Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Vestland 2/2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Vestland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, med fokus på Fylkesmannen som kompetansesenter, mellom anna gjennom lansering av Statistikkbank for landbruket og nyutgåve av Bondeboka.

Fylkesmannen i Vestland har lansert statistikkbank for landbruket

Statistikkbanken for landbruket i Vestland har samla statistikk frå opne, tilgjengelege kjelder om landbruket i Vestland og samla desse i ein eigen bank.

Sauer på sommarbeite.
Sauer på sommarbeite. Foto: Øyvind Vatshelle/Fylkesmannen i Vestland

Målet med statistikkbanken er å auke kunnskapen om landbruket i Vestland og gjere det enklare både for kommunar og andre interesserte å finne talmateriale om produksjonar og utvikling i landbruket.

I statistikkbanken kan ein sjå på tal for den kommunen ein er interessert i, samanlikne med andre kommunar i fylket i utvalde produksjonar og få illustrert tala i figurar og kart. Ein kan også nytte desse tala til å lage eigne figurar og samanstillingar. Statistikkbanken er eit levande dokument som vert oppdatert etter kvart som nye tal vert tilgjengelege, og dokumentet vert kontinuerleg vidareutvikla. Banken tek føre seg dei viktigaste produksjonane i Vestland, i tillegg til statistikk om skog og areal. Fylkesmannen i Vestland har også fått på plass tal for leigejord i alle kommunane i fylket, noko som har vore etterspurt av kommunane.

Statistikkbanken er ein viktig del av Fylkesmannen sitt oppdrag med å vere eit kompetansesenter for landbruk i fylket.

Kontaktperson:
Daniel Almhjell, daalm@fylkesmannen.no Tlf. 55 57 21 50. 

Mobilisering med LivOGLyst

Eit levande lokalsamfunn er ein føresetnad for vekst og utvikling i landet vårt.  Filmen Mobilisering med LivOGLyst syner mangfald i korleis LivOGLyst-samfunna går fram, og kva som kan inspirere til aktivitet.

Mangfald i LivOGLyst.
Mangfald i LivOGLyst. Foto: Ragna Flotve/Fylkesmannen i Vestland

Eit viktig mål for det regionale utviklingsprogrammet LivOGLyst er mobilisering i  lokalsamfunnet. Her skal innbyggarane, med sine ulike interesser og ressursar delta aktivt i å utvikle lokalsamfunnet sitt. Gjennom dette mangfaldet kan det skapast nye aktivitetar, arbeidsplassar og bulyst. 

Fylkesmannen i Vestland har, i samarbeid med den regionale partnerskapen og LivOGLyst-entusiastar, laga ein inspirasjonsfilm for å stimulere til mangfaldig mobilisering i lokalsamfunna.

Kontaktperson:
Ragna Flotve, fmhorfl@fylkesmannen.no, Tlf. 55 57 21 72. 

Marknadshagar for lokal grønsaksproduksjon

No er marknadshagane også komne til Noreg for å bli. Det er ein internasjonal modell for allsidig småskala produksjon av grønsaker. Målet er å skape ein lønnsam produksjon, og omsetje lokalt.

Gjennom samarbeid med Stadsbruk Europe vert marknadshagemodellen tilpassa eit variert norsk klima.
Gjennom samarbeid med Stadsbruk Europe vert marknadshagemodellen tilpassa eit variert norsk klima. Foto: Frøydis Lindén/Fylkesmannen i Vestland

God planlegging og lite mekanisering

Kjenneteikn på marknadshagar er konsentrert produksjon i faste bed på areal på 1-5 dekar. Mange har også ein mindre produksjon i tunell for å forlenge sesongen. Det er låge investeringar, då mykje av drifta vert gjort med handreiskap eller tohjulstraktor. Frå 2020 kan det søkjast om oppstartsstøtte frå Innovasjon Norge.

God planlegging og utnytting av arealet er viktig for lønsemda i produksjonen. Målet er sal i heile vekstsesongen gjennom REKO-ringar, andelslandbruk, abonnementskassar, restaurantar eller andre lokalmatutsal.

Fleire marknadshagar i Norge

Tilrettelegging for marknadshagar skjer i samarbeid mellom aktørar i Sverige og fire fylke i Noreg. Her vert det lagt til rette med kurs og rådgiving for verksemder som driv etter denne modellen.

Målgruppa er interesserte gartnarar og bønder, som anten har eige gardsbruk eller som ynskjer å leige jord til produksjon av kortreiste grønsaker. Å legge til rette for kommersiell, lønsam dyrking, vil bidra til å auke lokalmatproduksjonen av grønsaker både i bynære strok og i bygdene.

Marknadsarbeid frå starten

Namnet marknadshage gir eit hint om at marknadsarbeid og sal er like viktig som å lykkast med å dyrke fram grønsakene. I Sverige har støtte gjennom prosjektet Stadsbruk vore viktig, for raskt å kome inn på ein marknad og sikre lønsemd i drifta. Frå 2014 har prosjektet støtta 60 verksemder med marknadshagedrift i tre byar. No er Stadsbruk klar for å gje erfaringane vidare til andre land i Europa.

