Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Første departement med eige lokalkontor

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) opprettar to nye stillingar på Svalbard og blir det første departementet med eige lokalkontor.

Dei tilsette på  lokalkontoret skal forvalte all grunn på Svalbard som er eigd av staten ved NFD. Dette utgjer heile 98,75 prosent av øygruppa.

– For departementet er det ein fordel at grunnforvaltarane bur og jobbar på grunnen dei forvaltar, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Grunnforvaltarane skal mellom anna lage høyringsfråsegn og jobbe med relevante juridiske problemstillingar om statens eigarskap på Svalbard. Det overordna ansvaret blir å ivareta statens kontroll med grunnen på Svalbard. Grunnforvaltarane skal også sørge for at alle som eig bygg har grunnleigeavtale med staten, og at desse avtalane vert tinglyste.

Ikkje berre departementstypiske oppgåver


Dei tilsette på det nye lokalkontoret har ikkje berre departementstypiske oppgåver i vente.

– Eg trur ikkje det har skjedd før at vi føreset at tilsette i NFD lærer seg å køyre snøskuter eller at dei må kunne bruke våpen for å sikre seg mot isbjørnar. Dette er stillingar som skil seg litt ut, seier Røe Isaksen.

Departementet sine grunnforvaltarar skal etter planen være på plass i Longyearbyen fra april 2020.

Til toppen