne til lokal foredling av mjølk

30 bønder fordelt på 22 føretak, nyfikne og med interesse for å starta foredling av mjølk, deltok på inspirasjonskurs i Førde og Nordfjordeid i april. Verdsmeistar i ost, Jørn Hafslund frå Ostegården, var inspirator.

Praktisk demonstrasjon for tillaging av yoghurt og fersk ost.
Praktisk demonstrasjon for tillaging av yoghurt og fersk ost. Foto: Marit Hjortung

I samarbeid med Kompetansenavet Lokalmat Vest, Sogn og Fjordane Bondelag og Noregs Bonde- og Småbrukarlag arrangerte Fylkesmannen ystekurs i vår. Målsettinga var å inspirera bønder til å sjå potensialet som ligg i lokal foredling av mjølk, få innsikt i omfang og oversikt over kva kunnskap ein treng for å starta.

Jørn Hafslund frå Ostegården, produsent av vellagra Fanaost, som vart kåra til verdas beste ost under oste-VM i 2018, var med på kursa. Jørn fortalde korleis han og dei tilsette har arbeidd frå idè til kåringa i haust. Det er naudsynt med god kunnskap og det er arbeidskrevjande. Anne Karin Hatling frå Skjerdal Støylsysteri og kafé gjennomførte ostesmaking, der deltakarane smakte på ulike typar ost. Kompetansenavet, ved Aud Slettehaug, var kursleiar og hadde ansvaret for praktisk demonstrasjon ved tillaging av yoghurt og ferskost.

Bakgrunn og kvoteordning for mjølk

I dag er det lite foredling av kumjølk i Sogn og Fjordane og Hordaland. Der er eit uutnytta potensiale og marknaden etterspør fleire ostar og andre produkt av mjølk. Handverksost er etterspurt og det er plass til fleire produsentar. Den gode kvaliteten på den norske mjølka er eit godt argument for å sjå nærare på mogelegheiter for utvikling av nye foredla produkt. Fleire bønder i Vestland kan vera med å bidra til auka verdiskaping.

Når eksportstøtta for Jarlsbergost tek slutt i 2020, er det venta å bli eit stort overskot av kumjølk her i landet. Det dreier seg om 90-100 millionar liter mjølk, eit volum som svarar til rundt 500 norske mjølkebruk. Noko av denne mjølka håpar ein bønder kan nytta i produksjon av lokale gardsostar.  

Med foredlingskvote kan ein auka mjølkeproduksjonen eller samarbeida med eit handverksysteri. Samla sett kan det gje verdiskaping på garden, fleire arbeidsplassar og auka matproduksjon.

Ostesmaking ved Anne Karin Hatling frå Skjerdal Støylsysteri og kafé.
Ostesmaking ved Anne Karin Hatling frå Skjerdal Støylsysteri og kafé. Foto: Marit Hjortung

Kursdeltakare og vidare arbeid

På spørsmål om ystekurset var vellukka, totalt sett, svara 80% godt og svært godt. 59% av føretaka svara at utbytte sett i forhold til motivasjonen for å delta på kurset var god og svært god. I evalueringa kjem det tydeleg fram behov for auka kompetanse. Fylkesmannen er nøgd med resultatet. Det knyter seg investeringar, god kunnskap og arbeidskapasitet til etablering av ysteri. Her må ein ta eit vegval og prioritera kva ein vil retta ressursane inn mot. 

Det vert liknande ystekurs i Hordaland til hausten.

Kontaktperson: 
Marit Hjortung fmsfmhj@fylkesmannen.no, tlf. 57 64 30 89.

Verdsett landskap i Ullensvang

Ullensvang har særprega landskap med viktige verdiar å ta vare på. Neste år vert ein stor del av kommunen ein del av ordninga «Utvalgte kulturlandskap i jordbruket». 

Særprega landskap.
Særprega landskap. Foto: Arild Spissøy

Det er dei landskapsmessige resultata av lang tids fruktdyrking langs med ytre deler av Sørfjorden og området som svingar seg ut mot Hardangerfjorden og Jondal som gjer området unikt. Området representerer ein heilskap med skiftande epokar og ulike dyrkingsteknikkar tilpassa topografi og klimatiske høve. Her er det store miljømessige, kulturelle og jordbruksmessige verdiar som kan sikrast, synleggjerast og formidlast for framtida.

Fylkesmannen i Vestland og Hordaland fylkeskommune arrangerte i april to folkemøte i Ullensvang. Informasjonen om ordninga som vart vel mottatt av dei oppmøtte.

Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland skal saman med kommunen jobba fram gode planar for korleis denne statusen best kan forvaltast, slik at det vert synleg for både fastbuande og tilreisande og bidreg til ei god utvikling i området.

Kontaktperson
Arild Spissøy, fmhoasp@fylkesmannen.no, tlf. 55 57 21 98.