Stadsbruk i Norge

I Norge er Fylkesmannen i Vestland, Trøndelag, Oslo og Viken kopla på prosjektet saman med lokale aktørar. I løpet av 2020 satsar ein på å få på plass ei prosjektnettside, for å formidle erfaringar og gode døme til inspirasjon for andre fylke og grønsaksmiljø.

Kontaktperson:
Frøydis Lindén, fmhofli@fylkesmannen.no Tlf. 905 52 194.

Ny og betre bondebok

Nettsida bondeboka.no har ambisjon om å vere ein oppdatert og “to the point”-kunnskapsbase for bonden i Vestland fylke, der ein får svar på forvaltningsrelevante spørsmål i bondekvardagen.

Vestlandsgard, bondeboka.no
Vestlandsgard, bondeboka.no Foto: Bastian Hoffmann/Fylkesmannen i Vestland

Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Vestland har revidert Bondeboka og kan no presentere ein ny og oppdatert versjon. 

Treng vi enda ei landbruksside som gjev gode råd til bonden?, vil nokon spørje. Er kunnskapsjungelen ikkje vanskeleg nok å finne fram i frå før? Held det ikkje med Norsk Landbruksrådgjeving, Norsk Landbrukssamvirke, Bondelaget, Tine og Felleskjøpet sine nettsider? 

Korleis bonden kan oppnå betre agronomi på garden sin er godt forklart mange stader. Vi hos Fylkesmannen ser likevel at det er mangel på kunnskap rundt mykje av det forvaltningstekniske. Kva vil det seie å eige og drive ein gard? Korleis kjem du, som ny bonde, i gang med produksjon på garden? Kva alternative, og helst klimasmarte produksjonar, kan du satse på? Alle bønder eig skog, men kven kan eigentleg hjelpe bonden med forvaltinga av denne viktige ressursen? Alle er glad i lokal mat, men korleis vert ein gardsmatprodusent? 

Vestlandsgard.
Vestlandsgard - Illustrasjon til Bondeboka Foto: Bastian Hoffmann/Fylkesmannen i Vestland

Oppdatert informasjon

Fylkesmannen har ikkje alle svara, men held seg oppdatert på kven som kan levere svar og kunnskap rundt desse emna. Mange kan mykje om agronomi, medan forståinga av forvaltninga generelt, å forstå og bruke vanleg ord om det til tider innfløkte forvaltingsspråket, tilskot, juss og det offentlege nettverket er vår sterkaste side.  

Bondeboka er ein slags landbruksforvaltnings-ABC som skal guide brukaren gjennom ordningar, lover og reglar. Nettside-statistikken og tilbakemeldingar gjev oss grunn til å tru at sida er verdfull for mange. Nettsida er mykje brukt over heile landet.  

Vi set stor pris på tilbakemeldingar, innspel og kritikk, og ønskjer å vedlikehalde og oppdatere denne sida fortløpande.

Kontaktperson:
Bastian Edi Hoffmann, fmhobah@fylkesmannen.no, Tlf. 55 57 21 47.
Dirk Kohlmann, fmhodkt@fylkesmannen.no, Tlf. 55 57 21 71.

Meir trebruk i landbruksbygg engasjerer mange

Noko av det mest klimakloke ein bonde kan gjere, er å byggje gardsbygningar i så kortreist tremateriale som mogeleg. Men har vi kompetente rådgjevarar, leverandørar og entreprenørar i Noreg som kan byggje med tre? 

Flott trefjøs i Hyen.
Flott trefjøs i Hyen. Foto: Eirik Brynjelsen/Fylkesmannen i Vestland

Tredrivarane frå Fylkesmannen i Vestland, Silva Consult AS, på vegne av Tredriver-nettverket, Kystskogbruket, Innovasjon Norge og Trefokus AS inviterte 8. september til webinar.  

Heile 150 påmeldte følgde dei to timane med presentasjonar. Representantar frå Norsk Landbruksrådgiving, Felleskjøpet, Innovasjon Norge, Riska sag, Inveno AS og Kystskogbruket gav ei rask innføring i ulike tema knytt til trebruk i bygg med landbruksføremål. Det er viktig og rett å bruke meir tre i bygg, også sidan varig binding av CO2 er eit stort bidrag for å nå klimamåla. Tre har sjølvsagt mange andre fordeler for bonden, mellom anna optimalt inneklima for både dyr og bonden. I tillegg er god dyrevelferd og det å ha eit enkelt materiale å jobbe med, positive eigenskapar som det vert vist til.  

