Historisk arkiv

Vegen Vidare

Fylkesplan for Sogn og Fjordane godkjent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Kongen har i statsråd den 27. februar godkjent Fylkesplan for Sogn og Fjordane 2005 – 2008. Verdiskaping og levekår er gjennomgåande tema. Planen har mål og strategiar og ein handlingsplan for dei sju satsingsområda innan verdi-skaping og bu- og levevilkår. Strategien for regionen vert kalla ”Vegen vidare”.

Kongen har i statsråd den 27. februar godkjent Fylkesplan for Sogn og Fjordane 2005 – 2008. Verdiskaping og levekår er gjennomgåande tema. Planen har mål og strategiar og ein handlingsplan for dei sju satsingsområda innan verdi-skaping og bu- og levevilkår. Strategien for regionen vert kalla ”Vegen vidare”.

Det overordna målet i planen er å oppretthalde folketalet og busetnadsmønster. Sogn og Fjordane ynskjer å nytte kultur- og naturgrunnlaget i heile fylket på ein aktiv og berekraftig måte. Blant anna ved å gje innbyggjarane moglegheit til å skape seg eit rikt og meiningsfylt liv der god helse, kultur og tilgjenge for alle i trygge og opne miljø er avgjerande.

Satsingsområda innafor verdiskaping er industrien, småskala verksemd, sjøretta aktivitet, tenesteyting og nye næringar. Satsingsområda innafor bu- og levevilkår er folkehelse, ungdom og folkestyre i medverknad med lokalsamfunna. Planen er utforma gjennom aktiv deltaking regionalt.

Regjeringa sluttar seg i all hovudsak til mål og strategiar og meinar fylkesplanen er eit godt styringsdokument. Regjeringa peiker på at likestilling, folkehelse og universell utforming står sentralt, og at ein må ta omsyn til tryggleik og beredskap i all samfunnsplanlegging.

Regjeringa peikar òg på kor viktig arealplanlegginga er for berekraftig arealforvaltning, jordvern og kulturlandskap, samt at vasskrafta kan utnyttast på berekraftig vis i tråd med retningslinene for småkraft, samla plan for vassdrag og vassforskrifta.

Regjeringa viser òg til at Noreg har som mål å stanse tapet av naturmangfaldet innan 2010. Plandelen av ny plan- og bygningslov som blei vedteken av Stortinget i mai, vil kunne gi kommunane og regionar eit godt verkemiddel til å ta vare på  miljøverdiane.

Regjeringas transportpolitikk vert lagt fram i Nasjonal transportplan, og ein går ut frå at konkrete tiltak og prioriteringar innan samferdsel i fylket tek utgangspunkt i dette. Regjeringa fastsette i juni 2008 ei rikspolitisk føresegn for kjøpesentra.

Det er viktig at eit levedyktig reiseliv er bygd på natur- og kulturarven. Regjeringa vil støtte arbeidet med regionalparkar, fylkesdelplanar og kystsoneplanar. Jf. pilotprosjektet Nærøyfjorden Verdsarvpark, og Luster og Stryn som nasjonalparkkommunar.

Regjeringa vil leggje til rette for at havbruksnæringa si trong til areal kan bli dekt ved gode prosessar der omsynet til miljø, næring og brukarinteresser vert teke vare på.

Regjeringa vil styrkje arbeidet med ei meir heilskapeleg og økosystembasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn – og for vern og utvikling av villaksen.

Kongeleg resolusjon for godkjenning av Fylkesplan for Sogn og Fjordane 2005-2008.