Gaming og fritidsklubbar tilgjengeleg for fleire

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Ein av dei viktigaste sosiale møteplassane for barn og unge, er det digitale fellesskapet. Vi aukar derfor tilskotet til Ungdom og Fritid og arbeidet med å utvikle gode møteplassar for dataspel. Gaming skal være tilgjengeleg for alle, i trygge rom med trygge vaksne, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Gutt som spiller dataspill
Foto: Julie-Christine Adélaïde Krøvel/Ungdom og Fritid

Regjeringa gir ein million kroner til barne- og ungdomsorganisasjonen Ungdom og Fritid for å hjelpe fritidsklubbane med å etablere og utvikle møteplassar for dataspel og datakultur, og med å styrke kompetansen hos ungdomsarbeidarar. Millionen blir ein del av regjeringas faste tilskot til Ungdom og Fritid, også i åra framover.

Organisasjonen jobbar for at fritidsklubbane skal skape inkluderande datakultur der ungdom får medverke aktivt, og har særleg søkjelys på å inkludere jenter.

– Vi veit at nokre jenter sluttar å spele på grunn av trakassering og det vil vi gjere noko med. Vi treng sterke fagmiljø som kan bidra til å bygge ned barrierar for deltaking og samtidig løfte statusen dataspel har som fritidsaktivitet, seier kultur- og likestillingsministeren.

– Fritidsklubbar er eit tilbod som treffer alle. Regjeringa vil løfte slike universelle løysningar, der vi alle er målgruppe, heilt uavhengig av føresetnadar. Løysingar der vi ikkje må be om å få dekt kontingenten, eller søke om å få utstyr. Fritidsklubbar, bibliotek og Den kulturelle skolesekken er spesielt viktige her, seier Trettebergstuen.

Regjeringa arbeider også med ein ny dataspelstrategi, som skal leggast fram neste år.