Standardisering og fleksibilitet

Er dette då så enkelt at det berre er å sette i gang? Vel, det er framleis ein del utfordringar, stadfester forelesarane frå rådgjevinga. I mindre grad gjeld det dei byggjetekniske utfordringane, sidan det meste kan byggjast i tre i dag. Men vi manglar til dømes større grad av standardisering, og dermed overførings- og tilpassingsevne av byggjeløysinga frå bygg til bygg. Oftast vert kvart fjøs eit spesielt bygg med eigne tilpassingar. Betongindustrien lagar ferdige element for landbruksbygg, og det må også treindustrien kunne tilby i framtida. Vi treng også totalentreprenørar som kan tilby heile pakka; ferdige løysingar frå start til sluttføring. Nokre få entreprenørar kan tilby dette allereie i dag.  

Bygg må verte meir universelle, og bruken må kunne endrast når drifta vert ei anna. Å vere bonde av yrke er i dag ofte meir samansett enn før, og gardsproduksjonar er i rask utvikling. Å investere i store bygg må gje fleksibilitet og sirkularitet i mykje større grad enn for berre ti år sidan. Og hugs, rådgjevinga må vere trebasert heilt frå starten om bonden ynskjer det. Å konvertere planar for eit betongbygg til tre seint i prosessen er ofte ikkje så enkelt. 

Innovasjon Norge kan støtte trebyggingsprosjekt. Her er det berre å ta kontakt med regionale IN-kontor. 

Det vart to intense webinar-timar med presentasjonar, mange spørsmål og svar og gode diskusjonar.  Dette vart ein suksess som gjerne kan gjerast om att med nye tema knytt til «meir trebruk i landbruksbygg». Dette gav meirsmak. 

Kontaktperson:
Dirk Kohlmann, fmhodkt@fylkesmannen.no, Tlf. 55 57 21 71.

UNESCO gjev karakteren «utmerka» til Matbyen Bergen

Bergen sin innsats i UNESCO Creative City of Gastronomy Network vart nyleg evaluert som «utmerka» (excellent) etter dei fire første åra som medlem. Samstundes vart medlemskap og planar for neste fire åra godkjent.

Logo Matbyen Bergen
Matbyen Bergen. Foto: Bergen kommune

Bergen kommune har vore medlem i UNESCO-nettverket sidan 2015. UNESCO sitt nettverk av kreative byar består av 246 byar i 7 kategoriar, mellom dei gastronomi, eller matkultur.

Dei siste fire åra har det skjedd mykje. «Heimesiger» i World Cheese Awards 2018, byens første Michelinstjerne, tilrettelegging for gatemat, sal av sjømat over kai, REKO-ringar og andre marknader og møtestader for bransje og publikum. 

Merksemda kring eigen matidentitet er aukande. Byen omfamnar regionale råvarer som sider, frukt og lam. Interessa for tradisjonskjøkken aukar, mellom anna med innføring av Persetorskens dag i år. Bergen har dessutan fått satsinga inn i planane sine, mellom anna med ein eigen matstrategi og Strategi for urbant landbruk, som har resultert i etablering av eigen bybonde.

Identitet og synleggjering

Internasjonalt deltek byen med representantar frå eigen «kokkepool» på matfestivalar og matarrangement i andre UNESCO-byar. Mange av UNESCO-matbyane deltek årleg på Bergen Matfestival. Byen deltek også i internasjonale matprosjekt, mellom anna med skular og matfagopplæring. Universitetet i Bergen deltek no i eit masterstudium i «Food City Design» ved Universitetet i Parma.

UNESCO-komiteen meiner Bergen særleg skil seg ut på tre område:

  • forretningsutvikling og innovasjon
  • berekraftig gastronomi
  • EU-prosjekt om matfagutdanning

Bergen får elles god omtale for arbeidet med sosiale aspekt ved mat, som helse, velferd og berekraft. Byen vert rekna som eit særskilt aktivt medlem, og haustar ros for å fremje bynært landbruk og verdiskaping i den lokale verdikjeda for mat. UNESCO tilrår at Bergen vidare engasjerer seg endå meir i nettverket, spesielt i samarbeid  med medlemsbyar i Sør, og at byen også fremjar samarbeid med andre norske byar på kreative område.

Matbyen Bergen = summen av alle gode krefter

Etter Fylkesmannen sitt syn er Matbyen Bergen sin suksess summen av utvikling og kreativitet hjå lokalmatprodusentar, restaurantar, andre mataktørar og matentusiastar i byen og i regionen. I staden for å bruke ressursar på bygging av ein eigen organisasjon, er næringsseksjonen i Bergen kommune sjølv kontaktpunkt for UNESCO-matbyen, koordinerer aktivitetar og driv fram nye initiativ, basert på eigne og regionale ressursar i ei aktiv arbeidsgruppe. Alt frå velforeiningar til destinasjonsselskapet Fjord Noreg har vorte mobilisert. Bergen har og arbeidd tett med den regionale partnarskapen; fylkeskommune, Fylkesmann og Innovasjon Noreg, for å fremje initiativ og utviklingsprosjekt.

Kontaktperson:
Eirik Brynjelsen, fmhoebs@fylkesmannen.no, Tlf. 55 57 21 70.