Historisk arkiv

Fylkesplan for Hordaland retta mot verdiskaping

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Kongen har i statsråd i dag godkjent fylkesplan for Hordaland 2005–2008. Verdiskaping er det gjennomgåande tema, med visjon om Hordaland som eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk Vestlandsregion. Planen har fire satsingsområde: næring, kompetanse, kultur og transport/areal/miljø.

Kongen har i statsråd i dag godkjent fylkesplan for Hordaland 2005–2008. Verdiskaping er det gjennomgåande tema, med visjon om Hordaland som eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk Vestlandsregion. Planen har fire satsingsområde: næring, kompetanse, kultur og transport/areal/miljø.

Satsingsområda har kvar sine fanesaker (naturgass, kunnskapsby, kulturnæring, kommunikasjon). Regjeringa ser det som interessant at det vert laga ein fylkesplan med eit så klart retta fokus, som mobiliserar og samordnar dei regionale ressursane i ein så klar retning, der ein òg ser nærings-aspekta på andre felt som kompetanse, kultur og transport i klar samanhang med verdiskaping.

Hordaland står over for mange utfordringar dei komande åra. Både generelle utfordringar innan verdiskaping, deltaking/likestilling, kommunikasjonsteknologi, folkehelse og regionar i endring, så vel som særskilte utfordringar innan næringsutvikling, kompetanse, kultur og transport/areal/miljø.

Det er laga mål og strategiar for ein heilskapeleg plan, i ein omfattande og målretta planprosess med regionale aktørar i partnarskap for å skapa trivsel og utvikling for regionen og den einskilde. Planen gjev òg føringar for satsing på folkehelse, barn/unge, universell utforming og kulturminne.

Hordaland har store og varierte areal- og naturressursar som gjev verdiskaping, men må utnyttast berekraftig. Disponering av desse ressursane og miljøet er grunnleggjande viktig for den regionale utvikling i fylket og for livskvalitetane til dei som bur der. Det er viktig med ei langsiktig og samordna planlegging. Det er gjennom fleire år gjennomført ei rekkje verneprosessar i fylket.

Ei særs utfordring for Hordaland er å balansera vekst og vern, så som utbygging av energi og kommunikasjonar og omsynet til miljø. Arealpresset merkast no både rundt sentra og i strandsona, men òg i delar av høgfjellet. Regjeringa meiner at dei ulike strategiane som er valt vil kunne vera med på å fremje ei ynskt utvikling av Hordaland og å styrke fylket som regional utviklingsaktør.

Fylkesplan for Hordaland 2005–2008 skal følgjast opp gjennom handlingsprogram til fylkesplanen som skal utarbeidast seinare, med forslag til tiltak innafor satsingsområda. Det skal rullerast kvart år i planperioden. Regjeringa ser det som heilt naudsynt at strategiane blir følgt opp gjennom handlingsprogram, handlingsplanar og partnarskap.

Kongeleg resolusjon for godkjenning av Fylkesplan for Hordaland 2005–2008