Statsbudsjettet:

Gåveforsterkingsordninga blir utvida og styrkt

Regjeringa ønskjer å utvide gåveforsterkingordninga til å gjelde fleire felt innanfor kultursektoren. I budsjettframlegget for 2016 foreslår regjeringa og å auke løyvinga til ordninga frå 30 til 45 millionar kroner.

Gåveforsterkingsordninga gjeld i dag museum. I kulturbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa å utvide ordninga til også å omfatte gåver til musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst og kulturbygg. I ordninga forsterkar staten gåver frå private gjevarar med 25 prosent. Kulturinstitusjonane vil dermed kunne bli tilført til saman 225 millionar kroner i 2016.

- Gåveforsterkina har vore særs vellukka, og i 2016 vil vi styrkje og vidareutvikle ordninga.  Regjeringa ønskjer meir privat finansiering og meir private pengar i norsk kulturliv. Ei breiare finansiering sikrar maktspreiing og gjer kulturlivet sterkare og meir uavhengig, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Gåveforsterkingsordning blei innført i 2014 for å stimulere til meir privat finansiering av kulturinstitusjonar. Ordninga blei introdusert i museumssektoren. Frå 2015 blei ho utvida til å gjelde ei større gruppe museum og museumsformål.